{"id":160,"date":"2016-09-28T12:14:25","date_gmt":"2016-09-28T10:14:25","guid":{"rendered":"http:\/\/sk-dokument.no\/budsjett-og-okonomiplan-2018-2021\/?page_id=160"},"modified":"2017-10-27T08:23:39","modified_gmt":"2017-10-27T06:23:39","slug":"aktivitet-og-rehabilitering","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/sk-dokument.no\/budsjett-og-okonomiplan-2018-2021\/?page_id=160","title":{"rendered":"Aktivitet og rehabilitering"},"content":{"rendered":"<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">Fysio- og ergoterapiteneste arbeider etter strenge prioriteringslister og det er ventelistar innan begge omr\u00e5da. Det er eit stort behov for tilrettelegging i heim og formidling av hjelpemiddel. Servicetenesta har ansvar for drift og logistikk kring hjelpemiddel. Dei monterer, demonter og utf\u00f8rer enkle reperasjoner av hjelpemiddel. Grunna knappe ressursar har avdelinga utfordingar med \u00e5 stetta det aukande behovet innbyggjarane har for rehabilitering. Som eit sparingstiltak vel ein likevel \u00e5 la 40% vikariat som ergoterapeut st\u00e5 ledig til 01.09.2017. Innsparing er rekna til kr. 135\u3000000.<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">Statsbudsjettet legg opp til endring av ansvar for tekniske hjelpemiddel. Kommunane skal f\u00e5 meir ansvar, men det er per i dag uklart kva konsekvens det f\u00e5r. Arbeids- og sosialdepartementet, kommunal- og moderniseringsdepartementet og helse- og omsorgsdepartementet skal saman kome tilbake med forslag til ansvarsoverf\u00f8ring og konkrete tiltak.<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">Det er innf\u00f8rt eigenbetaling p\u00e5 kommunale hjelpemiddel, servicetenester og gruppetreningar. Dei nye betalingsreglane vart vedtekne i komit\u00e9 for rehabilitering, helse og omsorg februar 2017.<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">Sengeposten har ressurskrevjande brukarar noko som f\u00f8rer til auka kostnader knytt til behandling og oppf\u00f8lging. Det er s\u00e6rleg utfordrande \u00e5 gje tenester til demente i ei hektisk avdeling. Avdelinga f\u00e5r jobba i for liten grad med rehabilitering, og det er vanskeleg \u00e5 f\u00e5 pasientane heim d\u00e5 dei har omfattande omsorgsbehov. Grunna manglande institusjonsplassar er det og vanskar med \u00e5 f\u00e5 pasientar som treng langtidsplass vidare. Gjennom streng prioritering av innleige ved fr\u00e5v\u00e6r legg ein opp til \u00e5 spare kr. 100\u3000000 ved sengeavdelinga.<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">Heimerehabilitering er eit tiltak for intensiv hjelp til sj\u00f8lvhjelp, og er eit framtidsretta tiltak med gode resultat for dei fleste som f\u00e5r denne tenesta. Hjelp til sj\u00f8lvhjelp er sentralt og visjonen er: Lengst mogleg aktiv i eige liv. Tiltaket er prioritert og vert vidaref\u00f8rt p\u00e5 same niv\u00e5 som i 2017.<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">Frisklivssentralen har individuell oppf\u00f8lging, gruppe-tilbod og ulike kurs. Ein samarbeider med lokale lag og organisasjonar om l\u00e6rings- og mestringskurs. M\u00e5let er \u00e5 betre meistra eigen situasjon og kvardag. Mange av brukarane i Frisklivssentralen er underforbrukarar av andre helsetenester. Ei slik sentral er ikkje ei lovp\u00e5lagt oppg\u00e5ve for kommunen og som eit av mange innsparingstiltak f\u00f8resl\u00e5r r\u00e5dmannen \u00e5 avvikle drifta av sentralen fr\u00e5 01.04.2018. Sparing er kr. 323\u3000000 med \u00e5rsverknad p\u00e5 kr. 430\u3000000. Dette tilsvarar 60 % stillingsressurs kor 20 % lyt seiast opp og resten vert l\u00f8yst gjennom omplassering.<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">Demensteamet er eit l\u00e5gterskeltilbod og viktig som eit f\u00f8rebyggjande tilbod d\u00e5 dei kan avdekka behov for st\u00f8ttande tenester p\u00e5 eit tidleg tidspunkt. P\u00e5 den m\u00e5ten kan ein leggje til rette for at p\u00e5r\u00f8rande kan ha sine buande heime lenger, og slik utsetje behovet for institusjonsplass. Det er ventelister p\u00e5 dette tilbodet som blir vidaref\u00f8rt i 2017.<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">Eininga har f\u00e5tt midlar fr\u00e5 Fylkesmannen til prosjektet \u00abGodt \u00e5 bu heime\u00bb, der m\u00e5let er \u00e5 spreie kunnskap og informasjon om universell utforming og branntryggleik til alle innbyggarane i Stord kommune. Effektm\u00e5l er at det blir bygd og restaurert fleire hus der eigarane kan bu i alle livets fasar og ved varierande funksjonsniv\u00e5. For Stord kommune betyr det at i framtida kan fleire f\u00e5 hjelp og omsorg i heimen, og f\u00e6rre vil trengja institusjonsplass. Ei anna m\u00e5lgruppe for prosjektet er entrepren\u00f8rar og leverand\u00f8rar som skal byggje bustadar i framtida.<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Fysio- og ergoterapiteneste arbeider etter strenge prioriteringslister og det er ventelistar innan begge omr\u00e5da. Det er eit stort behov for tilrettelegging i heim og formidling av hjelpemiddel. Servicetenesta har ansvar for drift og logistikk kring hjelpemiddel. Dei monterer, demonter og utf\u00f8rer enkle reperasjoner av hjelpemiddel. Grunna knappe ressursar har avdelinga utfordingar med \u00e5 stetta det<\/p>\n","protected":false},"author":4,"featured_media":0,"parent":150,"menu_order":4,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","template":"","meta":{"footnotes":""},"jetpack_sharing_enabled":true,"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/budsjett-og-okonomiplan-2018-2021\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/160"}],"collection":[{"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/budsjett-og-okonomiplan-2018-2021\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/budsjett-og-okonomiplan-2018-2021\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/budsjett-og-okonomiplan-2018-2021\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/4"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/budsjett-og-okonomiplan-2018-2021\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=160"}],"version-history":[{"count":4,"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/budsjett-og-okonomiplan-2018-2021\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/160\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":1742,"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/budsjett-og-okonomiplan-2018-2021\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/160\/revisions\/1742"}],"up":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/budsjett-og-okonomiplan-2018-2021\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/150"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/budsjett-og-okonomiplan-2018-2021\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=160"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}