{"id":83,"date":"2016-04-18T12:08:27","date_gmt":"2016-04-18T10:08:27","guid":{"rendered":"http:\/\/lab.zpirit.no\/sk-arsmelding\/?page_id=83"},"modified":"2016-04-18T12:08:27","modified_gmt":"2016-04-18T10:08:27","slug":"prosjekt-og-tiltak","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/sk-dokument.no\/arsmelding-2015\/?page_id=83","title":{"rendered":"Prosjekt og tiltak"},"content":{"rendered":"<p>Kreftkoordinatorsatsinga, som er eit samarbeid med Kreftforeininga, har f\u00f8rt til betre pasientforl\u00f8p ved avslutning av livet. Koordinatoren samarbeider med resten av hjelpeapparatet og koordinerer rette tenester til pasienten. Fleire f\u00e5r h\u00f8ve til \u00e5 vera heime lengre, ofte til siste slutt.<\/p>\n<p>Velferdsteknologiprosjektet n\u00e5dde m\u00e5ltal om utpr\u00f8ving av 65 tryggleikspakkar i november 2015. I staden for \u00e5 tilby berre tryggleiksalarm, kan ein no knytte ulike sensorar til alarmen. Vanlegast er fallalarm, d\u00f8rsensor og r\u00f8ykvarslar. I tillegg er det pr\u00f8vd ut GPS og elektronisk medisinst\u00f8tte. Prosjektet har samarbeid med brannvesenet n\u00e5r det gjeld r\u00f8ykdetektorar.<\/p>\n<p>F\u00f8rebyggjande heimebes\u00f8k er godt i gang med bes\u00f8k til innbyggjarar f\u00f8dt i 1938. Tilsette fr\u00e5 heimebaserte tenester, brannvesen og ergoterapeut deltek p\u00e5 bes\u00f8k for \u00e5 f\u00f8rebyggja farar og vurdera hjelpemiddel som kan vera med \u00e5 bevara god helse og f\u00f8rebyggja behov for tenester. Dersom evaluering av dette tiltaket er positiv, er det m\u00e5l \u00e5 fortsetja i vanleg drift med slike bes\u00f8k. Prosjektet er eit samarbeid mellom Brannvesenet, Heimebaserte tenester og Eining for aktivitet og rehabilitering.<\/p>\n<p>Ern\u00e6ringsprosjek<u>t<\/u> er starta opp ved institusjonane. Prosjektet er todelt, og i fyrste delen som vart utf\u00f8rt i 2015, var det ei arbeidsgruppe med deltakarar fr\u00e5 alle avdelingar. Dei tok f\u00f8re seg \u00e5 f\u00e5 oversikt over alle prosedyrar knytt til ern\u00e6ring i eininga, korleis desse vart nytta i avdelingane og om prosedyrane er i tr\u00e5d med sentrale retningsliner for ern\u00e6ring. Gruppa har arbeidd med\u00a0 korleis ein kan sikra at prosedyrane vert f\u00f8lgt i alle avdelingar i eininga, og det er sett p\u00e5 kva tilsette treng meir kunnskap om. Prosjektet held fram i 2016.<\/p>\n<p>Prosjekt Oppl\u00e6ring av eigne helsefagarbeidarar er starta for \u00e5 hjelpa fast tilsette assistentar fram til fagbrev i helsearbeidarfaget. Dei f\u00e5r s\u00e6rskild oppl\u00e6ring med eit kurs arrangert av AOF og vert prioritert til \u00e5 f\u00e5 naudsynt praksis for \u00e5 kunne g\u00e5 opp til fagpr\u00f8ve. Det er ni tilsette som er deltakarar i prosjektet.<\/p>\n<p>Demensteame<u>t<\/u> gjennomf\u00f8rte 36 kartleggingar i 2015. Venteliste ved utgangen av 2015 var sju pasientar.<\/p>\n<p>Heimerehabiliteringsteamet best\u00e5r av sjukepleiar, ergoterapeut og fysioterapeut. Vedtak om heimerehabilitering vert gjort p\u00e5 m\u00f8te kvar veke mellom Kundetorget og heimerehabiliteringsteamet. Brukarane f\u00e5r oppf\u00f8lging av teamet i fire veker, med intensiv trening retta mot brukar sine eigne m\u00e5l. Heimerehabiliteringsteamet samarbeider med heimebaserte tenester, p\u00e5r\u00f8rande og andre, der det er naturleg.<\/p>\n<p>Sosial og f\u00f8rebyggjande tenester driv eit prosjekt knytt til Tidleg rusinnsats. Prosjektet har f\u00e5tt tilskot fr\u00e5 Fylkesmannen, og har hatt som m\u00e5l \u00e5 f\u00f8rebyggje at ungdom i risiko utviklar rusvanskar. 17 ungdommar deltok i programmet i 2015.<\/p>\n<p>Det har vore gjennomf\u00f8rt Termakurs (terapeutisk m\u00f8te med aggresjon) i fleire avdelingar innan tenesteomr\u00e5det. Valen sjukehus bist\u00e5r med undervisning. Fleire tilsette vil f\u00e5 tilbod om dette i 2016.<\/p>\n<p>Seks tilsette deltek p\u00e5 SEPREP ( Senter for psykoterapi og psykososial rehabilitering ved psykosar) utdanninga og fem heldt p\u00e5 med vidareutdanning i psykisk helsearbeid og rusomsorg og fire tek vidareutdanning i eldreomsorg. Vidare tek to fagarbeidarar vidareutdanning i rehabilitering og ein i kreftomsorg. Det er fem tilsette som tek ulike\u00a0 masterutdanningar.<\/p>\n<p>Kommunen tok inn ni nye l\u00e6rlingar i helsearbeidarfaget i 2015 og har dermed 16 l\u00e6rlingar totalt i dette faget.<\/p>\n<p>Det vart oppretta ny fastlegeavtale hausten 2014 og i ein periode har det vore auka tilgjenge hj\u00e5 fleire legar. Dette er no avgrensa til om lag 250 listeplassar som resultat av byte og auka tilmelding slik at det no p\u00e5 nytt berre er eit par legar som har open liste. Legane i Sagv\u00e5g og dei ved Myro legesenter vart samlokaliserte i Heiane legesenter v\u00e5ren 2015. Dette legesenteret har no sju legar, noko som er det st\u00f8rste p\u00e5 Stord. I samband med lovfesta permisjonar har det vore trong for vikar for fastlege. Rekruttering til dette har vore vanskeleg og kommunen har m\u00e5tta nytta utleigebyr\u00e5 for \u00e5 stetta folk sin rett til fastlege. Det vert utarbeidd avtalar for dette etter kvart. Den interkommunale legevaktordninga synest \u00e5 fungera greitt og kjem med eiga \u00e5rsmelding.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Kreftkoordinatorsatsinga, som er eit samarbeid med Kreftforeininga, har f\u00f8rt til betre pasientforl\u00f8p ved avslutning av livet. Koordinatoren samarbeider med resten av hjelpeapparatet og koordinerer rette tenester til pasienten. Fleire f\u00e5r h\u00f8ve til \u00e5 vera heime lengre, ofte til siste slutt. Velferdsteknologiprosjektet n\u00e5dde m\u00e5ltal om utpr\u00f8ving av 65 tryggleikspakkar i november 2015. I staden for \u00e5<\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"parent":77,"menu_order":7,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","template":"","meta":{"footnotes":""},"jetpack_sharing_enabled":true,"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/arsmelding-2015\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/83"}],"collection":[{"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/arsmelding-2015\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/arsmelding-2015\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/arsmelding-2015\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/arsmelding-2015\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=83"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/arsmelding-2015\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/83\/revisions"}],"up":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/arsmelding-2015\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/77"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/arsmelding-2015\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=83"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}