{"id":11,"date":"2016-04-18T10:46:52","date_gmt":"2016-04-18T08:46:52","guid":{"rendered":"http:\/\/lab.zpirit.no\/sk-arsmelding\/?page_id=11"},"modified":"2017-04-25T19:49:25","modified_gmt":"2017-04-25T17:49:25","slug":"radmannen","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/sk-dokument.no\/arsmelding-2016\/?page_id=11","title":{"rendered":"1.2 R\u00e5dmannen"},"content":{"rendered":"<figure id=\"attachment_540\" aria-describedby=\"caption-attachment-540\" style=\"width: 300px\" class=\"wp-caption alignright\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"wp-image-540 size-medium\" src=\"http:\/\/sk-dokument.no\/arsmelding-2016\/wp-content\/uploads\/sites\/8\/2016\/04\/DSC_5936-copy-magnus-mjor-300x427.jpg\" alt=\"\" width=\"300\" height=\"427\" srcset=\"https:\/\/sk-dokument.no\/arsmelding-2016\/wp-content\/uploads\/sites\/8\/2016\/04\/DSC_5936-copy-magnus-mjor-300x427.jpg 300w, https:\/\/sk-dokument.no\/arsmelding-2016\/wp-content\/uploads\/sites\/8\/2016\/04\/DSC_5936-copy-magnus-mjor.jpg 800w\" sizes=\"(max-width: 300px) 100vw, 300px\" \/><figcaption id=\"caption-attachment-540\" class=\"wp-caption-text\">Magnus Mj\u00f8r. Foto: Haldis Lauksund<\/figcaption><\/figure>\n<p>Stord kommune arbeida i 2016 aktivt med kommunereforma. Sunnhordlandskommunane gjekk h\u00f8gt ut med eit prospekt p\u00e5 \u00e9in kommune i Sunnhordland. Dette vart sidan redusert til B\u00f8mlo, Fitjar, Tysnes og Stord. Til slutt stod det om Fitjar og Stord. Stord sa i juni 2016 ja til samansl\u00e5ing, men heile prosessen kulminerte med at Fitjar kommune til slutt takka nei.<\/p>\n<p>Det er ulike oppfatningar av kor dramatisk dette er. Stord er i utgangspunktet definert som robust, og innbyggjarane har dei same tilbod og rettar som f\u00f8r. Men inntektssystemet er stramma inn med nok eit knepp. Og Stord og Sunnhordland er relativt svekka i fav\u00f8r av dei nye st\u00f8rre kommunane i andre delar av fylket, noko som kan bli forsterka i ein ny og st\u00f8rre region. F\u00e5 trur likevel at sp\u00f8rsm\u00e5let om kommunesamansl\u00e5ing i Sunnhordland er lagt d\u00f8dt og Stord er framleis positiv til \u00e5 byggja ein ny kommune i Sunnhordland.<\/p>\n<p>Stord kommune gjekk i 2016 med eit overskot p\u00e5 35,1 millionar kroner. Netto driftsresultat var 2 prosent av brutto driftsinntekter. Resultatet er s\u00e5leis betre enn det anbefalte 1,75%, men jamt over svakare enn i dei kommunane ein vert samanlikna med. Dette kan i stor grad forklarast med at Stord kommune ikkje fekk del i den sterke skatteveksten som kommunesektoren opplevde i 2016. Stord hadde i fjor ein skattevekst p\u00e5 0,4 prosent medan gjennomsnitt for landet var 9,7 prosent.<\/p>\n<p>Stord kommune er p\u00e5 kommunebarometeret for 2017 rangert som nr. 97, som er 72 plassar betre enn \u00e5ret f\u00f8r. If\u00f8lgje kommunebarometeret er Stord kommune sin profil \u00ablangt mer positiv enn normalen i Kommune-Norge.\u201d Kommune\u00f8konomien er likevel utfordrande, noko som i stor grad er knytt til kommunen sitt gjeldsniv\u00e5. Kommunen si samla gjeld auka med 250 millionar kroner i 2016, og er no 1,712 milliardar kroner. Netto l\u00e5negjeld per innbyggjar er h\u00f8gt, ved \u00e5rsskiftet 77 321 kroner. I \u00f8konomiplanperioden 2017-2020 vil kommunen sine \u00e5rlege rente- og avdragskostnader auka med rundt ti millionar kroner. Saman med auka driftskostnader som f\u00f8lgje av m.a. nye sjukeheimsplassar vil dette gje store utfordringar for budsjettarbeidet frametter.<\/p>\n<p>Dei to kommunale f\u00f8retaka Stord kommunale eigedom KF og Stord vatn og avlaup KF vart avvikla fr\u00e5 og med 1. januar 2016. Fr\u00e5 1. mai vart avdelinga for Veg, trafikk og parkering (VTP) sl\u00e5tt saman med VAR-tenestene til ei ny eining Stord kommunalteknikk (SKT). Stord kommunale eigedom KF vart vidaref\u00f8rt som eininga Stord kommunale eigedom.<\/p>\n<p>Stord kommune inngjekk i 2016 avtale med Fitjar kommune om leige av fem sjukeheimsplassar. I tillegg vert tredje h\u00f8gda i Backertunet og rehabiliteringssenteret i praksis brukt til institusjonsplassar. Kapasiteten er likevel for liten. I 2016 betalte Stord kommune Helse Fonna 4 mill. kr. for 919 d\u00f8ger for utskrivingsklare pasientar. Kommunestyret godkjente hausten 2016 forprosjekt for 48 nye plassar, dei f\u00f8rste skal etter planen takast i bruk i 2018. Det vart i 2016 ogs\u00e5 gitt klarsignal for \u00e5 utvida dagtilbodet p\u00e5 S\u00e6b\u00f8 gard.<\/p>\n<p>\u00c5rsmeldinga syner at kommunen har eit utstrakt samarbeid med frivillige lag og organisasjonar og at det frivillige arbeidet utgjer ein viktig del av tilbodet til innbyggjarane i Stord. Stord kommune prioriterer ogs\u00e5 utviklingsarbeid, og har til ei kvar tid g\u00e5ande fleire prosjekt innanfor dei ulike sektorane.<\/p>\n<p>Det vart busett i alt 64 flyktningar i Stord kommune i \u00e5ret som gjekk. For 2016 er det for f\u00f8rste gang utarbeida ein integreringsrapport som del av \u00e5rsmeldinga. Kommunen sine prim\u00e6roppg\u00e5ver er busetting og introduksjonsprogrammet. I tillegg gjennomf\u00f8rer flyktningtenesta ei rad intgreringstiltak. 2257 eller 12 prosent av innbyggjarane i Stord er innvandrarar. Stord kommune har lang r\u00f8ynsle med \u00e5 busetje flyktningar og dei ulike einingane samarbeider godt med frivillige lag og organisasjonar.<\/p>\n<p>Byggjearbeida p\u00e5 nye Stord ungdomsskule kom godt i gang i 2016, og det er utarbeida eit forstudie p\u00e5 ny ungdomsskule og fleirbrukshall i Sagv\u00e5g. Dette er ei stor satsing, framdriftsplanen legg opp til at Stord kommune i l\u00f8pet av ein ti-\u00e5rs periode vil ha opna tre nye ungdomsskular. I 2016 vart eining for Sosial- og f\u00f8rebyggande teneste til to einingar, eining for rus og psykisk helse og eining for f\u00f8rebyggjande tenester. Eining for f\u00f8rebyggjande tenester best\u00e5r av pedagogisk psykologisk teneste (PPT) for Stord og Fitjar, ungdomsteam (Utekontakt og SLT koordinator), spesialpedagogisk team for f\u00f8reskulebarn og f\u00f8rebyggjande helsetenester (Jordmor-, helsestasjon- og skulehelsetenesta). Den nye organiseringa tr\u00e5dde i kraft i oktober. Eining for f\u00f8rebyggjande tenester utgjer saman med Sunnhordaland Interkommunale barnevernteneste hjelpetilbodet til barn, unge og deira familiar i Stord kommune.<\/p>\n<p>Barnehagar og skular med kvalitet og god kompetanse er viktige som helsef\u00f8rebyggjande tiltak. Stord kommune har full barnehagedekning. Barnehagedrifta er effektiv og personalet er godt utdanna. Det er eit aukande tal menn som tek arbeid i barnehagane, men enno eit stykke at f\u00f8r ein n\u00e5r dei sentrale m\u00e5lsettingane for tal mannlege tilsette. Kommunestyret vedtok i 2015 \u00e5 byggja ein kommunal barnehage med inntil 150 barn over 3 \u00e5r i oppvekstomr\u00e5de Sagv\u00e5g\/Litlab\u00f8. Prognosane syner no at kommunen ikkje treng fleire barnehageplassar f\u00f8r i 2022 og vidare utbygging er sett p\u00e5 vent inntil vidare.<\/p>\n<p>\u00c5rsmeldinga syner at det er stor aktivitet p\u00e5 kultursektoren. Stord kino hadde beste bes\u00f8ket p\u00e5 ti \u00e5r, Falturiltu er med n\u00e6r 6000 bes\u00f8kande mellom landets st\u00f8rste barnebokfestivalar. Tilrettelagt fritid medverkar til at barn, unge og vaksne med funksjonsvanskar i st\u00f8rre grad f\u00e5r delta i i kultur- og fritidsaktivitetar. Det har vore god deltaking og gode tilbakemeldingar p\u00e5 eldretreffa i Sagv\u00e5g og p\u00e5 Leirvik, og fr\u00e5 deltakarane ved hobbygruppa og treningsgruppa.\u00a0 Stiftinga Stord Frivilligsentral vart avvikla og frivilligsentralen vart kommunal i 2016.<\/p>\n<p>Hausten 2016 hadde kulturskulen 820 elevplassar. I overkant av 2 prosent av grunnskulelevane i Stord har plass i kulturskulen. Gjennomsnittet for landet er ligg rundt 17. 171 elevar stod hausten 2016 p\u00e5 venteliste, noko f\u00e6rre enn \u00e5ret f\u00f8r.<\/p>\n<p>I 2016 vart det f\u00f8rste folkehelseoversynet for Stord ferdigstilla. Helsetilstanden til storabuen er generelt god, men det er aukande sosiale skilnader b\u00e5de kva gjeld butilh\u00f8ve, sosial deltaking og helse. Trivselen i skulen er aukande, men det er likevel mange unge som mistrivest og har psykiske vanskar. Fleire born er fattige og talet unge uf\u00f8re p\u00e5 sosial st\u00f8nad er aukande.<\/p>\n<p>2015 var siste \u00e5ret i prosjektperioden for tre-partssamarbeidet \u00abSaman om ein betre kommune\u00bb. Samarbeidet vart i 2016 vidaref\u00f8rt som \u00abSaman om\u00bb. M\u00e5lsettinga med prosjektet har m.a. vore \u00e5 st\u00e5 rusta til \u00e5 m\u00f8ta framtida sine utfordringar med b\u00e6rekraftige, kommunale tenester. Dette ville ein oppn\u00e5 gjennom f\u00f8rebyggjande aktivitetar og godt arbeidsmilj\u00f8, og m.a. redusert sjukefr\u00e5v\u00e6r. Viktige prosjekt var i fjor vidaref\u00f8ring av arbeidet f\u00e5r \u00e5 redusera sjukefr\u00e5v\u00e6ret og \u00e5 revidera Kultur- og verdiplakaten. Kommunen har innf\u00f8rt Lean som metode for \u00e5 betra og effektivisera arbeidsprosessar.<\/p>\n<p>Medarbeidarunders\u00f8kinga for 2016 syner at resultata gjennomg\u00e5ande er betre enn f\u00f8reg\u00e5ande \u00e5r. Sjukefr\u00e5v\u00e6ret i kommunen var i 2016 p\u00e5 8,39 prosent. Dette er h\u00f8gare enn i 2015 (7,68 prosent) og h\u00f8gare enn kommunestyret si m\u00e5lsetting p\u00e5 7,5 prosent. Fr\u00e5v\u00e6ret var st\u00f8rst innanfor rehabilitering, helse og omsorg og innanfor dei tekniske tenestene. Gjennomsnitt sjukefr\u00e5v\u00e6r i norske kommunar var i 2016 p\u00e5 9,95 prosent.<\/p>\n<p>Stord har ein n\u00e6ringsstruktur som gjer at ein er s\u00e5rbar i h\u00f8ve til svingingar i aktivitet innanfor olje- og gassektoren generelt og ordresituasjonen til hj\u00f8rnesteinsverksemda Kv\u00e6rner spesielt. Stord har i 2016 hatt gjennomg\u00e5ande relativt h\u00f8g arbeidsl\u00f8yse, rundt seks prosent. Ikkje sidan 1990-talet er det blitt starta bygging av s\u00e5 f\u00e5 bustader som i fjor. Og ein m\u00e5 attende til \u00e5r 2000 for \u00e5 finna l\u00e5gare vekst i folketalet i kommunen. Mykje tyder no p\u00e5 at det vil ta seg opp i 2017. Kv\u00e6rner har halt i land ein ny stor kontrakt og det er p\u00e5 gang fleire store byggjeprosjekt i sentrum. Stoda i 2016, som me ogs\u00e5 har teke med oss over i 2017, viser likevel at det er viktigare enn nokon gong \u00e5 arbeida for \u00e5 styrka n\u00e6ringsgrunnlaget og breidda i arbeids- og n\u00e6ringslivet.<\/p>\n<p>\u00c5rsmeldinga ber bod om at det vart gjort mykje og godt arbeid ogs\u00e5 i 2016. Ein stor takk til alle medarbeidarar!<\/p>\n<p>Magnus Mj\u00f8r<br \/>\nr\u00e5dmann<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Stord kommune arbeida i 2016 aktivt med kommunereforma. Sunnhordlandskommunane gjekk h\u00f8gt ut med eit prospekt p\u00e5 \u00e9in kommune i Sunnhordland. Dette vart sidan redusert til B\u00f8mlo, Fitjar, Tysnes og Stord. Til slutt stod det om Fitjar og Stord. Stord sa i juni 2016 ja til samansl\u00e5ing, men heile prosessen kulminerte med at Fitjar kommune til<\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"parent":7,"menu_order":2,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","template":"","meta":{"footnotes":""},"jetpack_sharing_enabled":true,"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/arsmelding-2016\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/11"}],"collection":[{"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/arsmelding-2016\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/arsmelding-2016\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/arsmelding-2016\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/arsmelding-2016\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=11"}],"version-history":[{"count":7,"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/arsmelding-2016\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/11\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":1130,"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/arsmelding-2016\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/11\/revisions\/1130"}],"up":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/arsmelding-2016\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/7"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/arsmelding-2016\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=11"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}