INNLEIING

Ordføraren helsar

Ordførar Harry Herstad (AP)

Me går inn i 2016, og underteikna har sete seg godt til rette i ordførarstolen etter ordførarskiftet ved kommunevalet hausten 2015. Kommunestyret har blitt fylt opp med mange nye fjes, samtidig som ei rekkje erfarne politikarane held fram arbeidet sitt med å styre kommunen. Det er mykje å setje seg inn i som ny politikar i Stord, men eg er ikkje i tvil om at innbyggjarane kan nyte godt av kompetent og oppvakt tverrpolitisk leiarskap.

Me kan sjå attende på eit dynamisk år for Stord med positive trendar som framgang i folketalet og nye etableringar av større og små verksemder i byen vår. Samtidig har Stord-samfunnet også blitt råka av nedgangen i offshore-bransjen som følgje av det store oljeprisfallet, slik som store deler av Vestlandet. Fleire større verksemder måtte i fjor gå til skrittet å seie opp eller permittere tilsette som følgje av lågare lønnsemd. Dette er sjølvsagt tøft for den enkelte som vert råka av dette. Samtidig er det viktig å hugse på at Stord-samfunnet har vore gjennom fleire periodar med nedgangstider tidlegare, og omstilling og nyskaping er noko stordabuen er blitt godt vant med. Dette ser me teikn på hos inkubatoren Atheno, som melder om eit stor auke av folk som ønskjer rådgjeving til å starte opp for seg sjølv. Nedgangstider kan vera ein god drivar for nyskaping og utvikling av idear som vil leggje grunnsteinane for framtidas næring på Stord.

2015 var også eit år som var prega av den store internasjonale flyktningkrisa. Stord-samfunnet har her stilt godt opp i den nasjonale dugnaden for å hjelpe menneska på flukt. Eit nytt mottak for einslege mindreårige opna hausten 2015 på Litlabø, samtidig som det er full drift i mottaket på Heiane. I tillegg tok Stord i mot 37 flyktningar, i tillegg til familiesameiningar. Det er gledeleg å sjå at stordabuen har stilt seg svært positiv til dei nye innbyggjarane som er komne. I Sagvåg/Litlabø har det vore ein prisverdig frivillig innsats for å gjere at flyktningane kjenner seg velkomne, mellom anna frå idrettsklubben Solid. Det er tydeleg å sjå at Stord er eit samfunn med internasjonal ånd, der ein har årelang tradisjon i å ta i mot folk utanfrå.

Også dette året har samferdsle vore høgt på agendaen. Debatten om ny E39 over Stord har stått på for fullt, der konkrete planar har blitt presentert om traséval over øya. Debatten er på ingen måte slutt, og det er svært viktige avgjersler som her må takast i spennet mellom naturvern, omsyn til innbyggjarar og trafikksikring. Samtidig vert det jobba med Stordpakke, og vegutbetring på Stord Vestside, og ikkje minst har me hatt vidare diskusjonar kring ferjesambandet mellom Kvinnherad og Stord. Vala me tar i alle desse vegprosjekta vil ha ringverknader langt inn i framtida, så det er gledeleg å sjå at det vert arbeidd intenst og godt frå både administrasjon og frå politisk hald kring desse sakene.

Ved inngangen av det nye året vert den kommunale organisasjonen styrka ved at dei to kommunale føretaka Stord kommunale eigedom og Stord vatn og avlaup vert tilbakeført til kommunen som einingar. Det vil sikra kommunen si rolle som samfunnsaktør. Det har vore jobba svært godt i alle ledd i den kommunale forvaltninga i fjoråret, og eg vil rosa alle for innsatsen som er gjort i 2015, og ser fram til eit godt samarbeid i det nye året.

Rådmannen

DSC_5936-copy-magnus-mjor
Magnus Mjør

Stord kommune gjekk i 2015 med eit overskot på 37,9 millionar kroner. Netto driftsresultat utgjorde 3,7 prosent av brutto driftsinntekter, noko som er godt over Teknisk beregningsutvalg si anbefaling på 1,75%. Resultatet, som også er monaleg betre enn året før, tilsvarar langt på veg kommunen sine inntekter frå eigedomsskatt. Desse er, i samsvar med Kommunestyret sitt vedtak, disponerte til investeringsføremål. Stord kommunale eigedom KF hadde eit overskot på 1,5 millionar kroner. Det samla overskotet for kommunekonsernet vert såleis nær 40 millionar kroner.

Stord kommune avanserer kraftig på Kommunebarometeret for 2015. Barometeret er ei måling frå Kommunal Rapport som rangerer kommunane på tvers av ulike sektorer ved hjelp av offentleg tilgjengelege data. Kommunen kjem på 62. plass om ein korrigerer for inntektsnivå, mot 144. plass i 2014. Profilen til Stord kommune vert samla vurdert som positiv, og ein god del betre enn «normalkommunen». Stord kommune har låge administrasjonskostnader og låge utgifter til politisk styring, både i høve til landet og samanliknbare kommunar.

Rådmannen meiner likevel at kommuneøkonomien må karakteriserast som utfordrande, og at det i stor grad er knytt til kommunen sitt gjeldsnivå. Kommunen har relativt høge utgifter til renter og avdrag. Dette gjev ditto strammare rammer for tenesteytinga. Investeringsbehovet er stort og alt tilseier at gjelda frametter vil auka ytterlegare. Hovudutfordringa vil vera å samstundes oppretthalda nivået på tenesteytinga i kommunen, som frå før har ei rimeleg kostnadseffektiv drift.

Stord kommune har relativt få sjukeheimsplassar. Sjølv om tilhøva betra seg noko i 2015 er kapasiteten framleis for knapp til å ta imot ferdigbehandla pasientar frå helseføretaket. Av same årsak har kommunen også klart meir heimebasert eldreomsorg enn det som er vanleg, og delen gamle med stort omsorgsbehov er heller høg.

Stord er eit lokalsamfunn med MOT. Målet for MOT er å skape eit varmare og tryggare samfunn gjennom å arbeide med verdiane MOT til å leve, MOT til å bry seg og MOT til å seia nei. 16. april var MOT-turneen på Stord. Totalt var det ca. 1200 elevar og vaksne på arrangementet. MOT-informatør Martin Vik på Stord ungdomsskule fekk i september prisen for årets MOT-informatør på eldsjelsamlinga på Værnes.

Fråfallet på vidaregåande skule blant elevar heimehøyrande i Stord er midt på treet. Så er også prestasjonane i grunnskulen. Det er godt samsvar mellom avgangskarakterar og resultat på nasjonale prøvar.

Stord kommune har full barnehagedekning. Kommunen har ei effektiv barnehagedrift og personalet er godt utdanna. Det er eit aukande tal menn som tek arbeid i barnehagane. Barnehagar og skular med kvalitet og god kompetanse er viktige som helseførebyggjande tiltak. Dei kommunale barnehagane har i 2015 arbeida med vaksenrolla i barnehagen gjennom kompetanseløftet «Være saman». I grunnskulen har ein satsa på vidareutdanning av enkeltlærarar og skulebasert kompetanseheving i rekning. Kommunen har og delteke i den statlege undomsskulesatsinga.

Alle einingane innanfor tenesteområdet oppvekst og utdanning deltek i Helsedirektoratet si satsing på betre samordna tverrfagleg innsats. Denne skal sikra barn og unge støtte og hjelp på eit tidleg tidspunkt i nært samarbeid med foreldra og barnet.

Kommunen brukar framleis mindre til kulturføremål enn gjennomsnittet av kommunane i samanlikningsgruppa, men som årsmeldinga syner har ein likevel stor aktivitet innan området. Dette blant anna av di ein har godt  samarbeid med ulike lag og organisasjonar og av di ein har fokus på å skaffe midlar frå stat, fylke og andre.

2015 var siste året i prosjektperioden for tre-partssamarbeidet «Saman om ein betre kommune». Målsettinga med prosjektet har m.a. vore å stå rusta til å møta framtida sine utfordringar med bærekraftige, kommunale tenester. Dette ville ein oppnå gjennom førebyggjande aktivitetar og godt arbeidsmiljø, og m.a. redusert sjukefråvær.

Sjukefråværet i kommunen var i 2015 på 7,68 prosent. Gjennomsnitt sjukefråvær i norske kommunar var 9,93 prosent. Stord kommune hadde i 2015 0,65 prosentpoeng lågare sjukefråvær enn året før, noko som også betyr at kommunen i 2015 hadde 5,6 fleire friske årsverk enn i 2014. Kvinner har meir enn 80 prosent høgare sjukefråvær enn menn i Stord, då fråværet var 9,92 og 4,29 prosent for høvesvis kvinner og menn. Det er ikkje nokon eintydig forklaring på kvifor, men fleire peiker på ein samanheng mellom arbeid og familie. I periodar med stor reiseaktivitet blant (mannlege) tilsette i verkstadindustrien ser ein at mykje av ansvaret for heimen fell på (kvinnelege) kommunalt tilsette.

På medarbeidarundersøkinga oppnådde kommunen ein framgang på to av tre parameter i høve til førre undersøking i 2013, og det var ein generell positiv trend i undersøkinga. Samarbeid og trivnad med kollegaer skårar jamt over høgast. Lågast skår får kommunen for dei fysiske arbeidstilhøva.

Kommunane har eit særleg ansvar for folkehelse og førebyggjande arbeid. Kommunen set folkehelsearbeidet på dagsorden gjennom m.a. å arrangera «folkehelseforum». Det vart i 2015 gjennomført ei kartlegging av folkehelsa i kommunen. Den syner at det fysiske miljøet er bra og Stord har eit rikt organisasjonsliv. Helsetilstanden er god, levealderen er høg og aukande. Men helsa er ulikt fordelt. Fleire ungdomar slit med negativt sjølvbilete, og søvnvanskar er eit aukande problem. Kommunen har også mange unge uføre, og talet på  unge som treng sosialhjelp er aukande. Fylkeskommunen peikar i si kartlegging på at Stord kommune sine største utfordringar ligg i utdanningsnivået og ein relativt høg del eineforsørgjarar. Stord sin fremste føremon er ein låg del låginntektshushald, sjølv om denne gruppa har auka i det seinare.

Stord har ein næringsstruktur som gjer at ein er sårbar først og fremst i høve til svingingar i aktivitet innanfor olje- og gassektoren generelt og ordresituasjonen til hjørnesteinsverksemda Kværner spesielt. Sjølv om det har vore stor aktivitet på Kværner Stord i 2015, så har verksemda sett seg nøydd til å redusera kapasiteten for å styrka konkurranseevna. På slutten av året var arbeidsløysa i Stord rundt 6 prosent, ein måtte 20 år attende i tid for å finna like høge tal.

Av større saker i året som gjekk var arbeidet med kommunereforma. I 2015 vart talet på moglege kandidatar for samanslåing i Sunnhordland redusert frå sju til to, som er Stord og Fitjar. Om det i framtida vert éin kommune på øya skal avgjerast i 2016, på grunnlag av rådgjevande folkerøystingar i begge kommunane.

Årsmeldinga ber bod om at det er utført mykje og godt arbeid i 2015. Ein stor takk til alle for innsatsen!

Magnus Mjør
rådmann

ADMINISTRASJON OG LEIING

Målemetodane som er lagt til grunn i det overordna målekartet er i hovudsak basert på brukar- og medarbeidarundersøkingar som er utarbeidd av www.bedrekommune.no. Undersøkingane gjev eit bilete av kva brukarane meiner om tenestene og om vi må justera målsetjingane våre. Undersøkinga gjev også eit bilete av kva arbeidstakarane meiner om organisasjonen og om det er grunnlag for å justera målsetjingane for våre interne satsingsområde. Måltala tek utgangspunkt i erfaringstal. Måltala for dei andre tenesteområda er utarbeidd med utgangspunkt i inndelingane i Kommunal Rapport sitt Kommunebarometer.

Kommunen har dei siste par åra arbeidd med utvikling av eit meir heilskapleg målstyringssystem med utgangspunkt i kommunebarometeret. Eit slikt system vektlegg å rapportera resultat og set mål på fleire dimensjonar enn berre økonomi. Målstyringssystemet er utvikla vidare både m.o.t. rapportering og ei nærare vurdering av kva for nøkkeltal det skal rapporterast på. Det skal vera ein klar samanheng mellom mål for tenestene; rådmannen sitt framlegg til budsjett og økonomiplan, handlingsplanane og rapportering, månadsrapportering, tertialrapportering og årsmelding.

Måloppnåing

2015 2015 2014
BRUKAR (I skala frå 1-6, er 6 best) mål resultat Snitt Stord
Brukarane er nøgd med samarbeid og brukarmedverknaden >4,9 3,3 4,9
Brukarane og brukarrepresentantar opplever å bli møtt med respekt >5,6 3,6 5,6
Brukarane er nøgd med tilgjenge på tenestene >4,8 3,5 4,8
Brukaren er nøgd med tilgangen på informasjon om innhaldet i tenestene >4,3 3,2 4,8
Brukaren er nøgd med den totale kvaliteten på tenestene >4,9 3,6 5,1
MEDARBEIDARAR (I skala frå 1-6, er 6 best)
Deltakarprosent på medarbeiderundersøkinga >68% 72%
Medarbeidaren er nøgd med arbeidssituasjonen sin >4,7 4,6 4,5
Medarbeidarane bidreg aktivt til å nå verksemda sine mål >5,0 4,9 4,9
Medarbeidarane opplever å ha naudsynt kompetanse til å utføre sine arbeidsoppgåver >4,8 4,9 4,8
Medarbeidarane løyser felles arbeidsoppgåver på sin arbeidsplass på ein god måte >4,9 4,8 4,9
Medarbeidarane opplever at næraste leiar gjev deg tilstrekkeleg attendemelding på den jobben du gjer >4,2 4,1 4,0
Medarbeidarane er nøgde med arbeidsgjevar si tilrettelegging for relevant kompetanseutvikling >3,9 4,2 3,9
HMT – Helse, miljø, tryggleik
Sjukefråvær (i prosent) <7,5 7,68 8,33
Av dette kortidsfravær <16 dagar 2,4 2,19  –
HMT avvik registrert i avvikssystemet >463 401
Hendingar med arbeidsrelatert skade 0 0
ØKONOMI
Maksimum avvik i høve vedtekne budsjettrammer (i prosent) <- 0,5 1,47 -0,9
Kommunebarometeret: Rangering av kommunane i landet >218 169 218

I medarbeidarundersøkinga som vart gjennomført i 2015 er det ein gjennomgåande tendens at resultata er betra sidan føregåande undersøkingar. Etter undersøkinga i 2013, er fleire aktivitetar sett i gang blant anna i høve oppfølging av fysisk arbeidsmiljø. Stord kommune har etablert elektronisk registrering av saker til forbetring, sjekklister er etablert for systematisk gjennomgang og i 2015/2016 vert det starta system for vernerunde og risikovurdering. Resultat frå medarbeidarundersøkinga er eit viktig supplement og dannar grunnlaget for einingane sitt arbeid for eit betre arbeidsmiljø.

Arbeid for å auka nærvær på arbeidsplassane/ lågare sjukefråvære

Stord kommune har eit aktivt HMT-arbeid som skal sørgja for trivnad og tryggleik for våre tilsette. Kommunen ønskjer leiarar og tilsette som aktivt arbeidar for eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø, minst mogleg påverknad på ytre miljø og kontinuerleg forbetring av HMT-arbeid i einingane.

Stord kommune har avtale om eit inkluderande arbeidsliv (IA) 25.06.14. Partane i arbeidslivet har med dette stilt seg bak dei nasjonale IA-målsettingane. Kommunen har tett samarbeid med NAV arbeidslivssenter, og har nyttiggjort ressursen i form av kurs, rådgjeving og førebygging- og tilretteleggingstilskot.

I 2014/2015 har dei tilsette gjennom prosjektet «Saman om ein betre kommune» vore ein del av eit større rammeprogram i regi av Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Stord kommune har i sitt prosjekt hatt ei målsetjing om eit auka nærvær, betre rekruttering og omdøme som organisasjon og arbeidsgjevar. Kommunen har i prosjektperioden fått gjennomført fleire, viktige, førebyggjande tiltak for å hindra sjukefråvær. I 2015 var 92,32 prosent av dei tilsette på jobb, mot 91,3 prosent då prosjektet starta opp. Aktivitetar i prosjektet har i stor grad vore systemretta tiltak, og er blitt ein del av arbeidet med oppfølging og tilrettelegging som blir gjort i einingane kvar dag. Leiarar, tillitsvalde, verneombod og tilsette jobbar saman om eit auka nærvær, og samanliknar me nærværet vårt, har me 1300 fleire friske dagsverk (om lag 5,6 årsverk) i 2015 enn i 2014.

Dei kommunale barnehagane er den sektoren med høgast sjukefråvær i kommunen. Med bakgrunn i dette, er det starta eit prosjekt for auka nærvær i barnehagane kalla «Open kultur i barnehagen». Ei partsamansett arbeidsgruppa har jobba fram fleire tiltak for barnehagane sine tilsette, og aktivitetane er lagt opp til å bli gjennomført i 2016. Deler av midlane frå Saman om ein betre kommune er sett av til dette føremålet.

Stord kommune har i 2015 eit totalt sjukefråvær på 7,68 prosent. Tabellen nedanfor syner korleis sjukefråværet fordelar seg på dei største driftsområda.

Område 2015 2014 2013 2012 2011 2010
Barnehage 12,27 % 12,88 % 12,06 % 9,85 % 11,08 % 9,22 %
Grunnskule 4,94 % 5,88 % 5,35 % 6,50 % 6,49 % 4,70 %
RHO 10,87 % 11,46 % 11,00 % 12,25 % 13,41 % 10,37 %
Administrasjon 6,81 % 7,06 % 6,38 % 7,74 % 8,12 %
Teknisk 3,66 % 4,57 % 6,44 %
Andre 7,17 % 7,44 % 8,65 % 8,34 % 9,28 %
Totalt Stord kommune 7,68 % 8,33 % 8,30 % 8,98 % 9,57 % 7,60 %

 

Som ein kan lesa ut frå tabellen har kommunen ein nedgang i sjukefråværet på alle driftsområde. Størst prosentvis nedgang finn me i grunnskule og einingane under tenesteområdet Rehabilitering, helse og omsorg. Desse driftsområda er også dei med flest årsverk. I følgje KS sin statistikk over sjukefråvær i perioden 4. kvartal 2014 – 3. kvartal 2015 var sjukefråværet i kommunane i Noreg 9,93 prosent, høvesvis 11,03 og 6,06 prosent for kvinner og menn. Til samanlikning har Stord kommune 9,92 og 4,29 prosent for kvinner og menn.

Som eit resultat av auka merksemd på førebyggjande aktivitetar, er det utarbeida system for kartlegging og risikovurdering av fysisk og psykososialt arbeidsmiljø. I 2015 vart det utført eit pilotprosjekt i sju av einingane våre, der nye sjekklister og rutinar er prøvd ut. Det er planlagt oppstart for alle einingar i 2016. Dei nye rutinane sikrar at ulike sider av arbeidsmiljøet vert kartlagd og risikovurdert årleg og famnar om både tilsette og brukarar av tenesta.

Stord kommune har eit administrativt arbeidsmiljøutval, AMU, der arbeidsgjevar og arbeidstakar er representert med fire medlemmer kvar. I perioden 2013-2015 har utvalet vore leia av arbeidstakarorganisasjonane. Leiarvervet skiftar mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar. AMU er eit overordna utval som handsamar saker som har betydning for arbeidsmiljøet for dei tilsette. AMU har minimum fire møter i året, og har jamfør arbeidsmiljøloven § 7-2 mange oppgåver som er tidkrevjande å rekkja over. Driftstyret vedtok i 2015 å oppretta HMT-lag i kvar sektor for handsaming av saker som ikkje treng takast i AMU, men som partane skal vera orientert om. Det er difor planlagt oppstart av fire partsamansette HMT-lag i 2016, fordelt på driftsområda administrasjon, oppvekst, RHO og tekniske tenester.

Utvikling tal årsverk/ tal tilsette

År 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008
Årsverk 938 923 925 912 947 940 952 971
Tilsette 1240 1203 1227 1231 1302 1318 1307 1304

Stord kommune hadde ved utgangen av året 938 faste årsverk fordelt på totalt 1240 tilsette. Her er ikkje stillingar i Interkommunalt innkjøp og kommunale føretak medrekna. Både tal årsverk og tal tilsette har auka i løpet av 2015.

Heimebaserte tenester har i 2015 oppretta ny avdeling for vikarpool og soleis auka eininga med åtte årsverk. Veg, trafikk og parkering vart overført til basisorganisasjonen januar 2015 med sine fem årsverk. Dette er i hovudsak årsaka til auken. Tal årsverk har elles vert jamt over stabile.

Også i 2015 har den partsamansette stillingsgruppa vore aktiv. Stillingsgruppa vurderer alle stillingar som vert ledige i høve å trekkja dei inn, før dei eventuelt vert lyste ut for nytilsetjing. Stillingsgruppa har i 2015 ikkje hatt innsparing på nokon stillingar og dermed ikkje klart budsjettmålet som var på 1,5 millionar kroner.

Rekruttering

Målsetjinga med rekruttering er å tiltrekkja og tilsetja medarbeidarar med best mogleg kvalifikasjonar for å tilfredsstilla Stord kommune sitt behov for bemanning på kort og lang sikt. I 2014 vart det vart utarbeida ny prosedyre for rekruttering som m. a. skal sikra gode og raske tilsetjingsrutinar og effektiv bruk av sak/arkivsystemet i tilsetjingssaker. Det er utarbeida gode malar i sak/arkivsystemet for rekrutteringsarbeidet for å sikre at lov og regelverk vert etterlevd. Det vart i etterkant av ny prosedyre gjennomført opplæring av alle leiarar som har ansvar for rekruttering. I 2015 er det arbeida vidare med implementering av ny rutine i einingane.

I åra framover vil det i følgje SSB bli behov for fleire fagarbeidarar og arbeidstakarar med høgare utdanning. Arbeidsstyrken vert eldre, tilgangen på nyutdanna arbeidskraft vil verta dårlegare, behovet for etter- og vidareutdanning vil auka. Det vert vanskelegare å skaffe ny kompetanse ved ny rekruttering. Kompetanseutvikling av eksisterande arbeidskraft vil dermed bli stadig viktigare. Stord kommune har i 2015 starta planlegging i samarbeid med Hordaland Fylkeskommune og KLP om å utdanna eigne helsefagarbeidarar. Tiltaket skal bidra til god rekruttering i pleie- og omsorgstenestene i høve helsefagarbeidarar og auka kompetanse skal gjere kommunen betre rusta til å møte brukarane sine behov i pleie og omsorgssektoren.

Stord kommune har behov for mange unge arbeidstakarar og faglært arbeidskraft innan fleire tenesteområde. Kvart år tilbyr Stord kommune læreplassar i fleire fag.  Hausten 2015 tok 21 lærlingar til i lære i Stord kommune; Helsearbeidarfaget (12), Barne- og ungdomsarbeidarfaget (7) og IKT (2).  Pr. 31. desember 2015 hadde Stord kommune totalt 39 lærlingar.

Utdeling av fagbrev.
Utdeling av fagbrev. © Haldis Lauksund

Hausten 2015 vart den årlege  lærlingundersøkinga gjennomført blant dei lærlingane som har vore i lære meir enn 11 månader.  Undersøkinga viste at Stord kommune hadde ein svarprosent på 94,44%.  Undersøkinga viser at  kommunen framleis ligg litt over gjennomsnitt i Hordaland innan kvalitet, medverknad, trivsel og motivasjon.  Stord kommune har forbetringspotensiale særskild i kunnskap om HMS, m.a. kjennskap til avvikssystemet.  Det er sett inn konkrete tiltak for å betra dette.

Me har òg forbetringspotensiale når det gjeld oppfølging  av lærlingar frå andre tilsette på avdelingane enn instruktør.  Alle har eit ansvar for å bidra til at lærling får tilbakemeldingar, vert inkludert og elles får den hjelpa han/ho har behov for.  Dette vil bli teke opp på instruktørsamlinga våren 2016.

Både tilsette og lærlingar deltok i 2015 på kommunen sin stand på Utdanningsmessa på Vikahaugane og dette kan bidra til betre omdøme og auka rekruttering av kompetente fagfolk.

Når det gjeld rekruttering til stillingar utan spesifikk fagkompetanse er erfaringa i Stord kommune at det i løpet av 2015 er stor auke i tal søkjarar per stilling. Dette heng truleg  saman med den aukande arbeidsløysa på Stord særleg i høve petroleumsnæringa.

Kompetanse

Kompetanse og rekruttering heng saman. Det er i hovudsak to måtar å skaffa ny kompetanse. Den eine er gjennom ekstern rekruttering, og den andre gjennom intern rekruttering, kompetanseutvikling/etter- og vidareutdanning. Det er i denne samanheng vesentleg for kommunen å stå fram som ein attraktiv arbeidsplass. I tillegg til økonomiske vilkår, vert arbeidstid, fagleg og personleg utvikling, satsing på kompetanse m.m. viktig i konkurransen om arbeidskrafta.

Fleire tilsette tek etter- og vidareutdanning, og i 2015 nytta kommunen 2,647 millionar kroner til dette føremålet. I tillegg kjem tilrettelegging og bidrag frå einingane som har brukt ein del ressursar på dette ved å leggja til rette mellom anna med permisjon.

Styrking og vidareutvikling av leiarfunksjonen er ein strategi for Stord kommune for å utvikle og effektivisere kommunen, og var ein av hovudaktivitetane i prosjektet Saman om ein betre kommune. KS har definert god leiing som å utfordre, støtte og stille krav til medarbeidarane uavhengig av nivå eller sektor. Det er viktig å ha gode leiarar og dette er nøkkelen til å nå felles mål for kommunen. Oppdraget er komplekst med ansvar for å utvikla lokalsamfunnet og yta gode velferdstenester i ein politisk styrt organisasjon.

Det har vore samlingar med einingsleiarane og strategisk leiing siste åra der ein bevisst har jobba med å utvikla kvar enkelt leiar og ein felles leiarpraksis for kommunen. Tilnærminga er at leiarar og deira leiarskap vil ha betydning for arbeidsmiljøet, både det fysiske og det psykososiale. Helsefremjande arbeidsplassar er ei tilnærming som saman med det tradisjonelle førebyggjande HMS- arbeidet kan utgjere en heilheit i arbeidsmiljøarbeidet.

Tema som vart presentert for einingsleiarane  i samarbeid med KS advokat på leiarsamlinga i 2015 var K-LEAN, som er ein metode som siktar mot å gje betre føresetnader for å utnytta og forvalta ressursar på best mogleg måte. LEAN går ut på å analysera noverande arbeidsprosessar, tenkja forbetring og setja i verk forslag til tiltak for å få ein forbetra arbeidsflyt/arbeidsprosess.

Stord skal «leana seg» til ein betre kommune

Lean er blitt eit moteord i det moderne arbeidslivet, og no har også Stord kommune kasta seg på lean-bølgja. Men kva er eigentleg lean? Og kva ønskjer Stord kommune å oppnå med lean-prosessar?

Lean er kort og godt engelsk for «slank», og med det meinast veltrimma produksjon. Omgrepet er opphavleg henta frå bilindustrien og Toyota, der ein utvikla eit system for å redusere unødvendige omvegar i arbeidsflyten i ein bedrift.

Målet med lean er sagt å stilla dei gode spørsmåla og vera verktøy for å skapa ein betre arbeidssituasjon. Det er medarbeidarane sjølve som kjenner best kor skoen trykkjer og som skal koma med forbetringsforslaga. Lean vil gje medarbeidarane eit større eigarforhold til dei oppgåvene som skal løysast.

Lean-Transport-dagtilbod2

I samarbeid med KS og finansiert av OU-midlar er det gjennomført ein prosess med opplæring med reelle case av åtte lean-rettleiarar i kommunen. Det er utvikla ein lokal tilpassa modell i lean-handboka for Stord kommune. Ein tek sikte på å kontinuereleg velje nye tema for lean-prosessar framover og kontinuerleg forbetring skal verta innarbeidd som metode i alle einingar.

Ein av grunnane til at lean er komen på banen er at den stadig aukande arbeidsmengda for dei kommunale tenestene, forklarar lean-koordinator Magnhild Bjørk Mo.

– Kvardagen vår er slik at me får fleire og fleire oppgåver, medan rammene våre er uendra. Då er det viktig å løysa oppgåvene våre på ein så optimal måte som mogleg, som å få på plass rutinar og standardar, seier Mo.

– Ved å bruka lean vert det veldig visuelt og synleg for alle korleis prosessane fungerer og korleis ein kan spara tid og arbeid ved å gjere ting annleis.

Mo er koordinator for lean-prosessane og dei åtte lean-rettleiarane i kommunen. Det er no sett av ressursar til å drive fire lean-prosessar på same tid, der kvart prosjekt tek om lag ein til to månader. Dei første prosessane som skal «leanast» i 2016 er følgjande:

  • Dagtilbod for demente; å organisera transporten til og frå dagsenteret på ein så effektiv måte som mogleg
  • Eigedomsskatten; gå gjennom arbeidsflyten rundt skatteinnkrevjinga, som involverer mange einingar: Stord vatn og avløp, regulering, byggesak og oppmåling-eininga (RBO), økonomiavdelinga og rekneskap- og lønsavdelinga
  • Samarbeidet mellom RBO og Stord vatn og avløp i byggesaker for å sikre gode prosessar for installering av vann og avløp
  • Dagsoppgjeret i Stord kulturhus, for å få ei meir effektiv løysing på kioskdrift og omsetnad

Målet er at lean-verktøyet er noko som skal nyttast fast i kommunen med jamne mellomrom. Det er ikkje noko grense for kva som i praksis kan «leanast».

– Eg tenkjer jo at det meste kan «leanast». Men det er vår oppgåve om det er verdt å gjera det, me må jo heile tida gjere prioriteringar.

– Korleis stiller tilsette i kommunen seg til lean-prosessane?

– Det er litt for tidleg å seia fordi dette er så nytt. Men dei eg har møtt har opplevd det som positivt, seier Mo.

Mo understrekar at lean ikkje er eit verktøy å «kontrollera» tilsette og å skapa auka press i ein allereie hektisk kvardag.

– Det er jo assosiert med fjerning av sløsing, men det er eit negativt lada ord. Det er meir presist å seia at det handlar om å nytta tida på tenesteproduksjon og unngå andre ting.

– Oppgåva vår er ikkje å koma fram til nye rutinar, men å vera støttande til prosessane. Når me er ferdig så er det laga ein handlingsplan som einsleiaren har eit ansvar for å følgja opp, seier Mo.

Kvifor LEAN?

  • best mogleg resultat for brukarane våre
  • best mogleg arbeidskvardag for den einskilde medarbeidar
  • meir effektiv verdiskaping gjennom best mogleg utnytting av ressursane våre
  • ein lærande organisasjon der medarbeidarane har fokus på kontinuerleg forbetring
  • ein arbeidsplass prega av medverknad og fokus på løysingar i fellesskap

Likestilling

Av 1240 tilsette i Stord kommune er 1008 kvinner (81,29 prosent) og 232 menn (18,69 prosent). I skulen er det 260 kvinner (80,49 prosent) og 63 menn (19,5 prosent). I pleie og omsorg er det 514 kvinner (91,78 prosent) og 46 menn (8,21 prosent). Blant einingsleiarar og strategisk leiing er fordelinga 24 kvinner (66,66 prosent) og 12 menn (37,14 prosent). Fordelinga mellom kvinner og menn er ikkje vesentleg endra frå 2014.

Stord kommune sitt arbeid med likestilling går i hovudsak på å betra vilkåra for typiske kvinneyrke, innanfor barnehage, skule, rehabilitering, helse og omsorg. Desse felta er hovudtyngda av verksemda i kommunen. Som tiltak kan nemnast tilrettelegging for at alle skal få den stillingsstorleik som dei ynskjer, og at arbeidstilhøva elles vert tilrettelagt med til dømes fleksible arbeidstidsordningar.

Folkehelse

I følgje Folkehelselova er kommunen pålagt å fremje folkehelse i all planlegging, forvalting og tenesteyting. Folkehelse handlar om korleis folk trives og kor slitesterke me er i møte med utfordringar. God samfunnsutvikling er å leggje til rette for god folkehelse. Samtidig er god folkehelse kanskje den viktigaste ressursen for å få til god utvikling.

Folkehelsa blir påverka av ulike samfunnstilhøve, slik som bustad, utdanning og arbeid, og fysisk og sosialt miljø. Samhandling på tvers av fagområde er difor viktig. Folkehelserådet, ei tverrfagleg leiargruppe, er kommunen sin pådrivar for folkehelsearbeidet. Rådet har fire faste møte i året. Sekretær for rådet er folkehelsekoordinator som er tilsett i 40 prosent stilling i Utviklingsgruppa. Folkehelsekoordinatoren er rådgjevar i folkehelsespørsmål og koordinerer det tverrsektorielle folkehelsearbeidet.

Folkehelselova seier at kommunen til ei kvar tid skal ha nødvendig oversikt over innbyggjarane si helse og faktorer som kan verke inn på helsetilstanden. Frå og med 2015 fører alle kommunale einingar oversikt over relevante folkehelsespørsmål i sine handlingsplanar. Arbeidet med å lage oversiktsdokument over folkehelsa har gått føre gjennom heile året. Dokumentet som skal utarbeidast kvart fjerde år, var ved årsskiftet nærast ferdig og vil bli publisert i løpet av tidleg vår 2016. Det er første gang kommunen kartlegg folkehelsefaktorar på tvers av sektorar og nivå. Folkehelseoversikta skal vere eit grunnlagsdokument for kommunal planlegging og utviklingsarbeid, og for prioriteringar i det langsiktige folkehelsearbeidet.

Innbyggjarinvolvering er sentralt i folkehelsearbeidet, både fordi det gir nødvendig kunnskap og forankring, og fordi medverknad i seg sjølv er helsefremjande. Kommunen etablerte i 2014 Folkehelseforum som ein arena for medverknad. Forumet vert arranger kvart halvår, med utgangspunkt i aktuelle tema/problemstillingar. Referat og oppsummering av innspel frå foruma blir formidla til politisk og administrativ leiing og andre relevante aktørar.

Våren 2015 var tema for Folkehelseforumet Inkludering, integrering og mangfald i fritidsaktivitetar. I tillegg til utveksling av kunnskap, var det gruppearbeid med utarbeiding av framlegg til tiltak. Deltakarane representerte ulike innbyggjargrupper, politikarar, offentlege tenester og frivillige organisasjonar. Det andre forumet i 2015 hadde samspel mellom arbeidsliv og kvardagsliv som tema. Her deltok også fleire frå privat næringsliv. Eit resultat av forumet var at det i 2016 blir arrangert eit nettverksmøte mellom ulike arbeidsgjevarar og arbeidstakarorganisasjonar for å sjå på felles utfordringar og korleis ein best kan møte desse.

Involvering og medverknad er også målet for det nasjonale prosjektet Nærmiljø og lokalsamfunn som fremjar folkehelse. Etter søknad var Stord ein av fire kommunar i Hordaland og 80 kommunar i landet som vart plukka ut til å delta i prosjektet. Prosjektet blir koordinert frå Hordaland fylkeskommune og går over tre år frå november 2015. Kommunen har i 2015 fått tilskot til ein 40 prosent stilling for prosjektleiar i eitt år. Det lokale prosjektarbeidet er knytt til kommunedelplan Sagvåg/Litlabø, og målet er å få breiare innbyggjarmedverknad i planarbeidet.

Beredskap og samfunnstryggleik

Kommunane skal vera i stand til å halda oppe viktige samfunnsfunksjonar og ta vare på folk sine liv og grunnleggjande behov under ulike former for påkjenning.  Forskrift om kommunal beredskapsplikt krev heilskapleg og samordna arbeid for å førebyggja kriser og redusera konsekvensar av svikt i viktige samfunnsfunksjonar. Det har vore fleire døger med sterk vind og mykje nedbør med trong for  internt  samarbeid og samordna innsats med private aktørar for å redusera skadeverknader.

Varslingssystem er sett i verk og kommunikasjon med beredskapsavdelinga hjå Fylkesmannen fungerer greitt. Det har ikkje vore aksjonar som har kravd ressursar utover det som har vore mogeleg å få tak i. Mangelfulle vaktordningar gjev uvisse i høve kven som er tilgjengelege ved hendingar. Kriseteamet for psykososial støtte har vore aktivert fleire gonger, men det har ikkje vore trong for lengrevarande innsats. Den interkommunale legevakta har planar for styrking ved ei større hending som krev ressursar utover det daglege. Nytt naudnett er teke i bruk med teknisk kvalitetsheving og auka dekningsgrad, men og auka kostnader for kommunen

Kommunal planlegging

Sykkelbyprosjektet og prosjektet gangbar tettstad (Leirvik).
Sykkelbyprosjektet og prosjektet gangbar tettstad (Leirvik). Foto – Astrid Larsen

Kommunestyret vedtok i 2012 planstrategi for Stord kommune. Planstrategien er eit verktøy som har som føremål å klargjera kva for planoppgåver kommunen bør prioritera for å leggja til rette for ønska utvikling. Planstrategien erstattar det obligatoriske kravet til rullering av kommuneplanen som låg i plan- og bygningslova. Gjeldande kommuneplan for perioden 2010- 2021 vart vedteken 15. desember 2011. Kvart kommunestyre må innan eitt år etter konstituering vedta ny planstrategi, og denne er p.t. under utarbeiding. Planstrategien vert denne gongen samordna med planprogram for revidering av kommuneplanen. Grunngjevinga for dette er at pågåande planarbeid, som kommunedelplan E39, legg nye/ endra føresetnader for arealforvaltninga i kommunen. Det er ønskeleg å vurdere dette i overordna samanheng i samband med ein kommuneplanrevisjon. Det er til dels stor utbyggingsaktivitet i kommunen, og det har blitt fremja fleire nye arealinnspel som ikkje er avklart i gjeldande kommuneplan. Anna planarbeid, som interkommunal strandsoneplan og private utbyggingsønske i Studalen-/Vabakken-/Langelandsområdet framskundar også behovet for å få eit godt heilskapleg grep om framtidig arealbruk og utvikling langs aksen Heiane – Vabakken. Revisjonen av kommuneplanen vil også implementere interkommunal strandsoneplan.

I 2015 har det vert arbeidd med planarbeid knytt til fylkesveg 545 Stord-Fitjar (Vestsidepakken), statleg kommunedelplan for E 39 Stord – Os og kommunedelplan E 39 Heiane- Ådland/ Nordre Tveita. Statleg kommunedelplan Bokn – Stord er også sett i gang. I samband med planleggingsarbeidet av E39 gjorde fylkeskommunen i 2015 ein moglegheitsstudie for fylkesvegtilknytingar til E39 der m.a. ferjesambandet Kvinnherad – Stord hadde ein sentral plass.

I 2015 vart det arbeidd vidare med reguleringsplan for Fv. 544 Vabakken – Sæ der ein vurderer miljøgate, gang-/sykkelveg og framtidig busshaldeplass i Leirvik sentrum. Det vart også sett i gang reguleringsplanarbeid for gang- og sykkelveg Vabakken – Heiane. Vidare vart det arbeidd med kommunedelplan for Sagvåg/Litlabø og områderegulering for Sævarhagen, Haga, samt Nedre Økland. Kommunedelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv, kommunedelplan for barnehagar, kommunedelplan for avløp og vassmiljø og kommunedelplan for vassforsyning vart vedtekne i 2015.

Det vart vedteke éin kommunal reguleringsplan i 2015 – Skyttarhaugsvegen. Vidare vart det vedteke seks private detaljreguleringsplanar.

Elles har det frå planavdelinga i RBO blitt arbeidd vidare med sykkelbyprosjektet og prosjektet gangbar tettstad (Leirvik).

Sunnhordlandsregionen med Stord kommune som A-eigar er med i byregionprogrammet i regi av Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Hovudprosjektet har tittelen «Byen og regionsenteret Stord – lokomotiv for vekst og utvikling i Sunnhordland!» Delprosjektet «den tette byen» har fylgjande definerte mål: «Stord skal utviklast til eit attraktivt senter som det er lett å koma til og ifrå». RBO har prosjektleiinga av dette prosjektet som vart starta i 2015; hovudaktiviteten i prosjektet vil vere i 2016-2017. Prosjektet set søkelys på både kommunikasjonar inn og ut av byregionsenteret Leirvik, samt kva som må til for å gjere sentrum meir attraktivt. Analysane som vert gjort i samband med prosjektet vil danne grunnlag for revidering av kommunedelplan for Leirvik, eventuelt utarbeiding av områdereguleringsplan.

Informasjons- og kommunikasjonsteknologi

Støtteeining IKT driftar data og serversystem, nettverk og programvare for kommunen. For 2015 vart det registrert 4289 saker i det elektroniske brukarstøttesystemet. 98,6 prosent av desse vart løyst inneverande år. I tillegg kjem saker som ikkje har blitt registrert («mørketal») i systemet, men som er løyst «der og då».

I 2015 har me oppgradert lagringssystem, tenarmaskinar, nettverk og infrastruktur. Me har også bygd ut trådlause nettverk i alle kommunale barnehagar, slik at desse no er rusta til å ta i bruk IKT på ein god måte. Sentralbordet til Kundetorget og telefonsentralen er også oppgradert slik at Kundetorget har ei god oversikt over tilsette i organisasjonen.

På Stord Sjukeheim og i Knutsaåsen Eldresenter starta me opp arbeidet med å bygge ut fiberoptisk breiband til alle romma og fellesareal. Bebuarane kan i første kvartal 2016 tinga fjernsyn, breiband og telefoni etter eiga ønskje.

IKT-eininga har vore sentral i arbeidet med digitalisering av tenester mot innbyggjarane og næringsliv i kommunen. 2015 har ein rigga kommunen for å kunne kommunisere digitalt mot innbyggjarane frå sakshandsamingssystemet vårt (ePhorte). Frå 1. januar 2016 tek kommunen i bruk KS SvarUT, og digital kommunikasjon mot innbyggjarane og næringsliv vert hovudregelen.

Kulturskulen har teke i bruk fullelektronisk søknads- og administrasjonssystem. Nytt fulldigitalt opptakssystem for barnehage og SFO vart også påbyrja, og skal ferdigstillast i 2016.

IKT-eininga i Stord kommune driftar rekneskap, personal- og lønssystemet Agresso for kommunane Bømlo og Fitjar. Det er satt opp fleire integrasjonar mellom fagsystem i kommunane og Agresso. Blant anna for innkrevjing, flyktningtenesta, turnus-system og kulturskule. For RHO er det installert ny elektronisk sikker journalkjerne som støttar arkivering i NOARK5-standard.

IKT-eininga er også sentral i arbeidet med informasjonstryggleik, og det har i inneverande år vore jobba systematisk med risikovurderingar og prosedyrar for informasjonstryggleik. I løpet av 2015 har ein opplevd ei auke i virusangrep og forsøk på elektronisk informasjonssvindel. Då svindlarane ofte prøver å lure informasjon ut av dei tilsette på ymse vis, vil haldningsskapande arbeidet vera like viktig som å sikre seg teknisk.

Nøkkeltal

Kommunal administrasjon, styring og fellesutgifter, konsern Stord Samanlik. kommunar Landet utan Oslo
2015 2014 2013 2015 2015
Netto driftsutgifter adm. og styring, i % av totale netto driftsutgifter 7,2 6,6 7,5 7,6 8,1
Netto driftsutgifter pr. innb. i kr. adm. og styring 3 448 3 135 3 415 3 798 4 265
Lønnsutgift pr innbyggjar til adm. og styring 2 812 2 788 2 537 2 761 2 956
Brutto driftsutgifter til politisk styring i kr pr. innb. 203 173 188 372 417

Interkommunalt innkjøpssamarbeid

Stord kommune er vertskommune for interkommunal innkjøpsordning for kommunane Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord og Tysnes. Regionen har etablert samarbeid med Hordaland fylkeskommune, Haugalandet, Hardanger og Voss. Kommunane er gjennom lov og forskrift pålagt å gjennomføre alle innkjøp etter konkurranse. Innkjøpsprosessane er tid- og arbeidskrevjande, men gjev kommunane betre prisar og vilkår. Innkjøpssamarbeidet administrerer rundt 80 rammeavtalar med ulike leverandørar, til ei samla verde på ca. 1 milliard kr. Av større avtalar etablert i 2015 kan nemnast særskilt medisinsk forbruksmateriell og inkontinensprodukt. Desse avtalane åleine utgjer ca. 100 millionar kroner i avtaleperioden, og femner om 20 kommunar.

Det målbeviste arbeidet med vidareutvikling av elektronisk handel har halde fram i 2015. Me har etablert elektronisk handel som eit verktøy i kommunane, og nyttar faktura i elektronisk handelsformat (EHF-faktura) i økonomisystemet. Bruk av dei elektroniske verktøya er arbeidssparande og bidreg til å kvalitetssikre prosessane knytt til kommunale innkjøp. Ved alle utlysingar vert det no sett krav om at det skal etablerast elektronisk handel via e-handelsportalen og at elektronisk faktura skal nyttast.

NÆRING, MILJØ OG KULTUR

Målsetjing for 2015

Kommunen sine overordna målsettingar ligg i kommuneplanen for 2010-2021. Stord kommune skal i planperioden stimulera til at visjonen om å vera saman om utvikling og velferd vert realisert gjennom å følgja opp målsettingane innanfor mellom anna desse områda:

  • Byutvikling, senterstruktur og samferdsle
  • Miljø, estetikk og trivsel
  • Arbeid og næringsliv
  • Areal

Næringsarbeid

Stord kommune la på slutten av 2013 førstelinetenesta for næringsetablerarar ut på anbod. Det vart inngått avtale med Samarbeidsrådet for Sunnhordland og Atheno AS. Samarbeidsrådet hadde i perioden juni-desember ytt tenester til fire etablerarar, Atheno AS til 34. Det vart til saman nytta 300 050 kroner på tenesta i 2015.

Stord kommune deltek i den maritime industriinkubatoren i regi av Atheno AS. Inkubatorbedriftene får mellom anna tilgang til kontorfasilitetar til ein lav kostnad og vert del av Atheno sitt fagmiljø. Kommunen ytte 150 000 kroner til inkubatoren i 2015.

Komité for næring, miljø og kultur gav i 2015 tilskot til mellom anna «Tour des fjords» (kr 50 000) og  europacupdeltaking for Stord handball (kr 15 000).

Stord kommune har hatt turistinformasjonsteneste i rådhuset og i kulturhuset. Ein opplever at dette langt på veg dekker etterspurnaden etter slike tenester og legg opp til å vidareføra ordninga. Informasjonsbrosjyra vart oppdatert og trykt i nytt opplag. Marknadsføringa av Stord og Sunnhordland skjer i hovudsak gjennom www.visitsunnhordland.no. Sida hadde 261 456 visningar i 2015. Ny mobiltilpassa plattform kjem til våren 2016. Stord kommune ytte 224 220 kroner til Samarbeidsrådet si reiselivssatsing i 2015.

Næringsutvikling er elles ei prioritert oppgåve i Samarbeidsrådet for Sunnhordland, sjå under. Gjennom partnarskapsavtale med Hordaland fylkeskommune har Samarbeidsrådet forplikta seg til å arbeida for det regionale utviklingsarbeidet. Ein viktig del av arbeidet er å stimulera til næringssutviklingsarbeid på tvers av kommunegrensenene for å utnytta regionen sitt samla vekstpotensiale. Stord kommune er også medlem i Stord næringsråd og Hordaland olje og gass.

Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Samarbeidsrådet sitt føremål er «interkommunalt samarbeid på generell basis med særleg vekt på alle typar tiltaksarbeid og utviklingsarbeid. Selskapet skal ta opp saker som kan fremja utviklinga av Sunnhordland, og leggja dei fram til drøfting og utgreiing». Samarbeidsrådet si hovudoppgåve er regional utvikling. I dette ligg også næringsutvikling, samferdsle, reiseliv, omdømebygging, rammevilkår med meir. Rekruttering og omdømebygging er eit prioritert område i Sunnhordland. Samarbeidsrådet skal blant anna styrkja regionen som bustadregion og gjera regionen meir attraktiv mellom anna for å trekka til seg kvalifisert arbeidskraft. Ordførar og rådmann representerer kommunen i Samarbeidsrådet.

Utviklingsprogrammet for byregionar vert køyrd i regi av Samarbeidsrådet, med Stord kommune som A-eigar av prosjektet. Sunnhordland kom med i programmet i fase 2 med prosjektet «Byen og regionsenteret Stord – lokomotiv for vekst og utvikling i Sunnhordland».  Prosjektet går inn på forholdet mellom regionsenteret Stord og omlandet, og leggja grunnlaget for ein regional utviklingsplan.

Omdømebygging og reiseliv er andre viktige arbeidsområde. Stord kommune har vore representert på reiselivsmesser m.m. gjennom Samarbeidsrådet. Reiselivssamarbeidet omfattar òg annonsering og produksjon av brosjyremateriell. I 2015 fekk Samarbeidsrådet 509 495 kroner i driftstilskot frå Stord kommune.

Landbruk og miljø

Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor (SFLMK) utfører oppgåver innanfor landbruk, natur-, miljø-, areal-, og viltforvalting og havbruk.  Når det gjeld fast eigedom, handsamar kontoret eit stort tal saker i høve til konsesjonslova og jordlova. Også i 2015 utførte landbruks- og miljøkontoret tenester innan skogforvalting for Austevoll kommune.

For landbruket i kommunen er det ein nedgang i mjølkeproduksjonen, medan sauehaldet og kjøtproduksjon på storfe held seg godt oppe. Ved utgangen av 2015 var det sju mjølkeprodusentar, med ein mjølkekvote på 0,87 millionar liter. Dette inneber ein reduksjon på om lag 5 prosent i høve til året før.  Samstundes er det optimisme og satsing i næringa.  Det er investert i nybygg til mjølkeproduksjon på Huglo i meldingsåret,  og ein ventar auke i mjølkeproduksjonen i 2016.

Utbetalte produksjonstilskot i jordbruket i 2015 var 7 882 896 kroner fordelt på 67 søknader (inkludert to samdrifter).

I 2015 fekk Stord kommune løyvd 200 000 kroner i Særskilte Miljøtilskot i Landbruket frå Fylkesmannen i Hordaland. Det vart til saman løyvd 365 307 kroner til ni tiltak.  Tilskota gjekk til rydding av kulturbeite og restaurering av verneverdige bygg.

Det vart utbetalt 128 608 kroner gjennom ordninga Regionalt Miljøprogram, med grunnlag i 20 søknadene for 2015. I tillegg er 24 030 kroner utbetalt til Stord beitelag til organisert beitebruk.

Det har vore stor aktivitet i skogane i 2015. Stormen «Nina» er mykje av årsaka til auka aktivitet utanom dei planlagde tømmerdriftene. Det vart avverka omlag 14 000 m3 gran og furu.  Grana som vart planta på 50- og 60-talet byrjar verte hogstmogen, så me kan venta oss stor aktivitet i åra framover.  Opprusting av kommunale vegar og skogsvegar er eit viktig tiltak for å kunna henta ut tømmeret.

SFLMK arrangerte tre kurs for vedlikehald og bruk av motorsag samt to kurs i vindfallhogst i 2015.

Det vart felt 129 hjort på Stord i 2015. Det gjev ein fellingsprosent på 80. Stord kommune har god beredskap og rutinar for ettersøk og avliving av skadd hjortevilt. I 2015 vart det registrert 10 påkøyrde hjort i kommunen.

I 2015 hadde SFLMK 30 kandidatar oppe til jegerprøve. Dette er ein eksamen som kontoret har ansvar for gjennomføring og kontroll av.

Landbruks- og miljøkontoret er prosjektleiar for Vassområde Sunnhordland, tilsvarande 25 prosent stilling i 2015. Arbeidet har bestått i å kvalitetssikra «Regional plan for Vassregion Hordaland 2016-2021» og «Tiltaksprogram for Vassregion Hordaland 2016-2021», samt koordinera arbeidet med vassforvaltninga i vassområdet og vera eit bindeledd mot sektormynde og vassregionmynde.

Det har i 2015 vore arbeidd med å få på plass nye skilt i naturreservatet Hystadmarkjo, og dette arbeidet vert vidareført i 2016.

Formidling av informasjon og nyhende frå landbruks- og miljøkontoret gjennom nettportal og e-post heldt fram i 2015.  Det vart også sendt ut eit informasjonsskriv.

Veterinærvakttenesta i Stord vaktområde omfattar kommunane Stord, Fitjar, Bømlo og Austevoll.  For å sikra at vaktordninga vert vidareført på eit godt beredskapsnivå i ei tid med reduksjon i tal produksjonsdyr i distriktet, har kommunane gjort vedtak om å yta eit tilskot til ordninga. Dette er i tråd med kommunane sitt ansvar for at det vert oppretthalde ei forsvarleg veterinærteneste.

Veg, trafikk og parkering

VTP har i 2015 sysselsett sju personar, i alt 4,8 årsverk.

I tillegg til dei løypande drifts-, vedlikehald-, plan- og forvaltningsoppgåvene har VTP fått gjennomført/starta opp følgjande prosjekt i 2015.

  • Trafikksikringsarbeid med oppgradering av Langelandsvegen
  • Trafikksikringsarbeid med etablering av rundkøyring , Sagvåg skule
  • Etablering av profilstøypt vegrekkverk, Kåreviksvingen
  • Lyssetting del av Fjellgardsvegen – samarbeidsprosjekt med SKL AS
  • Oppgradering av Grovavegen (asfaltering våren 2016) – samarbeidprosjekt med SKL AS
  • Oppgradering av del av Nordsjøløypa, Lønningsdalen
  • Vegljos (LED) langs Vikastemmo – samarbeidsprosjekt med SVA
  • Ny parkeringsordning, Leirvik sentrum
  • Oppgradering av gang/ sykkelveg Høgåsen til Grunnavåg- samarbeidprosjekt med SKL AS

Det er laga forstudierapport for ny alternativ tilkomstveg til Grunnavåg næringsområde, Sagvåg. Det er og gjennomført inspeksjon av kommunale bruer m.v. Etter søknad frå Stord kommune v/ VTP har Statens vegvesen gjeve positivt tilsagn om 570 000 kroner til fortau/sykkelveg langs Kårevikvegen.

Grunnen til at VTP har eit underforbruk på budsjettet for 2015 skuldast eit forseinka asfalteringsprogram.

Stord hamnestell

Stord Hamnestell skal leggja til rette for og overvaka skipstrafikken i Stord kommune. Dagens rutetrafikk går over Leirvik hamn (hurtigbåt) med 5 437 anløp og ferjekaiane Skjersholmane og Jektevik med 17 568 anløp. Offshore- og større stykkgodstrafikk går stort sett over Eldøyane. Av andre anløp var 1 246 frå innanriks- og 212 frå utanriksfart. Samla vart det 24 462 anløp i 2015, med i alt 52 430 tonn gods over offentleg kai. Både tal på anløp og tonn gods over offentleg kai er gått ned i volum frå 2014 (høvesvis anløp 26 573 og gods 120 526 tonn i 2014)

Stord Hamnestell har to godkjente ISPS hamner (International Ship and Port Security), Stord Hamn, Eldøyane og Leirvik Hamn ISPS-terminal. Det er også fem godkjende privateigde ISPS-terminalar i Stord og ytterlegare to terminalar ventar på godkjenning. Ein ser at anløp av farty til ISPS-terminalar er aukande, samt at etterspurnad etter bakareal og meir kai og aukar.

Beredskapsbåten «Blåkraft» vert brukt av hamnestellet og brannstellet, ved forureiningar og elles ved førespurnad frå politi eller annan offentleg styresmakt. Redningsselskapet sin båt, «RS Simrad Færder», vart godkjent som redningsfarty i 2013. RS Simrad Færder har fast kaiplass ved Eldøyane, og å ha ein godkjent redningsbåt i kommunen sitt sjøområde er ein styrke for beredskapen i kommunen.

Hamnesjefen er nestleiar i IUA Haugesundregionen. Dette er et samarbeid mellom 18 kommunar. Stord Kommune har også eigen beredskap, og har utstyr til å rykka ut i akutt-tilfelle. Oljevernberedskapen for sjø er det hamnestellet og brannstellet som står for. Hamnestellet har i år oppgradert lageret av oljelenser og oljevernutstyr.

Normand Vision ved kai, Stord Hamn, Eldøyane.
Normand Vision ved kai, Stord Hamn, Eldøyane. Foto – Lars John Bukkøy

Avfallhandtering i hamner er regulert i forskrift. Hamnestellet har utarbeida og følgjer no ein godkjent avfallsplan for hamner. Desse planane gjeld for Leirvik gjestehamn, Leirvik småbåthamn, Leirvik hamn og Stord hamn Eldøyane, samt for alle fartøy ved offentleg kai. Hamnestellet har i samarbeid med SIM sett ut restavfallscontainarar i gjestehamna og ved Rindbua på moloen.

Leirvik småbåthamn har 200 båtplassar og leigetakarar og ein arbeider med å leggja til rette for fleire båtplassar. Hamnestellet har ein god og stabil kundemasse i småbåthamna i Leirvik.

Hamnestellet har som mål å liggja i toppen med dei populære gjestehamnene og har i 2015 hatt sommarvikararar som har sytt for reinhald og orden, og har stundvis laga til og gitt besøkande tilbod om vaflar og saft. Strandpromenaden har ført til ei meir roleg og barnevennleg hamn. Grillhuset og leikeplassen er i bruk stort sett heile året, både av fastbuande og båtgjester. I Sagvåg Gjestehamn er det innreia ein sokkeletasje i nærleiken av gjestehamna med fellesrom, dusj, toalett og vaskemaskin. Det er sett opp skilt i innseglinga til Sagvåg om gjestehamna.

Tal overnattingsbåtar i Huglo, Sagvåg gjestehamn og Leirvik gjestehamn var i 2015 på 2348. Ein kan då gå ut i frå at det var over 8 000 besøkjande i gjestehamnene i sommarmånadane. I 2015 avslutta ein teljing av besøkjande i hamna 21. august. Den dårlege sommaren i 2015 førte til ein oppgang i talet på overnattande gjestebåtar frå 2014 på 98 stk.

Veteranbåten «Granvin» har i sommar ved sine turar hatt anløp og kai ved Sunnhordlandskaien, og Sunnhordland Motormuseum har av og til veteranbåtar på vitjing ved Nattrutekaien. NRK-båten «Sommaråpent» vitja også Leirvik Hamn i juli månad med mykje folk både på kaien under kveldsarrangementet, samt fritidsbåtar som følgde båten inn til og ut frå Leirvik hamn.

Stord Hamnestell har i 2015 teke i bruk utfylling av bakareal ved piren på Eldøyane samt investert i nytt overvakingsanlegg på terminalen. Den nye kai-piren og tilhøyrande bakareal har medført at ISPS-terminalen på Eldøyane no kan ta imot større farty enn tidlegare. Alt bakareal samt hamneterminalane, er på Eldøyane no leigd ut på langsiktige kontraktar.  Hamnestellet er i forhandlingar om å få kjøpa meir sjøline og bakareal i dette området som er tilknytt eksisterande kai-anlegg og bakareal. Dette for å kunna ha høve til å byggja ut meir og lengre kaiar og vera i forkant av behov som Hamnestellet forventar vil oppstå innan maritim næring og sjøtransport. ISPS-terminalen og eksisterande kaianlegg ved Stord Hamn Eldøyane har ein jamn auke i trafikk og varer over offentleg kai.

Det er og i 2015 inngått intensjonavtale med REN AS om sal av areal for etablering av beredskapslager på Eldøyane.

Nøkkeltal

Driftsrekneskapen for 2015 syner slike tal(i heile 1000 kroner):

Tekst Rekneskap 2015 Budsjett 2015 Rekneskap 2014 Rekneskap 2013
Sum Driftsinntekter -9 467 -7 591 -10 774 -7 721
Sum Driftsutgifter 9 656 6 607 8 923 7 773
Brutto driftsresultat 189 -1 118 -1 851 52
Resultat ekst.finanstransaksjoner 1 040 1 168 1 106 825
Motpost avskrivingar -1 782 -1 701 -1 545
Netto driftsresultat -552 49 -2 446 -668
Finanstransaksjonar 0 -40 0 0
Resultat etter int. finanstransaksjonar -552 0 -2 446 -668

 

Fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og kulturbygg

I januar vart det sendt inn tjueseks godkjende spelemiddelsøknader (20 til ordinære idrettsanlegg og 6 til nærmiljøanlegg) med samla kostnadsoverslag på kring 71 millionar kroner Det vart søkt om vel kr. 22,2 mill. i tilskot. Etterslepet i søknadsmassen er redusert til 3-4 år. Stord kommune fekk i 2015 tilsegn på vel kr. 5,9 mill. i spelemidlar. Desse anlegga fekk tilsegn:

Ordinære anlegg (kroner)
Stord Hestesportsenter – stall 1 400 000
Stord Hestesportsenter – ridehall 2 500 000
Hustrudalen – Rødkleiv – oppgradering tursti 1 000 000
Hystad skule, treningsbane kunstgras (søkt opp att grunna ein inkurie) 458 000
Samla 5 358 000
Nærmiljøanlegg (kroner)
Skogatufto barnehage, aktivitetsløypa 239 000
Nysæter idrettsanlegg, aktivitetsbane 129 000
Breivikjo – toalettanlegg 217 000
Samla 585 000

 

Informasjonstavler i Prestegardsskogen er kome på plass slik at det no er lett å orientera seg i idrettsparken. Trott er ferdig med å byggja klubbhus på pistolbanedekket og garderobebygget er pussa opp.

Arbeidet med turveg rundt Ådlandsvatnet er kome i gang og målet er at den skal vera ferdig sommaren 2016. Ny turveg vert på kring 3,2 km og delar av strekninga vil få lys. Dette er den største einskildsatsinga for turvegar på Stord noko tid.

2015 var Friluftslivets år og Kommunestyret vedtok at me skulle vera «Friluftslivets år-kommune», og det har vore fleire gode arrangement og tilstellingar i løpet av året. Mellom anna var det opning av Friluftslivets år på Lundarstøl i januar og Friluftsfestival i juni. Ordførar Liv Kari Eskeland var Ambassadør for friluftslivets år. Ho opna ambassaden på Stord, Gapahuken i Skiphaugen, i samband med årsmøtet for Friluftsrådet Vest der Stord kommune i år var vertskap.

Stord – Fitjar turlag har laga ny bru i Fossabrekko og leigd inn Sherpaer frå Nepal som har byrja på ny tursti opp til Kvelve. Dei har og laga ny tursti på Vatna, den såkalla Gerdastien. Stord Rotaryklubb har sett opp nye naturstiplakatar i Landåsen.

Det er kring 210 registrerte idretts- og friluftsanlegg i Stord kommune. Ein merkar ein klar tendens til at fleire av desse no treng rehabilitering/oppgradering. Det har vore arbeidd med  eit forprosjekt for ny ungdomsskule på Nysæter og i samband med dette har ein og  vurdert planar for fleirbrukshall for Sagvåg. Ein slik hall ligg ikkje inne i økonomiplanen.

Fond for utlån til lag og organisasjonar hadde i utgangspunktet ei ramme på 12 millionar kroner, men vart auka til 15 millionar i 2014. Ved årsskiftet var det kring 9,9 millionar kroner til rådvelde. Det er 3 ulike prosjekt som har samla lån på 5,1 millionar kroner i fondet. Stord Hestesportsenter har majoriteten av låna.

Ny kommunedelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv vart vedteken i Kommunestyret 15.02.2015.

Det var ingen søknader om midlar til kulturbygg i år, men det er planar for rehabilitering av Kulturhuset.

Kommunen har aktive idrettslag som årleg skipar mange flotte arrangement og aktivitetar som til dømes handballfestival, puttefestival, symjestemner, langrenn, HAFO-cup, ridestemner, O-løp, sykkelløp, friidrettsstemner, skyting og kampsport for å nemne nokre.

Kulturtenester

KULTURHUSET

Kulturhuset skal vera møteplass for innbyggjarane i Stord og gje høve til utfalding og opplevingar.

2015 har vore eit innhaldsrikt år. 18.563 personar løyste billett til teater, konsertar og stand up. Lokale arrangement sel godt og har oftast fleire farmsyningar. Døme på dette er Stord Teaterlag sin framsyning «Jungelboken», russerevyen «Verda på russ og tvers», Spinae Company sin framsyning « Annie» og dansens dag.  Riksteatret gjesta oss med «Pinocchio», «Samfunnets støtter», «Natten er dagens mor», «Mugg» og «Kjell Aksel rocker». Ein hadde besøk av Else Kåss Furuseth med «Kondolerer», Øystein Sunde og «Meget i Sløyd» for å nemna nokre av dei turneane som kom innom.

Internasjonal Kulturkafé er blitt svært  populært. Det er Internasjonal kulturklubb (IKK) som står for dette i kultursenteret. IKK Stord, med leiar Jill Cathrine Tatham Reed fekk Stord kommune sin kulturpris. Klubben vart skipa i 1988 og har sidan vore eit  viktig element i integreringa av utanlandske arbeidarar og innbyggarar i kommunen.

Nær 23 000 besøkjande var på offentleg bading. På dagtid er det skulane som brukar symjehallen, men ein har klart å halda på offentleg bading måndag- og torsdag føremiddagar, noko som er ei kjærkommen ordning for vaksne som ønskjer å symja i ro og mak. Når det ikkje er offentleg bading er det dei ulike symjegruppene som brukar symjehallen. Stord Idrettslag si symjegruppe plar arrangera symjestemne i oktober. Desse stemna har vakse seg så store at kapasiteten i hall og hus er på brestepunktet.

KINO

Regissør Kjersti Steinsbø tok med seg debutspelefilmen sin, HEVN, heim til Stord og var med det med på å gjera eit svært godt kinoår enno betre. Siren Jørgensen, også ho stordabu, deltok på festpremieren. Totalt enda besøkstalet for kinoen på 47 232, noko som er det beste besøkstalet på ti år.

Kjersti Steinsbø tok med seg debutspelefilmen sin, HEVN, heim til Stord. Siren Jørgensen, også ho stordabu, deltok på festpremieren.
Kjersti Steinsbø tok med seg debutspelefilmen sin, HEVN, heim til Stord. Siren Jørgensen, også ho stordabu, deltok på festpremieren. Foto – Kulturtenester

Omlegging av turnus gjorde at me frå 1.september 2015, utan ekstra kostnad,  også kunne ha kino på måndagar. Dette har kinopublikummet teke godt imot. Måndag er no nesten like god kinodag som tysdag og torsdag.

FRITIDSKLUBBANE

Målet er ungdommar skal ha ein trygg og uformell møteplass i nærområdet sitt. Harri og Litlabø fritidsklubbar driv godt og har eit stabilt besøk. Begge klubbane har flinke vaksne leiarar som har arbeidd lenge i klubben. Det same kan også seiast om måndags- og onsdagsklubben for utviklingshemma i Kulturhuset.

DEN KULTURELLE SKULESEKKEN

Alle elevar i grunnskulen og vidaregåande skule fekk i 2015 oppleve profesjonell kunst og kultur på eit høgt nivå. I tillegg til fylkeskommunen sitt program kunne eininga  tilby arrangement der dei fleste arrangementa hadde ei lokal forankring. Det kan nemnast:  Nasjonalmuseet med utstillinga «Eventyrlig. Gamle forteljingar i ny drakt», Hordaland teater med framsyninga «Kant» av Jon Fosse, Haugesund teater med «Verdas mest forelska par» av Rune Belsvik, Sunnhordland museum med «Eg byggjar meg ein båt»  og Falturiltu med vitjing av nynorskforfattarar i skulane.

DEN KULTURELLE SPASERSTOKKEN

Den kulturelle spaserstokken skal gje eldre med bistandsbehov tilbod om profesjonell  kunst- og kultur av høg kvalitet. I 2015 heldt kulturskulen sju konsertar i vestibylen i Kulturhuset kalla «Song og musikkstund». Stord folkebibliotek stod bak tre ulike program på institusjonane; kombinert litterært/musikalsk program av Songlaget Stordabuen, musikalsk kåseri ved Atle Hansen, og  adventsprogram med Kari B. Lundal og Trio Vest. Sunnhordland museum vitja Knutsaåsen med framsyninga «Heim – ei livsforteljing» og Kompani Krapp vitja sjukeheimen og Knutsaåsen med framsyninga «Hallo – hallo ». Lisa Nøttseter gleda dei eldre med «Denne stunden»  ei  danseimprovisasjon for eldre.

UTSMYKKINGSFONDET

Ved nybygg og ved sal av eigedom vert det sett av midlar til kunstnarleg utsmykking på eige fond, utsmykkingsfondet. Styret for utsmykkingsfondet sette ned ein utsmykkingskomité med oppgåve å fremja forslag til utsmykking på torget og i parken. Jørund Fjøsne vart engasjert som kunstnarleg konsulent. Etter at tre inviterte kunstnarar la fram sine forslag, engasjerte styret Anders Kjellesvik til å realisera kunstprosjektet «Den høgreiste og havet».

LEIRVIK FYRSTASJON

Venelaget for Leirvik fyr har i samråd og i samarbeid med Stord kommune utført  vedlikehald på bygningar og uteområde. Til prosjektet Leirvik fyrstasjon som arena for kultur og oppleving, løyvde Hordaland fylkeskommune 150 000 kroner frå tilskotsordninga Kulturelt utviklingsprogram (KUP). Prosjektet skal arrangere  samlingar med ulike tema og er tenkt gjennomført  hausten 2016 når hus og lending etter planen skal vera klare til bruk.

PRISAR OG STIPEND

Kulturstipendet vart i 2015 delt mellom Tom Stien og Solveig Aksnes. Stien byggjer gitarar i eigen verkstad. Han vil nytta stipendet til ei studiereise til Tyskland. Aksnes studerer kledesign ved Kunsthøgskulen i Oslo og søkte tilskotet til materiale ho treng i samband med masteroppgåva si.

Målprisen gjekk til Podlen Verkstad AS. for deira bruk av nynorsk i sin kommunikasjon.

Paul Skjønberg fekk Eldsjelsprisen. Skjønberg har drive turn sidan han var ti år gammal. Han vart ein svært god gute- og juniorturnar, og var i fleire år krinsmeister i Hordaland. Skjønberg tok til som instruktør rundt 1975 og har såleis bak seg 40 år som fast instruktør.

Alle prisane, utanom seniorprisen, blir delte ut på Stord Musikklag sin nyttårskonsert, noko som er ei svært fin ramme rundt utdelinga.

Seniorprisen blei delt ut  til Kjell Aasheim på den internasjonale eldredagen. Han er trekkspelaren som i mange år  åleine og saman med andre musikantar har sytt for  musikalsk glede på sjukheimar og i andre samkomer. Aasheim er også aktiv i turlaget og i Venelaget for Vidsteenparken.

BARNE- OG UNGDOMSTEATERFESTIVALEN

Scenekunsten for barn og unge blir feira med eigen festival på Stord: Barne- og ungdomsteaterfestivalen.

Sju ulike grupper frå Vestlandet innan scenekunst deltok, og festivalen hadde 188 deltakande barn og unge med. 12 ulike teaterstykke blei vist for 625 publikummarar, og vart ein stor suksess.

UNGDOMMENS KULTURMØNSTRING (UKM) 

Ungdommens Kulturmønstring har som mål at dei unge  på Stord skal ha ein visningsarena for unge talent i ulike sjangrar. Kommunemønstringa for Stord, Fitjar, Bømlo, Tysnes og Kvinnherad blei arrangert 31. januar. Gruppa Algofilia frå Stord gjekk vegen vidare til fylkesmønstring i Bergen og til landsfinale i Trondheim, og var eitt av to innslaga der som fekk stipend.

Ungdommens Kulturmønstring skifta namn til «Ung Kultur Møtes». Det skal no vera mange små lokale festivalar der ungdom mellom 13 og 20 år kan delta med alle slaga kulturuttrykk. Kvar kommune sender kvalifiserte ungdommar vidare til  fylkesmønstring i Bergen. Kvart fylke sender i neste omgang ca. 30 deltakarar til den nasjonale UKM-festivalen.

FALTURILTU

Barnebokfestivalen FALTURILTU såg dagens lys md bakgrunn i målsetjinga om at Kulturhuset/ Kulturtenester skal vera banebrytande på eit festivalområde på nasjonalt plan. 2015 var den best besøkte festivalen nokon gong med eit publikumstal på 5710. Dette gjer Falturiltu til det største nynorskarrangementet og den største barnebokfestivalen i landet. Festivalen fekk særs gode tilbakemeldingar frå skular og samarbeidspartnarar, og fekk vist fram nynorsk litteratur i og utanfor kommunegrensa. «Fart og sjølvtillit» var tema og Maria Parr var festivalforfattar.

KULTURMINNE

Skjøtsel av arkeologiske kulturminne skal sikra dei mot skade og formidla kunnskap om kulturminne. I budsjettet var det sett av 50 000 kroner og det blei søkt om midlar til skjøtsel av to arkeologiske kulturminne i 2015; ei nausttuft og ei gravrøys på Rommetveit. Sjølve skiltstativa er sett opp, og arbeidet med illustrasjonar over både langnaustet og gravrøysta er ferdige. Utgiftene er dekka over kommunal løyving. Arbeid med tekst, layout og ferdigstilling av skiltplata står att og skal gjerast ferdig i 2016. Riksantikvaren løyvde 150 000 kroner til nye skilt i Hystadmarkjo for 2015. Sidan prosjektet er i planleggingsfasen fekk me overført løyvinga til 2016. Namn er også kulturminne og i 2015 kom m.a. kampen om o-en i Morkjo. Saka er til klagebehandling.

Kommunen fekk avslag på søknad om midlar til arbeid med å rullera kulturminneplanen, men ein fekk tilskot på 100 000 kroner for  å leggja registrerte kulturminne inn i «Askeladden», som er Riksantikvarens offisielle database over freda kulturminner og kulturmiljø i Norge. Arbeidet vert utført av Regulering Byggjesak og Oppmåling (RBO).

GARDS OG ÆTTESEOGE

Det har ikkje vore økonomi til å laga gards- og ættesoga, men prosjektgruppa for lokalhistorie heldt likevel  fram arbeidet med å sikra kjelder og å gjera desse tilgjengelege. Midlane som var sett av i budsjettet er nytta til å få digitalisert ulike protokollar. I 2015 har Statsarkivet digitalisert utskiftings- og skyldsetningsprotokollar Shld. 1861-1930,  fattigprotokoll Stord; branntakstprotokollar Føyen/Stord og forliksprotokollar Stord 1797-1876.

TILRETTELAGT FRITID

Tilrettelagt fritid (Støttekontakttenesta) gjev bistand til barn, unge og vaksne med ulike funksjonsvanskar, der målet er deltaking i kultur- og fritidsaktivitetar ut frå kvar tenestemottakar sine ynskje og føresetnader. Talet på vedtak om bistand held seg jamt rundt 150-160, og tenesta hadde ved utgangen av 2015 rundt 95 aktive støttekontaktar.  Dei fleste tenestemottakarane får tildelt individuelle støtte-/fritidskontaktar, medan andre deltek i gruppeaktivitetar.  Ved utgangen av 2015, hadde 28 personar tilbod i slike gruppeaktivitetar. I tillegg driv tenesta grupper for eldre i Sagvåg og på Leirvik og i ei hobbygruppe på Leirvik. Gruppene for eldre blir drivne i samarbeid med frivillige

Stord Folkebibliotek

Ei stikkprøveundersøking ei veke i 2015 viste eit bibliotekbesøk på 688 brukarar ved  hovudbibliotek og filial til saman. Dette er eit samla tal for alle typar bruk av biblioteket: for lån, for å finne informasjon, for å lese aviser og tidsskrift og for å nytte Internett. Stikkprøveregistrering dei seinaste åra gjer det realistisk å rekne med eit besøk på mellom 500 og 700 i veka som eit gjennomsnitt.

I 2015 hadde biblioteket eit samla utlån på 45 526 media. Utlånet i 2014 var utlånet 40 802. Det vert registrert ein  naturleg nedgang i utlånet av film pga. at folk strøymar film sjølve. Biblioteket gjennomførte elles ein større lesekampanje med nynorske barnebøker for tredjeklassane i Stord i 2015.  Folkebiblioteket har òg eit samarbeid med Nordbygdo ungdomsskule  om utlån til barn og ungdom, og eit mindre utlånstilbod for vaksne på Huglo. For barn har Huglo vitjing av Hordaland  fylkesbibliotek sin bokbåt «Epos».

Frå 2014 av har Stord folkebibliotek vore med i ei ordning med e-bokutlån som vert administrert av Hordaland fylkesbibliotek. I alt vart det registrert 589 slike lån i 2015.

I 2015 hadde biblioteket eit samla utlån på 45 526 media.
I 2015 hadde biblioteket eit samla utlån på 45 526 media. Foto – Camilla Ruhs

2015 har elles vore eit aktivt år når det gjeld arrangement og barnebibliotekverksemd. Folkebiblioteka har fått ei ny oppgåve i å vere eit forum for offentleg samtale og debatt. I 2015 vart det gjennomført 17 arrangement for barn, eitt for ungdom, ni for vaksne og tre for eldre. Av arrangementa i 2015 kan det nemnast eventyrstund for førskulebarn, forfattarbesøk, debatt om kultur- og miljøspørsmål og kombinerte musikalske og litterære program for eldre.

Ved hovudbiblioteket har i alt 19  skuleklassar vore på besøk for orientering og lån. I tillegg har klassar frå Sagvåg og Litlabø skular hatt regelbundne besøk for lån og litteraturformidling ved filialen i Samfunnshuset.

Brann, redning og feiing

Stord Brann og Redning hadde også i fjor stor aktivitet med øving og opplæring for tilsett personell. Det var 132 utrykkingar, noko som er tilsvarande eit normalt år. Eininga har dei siste åra skifta ut gamalt materiell, noko som medfører at ein i dag har nytt og moderne beredskapsmateriell. Ny brannbil er tinga, men vert ikkje levert før mars 2016.

Førebyggjande avdeling gjennomførte branntilsyn i alle særskilde brannobjekt (§13-bygg) i 2015. Tilstanden er varierande, men blir betre for kvart år. Ein gjennomfører også tilsvarande tilsyn i Fitjar kommune etter avtale. Både på kommunalt og nasjonalt nivå er førebyggjande brannvern satsingsområde.

Feiarvesenet har gjennomført 2451 bustadtilsyn og 2533 feiingar i Stord kommune. Avdelinga sel òg slike tenester til Fitjar kommune, der det er gjennomført 250 bustadtilsyn og om lag 500 feiingar. Statistisk er det få pipebrannar i Stord kommune, noko som kan tyde på at avdelinga driv godt førebyggjande arbeid. Følgjande kampanjar/aksjonar har vore gjennomført i 2015: aksjon bustadbrann, brannvernveke, open brannstasjon og opplæring av alle sjetteklassar i kommunen. I 2015 har førebyggande avdeling teke initiativet til å styrka samarbeidet med nabokommunane Bømlo, Fitjar, Stord og Sveio. Gjennom dette samarbeidet er det blitt utvikla felles prosedyrar for utføring av feiing og utarbeidd ei felles brosjyre innan brannførebygging.

REGULERING, BYGGESAK OG OPPMÅLING

Nedanfor finn ein KOSTRA-tal for regulering, byggesak og oppmåling i Stord kommune. Tala syner kommunen si måloppnåing på utvalde område.

Måloppnåing

Måloppnåing Mål 2016 Mål 2015 Resultat 2015 Resultat 2014 Resultat 2013
Gj.snitt sakshands.tid for private forslag til detaljreg. Kalenderdagar < 240 < 240 160 257
Gj.snitt saksbeh.tid for oppretting av grunneigedom. Kalenderdager < 70 < 70 44 64 111
Del søknad om tiltak der kom. har brote pålagt sakshands. tid(%) 0 0 19 9 11
Gj.snitt.sakshands.tid for byggesaker med 12 vekers frist. Kalenderdagar < 42 < 42 70 70 56
Gj.snitt sakshands.tid for områdereg. Vedteke av kommunen. Kalenderdagar < 42 < 42 70 70 60
Gj.snitt.sakshands.tid for byggesaker med 3 vekers frist. Kalenderdagar < 15 < 15 20 20 21

Plan og byggesaker

Aktiviteten innan plan, byggjesak og oppmåling har jamt over vore høgare i 2015 enn i 2014. Særleg var det få private plansaker til handsaming i 2014 ved at berre éin privat reguleringsplan vart ført fram til vedtak i Kommunestyret. Dette har auka til seks planar i 2015, og det ser ut som at talet private plansaker framleis er på stigande. Det er også slik at talet på private planframlegg i strid med overordna kommuneplan er stigande. Dette aukar sakshandsamingstida på private planframlegg, og gjer at kostnaden ved utarbeiding av planar for private aktørar vert auka. Det vert vurdert som svært viktig å kome godt i gang med revisjon av overordna kommuneplan i 2016.

For oppmålingsavdelinga har tilfanget av delingssaker og anna oppmålingsarbeid framleis vore lågt. Ekstra kapasitet ved avdelinga har blitt nytta til ajourhald av kartbasar og hjelp mot Stord kommunale eigedom KF og vegavdelinga ved opprydding i eldre avtalar og eigarstrukturar.

Byggjesaksavdelinga har hatt moderat aktivitet. Nye byggjesaksreglar vart innført f.o.m. 1. juli 2015, og avdelinga har hatt forholdsvis stor pågang i høve rettleiing med omsyn til nytt regelverk.  Byggjesaksavdelinga er fullt bemanna med god, kompletterande kompetanse. Nytt er at vi også har fått tilsett juridisk kompetanse. Dette er dels grunna stadig aukande tal klagesaker, noko som er ein trend i heile bransjen.

Den gjennomsnittlege handsamingstida for alle typar saker er eit resultat av talet på saker, type saker, kvaliteten på søknadene og sakshandsamingskapasiteten. Det er framleis mange søknader med feil og manglar som dreg den gjennomsnittlege handsamingstida opp.

Byggjesaksavdelinga tok i 2015 i mot totalt 287 nye søknader (259 i 2014); det vart fatta vedtak på totalt 259 søknader (326 i 2014), og det vart utferda mangelbrev/ etterspurt tilleggsinformasjon i totalt 214 saker (106 saker i 2014). Delen av mangelfulle saker er svært høg, og har vore aukande.

Sjølvkostprinsippet gjeld for tenesteområdet byggjesak og for dei delane av tenesteområda plan og oppmåling som etter lova kan sjølvkostfinansierast. Føreliggjande tal viser at byggjesaksavdelinga også i 2015 gjekk med positivt overskot. Dette vert avsett til bunde sjølvkostfond, og gjer at vi trass forventa bortfall av gebyrinntekter som fylgje av nye byggjesaksreglar f.o.m. 1/7-2015 samt bortfall av lokal godkjenning av ansvarsrettar frå 1/1-16, har valt å halde byggjesaksgebyra stabile. På oppmåling og plan viser føreliggjande tal underskot for 2015. Desse områda viser det seg på landsbasis å vere vanskelege å dekke inn ved sjølvkost, men vi arbeider kontinuerleg for å finne rett gebyrnivå og effektive tenester.

Eininga har i 2015 hatt fokus på å arbeide ut/ oppdatere rutinar og prosedyrar for all sakshandsaming. Dette er no på plass i Compilo. I 2016 vil arbeidet fortsetje med å oppdatere alle malar, vi vil utarbeide plan for tilsyn i samsvar med lovverket, og det vert starta arbeid med digitalisering av byggjesaksarkivet. Me vil også prioritere å få betre rapporterings- og saksstyringssystem. Sakshandsamingssystemet ePhorte gir ikkje tilstrekkeleg grunnlagsrapportering for KOSTRA, slik at all kostrarapportering må gjerast gjennom manuell teljing. Dette er svært tidkrevjande, og har mange feilkjelder. Tala gir i beste fall berre trendar. Sakshandsamingssystemet ePhorte gir oss heller ikkje tilstrekkeleg saksstyring. For betre rapporteringssystem og betre saksstyring m.o.t. tidsfristar og kontinuerleg sakshandsaming, vil dette bli prioritert for 2016.

Eininga har hatt full bemanning og hatt lite sjukefråver i 2015.

OPPVEKST OG UTDANNING

Barn og ungdom sine oppvekstvilkår er avhengig av langsiktige kommunale prioriteringar og god samordning av tenester og tilbod. Alle som har eit ansvar i forhold til oppvekstmiljøet til barn og unge, må jobba målretta og i fellesskap.

Barnehagar og skular med høg kvalitet og god kompetanse svært viktig som helse førebyggjande tiltak.

Våren 2014 vart «Plan for kvalitetsutvikling for oppvekst 2014-2017» vedteke i Komité for oppvekst og utdanning. Føremålet med planen er å sikra ein praksis i tenestene som er i samsvar med nasjonale og lokale føringar, å sikra ein samordna innsats av tenestene knytt til barn, unge og deira familiar.

Stord kommune er ein av åtte pilotkommunar som deltek i Helsedirektoratet si satsing på betre samordna tverrfagleg innsats for sårbare barn og unge (BTI). BTI skal sikra at barn og unge får støtte og hjelp så snart som mogleg etter at det har oppstått uro for dei, at innsatsen skal gjennomførast i nært samarbeid med foreldra og i ein kontinuerleg dialog med barnet/den unge. Arbeidet med BTI er omfattande og involverer heile oppvekst- og utdanningsområdet, alle fagområde og alle tilsette. Det  vil såleis ta lang tid før intensjonane i utviklingsarbeidet heilt og fullt blir lagt til grunn for alt arbeid med barn og unge, men gode tilbakemeldingar tilseier at oppvekstområdet er på rett veg

Barnehagane

Nedanfor finn ein KOSTRA-tal for barnehageområdet i Stord kommune. Tala syner kommunen si måloppnåing på utvalde satsingsområde. Måla tek utgangspunkt i erfaringstal.

Skulane

Hausten 2015 gjekk 2 520  barn og unge ved ein av skulane i Stord kommune. 784 av desse på ungdomssteget og 1736 på barnesteget.

Nedanfor finn ein tal frå elevundersøkinga i Stord kommune.

Nøkkeltal

Nøkkeltal Stord Samanlikn. kommunar Landet utan Oslo
2015 2014 2013 2015 2015
Korrigerte brutto driftsutgifter til grunnskulesektor, per elev 96 143 101 797 96 555 109 544 113 374
Lønsutgifter til grunnskule, skulelokale og skuleskyss, per elev 80 931 82 108 78 252 85 593 85 914
Driftsutgifter til inventar og utstyr, per elev i grunnskulen 531 712 441 814 927
Driftsutgifter til undervisningsmateriell, per elev i grunnskulen 848 954 913 1 366 1 441
Tal elevar*** 2520 2 500 2 525
Årsverk for undervisningspersonale** 228,7 233,6 235,4
Gjennomsnittleg lærartettleik 1. – 7. trinn *** 13,7 13,1 13,6 13,7 13,1
Gjennomsnittleg lærartettleik 8. – 10. trinn *** 14,0 13,9 13,8 14,1 13,5
Del elevar i grunnskulen som får spesialundervisning 5,7 6,6 7,4 8,2 7,9
Timar spesialundervisning i % av totale lærartimar 20,2 25,4 23,3 17,2 17,6
Gjennomsnittlige grunnskulepoeng 40,1 38,7 40,0 40,7

**SKULEDATA-tal 2013, *** GSI-data 2013

***Årsverk for undervisningspersonale  inkluderer berekna årsverk til undervisning og berekna årsverk til anna  enn undervisning.

***Gjennomsnittleg lærartettleik er rekna ut med utg.pkt i forholdet mellom elevtimar og lærartimar, og gir  informasjon om storleiken
på  undervisningsgruppa. Indikatoren inkl timar til spesialundervisning og andre lærartimar på grunnlag  av individuelle elevrettar.

KOSTRA-tala frå 2015 syner at ressursbruk i skulane har minka sidan 2014 i Stord kommune. Samla sett er også alle driftsutgiftene langt mindre enn tala frå samanliknbare kommunar og landssnittet.

Gruppestorleiken har auka på barnetrinnet, og ligg om lag på det same på ungdomstrinnet auka i høve til 2014. Del av elevar i grunnskulen som får spesialundervisning er redusert i Stord kommune, og ligg framleis under samanliknbare kommunar og landssnittet. Samstundes ligg Stord kommune over samanliknbare kommunar og landssnittet i timar spesialundervisning i prosent av totale lærartimar. Grunnskulepoeng viser oppgang frå 2014, men ligg under landet utanom Oslo.

Ein veit at skular med høg kvalitet og god kompetanse som har fokus på, trivsel, læring og mestring er svært viktig som helse førebyggjande tiltak, samt at det bidrar til betre resultat. Alt utviklingsarbeid i Stordskulen i dag er med fokus på betre kvalitet, kompetanse, trivsel læring og mestring.

 

Skulefritidsordninga (SFO) Stord Samanlikn. kommunar Landet utan Oslo
2015 2014 2013 2015 2015
Netto driftsutgifter SFO i prosent av samla netto dr.utg. 0,3 0,4 0,4 0,2 0,3
Netto driftsutgifter til SFO per innbyggjar 6-9 år 2 383 3 980 3 724 2 012 3 216
Del innbyggjarar 6-9 år i SFO, i prosent 41,9 40,4 41,6 55,7 60,0
Brutto driftsutgifter til SFO per brukar i kr 27 291 29 215 27 612 24 038 26 675

Utgiftene til skulefritidsordninga ligg litt over gjennomsnittet av samanliknbare kommunar. Dekningsgraden er lågare enn for landsgjennomsnittet og har gått opp frå 2014.

I PS 18/15 vedtok kommunestyret nye vedtekter for dei kommunale skulefritidsordningane. Vedtektene vart gjort gjeldande frå og med 1. august 2015 og definerer minimum vaksentettleik i SFO. På bakgrunn av lønskostnadar, forventa barnetal og minimum vaksentettleik valde ein i forslag til budsjett for 2016 å redusera foreldrebetalinga med kr. 100 per full plass per månad. Dette kan tyde på at ein har hatt høge kostandar og foreldre kan av den grunn ha valt å ikkje nytta seg av SFO.

Vaksenopplæring Stord Samanlikn. kommunar Landet utan Oslo
2015 2014 2013 2015 2015
Netto driftsutgifter til vaksenopplæring, i prosent av samla netto driftsutgifter 0,5 0,6 0,5 0,4 0,4
Netto driftsutgifter til vaksenopplæring, per innbyggjar 250 268 217 219 207

Vaksenopplæringa er organisert under Stord ungdomsskule. Kommunen nyttar litt meir av sine ressursar til dette enn samanlikningskommunane.

Vaksenopplæringa har frå hausten 2015 gitt tilbod om opplæring både etter Introduksjonslova og etter Opplæringslova. Tilbodet etter Opplæringslova er nytt og har hatt ein gradvis opptrapping.

Stord kommune buset fleire flyktningar og asylsøkjarar, samstundes som ein hausten 2015 fekk eitt nytt mottak for einslege mindreårige (15-18 år) flyktningar med 52 plasser. Dette har  medført auke innanfor begge tilbod på VO.

Sosialt- og førebyggjade tenester, SOFT

Familien er ei viktig ramme for eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Det offentlege skal sørgje for gode vilkår for familiens omsorgsoppgåver, gje råd, rettleiing, støtte og hjelp til familiar som slit med ulike vanskar og bidra til å sikre barn god omsorg, utvikling og læring. Barnehagar og skular skal vera best mogleg i stand til å møta mangfaldet av barn, unge og vaksne med behov for særleg hjelp og støtte i sin læring og utvikling. Stord kommune har fylgjande tenester knytt til barn, unge og deira familiar:

Skule- og helsestasjonstenesta

Helsestasjons- og skulehelsetenesta skal ivareta eit heilskaplege, førebyggjande og helsefremjande arbeidet retta mot gravide, barn og unge i alderen 0-20 år. Dette ved å førebyggja sjukdom og skade, samt fremja god fysisk og psykisk helse. Stord kommune har i dag ein helsestasjon i kvar bydel, skulehelseteneste knytt til alle dei ti grunnskulane, samt vidaregåande skule, helseteneste til flyktningar, helsestasjon for ungdom (HFU), smittevern (tuberkulosearbeid og vaksinasjon av risikogrupper) og reisevaksinasjon/reisemedisinsk rådgjeving. I tenesta inngår jordmorteneste og fysioterapiteneste til barn og ungdom.

Førebyggjande helsetenester har  i 2015 hatt fokus på betre tverrfagleg innsats(BTI). Tenesta har, i samarbeid med Fitjar kommune, ei betydeleg satsing på opplæring og implementering av verktøy for tidleg avdekking av vold, rus og psykiske vanskar hjå gravide og småbarnsmødre (Tidleg Inn). Tverretatleg og tverrfagleg samarbeid står sentralt i implementering av Tidleg Inn, ettersom oppfølging av sårbare familiar krev heilskapleg og koordinert samhandling. Opplæringsprogrammet fortsett i 2016. Førebyggjande helsetenester har i siste del av 2015 vore prega av auka mengd flyktningar i kommunen, med auka innsats i høve til behov hjå ulike grupper av flyktningar, særleg familiar med born og einslege mindreårige i mottak.

Pedagogisk psykologis teneste (PPT)

PPT i Stord er eit tilbod til barn, unge og vaksne i Stord og Fitjar kommune.

PPT skal arbeida førebyggande slik at barnehagen og skulen i størst mulig grad kjem i forkant av problemet og lærevanskane. PPT skal ha kompetanse til å hjelpe barnehagar og skular der det oppstår særskilte problemet knytt til barn og elevars utvikling og læring. Tenesta skal etter lova hjelpa skulane i arbeidet med kompetanse- og organisasjonsutvikling for å leggje opplæringa betre til rette for elevar med særlige behov og sørgje for at det blir utarbeida sakkunnig vurdering. Frå nasjonalt nivå er det utarbeidd ein Strategi for etter- og vidareutdanning for tilsette i PPT 2013-2018. Formålet med strategien er å styrke tilsette sin kompetanse, og bidra til at fokus på systemretta arbeid i PPT aukar. PPT Stord har tilsette som starta denne utdanninga 2015.

PPT har 8,5 rådgjevarstillingar, ei halv logopedstilling og ei halv stilling til merkantil. Samanlikna med andre kommunar har ein i Stord låg bemanning i PPT. PPT har eit særleg fokus på dei yngste i barna mellom anna gjennom tverrfaglege møter og rettleiingsprogram.

Pedagogisk- pykologisk teneste, nøkkeltal Stord Samanlikn. Kommunar Landet utan Oslo
2015 2014 2013 2015 2015
Sum årsverk PPT 9,5 8,8 8,1 : :

Saksmengd 2015: 359 enkeltsaker i arbeid, ein tok i mot 124 nye tilvisingar og avslutta 204 saker.  Tenesta opplev ein vesentleg auke i tilvising av saker, særskilt i Stord, i høve tidlegare år.

Spesialpedagogisk team

Denne tenesta har som oppgåve å gje spesialpedagogisk hjelp til barn som etter §5-7 i opplæringslova har rett til slik hjelp.

Tenesta har seks stillingar, og i 2015 var det til saman 25 barn som tok i mot spesialpedagogisk hjelp fordelt på 11 barnehagar. (tre kommunale  og åtte private barnehagar).

SLT

SLT-modellen skal sikra at dei ressursane ein har i kommunen og hos politiet, blir meir samkjørt og målretta. Målet er at barn og unge skal få rett hjelp til rett tid, av eit hjelpeapparat som samarbeider godt på tvers av etatar og faggrupper. SLT-koordinatoren i Stord kommune har også ansvar for å koordinera arbeidet kring programma «MOT» og «Av og Til». I 2015 har SLT og hatt ansvar for å koordinere prosjekt Tidleg rusinnsats. Prosjektet er knytt til tiltaket Ungdomskontrakt, som er eit tiltak for ungdom som har byrja å eksperimentere med rusmiddel. Dei kan få vedteke påtaleunnlating ved å inngå ein avtale om å halde seg rusfri i to år. Dette er eit samarbeid med MARIS og Tillitsperson.

Det vart utført ei ungdomsundersøking på ungdomsskulane og vidaregåande skule på Stord. Resultata vil vera klare i 2016.

Utekontakten

Utekontakten er ei kommunal lågterskelteneste for ungdom og unge vaksne mellom 13 og 23 år. Tenesta er oppsøkande og tilgjengeleg, og driv førebyggjande arbeid med ungdom generelt, og ungdom i risikosona spesielt. Utekontakten driv feltarbeid på arenaer ungdomar er; ungdom- og vidaregåande skular, i sentrum, fritidsklubb og på ulike arrangement. Tenesta tilbyr gruppeaktivitetar og individuell oppfølging.

I 2015 har tenesta hatt oppfølging av 36 ungdommar. Rusoppfølging, konflikthandtering, isolasjon og einsemd, sosial trening, meistring, nettverksarbeid og tverrfagleg samarbeid har vore sentrale tema. Tenesta har i 2015 vore involvert i primærførebyggjande tiltak som Ung på Stord, der arbeid med føresette og deira førebyggjande rolle er sentral.

Utekontakten har to fagstillingar. For skuleåret 2015-2016 har tenesta ei 40 prosent prosjektstilling knytt til tidleg rusinnsats (TRI: ungdomskontraktar/ rusoppfølging). Tenesta har i 2015 hatt psykolog i språkpraksis, psykologen har saman med Utekontakten drive ei psykososial støttegruppe for born og unge på Heiane flyktningmottak.

Samhandlingsreforma legg opp til at veksten i behandlingstrengande barn med definerte psykiske lidingar ikkje skal handterast i spesialisthelsetenesta, men primært handterast i kommunane, eksempel her er behandling av lettare og moderate angst- og depresjonsvanskar. Tal frå Folkehelseinstituttet viser at andelen barn og unge med psykiske lidingar som treng behandling er aukande, noko som også er erfaringar ein gjer seg i Stord.

Det er eit sentralt mål at psykologkompetansen skal styrkast i dei kommunale helse- og omsorgstenestene. Psykologane skal bidra til å styrka det samla kommunale arbeidet med psykisk helse og rus, medrekna førebygging og tidleg intervensjon, samt behandling av psykiske problem og/eller rusmiddelproblem. Psykologane skal samarbeida med relevante aktørar i kommunen, som til dømes fastlegar, PPT, barnevernstenesta, skulehelsetenesta, samt spesialisthelsetenesta. Stord kommune har per i dag ikkje slik kompetanse i kommunen.

Barnevern

Stord er vertskommune for Sunnhordland interkommunale barnevernsteneste Bømlo, Fitjar og Stord (SIB). Nedanfor finn ein KOSTRA-tal for barnevernet i Stord kommune. Tala syner kommunen si måloppnåing på utvalde satsingsområde. Måltala tek er frå fagsystemet Familia og Fylkesmannen si rapportering.

Måloppnåing

Måloppnåing Mål 2015 Resultat 2015 Resultat 2014 Resultat 2013 Resultat 2012
Undersøkingar med handsamingstid over 3 mnd > 95,0 % 75 68 78 66
Born med utarbeida hjelpetiltak- og omsorgsplan > 30,0 % 86 75 69 77
Stillingar med fagutdanning, per barn 0-17 år < 3,8 4,7 4,7 4,7 3,1

Kulturskulen

Festkonsert og tei samband med markeringa av kulturskulen sitt-40 årsjubileum.
Festkonsert og teaterframsyninga Heavykatten i samband med markeringa av kulturskulen sitt-40 årsjubileum.

Nedanfor finn ein KOSTRA-tal for kulturskulen i Stord kommune. Tala syner kommunen si måloppnåing på utvalde satsingsområde. Måltala tek utgangspunkt i erfaringstal.

Måloppnåing

Måloppnåing Mål 2016 Resultat 2015 Resultat 2014
Stord Stord Stord
Del på venteliste til musikk- og kulturskule <4,2 9,7 12,4
Del brukarar i grunnskulealder i kommunens musikk- og kulturskule, av tal born i alderen 6-15 år >18,9 20,6 19,7

Hausten 2015 hadde kulturskulen 882 elevplassar, dette er ei auke på om lag 70 elevplassar i høve til same periode i 2014. Auken skuldast betre utnytting av ressursar.  Kulturskulen hadde 14,4 årsverk fordelt på 24 tilsette, 11 kvinner og 13 menn. I Stord kommune har om lag 21 prosent av grunnskulelevane elevplass i kulturskulen. Gjennomsnittet for landet er ca. 17 prosent På ventelista står 274 elevar, til saman søkjer desse om 473 elevplassar.

Kulturskulen har tilbod om undervisning i strykeinstrumenter (fiolin, bratsj, cello og kontrabass), gitar/elgitar, blåseinstrument (tverrfløyte, trompet, kornett, trombone, baryton, klarinett, saksofon), song, el-bass, piano, slagverk, kor (Stord kulturskulekor og Stord ungdomskor), musikkleik 0-1, musikkterapi, band, dans (klassisk ballett, jazz, hip-hop, street, moderne) drama/teater, visuelle kunstfag og parkour. Kulturskulen har to strykeorkester, inndelt etter alder og nivå, samt eit danseensemble for dei eldre elevane.

Kulturskulen sel dirigent-tenester til Langeland skulekorps, Rommetveit skulekorps, Sagvåg skulekorps og Stord skulekorps, samt musikartenester til  Sunnhordland kammerorkester og musikkterapi-tenester til fleire av grunnskulane i kommunen og Jentespranget. Vidare sel kulturskulen lærartenester til Fitjar kommune og musikklina ved Stord vidaregåande skule.

Stord kulturskule samarbeider med Kulturtenester i Stord kommune, Stord folkebibliotek, Knutsaåsen sjukeheim, Stord sjukeheim, Heimesjukepleia, Falturiltu, Høgskulen Stord/Haugesund, Sunnhordland museum, barne- og ungdomsteaterfestivalen på Stord, Kyrkja i Stord, Fitjar kulturskule, Bømlo kulturskule, Kvinnherad kulturskule, Heiane mottakssenter og UDI.

Kulturskulen fekk i 2015 stetta søknad om midlar til aktivitetar for barn i mottak frå UDI med 127.000 kroner, som blei nytta til prosjekt i Heiane barnehage og i samarbeid med Langeland skule.

Kulturskulen arrangerte i 2015:

  • Ei lang rekke konsertar/framsyningar for elevar og føresette
  • Festkonsert og teaterframsyninga «Heavykatten» i samband med markeringa av kulturskulen sitt 40-års jubileum.
  • Sju arrangement for eldre i institusjonar/heimesjukepleie, gjennomført med midlar frå Den kulturelle spaserstokken, i samarbeid med institusjonar og kulturtenester i kommunen.
  • Danseseksjonen i kulturskulen hadde ansvaret for regional samling for Dansens dag, ein dag som vert markert over heile verda. 20 av danseelevane våre var også representert under Dansens dag-markeringa i Bergen.
  • Seminar og konsert i samband med «Den klassiske gitarens dag» 1. februar. Samarbeid med Bømlo kulturskule, Stord vidaregåande og Høgskolen Stord/Haugesund
  • Trio Vest/distriktsmusikargruppa har hatt fleire samarbeidskonsertar i lag med lokale kor. I tillegg har trioen hatt ulike innslag på ei rekkje private og offentlege arrangement, samt samarbeid med lag og organisasjonar.
  • Barnehagekonsertar for alle barnehagane i kommunen
  • Familielaurdag med små teaterstykke for dei yngste borna og Danseensemblet sin sommarkavalkade.
  • Samarbeid med Falturiltu, om fleire arrangement i festivalveka.

Nøkkeltal

Kulturskule Stord Samanlikn. kommunar Landet utan Oslo
2015 2014 2013 2015 2015
Netto driftsutgifter til kommunal musikk- og kulturskule, i prosent av samla netto driftsutgifter 0,7 0,8 0,7 0,5 0,5
Netto driftsutgifter til kommunal musikk- og kulturskule, per innbyggjar 6-15 år, i kr 2 712 2 693 2 277 2 038 2 312
Korrigerte brutto driftsutgifter til kommunal musikk- og kulturskule, per brukar, i kr 16 689 16 400 13 988 15 814 17 659
Del brukarar i grunnskulealder i kulturskulen av tal barn i alderen 6 – 15 år i prosent 20,6 19,7 22,4 15,1 14,3

Kommunen nyttar noko meir til kulturskulen enn gjennomsnittet av kommunar i vår gruppe.  Kommunen har ein større del av barn i alderen 6-15 år i kulturskuleaktivitet enn  gjennomsnittet.

Mot 2015

Stord kommune er eit lokalsamfunn med MOT. Målet med MOT-arbeidet til kommunen er å skape eit varmare og tryggare samfunn gjennom å arbeide med verdiane MOT til å leve, MOT til å bry seg og MOT til å sei nei.
Dei tre ungdomsskulane i kommunen gjennomfører MOT i ungdomsskulen. Dette er eit heilskapleg pedagogisk program med i alt 14 besøk per klasse, fordelt på tre år. MOT-øktene vert leia av kommunen sine eigne MOT-informatørar. Ein viktig del av MOT i ungdomsskulen er Ungdom med MOT. Hausten 2015 skulerte MOT-informatørane 16 nye Ungdommar med MOT. Fire av desse var ungdommar frå Fitjar. Desse ungdommane er kulturbyggjarar og er med på å styrkje oppvekstmiljøet på sin skule. Ei anna viktig oppgåve er at dei gjennomfører tre skulebesøk til 7.-klassane for å gjere overgangen frå barne- til ungdomsskulen lettare.

Nye MOT representantar 2015.
Nye MOT representantar 2015. Foto – Haldis Lauksund

16. april var MOT-turnéen på Stord. Totalt var det ca. 1200 elevar og vaksne på konsert med lokale ungdommar og artisten Chand denne dagen. Etter konserten var det eit inspirasjonsføredrag for vaksne som arbeidar og samarbeider med ungdom på Stord.
Som eit prov på strålande MOT-arbeid over tid, vann mangeårig MOT-informatør Martin Vik prisen for årets MOT-informatør på eldsjelsamlinga i september. Prisen vart teken i mot til stor applaus for dei 600 personane i salen.

23. november var årets MOT til å glede-dag. Dagen handlar om å spreie glede med enkle midlar. Den vart markert på ulikt vis på dei tre ungdomsskulane og elles i kommunen. Signalberar med MOT er også eit forsterkningstiltak for å skape eit meir inkluderande lokalsamfunn. Hausten 2015 fekk kommunen sine to første signalberarar med MOT. Jentene er med si framtoning gode rollemodellar for ungdommane og unge vaksne.

Hausten 2015 har også lærlingane på Kværner Stord, tilsette ved fritidsklubbane og lagleiarane i Stord handball hatt ulike MOT-økter. Alt med mål om å skape eit varmare og tryggare oppvekstmiljø på Stord.

REHABILITERING, HELSE OG OMSORG

Nedanfor finn ein Kostra-tal, samt tal frå Folkehelseinstituttet, for området helse- og omsorg i Stord kommune. Tala syner kommunen si måloppnåing på utvalde satsingsområde. Måltala tek utgangspunkt i erfaringstal.

Omsorgssenter, måloppnåing

Måloppnåing omsorgstenester Mål Resultat
2015 2015 2014
Del årsverk m fagutdanning >81 81
Del årsverk m fagutdanning frå høgskule/ universitet >44
Snitt tildelte timar i heimen, heimesjukepleie >7,7 10,3 9,3
Snitt tildelte timar i heimen, praktisk bistand <7,0 7,6 7,7
Del heimeten.mottakarar med omfattande bistandsbehov, 67år og over i prosent 19,5 25,6 24,2
Brukarar i institusjon med omfattande bistandsbehov (langtidsopphald) % >91,7
Tid med lege per veke per bebuar i sjukeheim (timar) >0,41 0,43 0,41
Tid med fysioterapi per veke per bebuar i sjukeheim (timar) >0,17 5,26 (?) 0,17

Terskelen for å få helsefagleg hjelp er høg, og personar med størst behov vert prioritert. For å nytta ressursane mest mot dei med omfattande hjelpebehov prøver ein å fri gjera ressursar frå praktisk bistand. Difor minkar timar med praktisk bistand og timar heimesjukepleie aukar. Aukande del av brukarar som har omfattande hjelpebehov gir stort press på institusjonsplassane.

Helse, måloppnåing

Nøkkeltal helsepersonell Mål Resultat
2015 2015 2014
Legeårsverk pr 10000 innb >11,4 11,6 11,7
Snitt listelengde fastlegar <1008 990 974
Del fysioterapi årsverk pr 10000 innb >6,5 12,8 5,6
Reservekapasitet fastlege >100 102 104

Talet på fastlegar er uendra og såleis aukar listelengda med folkeauken samstundes som reservekapasitet, og høve til byte av lege vert avgrensa

NAV kommune, måloppnåing

NAV KOMMUNE Mål Resultat
2015 2015 2014
Snitt stønadslengde 18-24 år , mnd. <3,7 4,0 3,9
Snitt stønadslengde 25-66 år, mnd. <3,4 4,0 3,6
Del som går over 6 månader på stønad i % <19 25 23
Tal sos.hjelpmottakarar som får gjeldsrådgj. ved utbet. >32
Deltakarar i Kvalifiseringsprogrammet 18-66 år >18 13 13
Arbeidsledige, 15 – 29 år, prosent <2,8 2,0
Prosentdel uføretrygda 18 – 44 år <2,8 2,8 2,8

Snitt stønadslengde og del av langtidsmottakarar er knytt til arbeidsmarknaden. Her hadde kommunen ein negativ utvikling gjennom heile 2015.

Når det gjeld deltakarar i Kvalifiseringsprogrammet så vart alle søknader om dette innvilga i 2015.

Rehabilitering, helse, omsorg

Tenesteområdet Rehabilitering, helse og omsorg (RHO) omfattar Kundetorget, heimebaserte tenester, institusjonstenester, Eining for habilitering, Eining for aktivitet og rehabilitering, Sosial og førebyggjande tenester (SOFT) og NAV kommune.

Tenestene har gjennom året hatt rimeleg store utfordringar fordi ein ikkje har reservar som kan ta høgd for kostnader til nye brukarar, kostnader knytt til utskrivingsklare pasientar og auka sosialhjelpskostnader. I tillegg har det vore auka kostnader på Stord kommunale rehabiliteringssenter grunna inntak av pasientar med andre typar sjukdomsbilete enn det senteret er bemanna for. Det er difor svært positivt at tenesteområdet med stram styring på alle nivå likevel kan levere eit samla rekneskap med svært lite avvik.

Felles vikarpool som vart oppretta for alle RHO einingane hausten 2015 har vore ein suksess så langt. Å få inn tilsette med fagkompetanse til å dekka opp heile turnusen til ein som er vekke nokre veker, sikrar kvalitet i tenestene. Det er tilsett ni heile, faste stillingar i vikarpoolen.

Fylkesmannen gjennomførte tilsyn i høve samhandling av utskrivingsklare pasientar frå sjukehuset til kommunen. Fylkesmannen fann ingen avvik på dette området. Kommunen har elleve samarbeidsavtalar med Helse Fonna som skal medverke til god samhandling kring pasientane. I 2016 meldte Stord kommune om 17 avvik på desse avtalane, og Helse Fonna meldte om tre avvik til Stord kommune. Dei fleste avvika går på manglande eller mangelfulle medisinopplysningar. Det vert freista å lukka avvika etter kvart som dei oppstår. Det har i løpet av året vore gjennomført eit prosjekt om har hatt fokus på utskriving frå sjukehus og korttidsplass til heimen. Representantar frå kommunen og sjukehuset deltok, og det har resultert i satsing på eit tverrfagleg innsatsteam som skal jobba spesifikt med å koordinera for at fleire snarast råd kan koma tilbake til eigen heim.

Både på Stord sjukeheim og Knutsaåsen Omsorgssenter er det fleire faste og populære aktivitetar i samarbeid med frivillige; Røde Kors sine besøksvenner kjem kvar onsdag, andre frivillige har andakter, songstunder og konsertar.

Det har vore stor aktivitet knytt til den kulturelle spaserstokken, med fleire arrangement i kulturhuset som kulturskulen og biblioteket stod for. Det har og vore arrangement på institusjonane med både musikk, dans og teaterforstillingar. Knutsaåsen har hatt overvekt av arrangement fordi mangel på ei stor stove gjer det vanskeleg å arrangera t.d. teater på Stord sjukeheim.

Sosial og førebyggjande tenester gjennomførte brukarundersøking for brukarar med psykiske- og/eller rusvanskar. Undersøkinga viste at brukarane opplever betre samarbeid innan tenesteapparatet enn snitt i Norge. Dei scorar bra i høve at tilsette lyttar, tek i vare teiingsplikt, informerer godt og heldt avtalar. Områder som ligg noko under landssnittet er mogleik for å påverka tenestetilbodet, respektfull behandling og tilgjenge.

NAV har gjennomført si årlege brukarundersøking. I høve måltala ligg dei over i høve samarbeid og brukarmedverknad, informasjon og total kvalitet på tenestene, samt lågare i høve ventetid. Det er forbetringspotensiale i høve å bli møtt med respekt og korleis ein blir teke imot. Alt i alt ligg brukarundersøkinga omtrent 0,5% (5,1 av 6) over gjennomsnittet i Hordaland.

Kommunestyret skulle busetje 35 flyktningar i 2015, i tillegg til familiesameiningar. Det vart busett 31 flyktningar i 2015, dei fire siste vert etter avtale med IMDi, busette første kvartal 2016. NAV fekk prosjektmidlar frå Fylkesmannen til to prosjekt i 2015; Jobbsenter for flyktningar som har oppstart 1. januar 2016, og bustadsosial teneste for flyktningar (starta opp hausten 2015). Jobbsenteret skal jobbe med å sikre at busetje flyktningar kjem i gong med arbeidsretta aktivitet så tidleg som mogleg. Aktiviteten kan vera praksisplass, arbeidslivsundervisning, arbeid med godkjenning av utdanning frå heimlandet med meir. Den bustadsosiale tenesta for flyktningar skal bidra til å framskaffe bustadar som er høvelege til å busetje flyktningar, opplæring med mål om å meistre eit leige-/butilhøve samt råd og rettleiing knytt til vidare bustadkarriere.

Kommunen har framleis i periodar vanskar med å ta imot ferdigbehandla pasientar frå sjukehuset. Dei 125 institusjonsplassane som kommunen har er stort sett belagt med sterkt omsorgstrengande brukarar, som gjer at det er lite høve til inntak av nye. Nye pasientgrupper (eksempelvis personar med psykiatriske diagnosar og rusbakgrunn) konkurrerer og om dei same plassane. Kommunen har gjennom året teke fleire initiativ mot nabokommunane for leige av institusjonsplassar, men dette har ein førebels ikkje fått til. Det er vedteke bygging av nye institusjonsplassar knytt til den eksisterande sjukeheimen. Desse er planlagt ferdige våren 2018. I februar/ mars vart det etablert eit heildøgns omsorgstilbod med åtte plassar i Backertunet. Det vart gjort ombygging av to småhusvære til fellesareal. Ombygginga har medført at ein har fått tenlege lokalar på sjukeheimsnivå. Desse plassane tok litt av for presset på RHO-tenestene i vår, men i løpet av hausten har det igjen blitt stort press på tenestene. Frå desember har Avdeling for døgnrehabilitering hatt to dobbeltrom. Omtrent 70 prosent av bebuarane ved denne avdelinga kjem frå sjukehuset. Det er starta arbeid med nytt bygg ved sjukehuset som skal husa interkommunal legevakt, kommunale akutte døgnsenger (KAD) og observasjonssenger.

I 2015 var det 40 brukarar som kom inn under ordninga ressurskrevjande tenester. Dette gjeld brukarar som er særleg omsorgstrengjande og som kommunen får ekstra tilskot til. I høve desse brukarane har kommunen i fjor ei lønsutgift på om lag 100 millionar kroner og får refundert knappe 46 millionar av desse frå staten. Desse utgiftene dreg opp snittkostnaden pr brukar innan tenesteområdet.

Fleire foreldre av ungdom med psykisk utviklingshemming har meldt at dei ynskjer at borna deira skal flytta for seg sjølv. I tillegg er det nokre personar over 18 år som bur saman med eldre foreldre der ein ser at foreldra ikkje klarar å ta seg av barna lenger. Ein har pr. dags dato ikkje ledig plass i bufellesskap og utan bygging av nytt bufellesskap vil ein kunne koma i den situasjonen at ein får fleire små, kostbare «satellittar». Planlegging av nytt bufellesskap vil starta opp i 2016.

Frisklivssentralen har tilbod til personar i alle aldrar som, av omsyn til helsa, treng hjelp til å endra levevanar. Den tilbyr m a individuelle rettleiingstimar, fallførebyggjande kurs, kurs i røykeslutt og i meistring av depresjon. I 2015 har 76 innbyggjarar nytta seg av desse tilboda. Rehabiliteringssenteret har mellom anna gjennomført helsepedagogiske gruppetilbod i form av parkinsongruppa med logoped, gruppetrening MS (multippel sklerose) og bassenggruppe for personar med muskel- skjelettplager.

I 2015 kom det inn ti klager på vedtak om tenester, betaling eller bustad. Fylkesmannen i Hordaland stadfesta fire av desse klagene, kommunen omgjorde to vedtak, for tre er det enno ikkje kome svar (frå klagenemnd og fylkesmann) og éin er enno ikkje handsama.

Alle nye brukarar vert kartlagt ved hjelp av Iplos før det vert vurdert kva bistand dei treng. Iplos er eit landsomfattande system der ein måler funksjonsnivå etter ein bestemt skala.

Medarbeidarundersøking vart gjennomført i alle einingane i RHO. Dei alle fleste er nøgde med arbeidssituasjonen sin og medarbeidarsamtalar vert stort sett gjennomført. Resultata vert gått gjennom i kvar eining og presentert på personalmøta. Tiltak vert sett inn i handlingsplanen til den respektive eininga.

Sjukefråværet for RHO-einingane var 10,63 prosent i 2015. Dette er ei nedgang frå 11,46 prosent året før, noko som er eit steg i rett retning. Kommunen har fått innvilga fleire søknader til NAV om tilretteleggingstilskot. Det er stort fokus på oppfølging av sjukemelde.

Arbeid med nye dagplassar på Sæbø gard er starta opp. Pr. i dag kjenner ein til seks personar med utviklingshemming som ikkje har eit tilfredsstillande arbeid/dagtilbod. Fleire unge vil få behov dei næraste åra, då dei blir ferdig med vidaregåande skule. Trenden i samfunnet er at det vert vanskelegare for denne brukargruppa å få VTA-plass (varig tilrettelagt arbeid), og at kommunane difor må gje tilbod om dagaktivitet til desse.

Ei avdeling på Knutsaåsen omsorgssenter deltek med eitt team i Nettverk for førebygging av fall i regi av den nasjonale pasienttryggleikskampanjen. Tiltakspakke derifrå skal spreiast og implementerast i alle avdelingane i eininga. Sidan registreringsstart i april 2015, er det registrert 47 fall ved Knutsaåsen og 87 fall ved avd Backertunet, derav to lårhalsbrot. I tillegg er det registrert 37 fall ved Rehabiliteringssenteret. Det er kjøpt inn tre Motiview-syklar ved sjukeheimen/Knutsaåsen. Dette er ergometersyklar med skjerm som viser film og musikk og motiverar for trening. Desse gir trening for bebuarane og kan førebyggja fallulykker. Det er og kjøpt inn slik sykkel ved rehabiliteringssenteret ved hjelp av tilskot frå frivillige.

– Flyktningane trivst veldig bra på Stord

NAV Stord sørgjer for at alle brikkene kjem på plass slik at flyktningane som kjem til Stord kan skape seg eit liv og ei framtid. Det lukkast dei bra med, men oppmodar fleire verksemder til å ta i mot praksisplassar.

Tom Haugan
Tom Haugan

Den moderne historie til Stord er historia om eit samfunn som tek i mot folk utanfrå. Med gruvedrifta på Litlabø og industrieventyret på Eldøyane har tusenvis av tilflyttarar, både frå andre stadar i Norge og frå utlandet, slått seg ned på Stord i kortare og lengre periodar. Høgskulen på Rommetveit har også ført studentar frå fjern og nær til Stord. På Heiane har det vore asylmottak i mange år, og kommunen har i mange år teke i mot eit jamt tal på flyktningar. Dette har ført til at Stord er blitt kjend for å vera ein svært internasjonal stad, der nasjonalitetar frå heile verda er representert.

I løpet av 2015 hald denne utviklinga fram, då nytt asylmottak for mindreårige vart etablert på Litlabø på Stord. Samtidig busette kommunen 37 flyktningar. Kommunen gjer ein stor innsats i arbeidet med å integrera alle dei nye stordabuane. Det er den kommunale delen av NAV som driv flyktningtenesta i Stord kommune, og har snart 30 års erfaring med dette arbeidet. Dei har ansvar for å busetja personar som har fått innvilga flyktningstatus, har opphald på humanitært grunnlag eller er definerte som overføringsflyktningar.

– Det startar med at me finn hus, og så kontaktar me IMDi, og så finn dei folk som passar til den aktuelle bustaden. Deretter går det nokre veker medan me førebur hus og møblement, fortel Tom Haugan som er leiar for Flyktningtenesta ved NAV Stord.

– Når flyktningane så kjem er det første me gjer å sørgje for at dei får ein økonomi dei klarar seg med, gjennom sosialhjelp. Så går dei over på eit toårig introduksjonsprogram og introduksjonsløn. Programmet omfattar norskkurs, språktreningsplass og helsefremjande tiltak som til dømes trening.

Flyktningtenesta har seks tilsette, der alle jobbar med busetting. To har hovudansvaret for bustadsosialt arbeid og to har hovudansvar for Jobbsenteret – eit heilt nytt tiltak.

– Formålet med Jobbsenteret er å gi arbeidslivskunnskap som CV-skriving, øving på jobbintervju og ting som handlar om økonomi. Det handlar om å stake ut kursen så tidleg som mogleg, seier Haugan.

Ein viktig del av Introduksjonsprogrammet er praksisplassar både for språktrening og arbeidslivstrening. Her skulle NAV ønskt at det var meir varierte plassar å få tak i.

– Det går veldig greitt med praksis i små verksemder, men det er verre i store verksemder som har eit så stort system der det er vanskeleg å få innpass i. Me prøver heile tida å opparbeide oss fleire, og me saknar fleire kommunale og varierte praksisplassar.

Haugan fortel at dei er veldig interesserte i å fleire språktreningsplassar, der flyktningane ein eller to dagar i veka kan vere med i ei verksemd for å observere og høyre norsk språk. Dette har dei tidlegare hatt i barnehagar, sjukeheimsplassar og skular.

– Korleis merkar flyktningane dei dårlege tidene i arbeidslivet på Vestlandet?

– Det er minst like krevjande for dei som for alle andre som søkjer jobb. Det er ei utfordring av ein del av flyktningane slit med norskkunnskapar, som fører til at dei kjem bakarst eller lengst ned på lista. Men det positive er at mange ønskjer seg inn i helsearbeid. Og her kjem det til å bli eit stort behov for arbeidskraft.

Haugan fortel at han oppfattar Stord-samfunnet som ein veldig positiv stad å koma til som flyktning.

– Stord er ikkje veldig liten og ikkje veldig stor, men veldig oversikteleg. Ein del av dei som har flytta vekk fordi dei trudde livet var så mykje betre i til dømes Oslo, dei kjem tilbake. Dei trivst mykje betre på Stord. Det har mellom anna med gode tilhøve for barn og unge og gode fridtidsaktivitetar.

– Det er nok lettare å integrera seg i ein mellomstor kommune i Norge, trur Haugan.

Stord tok i 2015 mot flyktningar frå Irak, Iran, Syria, Eritrea, Turkmenistan, Etiopia, Somalia og Nigeria. Den yngste var 1 år, og den eldste 62 år.

No skal Stord busetja 60 ordinære flyktningar kvart år i perioden 2016 til 2018, i tillegg til familiesameiningar. Sjølv om talet har gått opp har flyktningtenesta førebels ikkje behov for fleire private bustader. Grunna bustadsituasjonen på Stord kjem det flest familiar hit, fordi det er dårleg tilgang på rimelege leilegheiter for einslege.

– På Stord kjem det mange familiar og ikkje så mange einslege, fordi leilegheiter er veldig dyre her, men også at det er meir tilgang på familiebustadar. Men grunna den auka tilstrøyminga av einslege så er me klar for fleire bukollektiv.

Flyktningtenesta på Stord har fått så mykje å gjere at dei no lyser ut ein ekstra stilling. Haugan fortel om ein spennande arbeidskvardag med mykje variasjon.

– Spennet i arbeidet vårt går frå å setje opp postkassar til flyktningane til å stå framføre kommunestyret og informere politikarane, fortel Haugan.

Prosjekt og tiltak

Kreftkoordinatorsatsinga, som er eit samarbeid med Kreftforeininga, har ført til betre pasientforløp ved avslutning av livet. Koordinatoren samarbeider med resten av hjelpeapparatet og koordinerer rette tenester til pasienten. Fleire får høve til å vera heime lengre, ofte til siste slutt.

Velferdsteknologiprosjektet nådde måltal om utprøving av 65 tryggleikspakkar i november 2015. I staden for å tilby berre tryggleiksalarm, kan ein no knytte ulike sensorar til alarmen. Vanlegast er fallalarm, dørsensor og røykvarslar. I tillegg er det prøvd ut GPS og elektronisk medisinstøtte. Prosjektet har samarbeid med brannvesenet når det gjeld røykdetektorar.

Førebyggjande heimebesøk er godt i gang med besøk til innbyggjarar født i 1938. Tilsette frå heimebaserte tenester, brannvesen og ergoterapeut deltek på besøk for å førebyggja farar og vurdera hjelpemiddel som kan vera med å bevara god helse og førebyggja behov for tenester. Dersom evaluering av dette tiltaket er positiv, er det mål å fortsetja i vanleg drift med slike besøk. Prosjektet er eit samarbeid mellom Brannvesenet, Heimebaserte tenester og Eining for aktivitet og rehabilitering.

Ernæringsprosjekt er starta opp ved institusjonane. Prosjektet er todelt, og i fyrste delen som vart utført i 2015, var det ei arbeidsgruppe med deltakarar frå alle avdelingar. Dei tok føre seg å få oversikt over alle prosedyrar knytt til ernæring i eininga, korleis desse vart nytta i avdelingane og om prosedyrane er i tråd med sentrale retningsliner for ernæring. Gruppa har arbeidd med  korleis ein kan sikra at prosedyrane vert følgt i alle avdelingar i eininga, og det er sett på kva tilsette treng meir kunnskap om. Prosjektet held fram i 2016.

Prosjekt Opplæring av eigne helsefagarbeidarar er starta for å hjelpa fast tilsette assistentar fram til fagbrev i helsearbeidarfaget. Dei får særskild opplæring med eit kurs arrangert av AOF og vert prioritert til å få naudsynt praksis for å kunne gå opp til fagprøve. Det er ni tilsette som er deltakarar i prosjektet.

Demensteamet gjennomførte 36 kartleggingar i 2015. Venteliste ved utgangen av 2015 var sju pasientar.

Heimerehabiliteringsteamet består av sjukepleiar, ergoterapeut og fysioterapeut. Vedtak om heimerehabilitering vert gjort på møte kvar veke mellom Kundetorget og heimerehabiliteringsteamet. Brukarane får oppfølging av teamet i fire veker, med intensiv trening retta mot brukar sine eigne mål. Heimerehabiliteringsteamet samarbeider med heimebaserte tenester, pårørande og andre, der det er naturleg.

Sosial og førebyggjande tenester driv eit prosjekt knytt til Tidleg rusinnsats. Prosjektet har fått tilskot frå Fylkesmannen, og har hatt som mål å førebyggje at ungdom i risiko utviklar rusvanskar. 17 ungdommar deltok i programmet i 2015.

Det har vore gjennomført Termakurs (terapeutisk møte med aggresjon) i fleire avdelingar innan tenesteområdet. Valen sjukehus bistår med undervisning. Fleire tilsette vil få tilbod om dette i 2016.

Seks tilsette deltek på SEPREP ( Senter for psykoterapi og psykososial rehabilitering ved psykosar) utdanninga og fem heldt på med vidareutdanning i psykisk helsearbeid og rusomsorg og fire tek vidareutdanning i eldreomsorg. Vidare tek to fagarbeidarar vidareutdanning i rehabilitering og ein i kreftomsorg. Det er fem tilsette som tek ulike  masterutdanningar.

Kommunen tok inn ni nye lærlingar i helsearbeidarfaget i 2015 og har dermed 16 lærlingar totalt i dette faget.

Det vart oppretta ny fastlegeavtale hausten 2014 og i ein periode har det vore auka tilgjenge hjå fleire legar. Dette er no avgrensa til om lag 250 listeplassar som resultat av byte og auka tilmelding slik at det no på nytt berre er eit par legar som har open liste. Legane i Sagvåg og dei ved Myro legesenter vart samlokaliserte i Heiane legesenter våren 2015. Dette legesenteret har no sju legar, noko som er det største på Stord. I samband med lovfesta permisjonar har det vore trong for vikar for fastlege. Rekruttering til dette har vore vanskeleg og kommunen har måtta nytta utleigebyrå for å stetta folk sin rett til fastlege. Det vert utarbeidd avtalar for dette etter kvart. Den interkommunale legevaktordninga synest å fungera greitt og kjem med eiga årsmelding.

Økonomi

Detaljerte nøkkeltal frå Kostra, nivå 2

Nøkkeltal

Pleie og omsorg Stord Samanlikn. kommunar Landet utan Oslo
2015 2014 2013 2015 2015
Heimetenesta
Korrigerte brutto driftsutg. pr mottakar av heimetenester (i kroner) 338 599 336 751 304 705 248 274 237 314
Mottakarar av heimetenester pr 1000 innb. 0-66 år 19 19 19 22 21
Mottakarar av heimetenester pr 1000 innb. 80 år og over 312 305 325 321 329
Andel heimebuande brukarar med omfattande bistandstrong, 80 år + i % 27,4 29,3 21,0 15,7 12,8
Institusjonar
Plassar i institusjon i % av innbyggjarar over 80 år 11,7 11,6 11,5 14,9 18,3
Legetimar pr veke pr bebuar i sjukeheim 0,43 0,41 0,41 0,49 0,54
Fysioterapitimar pr veke pr bebuar i sjukeheim 5,26 (?) 0,17 0,17 0,63 0,41
Andel plassar i skjerma eining for personar med demens 33,2 34,2 35,5 23,7 26,1
Korrigerte brutto driftsutgifter i institusjon per plass i kroner 1 155 081 1 147 619 1 016 272 1 059 827 1 040 127
Andel brukarar i institusjon med omfattande bistandstrong, langtidsplassar 81,6 83,3

 

Kostnader for mottakarar av heimebaserte tenester ligg over gjennomsnittet for samanlikningskommunar og for landet elles. Dette har mellom anna bakgrunn i mangel på institusjonsplassar som gjer at til dels sterkt hjelpetrengande, som burde hatt ein institusjonsplass, må få tenester i heimen. Del av heimebuande over 80 år med omfattande bistandstrong ligg over 100 prosent høgare enn landet elles.

 

Dei som får plass på institusjon er svært hjelpetrengande og kommunen har fleire plassar for demente enn samanlikningskommunar, noko som fører til noko høgare utgifter pr. plass.

 

Fysioterapitimar pr. veke pr. bebuar ved sjukeheim er feil i statistikken og blir retta opp ved revidering i juni.

 

Sosialtenesta Stord Samanlikn. kommunar Landet utan Oslo
2015 2014 2013 2015 2015
Netto driftsutgifter til sosialtenesta per innbyggar, i kroner 1719 1693 1282 1851 1953
Netto driftsutg. til sosialtenesta i prosent av samla netto driftsutgifter 3,6 3,6 2,8 3,7 3,7
Netto driftsutg. til tilbud personar med rusproblem pr innbyggjar 20-66 år 539 768 192 394 408
Andelen sosialhjelpsmottakarar i forhold til innbyggjarar i alderen 20-66 år 3,7 3,6 4,1 4,2 4,2
Sosialhjelpsmottakarar 416 399 451 326 270
Brutto driftsutgifter til økonomisk sosialhjelp per mottakar 31 226 25 880 24 703 36 631 40 952
Gjennomsnittleg utbetaling per stønadsmånad 8082 7046 7013
Sosialhjelpsmottakarar med sosialhjelp/introduksjonsstønad som hovudinntektskjelde, andel 44,0 47,7 44,2 46,5

 

Gjennom 2015 vart utfordringane på arbeidsmarknaden, lokalt, merkbart større. NAV Stord hadde ein auke i talet på stønadsmottakarar i 2015, frå 399 i 2014 til 416. Auken var størst i aldersgruppa 18-24 år der talet auka frå 104 stønadsmottakarar i 2014 til 127 stønadsmottakarar i 2015. Snitt stønadslengd for stønadsmottakarar er om lag fire månader, litt kortare for aldersgruppa 18-24 år.

Brutto utbetalt økonomisk sosialhjelp auka med 2,7 millionar kroner samanlikna med 2014. Årsaker til dette er fleire mottakarar, noko auka stønadslengd samt at Stord kommune slutta seg til statleg rettleiande sats for økonomisk sosialhjelp frå årsskiftet 2015 (sats frå 2010 var nytta i 2014).

 

 

Kommunehelse Stord Samanlikn. kommunar Landet utan Oslo
2015 2014 2013 2015 2015
Netto driftsutgifter per innbyggjar i kroner, kommunehelsetenesta 2439 2265 2235 2265 2382
Netto driftsutgifter i prosent av samla netto driftsutgifter 4,9 4,8 4,8 4,5 4,5
Netto driftsutgifter til diagnose, behandling og rehabilitering per innbyggjar 1524 1355 1150 1490 1657
Legeårsverk per 10 000 innbyggjarar, kommunehelsetjenesta 11,6 11,7 11,4 9,7 10,5
Fysioterapiårsverk per 10 000 innbyggjarar, kommunehelsetjenesta 7,0 7,1 6,5 8,7 9,0

Kommunehelsetenesta omfattar deler av legetenesta, legevakt og deler av førebyggjande tenester. Driftsutgiftene har auka ved styrking av helsesøsterfunksjon, men mest når det gjeld diagnose og behandling. Dei største kostnadane er knytt til ny interkommunal legevakt og leige av vikar frå vikarbyrå ved avvikling av lovfesta permisjonar for fastlegar.

KOMMUNEØKONOMIEN

Årsrekneskapen for Stord kommune vart i 2015 gjort opp med eit overskot på kroner 37,9 millionar.

Stord kommunale eigedom gjekk med nær 1,5 mill. kr i overskot, slik at samla overskot i konsernet er på 39,4 millionar kroner.

Driftsrekneskapen for Stord kommune, 2011-2015

Driftsrekneskap 2011 2012 2013 2014 2015
Sum driftsinntekter 1 060 429 1 065 800 1 107 872 1 146 982 1 213 237
Sum driftsutgifter -1 011 131 -1 064 987 -1 079 911 -1 147 897 -1 190 338
Brutto driftsresultat 49 298 813 27 961 -916 22 898
Avskrivingar 10 064 10 715 11 575 12 598 15 341
Brutto driftsresultat eks avskrivingar 59 362 11 528 39 536 11 682 38 240
Netto finanspostar -60 795 -7 033 4 190 1 257 7 627
Netto driftsresultat -1 433 18 562 35 346 10 425 30 613
Interne finanstransaksjonar -1 312 -5 606 -2 863 16 577 7 355
Meirforbruk – /mindreforbruk + -2 745 12 956 32 483 27 002 37 968

 

sk-graf-side

 

Kommunen sitt netto driftsresultat har styrka seg frå 10,4 millionar kroner i 2014 til 30,6 millionar kroner i 2015. Netto driftsresultat vert berekna frå brutto driftsresultat, korrigert for renter, avdrag, kommunale utlån, endring finansielle omlaupsmiddel, utbytte og avskrivingar. Netto driftsresultat fortel kva kommunen sit igjen med etter at driftsutgifter, renter og avdrag er betalt. Netto driftsresultat kan brukast til å finansiere investeringar eller settast av til komande år. For Stord kommune sin del vil netto driftsresultat settast av til å dekke finansiering av investeringar innan skule, pleie og omsorg. Netto driftsresultat er den indikatoren som gjev det beste målet på økonomisk balanse i kommunen. For Stord kommune (konsern) utgjorde netto driftsresultat (resultat før bruk av fond og avsetningar til fond og overføring til investeringsrekneskapen) 3,7 prosent av brutto driftsinntekter i 2015. Dette er 1,1 prosent betre enn samanlikningskommunane, som har 2,6 prosent. Stord kommune er i kommunegruppe 8: mellomstore kommunar med låge bundne kostnader per innbyggjar, middels frie disponible inntekter. Teknisk berekningsutval for kommunal og fylkeskom­munal økonomi har tilrådd at netto driftsresultat bør utgjere 1,75 prosent av driftsinntektene for å bevare kommunen sin formue. Fylkesmannen meiner at netto driftsoverskot bør vere høgare enn dette. Frå og med rekneskapsåret 2014 utgår mva-kompensasjon opptent i investeringsrekneskapen frå berekninga av brutto driftsinntekter. Resultatet er langt betre enn for eit år sidan, og målt over dei fire siste åra har drifta gått i pluss.

Frie inntekter

Frie inntekter består av rammetilskot, skatteinntekter og andre ikkje-øyremerka statlege tilskot. Desse inntektene utgjer den viktigaste finansieringskjelda til kommunen. Den demografiske utviklinga og samansetninga har innverknad på nivået på dei statlege overføringane. Rammetilskotet skal reflektera kostnadene med å yta tenester til dei ulike aldersgruppene m.m.

Stord kommune sitt skattenivå i 2015 var 98,0 prosent av landsgjennomsnittet. Dette var ein auke frå 2014, då skattenivået i Stord kommune var 97,4 prosent av landsgjennomsnittet.  I 2011 vart overføringar til private barnehagar innlemma i rammetilskotet, dette forklarer den store auken i rammetilskot i 2011. I 2012 vart samhandlingsreforma innført, noko som forklarer auken i rammetilskot frå 2011 til 2012.

Utviklinga i frie inntekter (1000 kr) 2011 2012 2013 2014 2015
Frie inntekter eks momskompensasjon 733 624 796 311 833 721 861 229 904 064
– skatt 419 143 427 160 442 092 450 121 484 244
– rammetilskot 314 521 366 201 391 629 411 108 419 820
Frie inntekter pr. innbyggjar 40 860 43 685 45 304 46 092 48 153
Auke frie inntekter i prosent 27,9 6,9 3,7 1,7 4,5
Momskompensasjon 14 097 13 624 16 345 15 081 22 755
av dette investering 1 587 2 411 3 144 2 506 5 495
av dette drift 12 506 11 213 13 201 12 575 17 260

 

Dei frie inntektene til Stord kommune vart i 2015 kr. 7,9 millionar kroner høgare enn budsjettert.

Driftsrekneskap / budsjett

Driftsrekneskapen, skjema 1A. Hovudtal (1000 kr) Rekneskap Budsjett rev. Budsjett opph. Rekneskap
2015 2015 2015 2014
6 Sum frie disponible inntekter 968 087 958 883 955 662 922 794
12 Netto finansinntekter/utgifter 46 045 40 394 40 966 36 713
19 Netto avsetning -7 584 -15 954 -41 452 -16 604
20 Overføring til investering 228 1 338 24 000 327
21 Til fordeling drift 929 398 933 104 932 149 902 659
22 Sum fordelt til drift 891 430 895 686 894 701 875 656
23 Rekneskapsmessig meir-/mindre forbruk. -37 968 -37 418 -37 448 -27 002

Pensjon

Pensjonskostnaden er det som vert belasta i kommunen sin rekneskap, medan pensjonspremien er det kommunen faktisk betalar til pensjonsforsikringsselskapa for dekning av framtidige pensjonsforpliktingar. Dersom pensjonspremien er større enn pensjonskostnaden får vi eit positivt premieavvik. Er pensjonspremien mindre enn pensjonskostnaden får vi eit negativt premieavvik. Eit positivt premieavvik skal førast til inntekt i årsrekneskapen og vert bokført under omlaupsmidlar som kortsiktig fordring. Tilsvarande skal eit negativt premieavvik utgiftsførast i årsregnskapet og bokførast som kortsiktig gjeld. Premieavvik vert slik ein form for korreksjonspost til den betalte pensjonspremien slik at nettoen av desse to posteringane blir lik pensjonskostnaden. Ein har valet mellom å kvart år avsetje for full dekning av premieavviket eller å amortisere over 15 år (for premieavvik oppstått i perioden 2002 – 2010),  10 år (for premieavvik oppstått i perioden 2011 -2013) og 7 år (for premieavvik oppstått i perioden 2014 og seinare). Stord kommune har valt å amortisere over 15, 10 og 7 år. Akkumulert premieavvik per 31.12.15 er  61,578 millionar kroner, der 18,6 millionar kroner skal utgiftsførast over 15 år, 21,1 millionar kroner over 10 år og 21,7 millionar kroner over 7 år.

Ein større del av driftsbudsjetta i kommunesektoren vil gå med til å dekke akkumulert premieavvik framover. Det er venta at kommunesektoren i åra framover måtte vil bruke ein stadig større del av inntektene sine på pensjon. Auken skuldast både auka nedbetaling av tidlegare års premieavvik, lågare avkasting på pensjonsmidlane og høg lønsvekst. Stord har likevel eit relativt lite oppsamla premieavvik og bør klare å handtere dette, jamfør kommunebarometeret.

Avsetnader

Netto avsetning, spesifikasjon (1000 kr) Rekneskap Budsjett rev. Budsjett opph. Rekneskap
2015 2015 2015 2014
Bruk av udisponert frå tidlegare år 27 002 27 052 37 314 32 483
Bruk av disposisjonsfond 24 000
Bruk av bundne driftsfond 8 625 2 642 4 171 9 432
Sum bruk av avsetningar 35 627 29 695 65 485 41 915
Overført til inv. rekneskapen 228 1 338 24 000 327
Avsett til dekning frå tidligare år 16 290
Avsett til disposisjonsfond 13 948 13 690 24 002
Avsett til bundne fond 14 095 50 31 8 721
Sum avsetningar 28 271 15 079 48 033 25 338
Sum netto avsetningar -7 355 -14 616 -17 452 -16 577

 

Det er brukt 8,6 millionar kroner av bundne fond, og sett av 14 millionar til bunde fond.

Oversyn bruk av fond og avsetningar til fond, største postar.

Bruk (1000 kr) Avsetnader (1000 kr)
Husbanken, tilpassing av bustad 1 644 Sosial og førebyggjande, tiltak utanfor institusjon 2 025
Rusarbeid (Hasjavvenning, tillitsperson) 1 760 Regulering, byggesak og oppmåling, sjølvkost 3 932
Stordmodellen 1 357 SFO, sjølvkost 945
Diverse andre øyremerka statstilskot/skjønsmidlar 3 839 Førebyggjande helse, tilbod til personar med rusproblem 890
Flyktningeteneste, skjønsmidlar 837
Falturiltu 400
Diverse andre øyremerka statstilskot/skjønsmidlar 4 971
Sum bruk 8 625 Sum avsetnad 14 095

 

Utvalde nøkkeltal frå KOSTRA, konsern [1]

2015 2014 2013 Kommune gruppe 8 2015 Landet utanom Oslo 2015
Brutto driftsresultat i prosent av brutto driftsinntekte [2] 4,9 3,0 4,7 2,6 2,5
Netto driftsresultat i prosent av brutto driftsinntekter 3,7 1,8 3,6 2,6 2,9
Overskot før lån og avsetningar i % av brutto driftsinntekter -3,3 -3,3 -5,8 -5,0 -3,4
Netto finans og avdrag i % av brutto driftsinntekte [3] 5,6 5,5 5,3 4,0 3,9
Netto avdrag i prosent av brutto driftsinntekter 2,7 2,6 2,7 3,3 3,3
Netto finans i prosent av brutto driftsinntekter 2,9 2,9 2,7 1,1 0,7
Netto lånegjeld i prosent av brutto driftsinntekte [4] 97,9 95,5 90,5 89,3 81,0
Langsiktig gjeld i prosent av brutto driftsinntekte [5] 227,3 224,6 215,8 217,6 216,9
-Av dette pensjonsforpliktelsar i prosent av brutto driftsinntekter 115,7 116,0 112,8 109,6 117,1
Sertifikatlå [6] i prosent av langsiktig gjeld eks pensjonsforpliktingar 57,2
Renteeksponert gjel [7] i prosent av brutto driftsinntekter 40,5 45,3 47,5
Renteeksponert gjeld i prosent av langsiktig gjeld eks pensjonsforpliktingar 36,3 41,7 46,1
Netto renteeksponering i prosent av brutto driftsinntekter 30,7 32,9 37,6
Arbeidskapita [8] ex. premieavvik i prosent av brutto driftsinntekter 14,3 11,7 8,7 18,3 24,5
Finansiering investering:
Intern finansiering (fond, e-skatt) 28,6 -11,4 15,9 2,0 1,6
Tilskot, refusjonar, salsinntekter m.m., i % av brutto investeringsutgifter 19,4 30,2 15,9 31,1 33,5
-Av dette sal av fast eigedom 4,5 11,3 1,4 5,7 7,1
Bruk av lån (netto) i % av brutto investeringsutgifter 51,8 79,7 62,6 62,3 60,4
Frie inntekter:
Skatt på inntekt og formue i % av brutto driftsinntekter 36,9 35,8 36,4 33,1 33,0
Statleg rammeoverføring i % av brutto driftsinntekter 32,0 32,7 32,4 34,2 32,6
Eigedomsskatt i % av brutto driftsinntekter 3,0 3,2 3,2 2,4 3,2
Nøkkeltal i kroner per innbyggjar:
Frie inntekter i kroner per innbyggar 48 153 46 092 45 304 48 131 49 762
Netto lånegjeld i kroner per innbyggjar [9] 68 363 64 144 59 599 63 800 61 391
Pensjonsforplikting i kroner per innbyggjar 80 818 77 925 74 283 78 294 88 668
Brutto utgifter til premieavvik per innbyggjar 444 9 -1 079 591 629

 

 

Kommunen si samla lånegjeld har auka med 99 millionar kroner i 2015, og er no på brutto 1,462 milliardar kroner. Av dette er 685,1 millionar kroner lånt ut vidare; 545,2 millionar kroner til vass- og avlaupsføremål, 126 millionar kroner er lånt ut til innbyggjarane i kommunen som startlån/formidlingslån, og 13,9 millionar kroner er vidareutlånt til Stord hamnestell. Netto lånegjeld per innbyggjar i kommunen er no på 68 363 kroner. Dette er høgare enn samanlikningskommunane, som har 63 800 kroner. Stord har netto utgifter til finans, før avdrag, på 2,9 prosent av inntektene. Dette er mykje i høve til resten av landet, som har 0,7 prosent. Renteeksponert gjeld målt mot brutto driftsinntekter er omtrent på landsgjennomsnittet (33 prosent), jf. kommunebarometeret.

 

Gjeld fordelt på sjølvkostområdet og anna verksemd (heile 1000) 2014 2015
Kommunen si samla lånegjeld 1 362 988 1 462 382
Vatn, avlaup og renovasjon, del i kroner 500 697 545 218
Vatn, avlaup og renovasjon, del i prosent 37 37
Startlån/formidlingslån i kroner 119 633 126 066
Startlån/formidlingslån i prosent 9 9
Stord hamnestell sin del av gjelda i kroner 14 547 13 904
Stord hamnestell sin del av gjelda i prosent 1 1
Anna kommunal verksemd i kroner 728 112 777 194
Anna kommunal verksemd i prosent 53 53

 

Kommunen sine gjeldsutgifter innanfor sjølvkostområda er finansiert over brukarbetalingar. Renteutgifter til startlån/formidlingslån er dekka av låntakar. Stord hamnestell sine renter og avdrag er finansiert av hamnestellet sine inntekter. Kommunen si ordinære gjeld er i hovudsak finansiert over kommunen sine frie inntekter, dvs. skatt og rammetilskot.

 

Gjeld som vert dekka av øyremerka statstilskot 2014 2015
Grunnlag for rentekompensasjon skuleutbygging reform -97 2 312 000 1 156 000
Grunnlag for rentekompensasjon skuleutbygging 79 700 325 76 538 061
Grunnlag for rente- og avdragskompensasjon omsorgsbustader, institusjonsutbygging 44 409 870 39 195 640
Grunnlag for rentekompensasjon kyrkjebygg 10 482 510 10 267 119
Del av totalgjelda som vert kompensert, i kr 136 904 705 127 156 820
Del av totalgjelda som vert kompensert, i prosent 10 8,7

 

Kommunen fekk 5,952 millionar kroner i rente- og avdragskompensasjon i 2015.

Unytta lånemiddel har auka frå kr. 63 mill. i 2014 til kr. 95 mill. i 2015. Vatn og avlaup sin del av dette er kr. 41 mill., eigedom sin del er kr. 35,2 mill. Auken skuldast i hovudsak forseinkingar i prosjekta, og det vert gjort framlegg om overføring av midlane til 2016 i eiga sak til kommunestyret våren 2016.

Investeringsrekneskapen vert i hovudsak ført i dei to føretaka Stord kommunale eigedom KF og Stord vatn og avlaup KF, og investeringsprosjekta er nærare omtala i årsmeldingane frå føretaka.

[1] Konserntal, inkluderer kommune, kommunale føretak, interkommunale samarbeid og interkommunale selskap

[2] Frå og med rekneskapsåret 2014 utgår mva-kompensasjon opptent i investeringsrekneskapen frå berekninga av brutto driftsinntekter. Avskrivingar er med, slik at indikatoren kan nyttast for samanlikning med eit resultatorientert rekneskapssystem (primært brukt i privat næringsliv)

[3] Viser kor stor del av driftsinntektene som er bunde opp til tilbakebetaling av lån

[4] Langsiktig gjeld ekskl. pensjon, utlån, unytta lånemiddel

[5] Inklusiv pensjonsforpliktingar og formidlingslån

[6] Sertifikatlån har kortare løpetid enn eit år og må refinansierast fortløpande. Indikatoren kan sei noko om refinansieringsrisiko. Ifølge SSB er det manglande/feilaktig rapportering frå andre kommunar som gjer at me ikkje har samanlikningstal. Dei har ikkje funne ein god metode for å estimere tal for desse.

[7] Korrigert for gjeld innanfor sjølvkost området og gjeld som ein får rentekompensasjon for gjennom Husbanken

[8] Arbeidskapital: Differansen mellom omlaupsmidlar og kortsiktig gjeld, eit uttrykk for likvididet

[9] Netto lånegjeld er definert som langsiktig gjeld (eksklusive pensjonsforpliktingar). Totale utlån og ubrukte lånemidlar er trekt frå.

Balanse

Stord kommune, balanserekneskap 2011-2015

EIGENLUTAR (tal i millionar kroner) 2011 2012 2013 2014 2015
Omløpsmidlar:
Kasse, postgiro, bank 203 162 142 177 230
Fordringar 132 103 105 113 113
Premieavvik 41 52 62 78 72
Sum omlaupsmidlar 376 327 309 368 415
Anleggsmidlar:
Aksjar, andelar 34 24 25 27 46
Langsiktige utlån 939 1 023 1 125 1 187 1 248
Pensjonsmidlar 784 856 945 1 038 1 131
Utstyr og fast eigedom 234 227 231 234 284
Sum anleggsmidlar 1 990 2 130 2 327 2 486 2 710
Sum eignelutar 2 366 2 447 2 636 2 854 3 125

GJELD OG EIGENKAPITAL (tal i millionar kroner)

Gjeld: 2011 2012 2013 2014 2015
Kortsiktig gjeld 185 118 165 176 204
Langsiktig gjeld 1 130 1 209 1 248 1 363 1 462
Pensjonsforplikting 1 015 1 126 1 262 1 342 1 396
Sum gjeld 2 330 2 463 2 675 2 881 3 063
Eigenkapital:
Fond 149 125 98 111 87
Rekneskapsmessig underskot -30 -29 -16 0
Rekneskapsmessig overskot 0 13 32 27 38
Udekt i investeringsrekneskapen 0 0 0 0
Endring i rekneskapsprinsipp -10 -10 -10 -10 -10
Anna eigenkapital -73 -104 -143 -155 -53
Sum eigenkapital 36 -6 -39 -27 62
Sum gjeld og eigenkapital 2 462 2 447 2 636 2854 3 125

Kraftsalsfondet, plasseringar og avkastning 2015

Utviklinga i marknadsverdi for kraftsalsfondet og samansetning av aktiva klassane:

Tal i heile 1000 Tal i prosent
Aktivaklassar 2012 2013 2014 2015 2012 2013 2014 2015
Obligasjonar/sertifikat 83 211 85 552 91 764 71 267 73,3 68,0 69,9 64
Aksjefond internasjonale 12 463 16 500 19067 23 332 11 13,1 14,5 21
Kursregulering (valutasikring) 135 138 -773 -488 0,1 0,1 -1
Bankinnskot 3 109 3 473 1 117 1 641 2,7 2,8 0,9 1
Utlån til lag og organisasjonar 5 385 11 674 12 606 8 627 4,7 9,3 9,6 8
Utlån til Stord lufthamn 9 252 8 392 7 532 6 671 8,1 6,7 5,7 6
Sum marknadsverdi plasseringar 113 555 125 729 131 312 111 050 100 100 100 100
Avkastning i kr 8 917 7 056 4 589 1 751
Avkastning i prosent 8 5,61 3,49 1,58

 

Fondet gav i 2015 ei avkastning på 1,58 prosent eller 1,751 millionar kroner. Totalavkastninga på aksjar og obligasjonar (eks. utlån) var på 1,9 prosent, dette er 0,48 prosentpoeng betre enn «normalporteføljen». Aksjeporteføljen har gitt 6,81 prosent i avkasting i 2015, dette er 6,10 prosent over benchmark (eit gjennomsnitt av norske og globale aksjar). Obligasjonsporteføljen har gitt 0,9 prosent avkastning i 2015, dette er 0,69 prosentpoeng under benchmark (norske statsobligasjonar med tre års durasjon). Det var budsjettert med kr 5 090 000 i avkastning på finansporteføljen i 2015, inntektsført avkasting vart 1 510 890. Ved utgongen av 2015 var midlane plassert i bankinnskot, rentebærande verdipapir i norske bankar og sparebanker og aksjefonda Delphi verden og Storebrand global indeks.

ORGANISASJONSKART

organisasjonskart-stord-kommune

STORD I ORD OG TAL

Byen Stord (Stord kommune) ligg i regionen Sunnhordland i Hordaland fylke. Stord kommune utgjer den sørlege halvdelen av øya Stord, i tillegg til dei mindre øyane Huglo og Føyno. Det utgjer eit samla areal på 144 kvadratkilometer.

Nord på øya Stord ligg Fitjar kommune. Næraste by nord for Stord er Bergen, medan Haugesund og Stavanger er dei næraste byane i sør. Kommunesenteret Leirvik er regionsenter i Sunnhordland.

Folketalet var ved årsskiftet 2015/2016: 18 775

Sysselsetjing (Tal frå 2013):
Tal på arbeidsplassar: Ca. 9 594
Privat og offentleg tenesteyting: 65,3 %
Industri, bygg og anlegg: 33,6 %
Primærnæringar: 0,8 %
Andre: 0,3 %

Ved årsskiftet 2014/2015 var det i Stord kommune 1240 tilsette fordelt på 938 løna årsverk.

[wpsm_comparison_table id=»1″ class=»»]

 

ORDFØRARANE

ordforere

Liv Kari Eskeland (H) var ordførar fram til 22.10.2015. Deretter tok Harry Herstad (AP) over ordførarkjede, samtidig som nytt kommunestyre trådde i kraft.

KOMMUNESTYRET

styret_72dpi

Nyvalt kommunestyre

Nyvalt kommunestyre
Nyvalt kommunestyre – Foto Haldis Lauksund