{"id":156,"date":"2016-09-28T12:14:25","date_gmt":"2016-09-28T10:14:25","guid":{"rendered":"http:\/\/sk-dokument.no\/budsjett-og-okonomiplan-2018-2021\/?page_id=156"},"modified":"2017-10-27T08:23:05","modified_gmt":"2017-10-27T06:23:05","slug":"habilitering","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/sk-dokument.no\/budsjett-og-okonomiplan-2018-2021\/?page_id=156","title":{"rendered":"Habilitering"},"content":{"rendered":"<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">Gjennomsnittsalderen for personar med utviklingshemming aukar, med dei utfordringane dette medf\u00f8rer. Mange av brukarane eldest tidlegare enn befolkninga elles, og f\u00e5r dermed aldersrelaterte utfordringar p\u00e5 eit tidlegare tidspunkt i livet. Dette er b\u00e5de somatiske plager og demenssjukdom. Mange har ogs\u00e5 ein a-typisk aldringsprosess. Eininga har byrja \u00e5 byggja opp kompetanse p\u00e5 dette, men treng \u00e5 ha auka fokus p\u00e5 dette omr\u00e5det framover.<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">R\u00e5dmannen registrerer at dette tenesteomr\u00e5det har stor vekst i kostnader og legg opp til at ein p\u00e5 nytt vil sj\u00e5 p\u00e5 struktur og organisering. I dette ligg blant anna ei vurdering av om det er mulig \u00e5 fase ut mindre bufellesskap og erstatte desse med st\u00f8rre og meir kostnadseffektive utan at det skal g\u00e5 ut over kvaliteten av tenestene. For \u00e5 kompensere l\u00f8nsveksten og pensjonsveksten i 2018 lyt eininga nedbemanne to \u00e5rsverk tilsvarande kr. 1,5 mill.<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">Nye dagplassar p\u00e5 S\u00e6b\u00f8 gard er forseinka, men det er h\u00e5p om at nytt bygg til dette f\u00f8rem\u00e5let vil st\u00e5 klart hausten 2018. Det er ikkje lagt inn auka driftsmidlar i 2018.<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">R\u00e5dmannen legg hausten 2017 fram eit forprosjekt der ein tek sikte p\u00e5 \u00e5 bygge ni pluss tre bustadar for funksjonshemma p\u00e5 kommunal tomt i Haga. Bygga er planlagt ferdige ved \u00e5rsskifte 2018\/2019. Dette er oppf\u00f8lging av ein forstudierapport som vart vedteken i Komit\u00e9 for rehabilitering, helse og omsorg februar 2017 der det kom fram at det er 23 personar som har s\u00f8kt om slik bustad. Storleiken p\u00e5 bufellesskapet er i konflikt med Norsk forbund for utviklingshemma (NFU) sitt syn. Dei meiner at eit bufellesskap ikkje b\u00f8r vera st\u00f8rre enn maks seks bueiningar.<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">Val av totalt 12 bueiningar vert blant anna grunngjeve med \u00e5 redusera byggjekostnadane per bueining. Fagmilj\u00f8et blir st\u00f8rre og erfaring tilseier at det er lettare \u00e5 rekruttere og behalde gode fagfolk n\u00e5r milj\u00f8et har ein viss storleik. Erfaringa er og at sm\u00e5 fellesskap ofte blir dyre i drift, mens ein ved fleire bueiningar f\u00e5r synergieffektar noko som reduserer driftskostnadane per bustad. Som foreldre til aktuelle bebuarar har p\u00e5peika, er det og viktig med ein st\u00f8rrelse som gjev h\u00f8ve til \u00e5 skape eit godt sosialt nettverk for dei som skal bu der. Kostnadskalkylen for prosjektet er auka til kr.36,3 mill. inkl. ein margin p\u00e5 15%. Ein f\u00f8reset at prosjektet vert finansiert med tilskot fr\u00e5 Husbanken, momskompensasjon og husleige. Ein usikker prognose p\u00e5 driftskostnader per \u00e5r er kr.7,0 mill. (avhengig av kven som flyttar inn).<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">\u00abAvlastar 2-dommen\u00bb har f\u00f8rt til at kommunane har f\u00e5tt utfordringar knytt til \u00e5 gje avlasting i privat heim. Som konsekvens av dommen, m\u00e5 kommunane tilsetje avlastarar i faste stillingar, med dei rettar dette medf\u00f8rer b\u00e5de i h\u00f8ve arbeidstidordningar og l\u00f8n. Auka kostnader knytt til brukarane i Eining for habilitering er rekna til om lag kr 2,8 mill. for 2018. Kommunen har avlastingstilbud p\u00e5 fleire lokasjonar, noko som medf\u00f8rer h\u00f8gare kostnader enn om dei var samla under eit tak. Avlastingsbustaden i S\u00e6varhagen er ikkje tilpassa brukarane sine behov og det er ikkje kapasitet til \u00e5 ta i mot fleire brukarar, s\u00e6rleg p\u00e5 helg. Desse tilh\u00f8va gjer at det hastar \u00e5 f\u00e5 p\u00e5 plass ein st\u00f8rre og tilpassa avlastingsbustad slik at ein kan f\u00e5 organisert det meste av avlasting til barn og unge i Stord kommune i <i>ein<\/i> bustad. Forstudierapport for nytt avlastingsbygg vart godkjent av komit\u00e9 for rehabilitering, helse og omsorg komiteen i august 2017. Rapporten konkluderer med at det b\u00f8r byggast ein ny avlastingsbustad i S\u00e6varhagen som kan gje eit samla tilbod i ein bygning. Investeringskostandane er kalkulert til \u00e5 bli kr. 40,5 mill. der kr. 30,5 mill. vert refundert i form av statstilskot og momsrefusjon.<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">Driftskostnader er estimert til om lag kr. 17 mill. ved full drift (14 plassar). Dette er kr. 2, 1 mill. utover kostnaden me har til drift i dag. Ein reknar med at det ikkje vert full drift den f\u00f8rste tida, slik at \u00e5rlege driftskostnader dei f\u00f8rste \u00e5ra er noko l\u00e5gare. Belegget av brukarar vil variera etter behovet til ei kvar tid og krev difor fleksibel drift. Innafor kostnadsramma ein har i dag vil ein kunne auka fr\u00e5 seks til inntil 10 plassar (avhengig av funksjonsniv\u00e5et til brukarane). R\u00e5dmannen meiner dette er eit effektiviseringstiltak ein b\u00f8r setje i gong snarast r\u00e5d og f\u00f8resl\u00e5r at det vert sett av kr. 2,0 mill. til forprosjekt i 2018 og kr. 38,5 mill. til utbygging i 2019.<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">Som eit strakstiltak vil ein oppgradere nabopavilijongen i S\u00e6varhagen slik at ein kan samle mest mogeleg av avlastingstilbodet i desse to bygga. Dette vil gje ei innsparing p\u00e5 drift p\u00e5 om lag kr. 0,7 mill.<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Gjennomsnittsalderen for personar med utviklingshemming aukar, med dei utfordringane dette medf\u00f8rer. Mange av brukarane eldest tidlegare enn befolkninga elles, og f\u00e5r dermed aldersrelaterte utfordringar p\u00e5 eit tidlegare tidspunkt i livet. Dette er b\u00e5de somatiske plager og demenssjukdom. Mange har ogs\u00e5 ein a-typisk aldringsprosess. Eininga har byrja \u00e5 byggja opp kompetanse p\u00e5 dette, men treng \u00e5<\/p>\n","protected":false},"author":4,"featured_media":0,"parent":150,"menu_order":2,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","template":"","meta":{"footnotes":""},"jetpack_sharing_enabled":true,"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/budsjett-og-okonomiplan-2018-2021\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/156"}],"collection":[{"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/budsjett-og-okonomiplan-2018-2021\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/budsjett-og-okonomiplan-2018-2021\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/budsjett-og-okonomiplan-2018-2021\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/4"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/budsjett-og-okonomiplan-2018-2021\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=156"}],"version-history":[{"count":3,"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/budsjett-og-okonomiplan-2018-2021\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/156\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":1355,"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/budsjett-og-okonomiplan-2018-2021\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/156\/revisions\/1355"}],"up":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/budsjett-og-okonomiplan-2018-2021\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/150"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/budsjett-og-okonomiplan-2018-2021\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=156"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}