{"id":122,"date":"2016-09-28T12:14:25","date_gmt":"2016-09-28T10:14:25","guid":{"rendered":"http:\/\/sk-dokument.no\/budsjett-og-okonomiplan-2018-2021\/?page_id=122"},"modified":"2017-10-24T11:43:57","modified_gmt":"2017-10-24T09:43:57","slug":"komite-for-oppvekst-og-utdanning","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/sk-dokument.no\/budsjett-og-okonomiplan-2018-2021\/?page_id=122","title":{"rendered":"Komite for oppvekst og utdanning"},"content":{"rendered":"<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">Komit\u00e9 for oppvekst og utdanning vedtok i PS 12\/2014 &laquo;Plan for kvalitetsutvikling-fokusomr\u00e5de for oppvekst 2014-2017&raquo;. Planen omhandlar dei omr\u00e5da einingane skal ha s\u00e6rleg fokus p\u00e5 for \u00e5 sikra ei utvikling i samsvar med nasjonale og lokale f\u00f8ringar. Planen skal reviderast f\u00f8rste halv\u00e5r i 2018.<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">I f\u00f8lgje folkehelselova skal alle kommunale tenesteomr\u00e5de medverka til \u00e5 fremja folkehelsa. Tenesteomr\u00e5de for barn og unge vert s\u00e6rleg viktige, d\u00e5 innsats i ung alder vil kunna ha ein f\u00f8rebyggjande effekt. Gjennom \u00e5 betra kvaliteten i barnehagar og skular og vidareutvikla tilbodet til f\u00f8rebyggjande teneste for barn og unge, skal oppvekstk\u00e5ra deira styrkjast. Betre tenestetilbod for alle og meir samordning mellom tenestene for dei mest s\u00e5rbare barna, vert i St. meld nr. 34 (2013) omtala som avgjerande for gode oppvekstforhold. Kommuneplan for Stord kommune 2010-2021 har oppvekst som eit av satsingsomr\u00e5da og legg vekt p\u00e5 gode og trygge oppvekstk\u00e5r for barn og unge. Kommunen skal f\u00f8lgja n\u00f8ye med i dei tilh\u00f8va barn og unge lever under, f\u00f8rebyggja og fremja god fysisk og psykisk helse. Kommunen m\u00e5 vera i stand til \u00e5 ta ansvar for tidleg identifisering, kartlegging og innsats i h\u00f8ve barn og unge sine vanskar og hjelpebehov.<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\"><strong>Ein inkluderande barnehage og skule, som hindrar utanforskap og som bidreg til l\u00e6ring, utvikling og livsmeistring.<\/strong><\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">I 2017 starta utviklingsarbeidet Ein inkluderande barnehage og skule der eit av hovudm\u00e5la er \u00e5 redusera fr\u00e5fall i vidareg\u00e5ande skule. Kommunen har f\u00e5tt 0,4 mill. kr. i skj\u00f8nsmidlar fr\u00e5 fylket til dette arbeidet som held fram i 2018. Utviklingsarbeidet involverer alle tenestene innan oppvekstsektoren i Stord kommune og dei vidareg\u00e5ande skulane p\u00e5 Stord. Fitjar kommune er referansekommune. L\u00e6ringsmilj\u00f8senteret ved Universitetet i Stavanger bidreg i satsinga. Arbeidet baserer seg p\u00e5 brei medverknad der ogs\u00e5 dei tilsette sine organisasjonar har vore deltakarar i forankringsarbeidet. Det skal lagast eit strategidokument for den inkluderande barnehagen og skulen. Oppvekstsektoren skal, som ein del av denne satsinga, og delta i nasjonale utviklingsprosjekt som Spr\u00e5kkommune og Inkluderande barnehage- og skulemilj\u00f8.<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">Betre tverrfagleg innsats (BTI) er ein samarbeidsmodell som skal sikra heilskapleg og koordinert innsats for barn, unge og familiar det er knytt uro til. Modellen skal nyttast i heile oppvekstsektoren og er i ferd med \u00e5 verta eit viktig verkt\u00f8y for samhandlinga mellom einingane.<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">Det er tydelege krav og forventningar til leiing. Leiarane skal vera tett p\u00e5, b\u00e5de tilsette og barn\/elevar. Dei skal styra og utvikla ein l\u00e6rande organisasjon gjennom kontinuerleg forbetringsarbeid i tr\u00e5d med rammer og regelverk. Dette samstundes som dei administrative oppg\u00e5vene aukar.<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">Utviklingsgruppa har i dag fleire r\u00e5dgjevarar innanfor omr\u00e5de oppvekst som alle er tillagt forvaltningsoppg\u00e5ver og som i praksis fungerer som sakshandsamarar innanfor ulike lovver. Dei tildeler mellom anna spesialundervisning og fritt skuleval etter oppl\u00e6ringslova, samt spesialpedagogisk hjelp, gratis kjernetid og redusert foreldrebetaling etter barnehagelova. Kommunen sitt overordna ansvar som skule- og barnehageeigar krev samstundes stadig tydelegare leiing, kontroll og oppf\u00f8lging av einingane i sektoren.<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">R\u00e5dmannen ser det som sv\u00e6rt viktig \u00e5 vera meir tett p\u00e5 og bist\u00e5 einingane i utviklingsarbeid og har difor frikj\u00f8pt 50 prosent r\u00e5dgjevarstilling til slikt arbeid retta mot barnehage og skule finansiert gjennom prosjektmidlar. Det er ikkje lagt inn vikar p\u00e5 stillinga, noko som gjev ei innsparing i 2018 p\u00e5 om lag 0,5 mill. kr.<\/p>\n<p>R\u00e5dmannen vil fr\u00e5 2018 delegera til rektorane \u00e5 gjera vedtak om spesialundervisning etter oppl\u00e6ringslova \u00a7 5-1. Dette vera meir i tr\u00e5d med rettleiaren fr\u00e5 Utdanningsdirektoraret og praksis i andre kommunar. R\u00e5dmannen vil, i samband med dette nytta om lag 50 prosent av den samla r\u00e5dgjevarressursen til rettleiing og hjelp inn mot skular.<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Komit\u00e9 for oppvekst og utdanning vedtok i PS 12\/2014 &laquo;Plan for kvalitetsutvikling-fokusomr\u00e5de for oppvekst 2014-2017&raquo;. Planen omhandlar dei omr\u00e5da einingane skal ha s\u00e6rleg fokus p\u00e5 for \u00e5 sikra ei utvikling i samsvar med nasjonale og lokale f\u00f8ringar. Planen skal reviderast f\u00f8rste halv\u00e5r i 2018. I f\u00f8lgje folkehelselova skal alle kommunale tenesteomr\u00e5de medverka til \u00e5 fremja<\/p>\n","protected":false},"author":4,"featured_media":0,"parent":0,"menu_order":8,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","template":"","meta":{"footnotes":""},"jetpack_sharing_enabled":true,"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/budsjett-og-okonomiplan-2018-2021\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/122"}],"collection":[{"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/budsjett-og-okonomiplan-2018-2021\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/budsjett-og-okonomiplan-2018-2021\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/budsjett-og-okonomiplan-2018-2021\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/4"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/budsjett-og-okonomiplan-2018-2021\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=122"}],"version-history":[{"count":6,"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/budsjett-og-okonomiplan-2018-2021\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/122\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":1510,"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/budsjett-og-okonomiplan-2018-2021\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/122\/revisions\/1510"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/budsjett-og-okonomiplan-2018-2021\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=122"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}