{"id":806,"date":"2017-04-03T10:48:44","date_gmt":"2017-04-03T08:48:44","guid":{"rendered":"http:\/\/sk-dokument.no\/arsmelding-2016\/?page_id=806"},"modified":"2017-04-30T18:39:35","modified_gmt":"2017-04-30T16:39:35","slug":"integreringsrapport-2016","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/sk-dokument.no\/arsmelding-2016\/?page_id=806","title":{"rendered":"6.4 Integreringsrapport 2016"},"content":{"rendered":"<p>I samband med budsjettvedtaket for 2016, der det vart vedteke at Stord kommune skal busetje 60 flyktningar \u00e5rleg i perioden 2016-2018, vart det bede om ein \u00e5rleg statusrapport for integreringsarbeidet i Stord kommune. R\u00e5dmannen legg opp til at denne vert ein del av \u00e5rsmeldinga.<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p><strong>Busetting<\/strong><\/p>\n<p>Stord Kommune har\u00a0 busett flyktningar b\u00e5de fr\u00e5 asylmottak og overf\u00f8ringsflyktningar fr\u00e5 flyktningleirar i Midtausten. Det vart i 2016 busett 44 vaksne og 20 born. I tillegg til desse 64 vart det busett to born p\u00e5 familiesameining.\u00a0 Hausten 2015 vedtok\u00a0formannskapet at Stord kommune skulle vurdere \u00e5 gje inn anbod p\u00e5 kommunalt drive asylmottak. Dette for \u00e5 avhjelpe den flyktningkrisa\u00a0 i 2015. Det blei ikkje levert anbod. Kommunen hadde ikkje ledig bygningsmasse som kunne nyttast til f\u00f8rem\u00e5let og makta derfor ikkje \u00e5 gje inn eit tilbod innanfor UDI sine \u00f8konomiske rammer.<\/p>\n<p>Stord kommune vedtok \u00e5 ta imot fem einslege mindre\u00e5rige flyktningar for busetting i 2016 og 20 i 2017. IMDi har i ettertid av dette vedtaket meldt fr\u00e5 om at det grunna endra tilstr\u00f8yming av flyktningar til Noreg ikkje er behov for nye plassar.<\/p>\n<p>Flyktningane er busette i stort sett alle delar av kommunen. Dette har vore viktig d\u00e5 konsentrert busetting i einskilde delar av kommunen ikkje er ynskjeleg. Flyktningtenesta si erfaring syner at om ein spreiar busetjinga kan dette gjere inkludering i lokalsamfunnet lettare, ved at ein deltek i aktivitetar som er vanlege i eit nabolag og knyttar kontaktar med dei som bur i n\u00e6rleiken.<\/p>\n<p>Flyktningtenesta opplevde at bustadmarknaden gjennom 2016 var god med tanke p\u00e5 leige av bustader til busetjingsf\u00f8rem\u00e5l. Det vart leigd inn 23 private og 7 kommunale hus og leilegheiter.<\/p>\n<p>Dei fleste som kom i 2016 vart busette i l\u00f8pet av hausten. Kommunen har difor ikkje sett dei store verknadene av integreringsarbeidet for dei som kom i 2016. Flyktningtenesta r\u00e5r alle som vert busett til \u00e5 s\u00f8kje barnehageplass og yt vesentleg bistand for at born skal f\u00e5 rask oppstart i barnehage og skule. Eit anna viktig omr\u00e5de er \u00e5 f\u00e5 naudsynte helsekontrollar utf\u00f8rt. At desse faktorane raskt er p\u00e5 plass bidreg til at dei vaksne snarare vert klar for norskundervisning og Introduksjonsprogrammet. N\u00e5r det gjeld dei som vart busette f\u00f8r 2016, er dei fleste godt i gang med livet i Noreg. Mange er godt inkludert i barnehagar, skular og nokre i arbeidslivet. Frivillig sektor,\u00a0 til d\u00f8mes idrettslag og ulike trussamfunn, er og med i dette arbeidet. \u00a0Dei fleste arenaer kan vera viktige for integreringa i Stordsamfunnet. Stord kommune har sett i gong og st\u00f8tta einskilde integreringstiltak for \u00e5 gje busette eit betre grunnlag for integrering. Av tiltaka kan nemnast: ICDP kurs (eit internasjonalt program for \u00e5 styrke omsorg og oppvekst for barn og unge), Spr\u00e5kkafe, Vanntilvenning og Eg \u00e9 Kompis, som er eit samarbeid med frivilligsentralen om uformell venekontakt mellom nordmenn og busette flyktningar.<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p><strong>Introduksjonsprogram<\/strong><\/p>\n<p>Dei som vart busette i 2016 starta, s\u00e5 raskt som mogleg, i Introduksjonsprogrammet. Programmet er to\u00e5rig og inneheld norskundervisning, samfunnsfag, introduksjonskurs og spr\u00e5ktreningsplass. Flyktningtenesta\/NAV er ansvarleg for Introduksjonskurset og praksisplassar. Talet p\u00e5 deltakarar i 2016 auka fr\u00e5 24 personar i januar\u00a0 til 45 personar i desember. Introduksjonsprogrammet er lovp\u00e5lagt, og flyktningane pliktar \u00e5 delta. Programmet skal gje den einskilde flyktningen ein god, ny start p\u00e5 livet etter eit liv p\u00e5 flukt.\u00a0Ein skal ta vare p\u00e5 den kunnskapen og den kompetansen dei har med seg, og om mogleg byggja vidare p\u00e5 denne, slik at flyktningane kjem seg raskare i arbeid eller utdanning. Dei st\u00f8rste utfordringa ved introduksjonsprogrammet i Stord er at Vaksenoppl\u00e6ringa har ansvaret for undervisninga til b\u00e5de busette flyktningar, asyls\u00f8kjarar (Litlab\u00f8 og Stord Mottakssenter) og andre\u00a0 innvandrarar. Dei mange oppg\u00e5vene til Vaksenoppl\u00e6ringa kan til tider f\u00f8re til kapasitet-utfordringar, spesielt n\u00e5r det gjeld tilgjengeleg areal, noko som f\u00e5r konsekvensar for tilbodet.<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p><strong>Litt om ulike integreringstiltak<\/strong><\/p>\n<p>I samarbeid med Norsk Folkehjelp og Rehabiliteringssenteret gjennomf\u00f8rte kommunen to vatntilvenningskurs, v\u00e5r og haust. Dette er eit tiltak for busette flyktningkvinner p\u00e5 introduksjonsprogrammet og for kvinner p\u00e5 Stord Mottakssenter. M\u00e5let med kurset er \u00e5 gje desse kvinnene ei positiv oppleving i vatn. \u00a0Om kurset ogs\u00e5 stimulerer dei til \u00e5 l\u00e6ra seg \u00e5 symje\u00a0er dette sv\u00e6rt positivt og nyttig.<\/p>\n<p>Flyktningtenesta tok hausten 2016 initiativ til \u00e5 starta eit foreldrerettleiingskurs for busette flyktningar med born ICDP (International Child Development Program). Dette er eit kurs som skal byggja bru mellom dei tradisjonelle omsorgsverdiane som innvandrarar har med seg og dei omsorgsverdiane dei m\u00f8ter her i Noreg. Det vart gjennomf\u00f8rt 10 samlingar og tiltaket er no i ein evalueringsfase.<\/p>\n<p>IKK (Internasjonal kulturklubb) tok i 2016 initiativ til \u00e5 starte ein Spr\u00e5kkaf\u00e9 for innvandrarar p\u00e5 Stord som ynskjer norsk spr\u00e5ktrening. Dette er eit uformelt m\u00f8te mellom nordmenn, flyktningar og innvandrarar, der ein f\u00e5r praktisert norsk saman med nordmenn. Dette finn stad p\u00e5 Stord bibliotek annakvar onsdag. Tilbodet har vore vellykka og tiltaket fortset i 2017.<\/p>\n<p>Stord frivilligsentral og flyktningtenesta starta hausten 2016 eit tiltak der ein kopla ein flyktning og ein stordabu for uformell venekontakt (\u00abEg \u00e9 KOMPIS\u00bb). M\u00e5let er at dei to skal invitera kvarandre to gongar kvar til aktivitetar i l\u00f8pet av ein periode p\u00e5 tre m\u00e5nedar. Aktiviteten kunne vera s\u00e5 enkel som \u00e5 g\u00e5 tur, baking til jul, sj\u00e5 fjernsyn saman og liknande. Ein spleisa 10 par. For nokre var dette vellukka mens for andre blei det meir vanskeleg. Denne f\u00f8rste gruppa skal avsluttast no i mars 17. Men erfaringane er allereie s\u00e5pass gode at me vil pr\u00f8ve \u00e5 starte opp ei ny gruppe no v\u00e5rer 2017, saman med IKK.<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p><strong>Oppsummering<\/strong><\/p>\n<p>Det har vore h\u00f8g aktivitet p\u00e5 mange omr\u00e5de som bidreg til integrering og inkludering av flyktningar i Stord kommune. Dei kommunale einingane tek ansvar og leverer gode tenester sj\u00f8lv om det h\u00f8ge volumet kan bidra til utfordringar p\u00e5 einskilde omr\u00e5der. Det er utvikla og sett i gong fleire gode tiltak, i eigen regi, og i samarbeid med friviljuge lag og organisasjonar.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I samband med budsjettvedtaket for 2016, der det vart vedteke at Stord kommune skal busetje 60 flyktningar \u00e5rleg i perioden 2016-2018, vart det bede om ein \u00e5rleg statusrapport for integreringsarbeidet i Stord kommune. R\u00e5dmannen legg opp til at denne vert ein del av \u00e5rsmeldinga. &nbsp; Busetting Stord Kommune har\u00a0 busett flyktningar b\u00e5de fr\u00e5 asylmottak og<\/p>\n","protected":false},"author":17,"featured_media":0,"parent":77,"menu_order":4,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","template":"","meta":{"footnotes":""},"jetpack_sharing_enabled":true,"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/arsmelding-2016\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/806"}],"collection":[{"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/arsmelding-2016\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/arsmelding-2016\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/arsmelding-2016\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/17"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/arsmelding-2016\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=806"}],"version-history":[{"count":6,"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/arsmelding-2016\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/806\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":1253,"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/arsmelding-2016\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/806\/revisions\/1253"}],"up":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/arsmelding-2016\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/77"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/arsmelding-2016\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=806"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}