{"id":1446,"date":"2017-10-24T09:00:18","date_gmt":"2017-10-24T07:00:18","guid":{"rendered":"http:\/\/sk-dokument.no\/budsjett-og-okonomiplan-2018-2021personal\/?page_id=1446"},"modified":"2017-10-24T09:02:08","modified_gmt":"2017-10-24T07:02:08","slug":"forebyggjande-tenester","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/sk-dokument.no\/budsjett-og-okonomiplan-2018-2021\/?page_id=1446","title":{"rendered":"F\u00f8rebyggjande tenester"},"content":{"rendered":"<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">Eining for f\u00f8rebyggjande tenester best\u00e5r av helsestasjon-, jordmor- og skulehelseteneste, pedagogisk- psykologisk- teneste (PPT), logoped teneste, spesialpedagogisk team, ungdomsteam og samordning av lokale kriminalitetsf\u00f8rebyggjande tiltak (SLT).<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\"><span style=\"font-size: medium;\">Psykiske vanskar og lidingar hj\u00e5 barn og unge kan mellom anna f\u00f8ra til manglande trivsel, redusert livsmeistring, l\u00e6revanskar og fr\u00e5fall i vidareg\u00e5ande skule. P\u00e5 nasjonalt niv\u00e5 reknar ein at 15-20 prosent av barn mellom 3 og 18 \u00e5r til ei kvar tid har nedsett funksjon p\u00e5 grunn av symptom p\u00e5 psykiske lidingar. Samhandlingsreforma legg til grunn at kommunar skal ha eit tilbod til barn og unge med lettare og moderate vanskar, og 8. juni 2017 vedtok Stortinget at psykolog skal v\u00e6re en del av kjernekompetansen i alle kommunar. Kravet gjeld fr\u00e5 1. januar 2020. Sentralt vert det understreka at kommunepsykologane skal arbeida tverrfagleg, og at kommunar der psykolog, helses\u00f8ster, barnevern, PPT og andre faggrupper spelar p\u00e5 lag gir eit meir heilskapleg tilbod som kan f\u00f8rebyggja problemutvikling<\/span><span style=\"color: #333333; font-family: Ubuntu,Times New Roman; font-size: large;\">. <\/span><span style=\"font-size: medium;\">Kommunen kan s\u00f8kja om l\u00f8nstilskot til psykolog. Tilskotet er p\u00e5 0,4 mill. kr. per budsjett\u00e5r for 100 prosent stilling. Tilskotet kan verta innvilga for eitt \u00e5r om gangen til lovkrav om psykologkompetanse trer i kraft. Dersom ein legg til grunn ei \u00e5rsl\u00f8n p\u00e5 1,14 mill. kr. inkl. sosiale utgifter er kommunen sin eigenandel 0,74 mill. kr. R\u00e5dmannen har ikkje funne rom for \u00e5 tilsetja kommunepsykolog for barn og unge i budsjettet for 2018. <\/span><\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">Tenesta har modellar for f\u00f8rebyggjande innsats knytt til mellom anna psykisk helse, rus og nettvett. Ein av desse er \u00abUng p\u00e5 Stord\u00bb som rettar seg mot ungdom p\u00e5 7. og 9. trinn i grunnskulen. Liknande modell vert no innf\u00f8rt i vidareg\u00e5ande skule. Ungdomskontraktar er eit anna rusf\u00f8rebyggjande tiltak. SLT -koordinator bidreg i stor grad til dette arbeidet og vil i 2018 bli knytt tettare opp mot det samla tenestetilbodet til barn og unge gjennom mellom anna arbeid med einskildsaker i ungdomsteamet. Dette d\u00e5 ein ser ei stor auke i ungdommar med behov for slik hjelp. R\u00e5dmannen foresl\u00e5r at ein samstundes reduserer utgiftene til helsestasjon for ungdom med 0,2 mill. kr. R\u00e5dmannen har ikkje funne rom for \u00e5 styrka budsjetta for helsestasjonar og skulehelsetenest, men vidaref\u00f8rer denne p\u00e5 2017 niv\u00e5.<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">Stord kommune sel i dag mellom anna tilbod om Ungdomskontrakt til ungdommar i B\u00f8mlo og Fitjar kommune. Dette vert vidaref\u00f8rt i 2018 og r\u00e5dmannen har lagt inn ei auke i forventa inntekt p\u00e5 0,26 mill. kr.<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">PPT skal bist\u00e5 barnehagar og skular med organisasjons- og kompetanseutvikling knytt til barn med s\u00e6rlege behov, samt gjera sakkunnige vurderingar n\u00e5r det er uro rundt barn\/elevar si l\u00e6ring og\/eller utvikling. Barn med spr\u00e5kvanskar kan ha rett p\u00e5 logoped. Kommunen har avtale om PPT-samarbeid med Fitjar kommune. Avtalen er fr\u00e5 2003, og r\u00e5dmannen har teke initiativ til ei reforhandling for \u00e5 f\u00e5 ei avtala i samsvar med den faktiske situasjonen. Fordeling av kostnadar m\u00e5 i st\u00f8rre grad spegla fordeling av oppg\u00e5ver enn det avtalen gjer i dag og r\u00e5dmannen har i budsjett for 2018 lagt til grunn at ein f\u00e5r p\u00e5 plass ein slik avtale som og vert gjeldande fr\u00e5 2018. Det er lagt inn ei innsparing p\u00e5 0,77 mill. kr som er f\u00f8resett dekka inn gjennom auka inntekt og\/eller innsparing som f\u00f8lgje av vakansar.<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">Spesialpedagogisk team gir tilbod til barn med vedtak om rett til spesialpedagogisk hjelp i barnehagen. Teamet har i ein periode hatt mindre saker og g\u00e5tt med ledig kapasitet. R\u00e5dmannen f\u00f8resl\u00e5r difor at ein i 2018 reduserer med ei stilling. Dette medf\u00f8rer ei innsparing p\u00e5 0,64 mill. kr.<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Eining for f\u00f8rebyggjande tenester best\u00e5r av helsestasjon-, jordmor- og skulehelseteneste, pedagogisk- psykologisk- teneste (PPT), logoped teneste, spesialpedagogisk team, ungdomsteam og samordning av lokale kriminalitetsf\u00f8rebyggjande tiltak (SLT). Psykiske vanskar og lidingar hj\u00e5 barn og unge kan mellom anna f\u00f8ra til manglande trivsel, redusert livsmeistring, l\u00e6revanskar og fr\u00e5fall i vidareg\u00e5ande skule. P\u00e5 nasjonalt niv\u00e5 reknar ein at<\/p>\n","protected":false},"author":13,"featured_media":0,"parent":122,"menu_order":4,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","template":"","meta":{"footnotes":""},"jetpack_sharing_enabled":true,"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/budsjett-og-okonomiplan-2018-2021\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/1446"}],"collection":[{"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/budsjett-og-okonomiplan-2018-2021\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/budsjett-og-okonomiplan-2018-2021\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/budsjett-og-okonomiplan-2018-2021\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/13"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/budsjett-og-okonomiplan-2018-2021\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=1446"}],"version-history":[{"count":2,"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/budsjett-og-okonomiplan-2018-2021\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/1446\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":1449,"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/budsjett-og-okonomiplan-2018-2021\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/1446\/revisions\/1449"}],"up":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/budsjett-og-okonomiplan-2018-2021\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/122"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/budsjett-og-okonomiplan-2018-2021\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=1446"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}