{"id":970,"date":"2017-10-11T11:09:49","date_gmt":"2017-10-11T09:09:49","guid":{"rendered":"http:\/\/sk-dokument.no\/budsjett-og-okonomiplan-2018-2021\/?page_id=970"},"modified":"2017-10-16T11:52:52","modified_gmt":"2017-10-16T09:52:52","slug":"stord-kyrkjelege-fellesrad-innspel-til-driftsbudsjettet","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/sk-dokument.no\/budsjett-og-okonomiplan-2018-2021\/?page_id=970","title":{"rendered":"Innspel til investeringsbudsjett for kyrkja 2018-2021"},"content":{"rendered":"<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">Stord kyrkjelege fellesr\u00e5d har handsama plan for investering for perioden 2018-2021.<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">Framlegg til investeringsbudsjett tek utgangspunkt i det som vart spelt inn i 2017.<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">Me meiner framleis me budsjetterer sv\u00e6rt n\u00f8kternt.<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">Investeringsbudsjettet gir etter v\u00e5r meining eit greit oversyn over investeringar det er stor trong for dei n\u00e6raste \u00e5ra.<\/p>\n<ul>\n<li><b><span style=\"color: #92d050; font-family: Calibri; font-size: large;\">KYRKJENE:<\/span><\/b><\/li>\n<\/ul>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\"><strong><i>STORD:<\/i><\/strong><\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">Me har dette \u00e5ret eit sv\u00e6rt godt samarbeid med Frode Hatlevik (Stord kommunale eigedom) om prosjektleiing for rehabilitering av Stord kyrkje.<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">F\u00f8r Hatlevik starta opp ferdigstilte me i 2016 eit st\u00f8rre arbeidet med \u00e5 byggja &laquo;nytt&raquo; toalettrom i det gamle herretoalettet. Dette vart eit moderne unisextoalett med to toalettb\u00e5sar, flislagt golv med varmekablar og plater p\u00e5 vegger og i tak, handvask og ny varmtvannsberedar.<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">I 2017 fekk me ein liten del av tiltakspakken som vart tildelt Stord kommune. Desse midlane, samt ordin\u00e6re investeringsmidlar har i 2017 vorte nytta slik:<\/p>\n<ul>\n<li>Utbetring av sideinngangen\/rullestolinngangen. Ny d\u00f8r.<\/li>\n<li>Installering av 3 varmepumper i kyrkjerommet.<\/li>\n<li>Fjerning av det gamle gassovnsystemet (r\u00f8rsystem, gasstank og str\u00e5leomnar i tak).<\/li>\n<li>Ferdigstilling av teknisk rom. Ny d\u00f8r.<\/li>\n<li>Fullstendig rehabilitering av v\u00e5penhus, trapper og t\u00e5rn. Installering av vifte i t\u00e5rnet og varmekablar i golvet i v\u00e5penhuset. Ny d\u00f8r.<\/li>\n<\/ul>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">Det er fortsatt mange store oppg\u00e5ver som gjenst\u00e5r f\u00f8r Stord kyrkje framst\u00e5r slik me ynskjer den skal vera.<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">Me berre nemner:<\/p>\n<ul>\n<li><span style=\"font-family: Calibri; font-size: large;\">Prestesakristiet.<\/span><\/li>\n<\/ul>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">Her held taket p\u00e5 \u00e5 ramla ned. Det er i tilleg lekkasjar rundt\/i d\u00f8ra &#8211; noko som f\u00f8rer til forvitring\/nedsmuldring av veggane i prestesakristiet.<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">Prestesakristiet treng fullstendig rehabilitering.<\/p>\n<ul>\n<li><span style=\"font-family: Calibri; font-size: large;\">Orgelet.<\/span><\/li>\n<\/ul>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">Orgelet i Stord kyrkje er i d\u00e5rleg stand. Nytt orgel vil kosta ca. 7,5 millionar.<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">Me har hatt orgelkonsulent Stein Johannes Kolnes p\u00e5 synfaring. Han seier at orgelet kan setjast i stand slik at det fungerer betre enn i dag. Her snakkar ein om grundig reingjering, stemming, justering av klang og mekanikk samt ein del reparasjon av det elektriske.<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">Kostnadane er estimert til ca. 600.000 + mva.<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">Me vil ettersenda rapporten fr\u00e5 Kolnes n\u00e5r den kjem.<\/p>\n<ul>\n<li><span style=\"font-family: Calibri; font-size: large;\">Resterande rehabilitering og vedlikehald.<\/span><\/li>\n<\/ul>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">Noko av det som elles gjenst\u00e5r er utvendig maling av kyrkja, nye takrenner og nedl\u00f8psr\u00f8yr, vedlikehald\/maling av kyrkjebenkar, reparasjon og maling av innvendige veggar samt nytt golv i kyrkjerommet.<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">Utskifting av resterande d\u00f8rer: D\u00e5pssakristi, prestesakristi, kapell, toalett = 4 d\u00f8rer.<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\"><strong><u>NYS\u00c6TER<\/u>:<\/strong><\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\"><span style=\"font-family: Calibri;\">I 2016 avslutta me arbeidet med takreparasjonar samt fullstendig rehabilitering av varme &amp; ventilasjonsanlegget i Nys\u00e6ter.<\/span><\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">Nys\u00e6ter sokner\u00e5d har gjennomf\u00f8rt eit storstilt dugnadsarbeid og gjennomf\u00f8rt oppgradering av kj\u00f8kkenet i Nys\u00e6ter kyrkje. Kostnadane er for det aller meste dekka gjennom sokner\u00e5det sine midlar og har ikkje g\u00e5tt over fellesr\u00e5det sine budsjett.<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">Det er pr. idag ingen akutte eller langsiktige rehabiliteringsprosjekt i vente i Nys\u00e6ter.<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">Me treng \u00e5 g\u00e5 vidare med oppgradering\/rehabilitering\/oppussing\/reparering av Stord kyrkje. Her er det sv\u00e6rt mykje \u00e5 ta fatt p\u00e5.<\/p>\n<ul>\n<li><span style=\"color: #92d050; font-family: Calibri; font-size: large;\"><b>GRAVPLASSANE<\/b>:<\/span><\/li>\n<\/ul>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">UTSTYR OG MASKINER TIL GRAVPLASSANE:<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\"><span style=\"font-family: Calibri;\">Utstyret p\u00e5 gravplassane er generelt gammalt og ber preg av stor slitasje. Som me tidlegare har nemnt er det grenser for kor lenge ein kan halda liv i dette gjennom reparasjonar og n\u00f8dvendig vedlikehald. <\/span><\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">Me har store kostnadar med &laquo;\u00e5 halda liv i&raquo; sidan me ikkje har nok midlar til \u00e5 investera.<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">I 2016 fekk me endeleg skifta ut den gamle carawellen. Den &laquo;nye&raquo; bilen er fr\u00e5 2009.<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">I \u00e5r har me brukt investeringsmidlane til ein frontgrasklyppar, &#8211; noko det har vore stort behov for i fleire \u00e5r.<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">Nytt senkeapparat er \u00f2g p\u00e5 plass etter at det gamle (som ikkje var s\u00e5 veldig gammalt) havarerte.<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">Den gamle gravemaskina M\u00c5 bytast ut i 2018.<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\"><u>NYS\u00c6TER GRAVPLASS:<\/u><\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\"><span style=\"font-family: Calibri;\">Utvidinga er ferdig og vart vigsla i februar 2017. F\u00f8rste del vart teken i bruk i mai i \u00e5r.<\/span><\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">Den nye gravplassen framst\u00e5r som ein vakker park &#8211; ein god kvilestad b\u00e5de for levande og d\u00f8de.<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">Lysarmaturet p\u00e5 den gamle delen av Nys\u00e6ter gravplass vart skifta ut i sommar. Dermed er gravplassen endeleg opplyst igjen no n\u00e5r ettermiddagane vert m\u00f8rkare.<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">FRUGARDEN GRAVPLASS, BYGGETRINN II<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">I fjor skreiv eg at me ville ha ledig plass p\u00e5 Frugarden gravplass, byggetrinn I, i minst 10 \u00e5r til. Dette var sv\u00e6rt optimistisk av meg, og eg m\u00e5 endra den p\u00e5standen.<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">Pr. i dag er 180 kistegraver tekne i bruk eller festa p\u00e5 Frugarden sidan den f\u00f8rste grava vart graven i januar 2015. I tillegg kjem 17 urnegraver samt 2 graver p\u00e5 feltet tilpassa muslimsk tradisjon.<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">Det er total 682 kistegraver p\u00e5 Frugarden + det muslimske feltet.<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">Me har rikeleg tilgang p\u00e5 urnegraver.<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">Pr. i dag har me alts\u00e5 502 ledige kistegraver p\u00e5 Frugarden i tillegg til det muslimske feltet.<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">Sj\u00f8lv om det er nokre \u00e5r fram b\u00f8r kostnadane med Frugarden gravplass byggetrinn II snart inn i investeringsbudsjettet til Stord kommune.<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">Det er sv\u00e6rt f\u00e5 ledige graver p\u00e5 dei andre gravplassane i Stord sokn.<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">KREMASJONSST\u00d8NAD<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">Det gledelege er at det aldri f\u00f8r har vore s\u00e5 mange i Stord som velgjer kremasjon n\u00e5r dei skal ta endeleg avskil med sine n\u00e6re og kj\u00e6re.<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">S\u00e5 langt i \u00e5r har me hatt 59 kistegravferder og 26 bisetjingar. I 2016 sette me ned 17 urner.<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">Dersom Stord kommune opprettheld vedtaket om \u00e5 dekka p\u00e5r\u00f8rande sine kostnadar til kremasjon m\u00e5 budsjettalet p\u00e5 90.000 justerast. Utgiftene til kremasjon er dessutan h\u00f8gare enn n\u00e5r saka var oppe sist.<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">Fakturaen fr\u00e5 krematoriet er pr. i dag kr.5116,- . I tillegg kjem transportkostnadar.<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">Meirkostnadar ved kremasjon i forhold til kistegravferd er no ca. kr. 7000 pr gravferd.<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">Det positive ved at fleire velgjer kremasjon er at me f\u00e5r betre plass p\u00e5 gravplassane v\u00e5re.<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">Lukke til med budsjettarbeidet !<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">Stord 15. september 2017<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">mvh Stord kyrkjelege fellesr\u00e5d<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">Liv Kari Bru<\/p>\n<p dir=\"LTR\" align=\"LEFT\">Kyrkjeverje\/dagleg leiar.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Stord kyrkjelege fellesr\u00e5d har handsama plan for investering for perioden 2018-2021. Framlegg til investeringsbudsjett tek utgangspunkt i det som vart spelt inn i 2017. Me meiner framleis me budsjetterer sv\u00e6rt n\u00f8kternt. Investeringsbudsjettet gir etter v\u00e5r meining eit greit oversyn over investeringar det er stor trong for dei n\u00e6raste \u00e5ra. KYRKJENE: &nbsp; STORD: Me har dette<\/p>\n","protected":false},"author":13,"featured_media":0,"parent":974,"menu_order":2,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","template":"","meta":{"footnotes":""},"jetpack_sharing_enabled":true,"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/budsjett-og-okonomiplan-2018-2021\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/970"}],"collection":[{"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/budsjett-og-okonomiplan-2018-2021\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/budsjett-og-okonomiplan-2018-2021\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/budsjett-og-okonomiplan-2018-2021\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/13"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/budsjett-og-okonomiplan-2018-2021\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=970"}],"version-history":[{"count":6,"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/budsjett-og-okonomiplan-2018-2021\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/970\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":988,"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/budsjett-og-okonomiplan-2018-2021\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/970\/revisions\/988"}],"up":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/budsjett-og-okonomiplan-2018-2021\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/974"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/sk-dokument.no\/budsjett-og-okonomiplan-2018-2021\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=970"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}