1.2 Rådmannen

Magnus Mjør. Foto: Haldis Lauksund

Stord kommune arbeida i 2016 aktivt med kommunereforma. Sunnhordlandskommunane gjekk høgt ut med eit prospekt på éin kommune i Sunnhordland. Dette vart sidan redusert til Bømlo, Fitjar, Tysnes og Stord. Til slutt stod det om Fitjar og Stord. Stord sa i juni 2016 ja til samanslåing, men heile prosessen kulminerte med at Fitjar kommune til slutt takka nei.

Det er ulike oppfatningar av kor dramatisk dette er. Stord er i utgangspunktet definert som robust, og innbyggjarane har dei same tilbod og rettar som før. Men inntektssystemet er stramma inn med nok eit knepp. Og Stord og Sunnhordland er relativt svekka i favør av dei nye større kommunane i andre delar av fylket, noko som kan bli forsterka i ein ny og større region. Få trur likevel at spørsmålet om kommunesamanslåing i Sunnhordland er lagt dødt og Stord er framleis positiv til å byggja ein ny kommune i Sunnhordland.

Stord kommune gjekk i 2016 med eit overskot på 35,1 millionar kroner. Netto driftsresultat var 2 prosent av brutto driftsinntekter. Resultatet er såleis betre enn det anbefalte 1,75%, men jamt over svakare enn i dei kommunane ein vert samanlikna med. Dette kan i stor grad forklarast med at Stord kommune ikkje fekk del i den sterke skatteveksten som kommunesektoren opplevde i 2016. Stord hadde i fjor ein skattevekst på 0,4 prosent medan gjennomsnitt for landet var 9,7 prosent.

Stord kommune er på kommunebarometeret for 2017 rangert som nr. 97, som er 72 plassar betre enn året før. Ifølgje kommunebarometeret er Stord kommune sin profil «langt mer positiv enn normalen i Kommune-Norge.” Kommuneøkonomien er likevel utfordrande, noko som i stor grad er knytt til kommunen sitt gjeldsnivå. Kommunen si samla gjeld auka med 250 millionar kroner i 2016, og er no 1,712 milliardar kroner. Netto lånegjeld per innbyggjar er høgt, ved årsskiftet 77 321 kroner. I økonomiplanperioden 2017-2020 vil kommunen sine årlege rente- og avdragskostnader auka med rundt ti millionar kroner. Saman med auka driftskostnader som følgje av m.a. nye sjukeheimsplassar vil dette gje store utfordringar for budsjettarbeidet frametter.

Dei to kommunale føretaka Stord kommunale eigedom KF og Stord vatn og avlaup KF vart avvikla frå og med 1. januar 2016. Frå 1. mai vart avdelinga for Veg, trafikk og parkering (VTP) slått saman med VAR-tenestene til ei ny eining Stord kommunalteknikk (SKT). Stord kommunale eigedom KF vart vidareført som eininga Stord kommunale eigedom.

Stord kommune inngjekk i 2016 avtale med Fitjar kommune om leige av fem sjukeheimsplassar. I tillegg vert tredje høgda i Backertunet og rehabiliteringssenteret i praksis brukt til institusjonsplassar. Kapasiteten er likevel for liten. I 2016 betalte Stord kommune Helse Fonna 4 mill. kr. for 919 døger for utskrivingsklare pasientar. Kommunestyret godkjente hausten 2016 forprosjekt for 48 nye plassar, dei første skal etter planen takast i bruk i 2018. Det vart i 2016 også gitt klarsignal for å utvida dagtilbodet på Sæbø gard.

Årsmeldinga syner at kommunen har eit utstrakt samarbeid med frivillige lag og organisasjonar og at det frivillige arbeidet utgjer ein viktig del av tilbodet til innbyggjarane i Stord. Stord kommune prioriterer også utviklingsarbeid, og har til ei kvar tid gåande fleire prosjekt innanfor dei ulike sektorane.

Det vart busett i alt 64 flyktningar i Stord kommune i året som gjekk. For 2016 er det for første gang utarbeida ein integreringsrapport som del av årsmeldinga. Kommunen sine primæroppgåver er busetting og introduksjonsprogrammet. I tillegg gjennomfører flyktningtenesta ei rad intgreringstiltak. 2257 eller 12 prosent av innbyggjarane i Stord er innvandrarar. Stord kommune har lang røynsle med å busetje flyktningar og dei ulike einingane samarbeider godt med frivillige lag og organisasjonar.

Byggjearbeida på nye Stord ungdomsskule kom godt i gang i 2016, og det er utarbeida eit forstudie på ny ungdomsskule og fleirbrukshall i Sagvåg. Dette er ei stor satsing, framdriftsplanen legg opp til at Stord kommune i løpet av ein ti-års periode vil ha opna tre nye ungdomsskular. I 2016 vart eining for Sosial- og førebyggande teneste til to einingar, eining for rus og psykisk helse og eining for førebyggjande tenester. Eining for førebyggjande tenester består av pedagogisk psykologisk teneste (PPT) for Stord og Fitjar, ungdomsteam (Utekontakt og SLT koordinator), spesialpedagogisk team for føreskulebarn og førebyggjande helsetenester (Jordmor-, helsestasjon- og skulehelsetenesta). Den nye organiseringa trådde i kraft i oktober. Eining for førebyggjande tenester utgjer saman med Sunnhordaland Interkommunale barnevernteneste hjelpetilbodet til barn, unge og deira familiar i Stord kommune.

Barnehagar og skular med kvalitet og god kompetanse er viktige som helseførebyggjande tiltak. Stord kommune har full barnehagedekning. Barnehagedrifta er effektiv og personalet er godt utdanna. Det er eit aukande tal menn som tek arbeid i barnehagane, men enno eit stykke at før ein når dei sentrale målsettingane for tal mannlege tilsette. Kommunestyret vedtok i 2015 å byggja ein kommunal barnehage med inntil 150 barn over 3 år i oppvekstområde Sagvåg/Litlabø. Prognosane syner no at kommunen ikkje treng fleire barnehageplassar før i 2022 og vidare utbygging er sett på vent inntil vidare.

Årsmeldinga syner at det er stor aktivitet på kultursektoren. Stord kino hadde beste besøket på ti år, Falturiltu er med nær 6000 besøkande mellom landets største barnebokfestivalar. Tilrettelagt fritid medverkar til at barn, unge og vaksne med funksjonsvanskar i større grad får delta i i kultur- og fritidsaktivitetar. Det har vore god deltaking og gode tilbakemeldingar på eldretreffa i Sagvåg og på Leirvik, og frå deltakarane ved hobbygruppa og treningsgruppa.  Stiftinga Stord Frivilligsentral vart avvikla og frivilligsentralen vart kommunal i 2016.

Hausten 2016 hadde kulturskulen 820 elevplassar. I overkant av 2 prosent av grunnskulelevane i Stord har plass i kulturskulen. Gjennomsnittet for landet er ligg rundt 17. 171 elevar stod hausten 2016 på venteliste, noko færre enn året før.

I 2016 vart det første folkehelseoversynet for Stord ferdigstilla. Helsetilstanden til storabuen er generelt god, men det er aukande sosiale skilnader både kva gjeld butilhøve, sosial deltaking og helse. Trivselen i skulen er aukande, men det er likevel mange unge som mistrivest og har psykiske vanskar. Fleire born er fattige og talet unge uføre på sosial stønad er aukande.

2015 var siste året i prosjektperioden for tre-partssamarbeidet «Saman om ein betre kommune». Samarbeidet vart i 2016 vidareført som «Saman om». Målsettinga med prosjektet har m.a. vore å stå rusta til å møta framtida sine utfordringar med bærekraftige, kommunale tenester. Dette ville ein oppnå gjennom førebyggjande aktivitetar og godt arbeidsmiljø, og m.a. redusert sjukefråvær. Viktige prosjekt var i fjor vidareføring av arbeidet får å redusera sjukefråværet og å revidera Kultur- og verdiplakaten. Kommunen har innført Lean som metode for å betra og effektivisera arbeidsprosessar.

Medarbeidarundersøkinga for 2016 syner at resultata gjennomgåande er betre enn føregåande år. Sjukefråværet i kommunen var i 2016 på 8,39 prosent. Dette er høgare enn i 2015 (7,68 prosent) og høgare enn kommunestyret si målsetting på 7,5 prosent. Fråværet var størst innanfor rehabilitering, helse og omsorg og innanfor dei tekniske tenestene. Gjennomsnitt sjukefråvær i norske kommunar var i 2016 på 9,95 prosent.

Stord har ein næringsstruktur som gjer at ein er sårbar i høve til svingingar i aktivitet innanfor olje- og gassektoren generelt og ordresituasjonen til hjørnesteinsverksemda Kværner spesielt. Stord har i 2016 hatt gjennomgåande relativt høg arbeidsløyse, rundt seks prosent. Ikkje sidan 1990-talet er det blitt starta bygging av så få bustader som i fjor. Og ein må attende til år 2000 for å finna lågare vekst i folketalet i kommunen. Mykje tyder no på at det vil ta seg opp i 2017. Kværner har halt i land ein ny stor kontrakt og det er på gang fleire store byggjeprosjekt i sentrum. Stoda i 2016, som me også har teke med oss over i 2017, viser likevel at det er viktigare enn nokon gong å arbeida for å styrka næringsgrunnlaget og breidda i arbeids- og næringslivet.

Årsmeldinga ber bod om at det vart gjort mykje og godt arbeid også i 2016. Ein stor takk til alle medarbeidarar!

Magnus Mjør
rådmann

 

 

2. ADMINISTRASJON OG LEIING

Målemetodane som er lagt til grunn i det overordna målekartet er i hovudsak basert på brukar- og medarbeidarundersøkingar som er utarbeidd av www.bedrekommune.no. Undersøkingane gjev eit bilete av kva brukarane meiner om tenestene og om vi må justera målsetjingane våre. Undersøkinga gjev også eit bilete av kva arbeidstakarane meiner om organisasjonen, og om det er grunnlag for å justera målsetjingane for våre interne satsingsområde. Måltala tek utgangspunkt i erfaringstal. Måltala for dei andre tenesteområda er utarbeidd med utgangspunkt i inndelingane i Kommunal Rapport sitt Kommunebarometer.

Kommunen har dei siste par åra arbeidd med utvikling av eit meir heilskapleg målstyringssystem med utgangspunkt i kommunebarometeret. Eit slikt system vektlegg å rapportera resultat og set mål på fleire dimensjonar enn berre økonomi. Målstyringssystemet er utvikla vidare både m.o.t. rapportering og ei nærare vurdering av kva for nøkkeltal det skal rapporterast på. Det skal vera samanheng mellom sektorplanar, budsjett og økonomiplan og årsmål for tenestene.

Måloppnåing

BRUKAR (I skala frå 1-6, er 6 best) Mål 2016 Resultat 2016 Resultat 2015
Brukarane er nøgd med samarbeid og brukarmedverknaden >4,9 4,5 3,3
Brukarane og brukarrepresentantar opplever å bli møtt med respekt >5,6 4,9 3,6
Brukarane er nøgd med tilgjenge på tenestene >4,8 4,8 3,5
Brukaren er nøgd med tilgangen på informasjon om innhaldet i tenestene >4,3 4,6 3,2
Brukaren er nøgd med den totale kvaliteten på tenestene >4,9 4,9 3,6
 
MEDARBEIDARAR (I skala frå 1-6, er 6 best)
Deltakarprosent på medarbeidarundersøkinga * 72%
Medarbeidaren er nøgd med arbeidssituasjonen sin * 4,6
Medarbeidarane bidreg aktivt til å nå verksemda sine mål * 4,9
Medarbeidarane opplever å ha naudsynt kompetanse til å utføre sine arbeidsoppgåver * 4,9
Medarbeidarane løyser felles arbeidsoppgåver på sin arbeidsplass på ein god måte * 4,8
Medarbeidarane opplever at næraste leiar gjev deg tilstrekkeleg attendemelding på den jobben du gjer * 4,1
Medarbeidarane er nøgde med arbeidsgjevar si tilrettelegging for relevant kompetanseutvikling * 4,2
 
HMT – Helse, miljø, tryggleik
Sjukefråvær (i prosent) <7,5 8,39 7,68
Av dette kortidsfråvær <16 dagar 2,4 2,50 2,19
HMT avvik registrert i avvikssystemet >450 420 401
Hendingar med arbeidsrelatert skade 0 0
 
ØKONOMI
Netto driftsresultat i prosent målt mot driftsinntekter > 1,75 2,21 3,7
Kommunebarometeret: Rangering av kommunane i landet >218 218

 I medarbeidarundersøkinga som vart gjennomført i 2015 er det ein gjennomgåande tendens at resultata er betra sidan føregåande undersøkingar.

Medarbeidarundersøkinga er kommunen sitt verktøy for eit kontinuerleg fokus på fysisk og psykososialt arbeidsmiljø, og skal danna grunnlaget for målsettingar og aktivitetar i einingane i neste 2-års periode.  Kvar eining må gjennom eit samarbeid med arbeidstakarane skapa ei felles plattform for vidare arbeid med eige arbeidsmiljø. Det er lagt opp til fellesmøter med administrasjon, leiing, tillitsvalde og verneombod. Alle partane har eit felles ansvar for å bidra til eit løft for dei tilsette i kommunen.

Stord kommune har som målsetting at medarbeidarundersøkinga skal følgjast opp i heile organisasjonen.

 

 

2.1 Arbeid for å auka nærvær på arbeidsplassane/ lågare sjukefråvære

Stord kommune har målsetting om eit aktivt HMT-arbeid (Helse, Miljø og Tryggleik). Det skal medverka til trivnad og tryggleik. Våre tilsette arbeidar for eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø, minst mogleg påverknad på ytre miljø og kontinuerleg forbetring av HMT-arbeid i einingane.

Hovudaktivitetane i 2016 har i stor grad vore implementering av rutinar for oppfølging av sjukemeldte som vart utarbeida i prosjektet «Saman om ein betre kommune». Trepartssamarbeidet som vart etablert i prosjektet er vidareført i tråd med anbefalinga frå prosjektgruppa. Det nye trepartssamarbeidet skal arbeida vidare med blant anna nærværsarbeid og miljøsertifisering av kommunen sine einingar. Vidare vart det i 2016 teke i bruk eit HMT-årshjul for vernerundar og risikovurderingar i alle einingar.

Stord kommune har i 2016 eit totalt sjukefråvær på 8,39 prosent, av dette 2,5 prosent korttid, definert som under 16 dagar.

Område 2016 2015 2014 2013 2012 2011
Barnehage 13,00 % 11,46 % 12,88 % 12,06 % 9,85 % 11,08 %
Grunnskule 4,89 % 4,81 % 5,88 % 5,35 % 6,50 % 6,49 %
RHO 11,84 % 10,63 % 11,46 % 11,00 % 12,25 % 13,41 %
Administrasjon 6,90 % 6,53 % 7,06 % 6,38 % 7,74 % 8,12 %
Tekniske tenester 6,06 % 3,66 % 4,57 % 6,44 %
Andre 8,97 % 7,17 % 7,44 % 8,65 % 8,34 % 9,28 %
Totalt Stord kommune 8,39 % 7,68 % 8,33 % 8,30 % 8,98 % 9,57 %

Som ein kan lesa ut frå tabellen har kommunen i 2016 eit noko høgare sjukefråvær samanlikna med 2015. Ein har ikkje nådd målsettinga om eit sjukefråvær på mindre enn 7,5 prosent. Auken i sjukefråværet på om lag 0,7 prosentpoeng skuldast fleire langtidssjukemeldte tilsette. Dersom ein ser året under eitt, var sjukefråværet i kommunen likt som året før fram til  siste halvår. I denne perioden er sjukefråværet 1,4 prosentpoeng høgare enn same periode i 2015, der 1,3 prosentpoeng kjem av auke i langtidsfråvær. Størst auke finn me i  RHO-einingane og dei tekniske tenestene. Det det låge sjukefråværet i skulane våre held fram, og er tilsvarande som i 2015.

Som følgje av eit høgt sjukefråvær i barnehagane dei seinaste åra, vart det i 2015/2016 gjennomført eit sjukefråværsprosjekt i samarbeid med NAV Arbeidslivssenter. I dette prosjektet vart det gjennomført tre hovudaktivitetar i alle dei kommunale barnehagane:

  • Dialogspel for arbeid med eige arbeidsmiljø
  • Dialogsamtalar med bedriftshelsetenesta for alle sjukemelde med sjukemeldingsgrad over 60 prosent
  • Dialogsamtalar med bedriftshelsetenesta for alle med hyppig korttidsfråvær
  • HMT-dag på Rutle for alle tilsette med føredrag frå International SOS
HMT dag for barnehagetilsett i Rutle. Foto: Jon Eirik Kvalnes

I prosjektet, som fekk  hovudmålsetting å laga «Ein kultur for open dialog», arbeider ein mot eit sjukefråvær i barnehagane under 10 prosent, og auka bruk av gradert sjukemelding i staden for 100 prosent. Barnehagane har i prosjektet arbeidd aktivt med eige arbeidsmiljø og oppfølgingsrutinar. Prosjektet konkluderer med at kommunen har einingsleiarar som er godt kjend med gjeldande rutinar og følgjer opp sine sjukemeldte tilsette slik ein kan forventa. Barnehagane har eit gjennomgåande godt arbeidsmiljø og prosjektet har medverka til ein meir open dialog kring sjukefråvær. Diverre kan ein ikkje sei at kommunen har nådd målsettinga om eit lågare sjukefråvær. Likevel har prosjektet resultert i ein auke i bruk av gradert sjukemeldingar og leiarane rapporterar at dei tilsette kjem til dei først i større grad enn før. Ein del av det høge sjukefråværet i barnehagane kan i 2016 forklarast med langtidsfråvær hjå tilsette med høge stillingar. Dette utgjer stor prosentandel i ein sektor med ca. 56 årsverk.

Kommunen jobbar vidare med eit inkluderande arbeidsliv i samarbeid med dei tillitsvalde og NAV, og hovudmålsettinga med eit sjukefråvær under 7,5 prosent er gjeldande også i 2017. Me vil utvikla det førebyggande arbeidet ytterlegare, og gjera nytte av dei erfaringane me har gjort oss gjennom sjukefråværsprosjekta dei siste åra.

2.2 Utvikling i årsverk: Tal og tilsette

Stord kommune hadde ved utgangen av året 1065 årsverk fordelt på 1378 tilsette. Både tal årsverk og tal tilsette har auka i løpet av 2016, først og fremst som følgje av tilbakeføringa av Stord kommunale eigedom KF og Stord vatn og avlaup KF. I tillegg vart reinhaldstenesta tilbakeført til kommunen frå 1.oktober 2016. Tal årsverk har elles vert jamt over stabile, som synt i tabellen under.

År 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008
Årsverk 1066 938 923 925 912 947 940 952 971
Tilsette 1379 1240 1203 1227 1231 1302 1318 1307 1304

Den partsamansette stillingsgruppa har også i 2016 vurdert alle ledige stillingar. Stillingsgruppa har i 2016 oppnådd  ei innsparing på 600 000. Budsjettmålet var på 1,4 millionar kroner.

 

2.3 Rekruttering

Rekruttering i regi av Samarbeidsrådet og Sunnhordlandstreff.

Målsetjinga med rekruttering er å tilsetja medarbeidarar med best mogeleg kvalifikasjonar for å tilfredsstilla Stord kommune sitt behov for arbeidskraft på kort og lang sikt. Rekruttering handlar grunnleggjande sett om koplinga mellom arbeidsgjevar og potensielle arbeidssøkjarar. For det første må kommunen framstå som attraktiv arbeidsgjevar for å tiltrekkja seg søkjarar. For det andre må kommunen vera attraktiv for å behalda den eksisterande arbeidskrafta.

Når det gjeld rekruttering til ufaglærte stillingar er erfaringa i Stord kommune at det i løpet av 2016 er stor auke i tal søkjarar. Dette heng truleg saman med den aukande arbeidsløysa på Stord. Stord kommune har mange søkjarar til dei aller fleste stillingar som vert lyste ut.

I åra framover vil det i følgje Statistisk sentralbyrå bli behov for fleire fagarbeidarar og arbeidstakarar med høgare utdanning. Arbeidsstyrken vert eldre, tilgangen på nyutdanna arbeidskraft vil verta dårlegare, behovet for etter- og vidareutdanning vil auka. Det vert vanskelegare å skaffe ny kompetanse ved ny rekruttering. Opplæring av eigne tilsette vil dermed bli stadig viktigare.

Stord kommune har i 2016 arbeida vidare med prosjektet Utdanning av eigne helsefagarbeidarar. KLP har gitt støtte til prosjektet som har som mål å leggja til rette for tilsette slik at dei kan ta fagbrev som helsefagarbeidarar. I løpet av 2016 har tre av kandidatane blitt ferdige med praksisen sin, og er klare for å ta fagbrev i 2017.

Stord kommune har behov for arbeidstakarar og faglært arbeidskraft innanfor fleire tenesteområde. Kvart år tilbyr Stord kommune læreplassar i fleire fag. Hausten 2016 tok 20 lærlingar til i lære i Stord kommune: Helsearbeidarfaget (9), Barne- og ungdomsarbeidarfaget (7), Feiarfaget (1) og IKT (2). 31. desember 2016 hadde Stord kommune inne 36 lærlingar.

Kvart år tilbyr Stord kommune læreplassar i fleire fag. Hausten 2016 tok 20 lærlingar til i lære i Stord kommune. Foto: Haldis Lauksund

Hausten 2016 vart den årlege lærlingundersøkinga gjennomført. Den viser at  kommunen framleis ligg litt over gjennomsnitt i Hordaland innan kvalitet, medverknad, trivsel og motivasjon.

2.4 Kompetanse

Kompetanse og rekruttering heng saman. I tillegg til økonomiske vilkår, vert arbeidstid, fagleg og personleg utvikling, satsing på kompetanse m.m. viktig i konkurransen om arbeidskrafta.

Fleire tilsette tek etter- og vidareutdanning, og i 2016 nytta kommunen kr 3,322 mill. til dette føremålet. I tillegg kjem tilrettelegging mellom anna med permisjon.

Siste åra har ein arbeida med å utvikla kvar enkelt leiar og ein felles leiarpraksis for kommunen. I 2016 har det vore arbeida med kva som er god kommunal leiing og at leiarskapet må utøvast i tråd med organisasjonen sine verdiar, og innanfor dei rammer som dei folkevalde og rådmannen set. God leiing heng og saman med godt medarbeidarskap, gode leiarar oppnår resultat saman med sjølvstendige og kompetente medarbeidarar i eit godt arbeidsmiljø.

 

2.5 Lean

I 2016 innførte kommunen Lean som arbeidsverkty. Lean er ein metodikk for å betra og effektivisera rutinar og arbeidsprosessar. I samarbeid med KS er det utdanna åtte LEAN-rettleiarar. Desse er pådrivarar og har ansvar for å gjennomføra Lean-prosessar rundt i einingane.

Følgjande LEAN prosjekt er gjennomførte i 2016:

  • Innkrevjing av eigedomsskatt; Målet med gjennomgangen var å få ei oversikt over oppgåvene dei ulike einingane har i innkrevjinga og gjere desse kjent i organisasjonen. I tillegg få på plass prosedyrar, oppdatere informasjon på nettsida og digitalisere korrespondansen mot innbyggjarane

 

  • Post, sak og arkiv; Mål for prosjektet var gjennomgang av behov for opplæring, standardar og prosedyrar for å betre rett bruk av sak- og arkivsystem. Prosjektet omfatta einingane  Hamn, Eining for brann og redning, Stord kommunalteknikk og Stord kommunale eigedom.

 

  • Drift og vedlikehald av føremålsbygg; Eit samarbeid mellom Knutsaåsen omsorgsenter og Stord kommunale eigedom. Målet var å utarbeida nye prosedyrar for registrerering og rapportering av feil og manglar til Driftshjelp SKE.

2.6 Kultur- og verdiplakaten

Det er gjennomført ein prosess med einingsleiarar, tillitsvalde og politikarar i utarbeiding av forslag til ny kultur- og verdiplakat i 2016.

 

2.7 Likestilling

Av 1378 tilsette i Stord kommune er 1102 kvinner (79,97 prosent) og 276 menn (20,03 prosent). I skulen er det 264 kvinner (80,73 prosent) og 63 menn (19,27 prosent). I pleie og omsorg er det 513 kvinner (92,27 prosent) og 43 menn (7,73 prosent). Blant einingsleiarar og strategisk leiing er fordelinga 23 kvinner (63,88 prosent) og 13 menn (36,11 prosent). Fordelinga mellom kvinner og menn er ikkje vesentleg endra frå 2015.

Likestillingsarbeidet tek sikte på å få til større grad av likskap i vilkår mellom kvinner og menn i høve utdanning, arbeid, løn og personleg, fagleg og kulturell utvikling. Stord kommune sitt arbeid med likestilling går i hovudsak på å betra vilkåra for typiske kvinneyrke innanfor barnehage, skule, rehabilitering, helse og omsorg. Som tiltak kan nemnast tilrettelegging for at alle skal få den stillingsstorleik som dei ynskjer, og at arbeidstilhøva elles vert tilrettelagde med til dømes fleksible arbeidstidsordningar. Ved utlysning av ledige stillingar vert underrepresentert kjønn oppmoda å søkja.

2.8 Folkehelse

Folkehelserådet, eit tverrfagleg administrativt utval, har fire møte årleg. Folkehelsekoordinator er rådgjevar og koordinator for det tverrsektorielle folkehelsearbeidet.

Februar 2016 vart kommunen si første folkehelseoversikt ferdigstilt. Viktige funn er at helsetilstanden generelt er god, men det er aukande sosiale skilnader både i butilhøve, sosial deltaking og helse. Trivselen i skulen er aukande, men mange unge slit med mistrivsel og psykiske vanskar. Fleire barn er fattige, og talet på unge uføre og unge som får sosial stønad aukar. Fullføring av vidaregåande skule,  jobb eller anna meiningsfull dagaktivitet, og deltaking i sosiale fellesskap er sentrale helsefremjande faktorar.

 

Nøkkeltal knytt til kommunen sine folkehelsemål Mål 2016 Stord 2016 Stord 2015 Stord 2014 Norge 2015
Mål 1 – Sterkare nære sosiale nettverk
Trivst på skulen 10 klasse % (folkehelseinstituttet) >80,1 81,8 80,1 78,3 85,3
Plaga av einsemd vidaregåande skule % (Ungdata) < 23 23 22
Aktiv i fritidsorganisasjon ungdomsskule % (Ungdata) > 75 72 75 63
Psykiske symptom/lidingar 15 -29 år pr. 1000 (folkehelseinstituttet) < 158,3 155,0 158,3 157,2 141,6
Mål 2 – Gode, inkluderande nærmiljø
Nøgd med lokalmiljøet vidaregåande skule % (Ungdata) > 65 72 65 65
Skader behandla på sjukehus (folkehelseinstituttet) < 14,0 13,9 14,0 14,5 12,8
Mål 3 – Helsefremjande levevanar
Røyking gravide % (folkehelseinstituttet) < 8 7 8 9 10
Overvekt og fedme ved sesjon % (folkehelseinstituttet) < 24,9 25,4 24,9 22,0
Hjerte og karsjukdom per 1000. Primærhelsetenesta (folkehelseinstituttet) < 121,7 121,8 121,7 121,9 105,8
Mål 4 – Mindre sosiale skilnader i helse
Fråfall vidaregåande skule % (folkehelseinstituttet) < 22 22 23 22 23
Barn i Låginntektsfamiliar % (statistisk sentralbyrå) < 7,8 8,4 7,8 6,5 11,5
Brutto arbeidsløyse 15-74 år % (statistisk sentralbyrå) < 4,1 4,4 4,1 2,4 2,9
Uføretrygda 18-44 år % (folkehelseinstituttet) < 3,0 3,1 3,0 2,8 2,6
Mottakar av sosialstønad 18-24 år % (statistisk sentralbyrå) <6,7 8,4 6,7 6,3
Mål 5 –Styrka innbyggjarmedverknad
Gjennomførte folkehelseforum (tal forum) 2 2 2 2
Tenester som har gjennomført brukarundersøking siste to år (tal tenester) 8 6 3 4
Medverknadstiltak i skule/barnehage knytt til lokalsamfunnsutvikling (tal skular/barnehagar) 1 1

 

Fritidskoordinator Oda Totland Bongom. Foto: Haldis Lauksund

Folkehelseforum er ein arena for dialog og innbyggjarmedverknad. Det er arrangert to folkehelseforum i 2016. I april var tema «Korleis få fleire med i fritidsaktivitetar» Her møtte representantar for ulike frivillige organisasjonar og innbyggjargrupper. Det vart laga framlegg til tiltak som seinare er følgt opp med søknad om midlar og igangsetjing av aktivitetar. Av tiltak som er/blir realisert kan nemnast prosjektstilling som fritidskoordinator, utvida tilbod i fritidsklubbar, parkour-gruppe og open hall. Hausten 2016 vart folkehelseforumet knytt til arrangementet «Verdensdagen for psykisk helse», der tema var –fordi livet forandrar seg. Vel 400 personar, blant desse elevar på 10 trinn, deltok.

Stord deltek i det treårige nasjonale prosjektet Nærmiljø og lokalsamfunn som fremjar folkehelse. Målet å leggje til rette for brei innbyggjarmedverknad i kommunale planprosessar. Våren 2016 vart det gjennomført medverknadstiltak knytt til kommunedelplan for Sagvåg og Litlabø. Folk var engasjerte og kom med mange gode innspel til planarbeidet. Elevar ved Nysæter ungdomsskule laga ei flott utstilling av sine framlegg til gode møteplassar. Neste trinn blir å gjennomføre liknande prosessar i resten av kommunen i samband med revidering av kommuneplanen.

Prosjektarbeidet til Stord er presentert på fleire regionale og nasjonale konferansar, og har fått gode tilbakemeldingar.

Ei viktig oppgåve i folkehelsearbeidet er å fremje folkehelseperspektivet i dei ulike sektorane sitt arbeid. Folkehelsekoordinator deltek i ulike prosjekt og forum, initierer tiltak og søker om tilskotsmidlar. Det vart søkt om offentlege tilskotsmidlar til ei rekkje tiltak/prosjekt. Dette gav ei samla tildeling til folkehelsearbeid i 2016 på  kr. 1 190 000, sjå tabell under.

Tiltak Tilskot (kroner)
Folkehelseforum og kartleggingsarbeid 150 000
Lågterskel fysisk aktivitet for barn og unge 100 000
Tiltak til pårørande med langvarig belastning 235 000
Tiltak for å førebyggje og redusere barnefattigdom 300 000
Frivilligheitspolitikk 40 000
Nærmiljø og lokalsamfunn som fremjar folkehelse 350 000
Verdensdagen psykisk helse 15 000
Sum 1 190 000

 

2.9 Beredskap og samfunnstryggleik

Kommunane skal vera i stand til å halda oppe viktige funksjonar og ta i vare folk sine liv og grunnleggjande behov under ulike former for påkjenning. Dette krev heilskapleg og samordna arbeid for å førebyggja kriser og redusera konsekvensar av svikt i samfunnsfunksjonar. Kommunen har fått på plass eit lokalt  varslingssystem.

Kommunane skal etter Forskrift om kommunal beredskapsplikt vera budde på å handtera uønskte hendingar. Denne beredskapsplikta går ut over ansvaret knytt til brann og helse (legevakt). Stord kommune har etablert kommunal kriseleiing, og den utvida bereskapsplikta vert på kveldstid og i helgar i praksis ivareteken ved at kriseleiinga, dvs. kommuneleiinga, er tilgjengelege. Som dei fleste andre kommunar har ikkje Stord formaliserte denne beredskapen med vaktordningar, noko som medfører ei viss sårbarheit.

Stord har hatt nokre få ekstremverdøger i 2016, men utan større skader på materiell eller for liv og helse.

Stord kommune har i samarbeid med Fylkesmannen gjennomført eit større revideringsprosjekt av Overordna beredskapsplan. Denne var nærast klar ved årsskiftet. Prosessen skal forankrast i beredskapsarbeidet i einingane og sluttførast i 2017.

2.10 Kommunal planlegging

Planstrategi er eit verktøy som har som føremål å klargjera kva for planoppgåver kommunen bør prioritera for å leggja til rette for ønska utvikling. Planstrategien erstattar det obligatoriske kravet til rullering av kommuneplanen som låg i plan- og bygningslova. Kvart kommunestyre må innan eitt år etter konstituering vedta ny planstrategi, og Kommunestyret vedtok den nye planstrategien i oktober 2016. Planstrategien vart denne gongen samordna med planprogrammet for kommuneplanen. Ny E39 over Stord legg nye rammer for den komande kommuneplanrevisjonen.

I eit år med høg arbeidsløyse i kommunen og nedskjæringar i næringslivet, skjer det likevel mykje på utbyggingsfronten. Det har blitt fremja fleire nye arealinnspel som ikkje er avklart i gjeldande kommuneplan. Andre offentlege og private planarbeid, som interkommunal strandsoneplan og utbyggingsønske i Studalen-/Vabakken-/Langelandsområdet, framskundar behovet for å få eit godt heilskapleg grep om framtidig arealbruk og utvikling. Revisjonen av kommuneplanen vil også ta opp i seg interkommunal strandsoneplan. Planprogrammet for revisjonen av kommuneplanen vart ikkje vedteken i 2016 grunna bemanningssituasjonen.

Stord kommune deltek i det nasjonale treårige prosjektet om nærmiljø og folkehelse. Prosjektet har som mål å utvikle gode metodar for å få fram lokal kunnskap gjennom involvering av innbyggjarane.

Korleis skal me ta vare på og utvikla nærmiljøa slik at folk som bur her trives og har gode liv? Våren 2016 fekk folk i Sagvåg og Litlabø gje innspel til kommunedelplan Sagvåg-Litlabø som er under arbeid. Prosjektet blir vidareført for resten av kommunen og kopla til kommuneplanarbeidet. Kommunedelplan for Sagvåg-Litlabø vonar ein å få vedtak på i løpet av 2017.

I 2016 har det vore arbeidd med planar for fylkesveg 545 Stord-Fitjar (Vestsidepakken), statleg kommunedelplan for E 39 Stord-Os og kommunedelplan E 39 Heiane-Ådland/ Nordre Tveita. Statleg kommunedelplan Bokn-Stord er også sett i gang. Det har også vorte utført eit teknisk økonomisk forprosjekt for mogeleg nytt ferjestø på Djupavikneset i ferjesambandet Kvinnherad-Stord.

Sykkel- og gangsti gjennom Leirvik

I 2016 vart reguleringsplan for gang- og sykkelveg Vabakken-Heiane og reguleringsplan for Fv. 544 Vabakken-Sæ lagt til offentleg ettersyn. Sistnemnde plan vurderer miljøgate, gang- og sykkelveg og framtidig busshaldeplass i Leirvik sentrum. Elles vert det arbeidd vidare med sykkelbyprosjektet, og ein er no i ferd med å sjå resultat av denne satsinga i form av bygde og utbetra fortau og gang- og sykkelvegar.

Sunnhordlandsregionen, med Stord kommune som A-eigar, er med i Byregionprogrammet i regi av Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Hovudprosjektet har tittelen «Byen og regionsenteret Stord – lokomotiv for vekst og utvikling i Sunnhordland!» Delprosjektet «den tette byen» har fylgjande definerte mål: «Stord skal utviklast til eit attraktivt senter som det er lett å koma til og ifrå». I September 2016 vart det halde eit vellukka oppstartsseminar. Politikarar og næringsliv/ interesseorganisasjonar var inviterte deltakarar. Over 60 påmeldte fekk høyre engasjerte innlegg om by- og sentrumsutvikling frå Ordførar i Drammen Tore Opdal Hansen, sjefsarkitekt og byplanleggjar i Arendal Michal J. Fuller Gee og butikkeigar i Norheimsund Borghild Storaas Ones. Analysane som vert gjort i samband med prosjektet vil danne grunnlag for revidering av kommunedelplan for Leirvik.

 

2.11 Informasjons- og kommunikasjonsteknologi

Støtteeining IKT driftar data og serversystem, nettverk og programvare for kommunen. For 2016 vart det registrert 4782 saker i det elektroniske brukarstøttesystemet. Dei fleste saker vert løyst av førsteline brukarstøtte, resten av andre line. Til enkelte saker og prosjekt vert det også nytta eksterne konsulentar.

IKT-lærlingane Synne Kambe Strømsnes og Hans Olav Petterteig. Foto: Haldis Lauksund

Den digitale utviklinga og auka bruk av informasjonsteknologi har gjort det  naudsynt  å auke kapasiteten i tenarmaskinane, nettverk og infrastruktur. Kommunen har moderne serverrom og gode kommunikasjonsliner til einingane.

For hamnestellet er det bygd ut trådlaust nettverk i gjestehamna i Leirvik. Bruken av gjestenettverket hadde ein stor auke i 2016, og ein har måtta utvide kapasiteten. For kulturhuset og biblioteket og andre offentlege kommunale bygg er det også tilgjengeleg trådlaust nettverk for gjester, tilsette og besøkande.

IKT-eininga er sentral i arbeidet med digitalisering av tenester mot innbyggjarane og næringslivet i kommunen. Ifrå 01.01.2016 har kommunen kommunisert digitalt mot innbyggjarane frå sakshandsamingssystemet (ePhorte). IKT-eininga var også sentral i innføringa av digital meldingsbok for skulane. Føresette og skule kan no kommunisere digitalt med ei automatisert SMS-løysing. Ei brukarvenleg og efektiv løysing som er godt motteke.

IKT-eininga i Stord kommune driftar rekneskap-, personal -og lønssystemet Agresso for kommunane Bømlo og Fitjar. I 2016 har ein oppgradert Agresso til nyaste versjon med ny brukaroppleving og funksjonar. Blant anna er det teke i bruk ny budsjettmodul i Agresso, og alle ordrar frå det digitale eigedomsregister vert no fakturert ut frå ny løysing. Det er også teke i bruk ein ny og moderne modul (programvare) for innfordring.

Innanfor rehabilitering, helse og omsorg er det innført sikker arkivkjerne etter NOARK 5 –standard.

IKT-eininga er også involvert i omorganiseringsprosjekt, og har vore sentral i flytteoperasjonar av avdelingar og einingar i kommunen. Nye lokasjonar og mellombelse bygg har vore rigga med data og telefoni for blant anna PP-tenesta og Stord ungdomsskule.

2.12 Interkommunalt innkjøpssamarbeid

Stord kommune er vertskommune for Sunnhordland interkommunale innkjøpsforum med kommunane Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord og Tysnes. Innkjøpsforumet har etablert samarbeid om felles anbodskonkurransar om rammeavtalar og e-handel med Haugalandet, Hardanger, Voss kommune og Hordaland fylkeskommune.

Kommunane er gjennom lov og forskrifter pålagt å gjennomføre alle anskaffingar av varer, tenester, bygg og anlegg etter konkurranse. Innkjøpsprosessane er tid- og arbeidskrevjande, men fremmer meir effektiv bruk av kommunen sine ressursar gjennom betre prisar og vilkår. Innkjøpssamarbeidet administrerer rundt 80 rammeavtalar med ulike leverandørar, til ein samla verdi på ca. 1 milliard kr.

Det målbevisste arbeidet med vidareutvikling av elektronisk handel har halde fram i 2016. Fleire av innkjøpsavtalane byggjer no på e-handel. Kommunane har og teke i bruk verktøy for å digitalisera anbodsprosessar på nybygg og anlegg. Fagsystemet sikrar dokumentasjon av alle aktivitetar og hendingar i konkurransegjennomføring frå kunngjering til kontrakt.

Bruk av dei elektroniske verktøya er arbeidssparande og bidreg til å kvalitetssikre prosessane på kommunale innkjøp. Ved alle utlysingar vert det no sett krav om at det skal etablerast elektronisk handel via e-handelsportalen og at elektronisk faktura skal nyttast.

3.1 Målsetjing for 2017

Kommunen sine overordna målsettingar ligg i kommuneplanen for 2010-2021. Stord kommune skal i planperioden stimulera til at visjonen om å vera saman om utvikling og velferd vert realisert gjennom å følgja opp målsettingane innanfor mellom anna desse områda:

  • Byutvikling, senterstruktur og samferdsle
  • Miljø, estetikk og trivsel
  • Arbeid og næringsliv
  • Areal

3.2 Næringsarbeid

Stordfjellet i tåke. Foto: Silje Lauksund

Stord kommune la på slutten av 2013 førstelinetenesta for næringsetablerarar ut på anbod. Det vart inngått avtale med Samarbeidsrådet for Sunnhordland og Atheno AS, men Samarbeidsrådet sa i mai 2016 frå seg sin avtale. Atheno AS ytte tenester til 84 etablerarar i 2016 (mot totalt 38 året før). Det vart til saman nytta 318 000 kroner på tenesta.

Stord kommune deltek i det nasjonale inkubatorprogrammet gjennom Atheno AS. Inkubatorbedriftene får mellom anna tilgang til kontorfasilitetar til ein lav kostnad og vert del av Atheno sitt fagmiljø. Kommunen ytte 150 000 kroner til inkubatoren i 2016.

2016 vart eit utfordrande år for næringslivet i regionen. Atheno gjennomførte ulike prosjekt retta mot arbeidssøkjarar og i bedrifter som arbeidde med nedbemanning og omstilling. Det vart frå Hordaland Fylkeskommune gjeve tilskot på 750 000 kroner til dette arbeidet.

Komité for næring, miljø og kultur gav i 2016 tilskot til mellom anna «Sunnhordlandsdiagonalen» (kr. 20 000) og ekstraløyving til «Tour des fjords» (kr 30 000).

Stord kommune har hatt turistinformasjonsteneste i rådhuset og i kulturhuset. Ein opplever at dette langt på veg dekker etterspurnaden etter slike tenester og legg opp til å vidareføra ordninga. Marknadsføringa av Stord og Sunnhordland skjer i hovudsak gjennom www.visitsunnhordland.no. Dette skjer i stor grad gjennom digitale medium som nettside, Facebook og Instagram. I tillegg vert det annonsert i relevante medium som Fjord Norge, og arrangert visningsturar for presse og gjennom trykte publikasjonar. Dei fleste reiselivsbedriftene i Stord har partnarskapsavtale med visitSunnhordland. Det er i 2016 arbeidd med ny merkevarestrategi for Sunnhordland. Stord kommune ytte 225 300 kroner til Samarbeidsrådet si reiselivssatsing i 2016.

Næringsutvikling er elles ei prioritert oppgåve i Samarbeidsrådet for Sunnhordland, sjå under. Gjennom partnarskapsavtale med Hordaland fylkeskommune har Samarbeidsrådet forplikta seg til å arbeida for det regionale utviklingsarbeidet. Ein viktig del av arbeidet er å stimulera til næringssutviklingsarbeid på tvers av kommunegrensenene for å utnytta regionen sitt samla vekstpotensiale. Stord kommune er også medlem i Stord næringsråd og Hordaland olje og gass.

3.3 Stord kommunalteknikk

Stord vatn og avlaup KF vart avvikla frå årsskiftet 2015/2016, og tenestene tilbakeført til basisorganisasjonen. Frå 1.5.2016 vart Veg Trafikk og Parkering, VTP, slått saman med med VAR-tenestene. Frå same dato vart totalansvaret for veg, vatn og avløp i Stord kommune lagt til ei «ny» eining; Stord kommunalteknikk (SKT).

Overordna godkjennings – og kontrollmynde for produksjon og levering av drikkevatn og reinsing av spillvatn stiller strenge krav til kvalitet og tryggleik i alle ledd. Stord kommune har i denne samanhengen store utfordringar i åra som kjem. Utbygging av nye VA-anlegg, rehabilitering av eksisterande anlegg og kvalitetssikring av drifta set krav til kompetanse og kapasitet.

Produksjonen av drikkevatn var i 2016 omkring den same som året før. Det blei totalt produsert 3,8 mill. m³ drikkevatn i 2016. Vasslekkasjar er ei stor utfordring. Lekkasjesøk og kontinuerleg betring av leidningsnettet er ei av dei viktigaste oppgåvene for eininga.

Kommunedelplanane for vassforsyning og avløp (vedteke februar 2015) legg føringar for framtidig utbygging av infrastrukturen i Stord kommune, og legg til rette for politisk styring og prioritering. Kommunedelplanen for avløp vert lagt til grunn for Fylkesmannen i Hordaland sine utsleppsløyve i Stord kommune. I 2016 har det vore stor aktivitet på prosjektsida. Samla investering innanfor vatn og avlaup var 103,5 mill. kr., medan investeringane på veg var 11,5 mill. kr.

2016 har vore eit arbeidskrevjande, utfordrande og interessant år for Stord kommunalteknikk. Dei tilsette har utført eit målretta arbeid når det gjeld planlegging, utbygging,  drift og vedlikehald av veg, vatn og avlaupsanlegga i kommunen. Me håpar at  innbyggjarane i Stord kommune er nøgde med dei tenestene som eininga har utført.

Eininga er organisert i tre avdelingar; «Forvaltning og kontroll», «Drift og vedlikehald», «Plan og utbygging», samt eigne stabsfunksjonar innan og IK/HMT.

 

Organisasjonsplan 2017

 

VAR. Tenester innan sjølvkostprinsippet

SKT har ansvaret for Stord kommune sin vassleveranse, leidningsnett og avløpsreinseanlegg. Eininga har ansvar for forvaltning, planlegging og utbygging, drift, vedlikehald og utvikling av offentlege veg-, vatn- og avløpsanlegg i Stord kommune. VAR-tenestene er fullt ut gebyrfinansierte.

Drikkevatn som Stord kommune leverer, skal vere hygienisk trygt, klart og utan nemnande lukt, smak eller farge. Det skal ikkje innehalde fysiske, kjemiske eller biologiske komponentar som kan medføre fare for helseskade i vanleg bruk.

Som avløpsabonnent hos Stord kommune skal ein vere sikra at avløpsvatnet vert leia bort på ein hygienisk trygg måte, og at kommunen driv avløpsanlegga i tråd med gjeldande utsleppsløyve.

Den enkelte abonnent har ansvar for å halda eigne stikkleidningar i orden, og skal også sjå til at det ikkje kjem miljøfarleg avfall eller anna stoff i leidningsnettet som kan hindra ei effektiv reinsing i samsvar med gjeldande miljøkrav. Det er ikkje høve å nytta kjøkkenkvern i Stord kommune.

 

Renovasjon og slam

Stord kommune er ansvarleg for renovasjon for hushald og slamtøming i kommunen, men har gitt den utførande oppgåva vidare til Sunnhordland Interkommunale Miljøverk (SIM).

 

Drift VVA – Veg, Vatn og Avløp

Driftsavdelinga har døgnkontinuerleg vakt, og har drifts og vedlikehaldsansvaret for følgjande anlegg :

 

Type anlegg Status pr. 31.12.16
Kommunale veger 150 km
Kommunale bruer 12
Vassleidning 252 km
Avløpsleidning 181 km
Vasshandsamingsstasjon (Dynasand og UV) 1
Krisevasshandsamingsstasjon (Klor) 1
Høgdebasseng store 2
Høgdebasseng små 2
Målekummar på vassleidning 14
Avløpspumpestasjonar 37
Kommunale slamavskiljarar 4
Mekanisk reinseanlegg avløp 3

 

Prosjekt VVA – Veg, Vatn og Avløp

Status for investeringar som er under førebuing, utbygging eller fullført i 2016 :

Prosjekt Status pr. 31.12.16
Utskifting av tre kloakkpumpestasjonar på Banevegen i Sagvåg Garantifase – Avslutta i 2016
Rehabilitering veg og VA – anlegg Buneset – Fitjarvegen Garantifase – Avslutta i 2016
Kloakkreinseanlegg Skjersholmane Utbyggingsfase
Kloakkreinseanlegg Grunnavågen Planleggingsfase / Forprosjekt
Rehabilitering veg og VA – anlegg Bjellandsvegen Utbyggingsfase
Vabakkjen, rehabilitering i samband med bygging av nye Rema 1000 Garantifase – Avslutta i 2016
Vabakkjen VA-anlegg, rehabilitering i samband med ny P-plass. Utbyggingsfase
Vabakkjen – nye G/S vegar, rundkøyring og parkeringsplass. Utbyggingsfase
Tømmestasjon mobile toalett og vassuttak Heiane Garantifase – Avslutta i 2016
Vatn og avløpsanlegg Vikastemmo og Stord ungdomsskule Garantifase – Avslutta i 2016
Hadlabrekko kloakkspumpestasjon, rehabilitering Garantifase – Avslutta i 2016
Rehablitering VA – anlegg Ekro / Hystad Garantifase – Avslutta i 2016
Omlegging VA-nett Skarvane / Huglo Garantifase – Avslutta i 2016
Ny vassleidning til Føyno Garantifase – Avslutta i 2016
Ny hovudvassleidning Grunnavågen Garantifase – Avslutta i 2016
Rehabilitering veg og VA – anlegg Rommetveitvegen Planleggingsfase / Detaljprosjekt
Rehabilitering veg og VA – anlegg Sagvåg bru (samarbeid SVV) Garantifase – Avslutta i 2016
Rehabilitering veg VA – anlegg Skrivargarden (samarbeid SVV) Planleggingsfase / Detaljprosjekt
Rehabilitering veg og VA – anlegg Borggata nord og Ås Planleggingsfase / Detaljprosjekt
Vatn og kloakkleidning E39 Hatlandsdalen Garantifase – Avslutta i 2016
Byrkjelandsløkjen – Skjersholmane E39 – GS veg og nytt VA-nett Planleggingsfase / Detaljprosjekt
Byrkjelandsløkjen kloakkpumpestasjon og vassmålestasjon Planleggingsfase / Detaljprosjekt
Rehabilitering veg og VA – anlegg Kårevikvegen / Ny pumpestasjon Utbyggingsfase
Kloakkpumpestasjon Kårevik (erstatter kloakkreinsanlegg) Utbyggingsfase
Vatn og kloakkleidning i sjø frå Kårevik til Skjersholmane Utbyggingsfase
Kloakkpumpestasjon Hamnegata på Leirvik Planleggingsfase / Forprosjekt
Vassleidning Ådlandsvatnet Utbyggingsfase
Oppgradering / Ombygging Lundsseter vasshandsamingsstasjon Utbyggingsfase
VA – anlegg Nord-Huglo Planleggingsfase / Detaljprosjekt
Hovudvassleidning E39 – Vabakken til Kattatveit (ny) Planleggingsfase / Detaljprosjekt
Hovudvassleidning – Valvatna til Stuva (ny) Planleggingsfase / Forprosjekt
Reguleringsplan ny veg til Grunnavågen Planleggingsfase / Forprosjekt
Reguleringsplan Djupavikneset – Tomt til kloakkreinseanlegg Planleggingsfase / Forprosjekt

 

Slamavskiljarprosjekt på Skjersholmane. Foto: Knut Kattetvedt

 

HMT – Arbeidsmiljø

Registrerte hendingar innan HMT

År 2011 2012 2013 2014 2015 2016
Skade med fråvær 0 0 1 1 1 0
Skade utan fråvær 1 1 1 1 1 0
Uønskt hending 5 4 0 0 0 0

Målsettinga er: 0 hendingar.

 

 

Kundar hos Stord kommunalteknikk

Stord vatn og avlaup leverer tenester til / administrerer følgjande kundegrupper :

Kundar 2011 Kundar 2012 Kundar 2013 Kundar 2014 Kundar 2015 Kundar 2016
Abonnentar vassforsyning 7 338 7 442 7 555 7 731 7 825 7 912
Abonnentar avløp 6 593 6 703 6 798 6 964 7 062 7 143
Abonnentar avløp – hytter / fritid 52 49 50 54 54 55
Ab. slamavskiljarar – hushald 508 507 514 512 511 513
Ab. slamavskiljarar – hytter/fritid 60 62 63 70 74 78
Ab. renovasjon – hushald 7 434 7 546 7 664 7 812 7 930 7 027
Ab. renovasjon – hytte/fritid 321 320 320 330 333 333

 

Utvikling eigedomsgebyr for perioden 2010 – 2016

År Vassavgift Avløp Slamtømming Renovasjon
2010 3013 kr 3595 kr 700 kr 1740 kr
2011 3013 kr 3739 kr 740 kr 1815 kr
2012 3188 kr 3739 kr 740 kr 1902 kr
2013 3188 kr 3739 kr 740 kr 1902 kr
2014 3188 kr 3739 kr 740 kr 1902 kr
2015 3583 kr 3739 kr 740 kr 1902 kr
2016 3583 kr 3739 kr 740 kr 1902 kr

Årsrekneskapen 2016

Investeringar/lån

Stord kommunalteknikk har investert for 103,5 millionar kroner i 2016 innanfor vatn og avløp og 11,5 millionar kroner i kommunale veganlegg.

Stord kommune står med langsiktig lånegjeld per 31.12.16 med kr 628,5 millionar kroner knytt til vatn og avløp. Det er betalt 20,2 millionar kroner i avdrag i 2016 (tilsvarande kalkulatorisk avskriving).

SKT 31.12.13 31.12.14 31.12.2015 31.12.2016 Endring siste år
Langsiktig gjeld i VA (mill. kr.) 458,9 500,7 545,2 628,5 + 83,3

 

Drift
Veg Trafikk og Parkering – VTP

Budsjett 2016 Rekneskap 2016 Avvik / resultat
Netto driftsresultat 9 765 000 8 904 000 861 000 (overskot)

Driftsresultatet for veg viser eit mindreforbruk / «overskot» samanlikna med budsjett på kr 861 000. VTP har soleis vore ein viktig bidragsytar for å oppnå eit samla positivt økonomisk resultat for                         Stord kommune.

 

Vatn Avlaup Renovasjon Slam Sum VAR
Netto driftsresultat – 2 101 737 – 2 214 182 59 259 – 51 166 – 4 307 826
Gebyrinntekter 34 792 740 31 637 075 15 817 732 394 923 82 642 470
Andre driftsinntekter 618 723 303 324 9 280 0 931 327
Driftsinntekter 35 411 463 31 940 399 15 827 012 394 923 83 573 797
Direkte driftsutgifter 20 737 759 19 190 841 15 281 607 415 901 55 626 108
Avskrivingskostnad 10 758 356 9 507 057 0 0 20 265 413
Kalkulatorisk rente (1,68 %) 5 119 577 4 584 261 0 0 9 703 838
Indirekte netto driftsutgifter 858 303 835 046 453 674 29 563 2 176 586
Indirekte avskrivingskostnad 35 550 33 871 21 281 574 91 276
Indirekte kalkulatorisk rente (1,68 %) 3 653 3 504 1 912 51 9 120
Driftskostnader 37 513 199 34 154 580 15 758 473 446 089 87 872 341
Resultat – 2 101 737 – 2 214 182 59 259 – 51 166 – 4 307 826
Kostnadsdekning i % 94,4 % 93,5 % 100,4 % 88,5 % 95,1 %
Sjølvkostfond 01.01.16 1 612 656 27 031 204 1 993 131 735 436 31 372 427
-/+ bruk av/avsetning til sjølvkostfond – 2 101 737 – 2 214 182 59 259 – 51 166 – 4 307 826
+/- Kalkulert renteinntekt/-kostnad sjølvkostf. (1,68 %) 9 461 436 562 34 063 11 954 492 040
Sjølvkostfond 31.12.16 – 479 620 25 253 584 2 086 453 696 224 27 556 641

 

Resultat/fond

 

Innanfor vatn og avløpsområdet har den historisk låge kalkylerente medført lågare kapitalkostnader enn budsjettert dei siste åra. Dette har ført til oppbygging av desse sjølvkostfonda.

Fonda har hatt følgjande utvikling dei siste seks åra :

Fond pr. 31.12.2011 31.12.2012 31.12.2013 31.12.2014 31.12.2015 31.12.2016 Endring
Vatn 5 190 022 6 279 903 2 455 045 229 175 1 612 656 – 479 620 – 2 092 279
Avløp 17 339 302 21 993 811 25 389 120 25 972 697 27 031 204 25 253 584 – 1 777 620
Renovasjon 623 913 489 527 744 416 297 066 1 993 131 2 086 453 93 322
Slam 564 534 334 125 641 195 426 268 735 436 696 224 – 39 212
Sum fond 23 717 771 29 097 366 29 229 776 26 925 206 31 372 427 27 556 641 – 3 815 786

Fondutviklinga viser at dei økonomiske konsekvensane av dei store investeringane som er gjort dei siste åra no er betydelege. Fondet for vassforsyning er for første gang negativt, nok som krev gebyrauke frå 2018. For avløp er framleis fondet av ein slik storleik at gebyra kan vere uendra dei neste åra med mindre rentenivået aukar fortare enn prognosane. Ein syner elles til årsrekneskap med notar for utfyllande informasjon.

 

 

3.4 Stord kommunale eigedom

Stord kommunale eigedom (SKE) skal ivareta eigaransvaret for Stord kommune sine eigedomar og bygg, og sikra at verdiane vert ivaretekne. SKE har i 2016 brukt midlane på ein god og effektiv måte. Det vart i 2016 utført mykje bra vedlikehald med midlane ein fekk gjennom tiltakspakken. Heile 21 prosjekt vart gjennomført for desse midlane, i tillegg planlagd vedlikehald.

SKE gjekk i 2016 med kr. 1,617 mill. i overskot. Dette skuldast m.a. at det vart innført ein avgrensa innkjøps- og tilsettingsstopp i oktober 2016 etter at rådmannen fekk i oppdrag frå formannskapet å vurdere tiltak som kunne betra resultata for 2016.

SKE har fekk 38 nye medarbeidarar i 2016. Dette var reinhaldarar som vart tilbakeført frå ISS Facility services AS til kommunen 1. oktober. I tillegg kom tre tilsette frå Vikahaugane sportssenter då kommunen overtok drifta av Vikahaugane frå 1. januar. I tillegg har SKE tilsett éin  driftsoperatør til vedlikehaldsavdelinga.

Det har slutta to tilsette i løpet av 2016. Ein prosjektleiar og ein lærling i tømrarfaget. Lærlingen bestod fagprøven i desember 2016. SKE har også i 2016 hatt to driftsoperatørar som har blitt selt inn til investeringsprosjekt.

Stord kommunale eigedom har ansvar for vedlikehald av kommunale bygg og drift og vedlikehald av faste tekniske installasjonar som t.d. heis, varmeanlegg, sanitæranlegg, ventilasjonsanlegg, elektriske installasjonar, brannalarmanlegg, sprinklaranlegg og symjebasseng. I tillegg til eigne kontrollar har vi og avtalar om service og vedlikehald med eksterne føretak.

Tre skular vart malte sommaren 2016, Tjødnalio skule, eldste delen av Leirvik skule og Litlabø skule. I tillegg har er det fått skifta vindauge og kledning på fleire bygg, tekniske installasjonar har fått oppgradering og fleire tak har fått ny papp.

Reinhaldar Aslaug Torget. Foto: Emma Ö. Aadland

SKE overtok i 2016 også driftsansvar for skeisebanen. Dette medførte store utfordringar då fleire pumper var utslitne og det var behov for betydeleg oppgradering. Dette har kosta tid og pengar, men skøytebanen vart til slutt opna, om noko forseinka. SKE hadde inne fleire sommarvikarar i 2016, som gjorde ein god jobb. Fleire kommunale bustadhus vart malt.

Kommunestyret vedtok i 2016 at reinhaldet skulle tilbakeførast til kommunen. Stord kommunale eigedom overtok ansvaret for reinhald av kommunale bygg frå 1. oktober. SKE har tilsett ein avdelingsleiar som har ansvar for reinhaldsavdelinga. Overgangen frå ISS til SKE gjekk fint, med godt samarbeid og hjelp frå personalavdelinga.

Grønt-avdelinga har ansvar for alle kommunale grøntområde. Plenar, blomebed, tre og buskar vert stelt. I tillegg har avdelinga ansvar for rydding av sentrum. Om vinteren er avdelinga ein del av brøyte-beredskapen, og har ansvar for brøyting av gangvegar og fortau. Grasbanane på Vikahaugane og i Prestagardsskogen ligg også under grøntavdelinga, og krev til tider mykje arbeid og tilsyn. Grønt-avdelinga har i 2016 bestått av tre tilsette. I tillegg har dei ein avdelingsleiar i 20% stilling.

 

Stord ungdomsskule

Prosjekt «Kongen på haugane» har vore det store prosjektet i 2016. Oppstart med riving av gamleskulen vart i mai 2016. Byggeprosjektet held framdriftsplanen med ferdigstilling i desember 2017. I tillegg til bygging av den nye skulen, har ein etablert ein mellombels skule. Dette har fungert bra som ei mellombels løysing medan ny skule vert reist.

 

Vikahaugane

Kunstgrasbana på Vikahaugane vart skifta ut sommaren 2016. Det vart lagt nytt dekke, skifta flomlys og sett opp nytt ballfangarnett rundt banen. I tillegg fortsette rehabiliteringa av garderobar i hallane.

 

Knutsaåsen omsorgssenter

Stord kommunale eigedom starta opp med utvendig rehabilitering av Knutsaåsen i 2015. Dette arbeidet vart følgt opp og vidareført med nye midlar i 2016. Det er skifta vindauge, kledning og nye dører. Maling av kledning er også utført. Det står att om lag ein tredel av rehabiliteringa no. Dette vil bli gjennomført i 2018.

Knutsaåsen omsorgssenter. Foto: Haldis Lauksund

 

Hystad skule                    

Stord kommunale eigedom fekk i oppdrag å bygge fire nye klasserom ved Hystad skule. Desse skulle erstatte den gamle paviljongen som var moden for riving. Prosjektet har ei kostnadsramme på kr. 14 mill. Fronta bygg as vant konkurransen og har bygd eit flott skulebygg som stod klart til skulestart hausten 2016.

 

Nysæter gravplass

Stord kommunale eigedom fekk i budsjettet for 2015 i oppdrag å utvida Nysæter gravplass med nye 500 graver. Prosjektet har ei kostnadsramme på kr. 11,3 mill. fordelt på 2015 og 2016. Gravplassen ved Nysæter vil ha få eller ingen graver igjen til hausten 2016, og derfor var det viktig å få starte opp prosjektet. Engelsen entreprenør vann anbodskonkuransen og har gjort ein god jobb, der gravplassen er blitt eit fint uteområde. Framdrifta i prosjektet var god, og ferdigdatoen som skulle vera i september 2016 vart halden.

 

Foto: Janett Svendsen

Nytt legevaktbygg

Stord kommunale eigedom fekk også i oppdrag å vidareføre forstudiet med å bygge nytt interkommunalt legevaktbygg og KAD avdeling ved Stord sjukehus, som er teikna av Link arkitektkontor. Bygget skulle reisast inne på verna område ved sjukehuset. Det har vore ein lang veg å gå i forprosjektet for å få alle godkjenningar som skal til for å starte byggearbeidet. Anleggsarbeidet starta i februar 2016. Engelsen bygg vann anbodskonkuransen og har gjort ein god jobb. Bygget skulle stå klart til desember 2016 men vart noko forsinka. Opning av legevakta vart 01.02.2017.

 

Helse, miljø og tryggleik

Stord kommunale eigedom har ingen aktivitet som forureinar ytre miljø. Det er etablert gode rutinar for avfallshandtering. Det er inngått drifts- og serviceavtalar for transport og deponering av avfall.

Eininga jobbar aktivt med å redusera sjukefråværet. Dessverre har 2016 vore eit år der sjukefråværet har vore høgt. Statistikken for SKE syner i 2016 eit samla sjukefråvær på 9,7% mot 5,44 % i 2015.

3.5 Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Samarbeidsrådet sitt føremål er «interkommunalt samarbeid på generell basis med særleg vekt på alle typar tiltaksarbeid og utviklingsarbeid. Selskapet skal ta opp saker som kan fremja utviklinga av Sunnhordland, og leggja dei fram til drøfting og utgreiing». Samarbeidsrådet si hovudoppgåve er regional utvikling. I dette ligg også næringsutvikling, samferdsle, reiseliv, omdømebygging, rammevilkår med meir. I tillegg vert det arbeidd med ulike prosjekt.  Rekruttering og omdømebygging er eit prioritert område i Sunnhordland. Samarbeidsrådet skal blant anna styrkja regionen som bustadregion og gjera regionen meir attraktiv mellom anna for å trekka til seg kvalifisert arbeidskraft. Ordførar og rådmann representerer kommunen i Samarbeidsrådet.

Utviklingsprogrammet for byregionar (fase 2) vert køyrd i regi av Samarbeidsrådet, med Stord kommune som A-eigar av prosjektet. Prosjektet har fylgjande tittel og visjon:

«Byen og regionsenteret Stord- lokomotiv for vekst og utvikling i Sunnhordland!»

I fase 1 vart det stilt spørsmål til om Byen og regionsenteret Stord- var lokomotiv for vekst og utvikling i Sunnhordland. No er visjonen at byen og regionsenteret skal vera det. Difor er spørsmålsteiknet bytta ut med eit utropsteikn.

Prosjektet jobbar etter fire strategiar:

  1. Sunnhordland – kraftsenter for klyngeutvikling
    Ved å vidareutvikla eksisterande næringsliv, skapa nye møteplassar på tvers i bransjar og imellom ulike bransjar skal innovasjon og nytenking sikra eksisterande arbeidsplassar og utviklast nye.
  2. Den tette byen
    Stord skal utviklast til eit attraktivt senter som det er lett å koma til og ifrå.
  3. Saman er me sterke
    Ved å utvikla tette samarbeidsarenaer skal regionen vidare utviklast til å verta attraktiv for nye innbyggjarar og for dei som alt bur her:
  4. Kompetanseregionen
    Behalda og utvikla kompetansen i regionen.

 

I 2016 fekk Samarbeidsrådet 530 700 kroner i driftstilskot frå Stord kommune.

3.6 Landbruk og miljø

Foto: Astrid Larsen

Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor utfører oppgåver innanfor landbruk, natur-, miljø-, areal- og viltforvalting og havbruk.  Kontoret har fem tilsette fordelt på 4,2 årsverk. Prosjektleiarfunksjonen for Vassområde Sunnhordland og andre prosjekt vert utførte innanfor denne ramma. Kontoret leverte også dette året skogkompetanse til Austevoll.  Frå mai overtok ein sekretariatfunksjonen for viltforvaltinga, og frå oktober oppgåver innan tradisjonell landbruksforvalting.  Det er intensjonen å inngå ein meir formalisert avtale om samarbeid med Austevoll kommune.

Arbeidet med revisjon av landbruksplanen for Stord og Fitjar kom i gang i meldingsåret. Det vert lagt opp til at planen vert vedteken i 2017.

Det vart teke i bruk to nybygg for mjølkeproduksjon på Huglo. Her er dei første mjølkerobotane i Stord komne i drift, og satsinga inneber ein auke i produksjonskapasiteten. Samla kvote i kommunen er no 1,1 millionar liter. Tal produsentar er stabilt i høve til året før.

Sauehald og kjøtproduksjon av storfe held seg også godt oppe. Dette er viktig for å utnytte beiteressursane og for å halda kulturlandskapet i hevd.

Utbetalte produksjonstilskot til jordbruk i 2016 var 7 586 064 kroner fordelt på 67 søknader (inkludert to samdrifter). I 2016 fekk Stord kommune løyvd 160 000 kroner i Særskilte Miljøtilskot i Landbruket frå Fylkesmannen i Hordaland. Det vart til saman løyvd 114 250 kroner til fire føretak. Det kom inn fem søknader. Ei løyving gjekk til fellestiltak, dei andre gjeld verneverdig bygg og kulturlandskap. Det vart utbetalt 134 116 kroner gjennom ordninga Regionalt Miljøprogram, fordelt på 18 søknader for 2016. I tillegg er 22 860 kroner utbetalt til Stord beitelag, til organisert beitebruk.

Det er framleis stor aktivitet i skogen. Det vart avverka omlag 24 000 m3 gran og furu. Grana som vart planta på 50- og 60-talet byrjar å verte hogstmogen, så me kan venta oss stor aktivitet i åra framover. Opprusting av kommunale vegar og skogsvegar er eit viktig tiltak for å kunna henta ut tømmeret. SFLMK arrangerte tre kurs for vedlikehald og bruk av motorsag i 2016. Det har vore eit stort arbeid å rydda opp etter stormen «Nina» .

Det vart felt 143 hjort på Stord i 2016,noko som gjev ein fellingsprosent på 87. Stord kommune har god beredskap og rutinar for ettersøk og avliving av skadd hjortevilt. I 2016 vart det registrert 20 påkøyrsler av hjort på vegane i kommunen. 54 kandidatar avla jegerprøven i 2016, der SFLMK har ansvar for gjennomføring og kontroll av eksamen.

SFLMK har hatt koordinatorrolla i Vassområde Sunnhordland i 25 % stilling i 2016. Arbeidet har bestått i å bidra til at ansvarleg sektormynde følgjer opp «Regional plan for Vassregion Hordaland 2016-2021» og «Tiltaksprogram for Vassregion Hordaland 2016-2021».

Det har i 2016 vore arbeidd med å få på plass nye skilt i naturreservatet Hystadmarkjo, og dette arbeidet vert vidareført i 2017. Kontoret har utført forvaltingsoppgåver knytt til forskingsprosjekt i Brandvik landskapsvernområde.

Det er i meldingsåret gjennomført sertifisering av fire verksemder i kommunen som miljøfyrtårn.

Det vart sendt ut eitt informasjonsskriv frå landbruks- og miljøkontoret i 2016 i tillegg til informasjon via nettportal og e-post.

Veterinærvakttenesta i Stord vaktområde omfattar kommunane Stord, Fitjar, Bømlo og Austevoll. Kommunane har også i 2016 ytt tilskot for å sikra ei forsvarleg veterinærteneste og ei god vaktordning.

3.7 Stord brann og redning

 

Foto: Stord brann og redning

Stord Brann og Redning hadde også i 2016 stor aktivitet med øving og opplæring. Brannvesnet har gjennomført 10 øvingar i 2016. I tillegg har ein delteke på andre øvingar i samarbeid med andre etatar og private.

Feiing og tilsyn av bustader og særskilde brannobjekt er gjennomført etter oppsett plan. 1.1.2016 vart det innført ei forskrift om brannførebygging som i større grad legg opp til at kommunen skal vurdere risiko og planlegge førebyggande aktivitet.

Når det gjeld dei særskilde brannobjekta (ca. 120 stykker), har ein i 2016 gjennomført ei enkel risikovurdering av alle, og har skissert hyppighet av tilsyn etter dette. Det inneber t.d. at ein halverer talet på tilsyn per år. Også bustader skal risikovurderast og brannstellet er godt i gang med arbeidet. Det er vidare innført krav om feiing og tilsyn av fritidsbustader.  Ny plan for feiing og tilsyn vil bli utarbeidd på bakgrunn av ny forskrift og risikovurderingar. I neste omgang må ein vurdere feieavgiftene, som byggjer på sjølvkost. Stord brann og redning si førebyggande avdeling utfører feiing/tilsyn og tilsyn av særskilde brannobjekt i Fitjar kommune.

Førebyggande avdeling i Stord kommune er sterkt involvert og engasjert i to «trygg heime»-prosjekt:

  1. Førebyggjande heimebesøk, eit samarbeidsprosjekt mellom heimebasert teneste og brann og redning.
  2. Velferdsteknologi; hjelpemiddel for eldre og pleietrengjande der røykvarslar vert knytt saman med tryggheitsalarm og brannvesenet får varsling med informasjon om brukar.
Brannøving. Foto: Stord brann og redning

Det har blitt gjennomført fleire aksjonar/kampanjar innanfor brannførebygging i løpet av 2016, som bl.a. komfyrvakt, røykvarslarens dag, aksjon bustadbrann, brannvernveke, open brannstasjon og opplæring av alle 6.klassar i kommunen. Avdelinga driv og ein god del brannopplæring for offentlege einingar og andre verksemder.

På slutten av 2016 vart det sett ned ei arbeidsgruppe som består av representantar frå brannvesen, politi, helse, mattilsyn, veterinærtenesta på Fitjar og Stord for å sjå på brannførebyggande tiltak og beredskapsarbeid mot husdyr. Arbeidsgruppa vil gjennomføra ein fagkveld våren 2017 og ei øving på Hestesportsenteret på Stord i løpet av hausten.

I 2016 har avdelinga utarbeida ein brannsikringsplan for tett trehusbebyggelse i Øvre Borggata, i Prestlio og på Ingebrigtshaugen. Arbeidet er støtta av Riksantikvaren.

Personalsituasjonen er stabil.. To lærlingar tok fagbrev i 2016 og har gått vidare i arbeidslivet andre stader. Ny feiarlærling starta august 2016.

Førebyggande avdeling samarbeider godt med Bømlo, Fitjar og Os kommunar.

Brannvesenet hadde  i 2016 133 utrykkingar i Stord. Over halvparten av desse var falsk alarm, utløyst av automatiske  brannalarmar. Det nasjonale NØDnettet, som vart innført i februar 2016, har medført fleire automatiske brannalarmar. Det var fem bygningsbrannar i 2016. I i tillegg har det vore bilbrannar, assistanse ved trafikkulukker, vanninntrenging i bygg, pipebrannar og diverse typar redning både på sjø og land. Det var ingen registrerte brannar på Huglo i 2016.

Hovudstasjonen på Leirvik har fire vaktlag  som vert varsla med radiosignal frå 110-sentralen  i Haugesund.  Huglo depot består av seks frivillige som blir varsla via UMS frå 110-sentralen  i Haugesund.

Førebyggjing på skule. Foto: Stord brann og redning

Stord Brann og redning rår over to mannskapsbilar, ein på Leirvik og ein i Sagvåg, ein tankbil og ein lift. Dagens materiell og utstyr  held i hovudsak god standard. Stord Brann og redning har avtale om bruk av hamnestellet sin båt M/B Blåkraft.

Brannvesnet disponerer eit øvingssenter på Valvatna.

Stord brann og redning har totalt sett utført tenester innanfor budsjettrammer i 2016, men med ei overskriding på tenesteområdet for vakt og utrykking.

3.8 Stord hamnestell

Stord Hamnestell skal leggja til rette for og overvaka skipstrafikken i Stord kommune. Dagens rutetrafikk går over Leirvik hamn med 8 760 anløp (av desse hadde ambulansebåten 1 365 anløp) og ferjekaiane Skjersholmane og Jektevik med 17 830 anløp. Offshore- og større stykkgodstrafikk går stort sett over Eldøyane. Av desse var 780 frå innanriks- og 175 frå utanriksfart. Samla vart det 24 815 anløp i 2016, med i alt 48 894 tonn gods over offentleg kai. Ambulansebåten stod for det meste av trafikkauken frå 2015. Godsmengda over offentleg kai gjekk ned med nær 3 500 tonn.

Foto: Stord hamnestell

Stord Hamnestell har to ISPS-hamner (International Ship and Port Security), Stord Hamn, Eldøyane og Leirvik Hamn ISPS-terminal. Det er også fem godkjende privateigde ISPS-terminalar i Stord. Anløpet av farty til ISPS-terminalar og etterspurnaden etter kai- og bakareal er generelt aukande.

Beredskapsbåten Blåkraft vert brukt av hamnestellet og brannstellet ved forureiningar og elles ved førespurnad frå politi eller annan offentleg styresmakt. Redningsselskapet sin båt, RS Simrad Færder, vart godkjent som redningsfarty i 2013. Båten, som har gitt ei viktig styrking av beredskapen i kommunen, har fast kaiplass ved Eldøyane.

Hamnesjefen er nestleiar i IUA Haugesundregionen (Interkommunalt Utval mot Akutt forureining). Dette er eit samarbeid mellom 18 kommunar. Stord kommune har også eigen beredskap og rykker ut ved akutte tilfelle. Oljevernberedskapen for sjø er det hamnestellet og brannstellet som har ansvar for.

Avfallshandtering i hamner er regulert i forskrift. Hamnestellet har utarbeida ein avfallsplan som gjeld for Leirvik Gjestehamn og Leirvik Småbåthamn, Leirvik Hamn og Stord Hamn Eldøyane, samt for alle fartøy ved offentleg kai. Hamnestellet sette i sesongen ut avfallscontainerar i gjestehamna og ved Rindbua på moloen. I Sagvåg Gjestehamn er det innreia ein sokkeletasje i nærleiken av gjestehamna med fellesrom, dusj, toalett og vaskemaskin. Det er sett opp skilt i innseglinga til Sagvåg om gjestehamna.

Leirvik småbåthamn har 200 båtplassar. Hamnestellet har ein god og stabil kundemasse i småbåthamna i Leirvik. I 2016 vart det avvikla 11 kundeforhold og inngått 13 nye. Leirvik Småbåthamn hadde ved årsskifte 15 ledige båtplassar av varierande storleik.

Hamnestellet har som mål å vere blant dei beste gjestehamnene. Hamnestellet har i 2016 hatt sommarvikararar som har sytt for reinhald og orden og stundvis tilbydde besøkande vaflar og saft. Strandpromenaden har gitt ei meir roleg og barnevennleg hamn. Grillhuset og leikeplassen er i bruk stort sett heile året, både av fastbuande og båtgjester. Avtala om sal av eigedomen Evjestrand vart i 2016 reforhandla og eigedomen er no ført tilbake til Stord kommune.

Tal overnattingsbåtar på Huglo, i Sagvåg gjestehamn og i Leirvik gjestehamn vart i 2016 berekna til 2 754. Ein kan då gå ut i frå at det var over 9 000 besøkjande i gjestehamnene i sommarmånadane. I 2016 avslutta ein teljing av besøkjande i hamna 30. september. Den dårlege sommaren førte til ein auke i talet overnattande gjestebåtar frå 2015 på 406 overnattingar. Sagvåg Gjestehamn var og godt besøkt med om lag 240 registrerte overnattingar.

Stord Hamnestell har i 2016 avhenda eit areal til REN AS for bygging av beredskapslager for sjøkabel på Eldøyane. REN AS starta bygginga i 2016 og bygget vert truleg teke i bruk i løpet av 2017.

Stord Hamnestell sitt terminalanlegg Stord Hamn, Eldøyane vert drifta etter avtale med Stordbase AS, som i 2016 har signert ein avtale om bygging av fem vindmøller for Statoil ASA, kalla Hywind Project. Bygging av lager til REN AS og tilrettelegging for straumtilførsle til Hywind Project, gjer det mogleg for Stord Hamnestell å leggje til rette for landstraum for større fartøy ved anløp Stord Hamn, Eldøyane.  Arbeidet er sett i gang ved felles grøfter og eit felles inntak for straum i tavlerom ved bygging av REN AS sitt beredskapslager.

Alt tilgjengeleg bakareal og hamneterminalane på Eldøyane er leigde ut på langsiktige kontraktar. Stord kommune, Hamnestellet har i 2016 vore i forhandlingar om å få kjøpa meir sjøline og bakareal i dette området som er tilknytta eksisterande kai-anlegg og bakareal. Dette for å kunna ha høve til å byggja ut meir og lengre kaiar og dekka etterspurnaden frå maritim næring og sjøtransport. Avtalane vart sluttført i 2017.

Prosjektgruppe for Interkommunalt hamnesamarbeid i Sunnhordland er etablert og har hatt fleire møte i 2016. Rapport frå prosjektgruppa vart sendt på høyring i oktober 2016 og vil vera eit arbeidsdokument frametter i dei respektive kommunane for å kunna vurdera å gå inn i eit felles hamnesamarbeid.

Foto: Haldis Lauksund

Nøkkeltal

Driftsrekneskapen for 2016 syner slike tal(i heile 1000 kroner):

Tekst Rekneskap 2016 Budsjett 2016 Rekneskap 2015 Rekneskap 2014
Sum Driftsinntekter -9 392 -9 046 -9 467 -10 774
Sum Driftsutgifter 9 278 7 911 9 656 8 923
Brutto driftsresultat -114 -1 134 189 -1 851
Resultat ekst.finanstransaksjoner 1 196 1 070 1 040 1 106
Motpost avskrivingar -1 582 0 -1 782 -1 701
Netto driftsresultat -500 -64 -552 -2 446
Finanstransaksjonar -396 -150 0 0
Resultat etter int. finanstransaksjonar -896 -214 -552 -2 446

3.9 Fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og kulturbygg

Det er Stord kommunale eigedom som driftar idrettsanlegga Stord kommune eig. Utleige av gymnastikksalar vert gjort av rektorane, medan Stord kommunale eigedom tildelar treningstid ved kommunale fotballbanar. Stord idrettslag har ansvar for drift og utleige av anlegga på Vikahaugane og i Prestagardsskogen utanom skuletid.

I januar vart det sendt inn tjueåtte godkjende spelemiddelsøknader (tjuefem til ordinære idrettsanlegg og tre til nærmiljøanlegg). Det vart søkt om vel kr. 22 mill. i tilskot til prosjekt -med eit samla kostnadsoverslag på kring kr. 68 mill. Etterslepet i søknadsmassen er no redusert til 3-4 år. Stord kommune fekk sumaren 2016 tilsegn på om lag kr. 5,5 mill. i spelemidlar.

 

Tilsegn spelemidlar 2016, ordinære anlegg Tilsegn
Stord Hestesportsenter – klubbhus 1 000 000
Stord Hestesportsenter – garderobeanlegg 500 000
Vikahaugane idrettspark – skøytebane, rehabilitering 1 972 000
Eventyrskogen – Landåsen tursti, oppgradering 465 000
Prestagardsskogen idrettspark – lysløype (turvegen) 863 000
Prestagardsskogen idrettspark – lysløype (lyset) 462 000
Samla 5 262 000

 

Tilsegn spelemidlar 2016, nærmiljøanlegg Tilsegn
Langelandsbana, gapahuk 72 000
Sætravikjo – toalettanlegg 217 000
Samla 289 000

 

Turvegen rundt Ådlandsvatnet vart ferdigstilla i 2016. Grunna flaumen i august vil det verta noko reparasjons/sikringsarbeid i 2017. Ny turveg med lys er på kring 3,2 km, i tillegg er ei strekkje på 1 km oppgradert/rehabilitert. Parkeringsplass på Vatna med plass til 15 bilar er laga. Skilt som syner kvar du skal gå og kor langt det er att har Friluftsrådet Vest ordna. Rundtom finn du kvilestader med bord og benkjer. Borda har tidvis vorte pynta med både nissar og troll noko som syner at folk tykkjer om anlegget. Dette er den største einskildsatsinga for friluftslivet på Stord noko tid med ei kostnadsramme på vel 14 millionar kroner. Løypa er mykje i bruk og det er berre godord å høyra.

Opning av turveg rundt Ådlandsvatnet. Foto: Astrid Larsen

Stord – Fitjar Turlag har i regi av Friluftsrådet hatt TellTur i 2015 og 2016. Tal på deltakarar har auka frå knappe 520 til nesten 860 og folk på øya er flinke å koma seg ut. Stord kommune har bidrege med premiar.

Det er skilta om rasfare i Gullberg.

Kunstgrasbana på Vikahaugane har fått nytt dekke, rehabilitert lys og det er kome gjerde og fangnett. Det er kring 210 registrerte idretts- og friluftsanlegg i Stord kommune, fleire av desse treng no rehabilitering og oppgradering. Det vil verta bygd fleirbrukshall i tilknytning til ny ungdomsskule på Nysæter. Stord Seilforening arbeider med planar om sjøsportanlegg på Skjersholmane og skigruppa har initiert løysingar om ny tilkomst til Heio. Skeisegruppa arbeider vidare med planar om tak over skeisebanen

Fond for utlån til lag og organisasjonar har ei ramme på 15 millionar kroner. Ved årsskiftet var det 6,575 millionar kroner til rådvelde. 8,425 millionar kroner er lånt ut til tre prosjekt. Stord Hestesportssenter er største låntakar. Det vart tildelt 249.200 kroner til idretten over kulturmidlane.

Det er halde to samarbeidsmøter med idretten der Trott, Stord, Solid, Stord idrettsråd og Handballfestivalen møter administrasjonen i Stord kommune. Kommunestyret godkjende i 2016 ein ny samarbeidsavtale.

Kommunen har eit aktivt lag- og organisasjonsliv som gjer det mogeleg å få til mange flotte arrangement.

 

3.10 Kulturtenester

Kulturhuset

Kulturhuset skal vera møteplass for innbyggjarane i Stord og gje høve til utfalding og opplevingar.

17 011 løyste i 2016 billett til  arrangement i kinosalen.

Stord Musikkråd sin flygelkomité  nådde målet sitt om å samla inn halvparten av pengane til nytt flygel. 21.10 blei vårt Steinwayflygel  D-274 plukka ut i Hamburg av Leif Ove Andsnes. Sal av billettar til den første konserten i «Flygelfesten» oktober 2017 er no i gong.

Stord Musikkråd sin flygelkomité med Leif Ove Andsnes (t.v.). Foto: Kulturtenester

Det vart løyst 14 816 badebillettar i 2016. Når det ikkje er offentleg bading er det symjeundervisning ( skular) eller symjetrening (idrettslag) i bassenget. Ei takplate lausna i symjehallen og undersøking synte heile taket laut skiftast. Bassenget blei difor steng 10. mai og opna att 10. oktober, i tide til vinterferien og til Stord Turn og Idrettslag  sitt årlege symjestemne. Stenginga medførte naturleg nok nedgang i besøkstalet og noko mindre inntekter enn budsjettert

Symjehallen i kulturhuset. Foto: Kulturtenester

 

Kino

For ein kino som tok til i 1938, og som hadde si stordomstid før TV- og dataalderen, er det ikkje lett å varta opp besøksrekordar. Med 49 462 kinogjester fekk ein i 2016 like fullt beste kinobesøk på 10 år.  Sunnhordland skriv på leiarplass i januar 2017 at «DET ER mykje som tyder på at Stord kino i år passerer den magiske grensa på 50.000 publikummarar. Det er imponerande når me tenkjer på at den store salen ofte er oppteken til andre arrangement, særleg i helgane. Det er ingen grunn til å tru at besøket skal gå ned med det første. Film på kino gjev ei heilt anna oppleving enn heime i stova eller på eit brett i fanget. Nøkkelen til vidare suksess ligg først og fremst kvalitet på filmane, men også totalopplevinga og ramma rundt. Her må dei lokale kinoane heile tida vera på vakt, slik at kinogjengarane får den kvaliteten dei betalar for.»

 

Fritidsklubbane

Målet er at ungdommar skal ha ein trygg og uformell møteplass i nærområdet sitt. Harri og Litlabø fritidsklubbar driv godt og har eit stabilt besøk. Begge klubbane har flinke og erfarne leiarar. Dette gjeld og for måndags- og onsdagsklubben for utviklingshemma i Kulturhuset.

 

Den kulturelle skulesekken

Alle elevar i grunnskulen og vidaregåande skule fekk i 2016 oppleva profesjonell kunst og kultur på eit høgt nivå. Fylkeskommunen sitt program dekkjer alle trinna, og bestod blant anna av filmvisning («Kampen for fjordane»), forfattarbesøk («Krim og spenning»), teater («Open Window Theatre») og musikk («68 Experience»). Den kommunale skulesekken tilbyr produksjonar til grunnskuletrinnet, og der fekk mellom anna 1.-5. trinna teaterbesøk frå Hordaland teater («Rekneprinsen» og «Små døde dyr»), 7. trinn fekk konsert med strykekvartetten Vertavo, og 1700 elevar frå alle trinn fekk delta på ulike arrangement under den nynorske barnebokfestivalen Falturiltu. Nytt av året var eit samarbeid med Den Norske Filmfestivalen i Haugesund der elevar på  8., 9. og 10. stega fekk filmtilbod med besøk av skodespelar og manusforfattar i Stord kulturhus.

 

Den kulturelle spaserstokken

Den kulturelle spaserstokken skal gje eldre med bistandsbehov tilbod om profesjonell  kunst- og kultur. Songstundene i Kulturhuset er populære. Stord Kulturskule har hatt sju  samlingar i vestibylen i Stord Kulturhus. Her er det konsert, allsong og gjerne litt dans. I regi av biblioteket hadde Geirr Lystrup konsert i vestibylen, kulturhuset. Det var konsert med Storm Weather Shanty Choir i september . Sunnhordland museum i lag med Trio Vest sette opp ny framsyning av «Peder Lundastøl» på museet.

 

Utsmykkingsfondet

Kinesisk hatt. Foto: Haldis Lauksund

Ved nybygg og ved sal av eigedom vert det sett av midlar til kunstnarleg utsmykking på eige fond, utsmykkingsfondet.

Styret for Utsmykkingsfondet kjøpte to skulpturar som illustrerer kinesiske hattar av Bård Breivik. Kommunen har tidlegare leigd desse. «Fish Woman», av Inga Søreide er teken opp frå Osen. Skulpturen er ikkje laga for å stå ute og var difor berre mellombels plassert. Den skal no plasserast i Stord kulturhus.

Plassering av kunstprosjektet «Den høgreiste og havet» av Anders Kjellesvik har medført stort engasjement . Kommunestyret vil venteleg ta stilling til plassering av kunstverket i 2017.

 

Leirvik fyrstasjon

Venelaget har igjen gjort mykje godt dugnadsarbeid. I 2016 blei det klart at ny lendingsplass kunne finansierast. Når den er klar våren 2017 vil tilkomsten til øya og fyrstasjonen bli lettare.

 

Prisar og stipend

Kulturstipend blei delt mellom Brita Grov og Per Tore Barmen. Grov har studert  dans og teater i London.  Barmen har arbeidd først og fremst med tredimensjonale uttrykk frå han tok kunstretta utdanning og fram til i dag. Han brukar ein del ulike digitale verktøy samstundes som han er oppteken av å vareta handverk, teknikk og materialbruk i utforskinga og utforminga av dette.

Brita Grov. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Songlaget Stordabuen fekk kulturprisen for  gjennom ei lang årrekkje å ha framført mange konsertprosjekt med god folkeleg undertone. No sist i haust med konserten «Sånn e’ da», der dirigent Torleiv Agdestein hadde skrive tekstane og komponert melodiane. Det blei tre utselde forestillingar i kinosalen i Kulturhuset.

Målprisen gjekk til NCE Maritime Clean Tech. I grunngjevinga heiter det mellom anna at «Verksemda som i år får målprisen for å nytta godt nynorsk, er ei moderne og framtidsretta verksemd som arbeider med innovative løysingar for energieffektive og miljø- og klimavenlege maritime aktivitetar».

Ragnhild Nonås Fylkesnes blei heidra med eldsjelsprisen for innsatsen i Langeland skulekorps.

Hans Christian Junge fekk seniorprisen. Han er frivillig vaktmeister i Hagerupshuset, har vore medlem i Leirvik Mannskor i over 30 år, og er aktiv medlem i Stord/Fitjar Turlag, der han har vore turleiar sidan 1997 og veldig aktiv i Seniorgruppa. Han har lagt ned eit stort arbeid i merking og rydding av turløyper på Stord. Seniorprisen blei delt ut på eldredagen.

Andre prisar og stipend blir delte ut på den årlege nyttårskonserten til Stord Musikklag.

 

Barne- og ungdomsteaterfestivalen

Scenekunsten for barn og unge blir feira med eigen festival på Stord: Barne- og ungdomsteaterfestivalen. I 2016 stilte to teatergrupper frå Askøy ungdomslag og fem frå Bergen kulturskole, samt teatergrupper frå Fitjar kulturskule, Tysvær kulturskule, Haugesundscenen og Stord teaterlag. 155 barn- og unge deltok under den tre dagar lange festivalen med 11 ulike teaterstykke.

 

Ung Kultur Møtes (UKM) 

UKM (Ung Kultur Møtes) er lokale festivalar for ungdom i alderen 13-20 år. Festivalen i 2016 var eit fellesarrangement for kommunane Stord, Fitjar, Bømlo og Tysnes. Grunntanken bak festivalen er at det skal vera ein open arena der alle kan melda seg på med ulike kulturuttrykk. UKM er ingen konkurranse, men det blir valt ut eit representativt tal av deltakarar som får vera med på fylkesfestivalen i Bergen. Frå Stord gjekk følgjande deltakarar vidare til Bergen: Tiril Eirunn Einarsdotter (konferansier), Dovile og Sara Lovise (dans), Magnhild Halland (song),  Ida og Sandra (dans) og Sorte Ljos (musikk). Ungdomsrådet på Stord samarbeidde med Kulturtenester om planlegginga og gjennomføringa av den lokale festivalen.

 

Falturiltu

Foto: Kari Svanberg Pedersen

Barnebokfestivalen FALTURILTU såg dagens lys med bakgrunn i ei målsetjing om at Stord kommune skal ha éin festival av nasjonalt format.

I Falturiltu sitt jubileumsår 2016 (10 år) var Bjørn Sortland festivalforfattar. Det var 5821 besøkande på 69 ulike arrangement, noko som gjer Falturiltu til ein bokfestival på høgde med Barnebokfestivalen i Oslo. I år har festivalen lukkast med eit turnésamarbeid med biblioteka i Sunnhordland, der i alt sju ulike kommunar fekk besøk av Selma Lønning Aarø og Trio Vest. Fotball-, katte- og turinteresserte fekk oppleva Ballturiltu, Katturiltu og Dustefjerturiltur. 250 tredjeklassingar tok del i ein større lesekampanje og heile 550 ungdomsskuleelevar jobba med konseptet tre forfattarar og eitt band. Festivalen inngjekk også eit nytt samarbeid med Foreningen !Les. som er ein ideell paraplyorganisasjon som arbeider for å fremja og stimulera til lesing, særlig blant barn og unge.

Falturiltu fekk gode tilbakemeldingar frå forfattarar, skular og forlaga på gjennomføring av arrangement. Festivalen lanserte jubileumsboka «Falturiltu: Kjærleik til nynorsk barneboklitteratur gjennom ti år» med tekstar frå alle festival forfattarane. Fagseminara samla 150 deltakarar frå heile Vestlandet.

 

Kulturminneskilt på Rommetveit. Foto: Guri Aksnes

Kulturminne

Skjøtsel av arkeologiske kulturminne skal sikra dei mot skade. Statsbygg, Stord sogelag, Hordaland fylkeskommune – og Stord kommune har samarbeidd om å rydda og skilta to arkeologisk kulturminne (naust og gravrøys) på Rommetveit. Begge kulturminna var overgrodde og lite synlege. Skilt vart sett opp i  juni med ei tilstelling der arkeolog Solveig Lohne Rongved viste rundt.

Ein klasse frå Hystad skule var med på ryddejobb kring ei av gravrøysene ved Valevågen i Hystadmarkjo. Friluftsrådet Vest har rydda sti fram til kulturminnet og det er kome opp skilt på staden som fortel at det er gjort funn av ein barberkniv i bronse. Ein annan klasse rydda ved  kulturminnet Gildeskålbakken, som ligg ved den nye turvegen nokre hundre meter opp for Møllebruo.

 

Gards og ættesoge

I november 2016 inviterte prosjektgruppa representantar frå administrativ og politisk leiing i til tankeverkstad for ei bustadsoge for Stord. Gruppa ønskte fagleg oppdatering før dei eventuelt vil fremja forslag til utforming av gards- og ættesoge.

 

Tilrettelagd fritid

Tilrettelagt fritid gjev bistand til barn, unge og vaksne med ulike funksjonsvanskar, der målet er deltaking i kultur- og fritidsaktivitetar ut frå kvar tenestemottakar sine ynskje og føresetnader. Ved evaluering av tenestene  har me fått generelt positive tilbakemeldingar frå både støtte-/fritidskontaktar og brukarar.

Det har vore jamn deltaking og positive tilbakemeldingar frå deltakarar og frivillige ved eldretreffa i Sagvåg  (Buneset)  og på Leirvik (Kulturhuset) og frå deltakarane ved hobbygruppa og treningsgruppa.  Nye tiltak har vore band for personar med utviklingshemming og   parkour.

 

Frivilligsentralen

Stiftinga Stord Frivilligsentral blei avvikla i november og Frivilligsentralen er med det blitt kommunal og ligg under eininga Kulturtenester.

 

Fleire med – prosjekt

Etter initiativ frå Folkehelseforum blei det søkt om midlar til prosjektet Fleire med. I tillegg til skule og barnehage, er fritidsaktivitetar ein viktig arena for å motverka sosiale skilnader. Deltaking i positive aktivitetar saman med andre fremjar sosial kompetanse, identitet, tilhøyrsle og sosiale nettverk. Noko som vidare kan gjei auka meistring  og betre psykisk og fysisk helse. Fylkesmannen tidelte midlar og prosjektet blei lagt til Kulturtenester med oppstart 01.01.17.

3.11 Stord folkebibliotek

 

Om publikumsverksemda ved Stord folkebibliotek 2016

Biblioteket hadde  i 2016 eit samla besøk på ca. 35 000. Bruken av biblioteket er samansett. Den femnar om lån, bruk av informasjonskjelder og Internett, bruk av aviser og tidsskrift og studiebruk av biblioteket m.v.

I 2016 hadde biblioteket eit samla utlån på 46 893, ein mindre auke frå 2015 då utlånet var 45 526. Utlånet og besøk er stabilt frå år til år. I 2016 tok biblioteket til med planlegging av meirope bibliotek i 2017/2018 , dvs. tiltak for å gjere  biblioteket tilgjengeleg utanom vanleg opningstid. Biblioteket fekk i 2016 kr. 400 000 til ulike moderniseringstiltak, m.a. til meir mobilt hylleinventar og utstillingsutstyr.

I 2016 vart det registrert 1440 e-bokutlån, noko som er relativt høgt. 1297 media vart elles lånt inn frå andre bibliotek til bruk for studentar o.a.

2016 har vore eit aktivt år når det gjeld arrangement og barnebibliotekverksemd. For førskuleborn har det vore  fleire arrangement , m.a.  Bok og bolle, og forteljarstund.  I samband med Falturiltu var det eit større leseprosjekt for 3. klassane i kommunen. Og  sommaren 2016 var biblioteket med i prosjektet Sommarles for barn.

Med tilskot frå Den kulturelle skulesekken og  Falturiltu hadde biblioteket fleire  forfattarbesøk i 2016, m.a. dei lokale forfattarane  Anna Folkestad , Rune Belsvik
og Anders Totland. Med tilskot frå Den kulturelle spaserstokken har biblioteket hatt fleire kombinerte  musikalske  og litterære arrangement på eldreinstitusjonane  i 2016.

Oppsummert hadde biblioteket ca. 35 arrangement i 2016. Folkebiblioteket si rolle som forum for offentleg samtale og debatt vert stadig  viktigare. Her inngår ulike litterære og faglege arrangement, men også debattar og liknande.

Arrangementet Bok & bolle på Stord folkebibliotek. Foto: Kristine Thorkildsen

 

Nøkkeltal folkebibliotek

Folkebibliotek Stord Samanlikn. kommunar Landet utan Oslo
2016 2015 2014 2016 2016
Netto driftsutgifter til folkebibliotek per innbyggjar 194 192 197 247 274
Netto driftsutgifter til folkebiblioteket i høve til kommunens totale driftsutgifter (i prosent) konsert 0,4 0,4 0,4 0,5 0,5
Utlån alle medier frå folkebibliotek per innbyggjar 2,4 2,4 2,2
Årsverk folkebibliotek, tal innbyggjarar pr. årsverk 4470 4247

 

4. REGULERING, BYGGESAK OG OPPMÅLING

Nedanfor finn ein KOSTRA-tal for regulering, byggesak og oppmåling i Stord kommune. Tala syner kommunen si måloppnåing på utvalde område.

Måloppnåing Mål 2017 Mål 2016 Resultat 2016 Resultat 2015 Resultat 2014 Resultat 2013
Gj.snitt sakshands.tid for private forslag til detaljreg. Kalenderdagar < 240 < 240 93 160 257
Gj.snitt saksbeh.tid for oppretting av grunneigedom. Kalenderdager < 70 < 70 43 44 64 111
Del søknad om tiltak der kom. har brote pålagt sakshandsamingstid (prosent) 0 0 7,7 19 9 11
Gj.snitt.sakshands.tid for byggesaker med 12 vekers frist. Kalenderdagar < 42 < 42 32 70 70 56
Gj.snitt.sakshands.tid for byggesaker med 3 vekers frist. Kalenderdagar < 15 < 15 16 20 20 21

 

Aktiviteten innanfor plan, byggjesak og oppmåling har jamt over vore høgare i 2016 enn 2015. Trass innføring av nye byggjesaksreglar frå juli 2015 som medførte at fleire, mindre tiltak vart unnateke søknadsplikt, og trass lågare aktivitetsnivå i næringslivet og større arbeidsløyse, så har talet på søknader om tiltak til kommunen auka i 2016 i høve 2015. Det har likevel vore færre større næringssaker, men fleire mindre søknader frå privatpersonar. På plansida har det vore jamt tilsig av private reguleringsplanar. Handsaming av vegplanar frå Statens Vegvesen er svært ressurskrevjande. Planavdelinga vert også engasjert i kommunen sitt kommuneplanarbeidet, særleg ved kartarbeid.

For oppmålingsavdelinga har tilfanget av delingssaker og anna oppmålingsarbeid framleis vore lågt.

Den gjennomsnittlege handsamingstida for alle typar saker er eit resultat av talet på saker, type saker, kvaliteten på søknadene og sakshandsamingskapasiteten. Det er framleis mange søknader med feil og manglar som dreg den gjennomsnittlege handsamingstida opp.

Byggjesaksavdelinga tok i 2016 i mot totalt 308 nye søknader (287 i 2015). Det vart fatta vedtak på totalt 285 søknader (259 i 2015), og det vart utferda mangelbrev og/eller etterspurt tilleggsinformasjon i totalt 158 saker (214 saker i 2015). Rundt halvparten av søknadene er mangelfulle i høve lovpålagt informasjon om tiltaka, og andelen er like høg der ansvarlege føretak står som søkjarar som der innbyggjarane sjølve søkjer om tiltak.

Sjølvkostprinsippet er lagt til grunn for tenesteområdet byggjesak og for dei delane av tenesteområda plan og oppmåling som etter lova kan sjølvkostfinansierast. Rekneskapen viser at byggjesaksavdelinga også i 2016 gjekk med overskot. Dette vert avsett til fond. På oppmåling og plan vart det underskot i 2016. Desse områda er vanskelege å driva etter sjølvkostprinsippet, men ein arbeider kontinuerleg for å finne rett balanse mellom gebyrnivå og effektive tenester.

Eininga har hatt fokus på å oppdatere og betra prosedyrar for sakshandsaming og å utvikla betre rapporterings- og saksstyringssystem. Sakshandsamingssystemet ePhorte gir ikkje tilstrekkeleg grunnlagsrapportering for KOSTRA. I 2016 vart det investert i GisLine Byggesaksregister. Reduksjon i sakshandsamingstider kan i stor grad tilskrivast systemet.

Eininga har hatt tilnærma full bemanning (ledig 50% stillingsressurs på planavdelinga og vakanse einingsleiar frå 1. september) og lite sjukefråver i 2016.

 

5. OPPVEKST OG UTDANNING

Barn og ungdom sine oppvekstvilkår er avhengig av langsiktige kommunale prioriteringar og god samordning av tenester og tilbod. Alle som har eit ansvar i forhold til oppvekstmiljøet til barn og unge, må jobba målretta og i fellesskap. Barnehagar og skular med høg kvalitet og god kompetanse er viktig som helseførebyggjande tiltak.

Våren 2014 vart «Plan for kvalitetsutvikling for oppvekst 2014-2017» vedteke i Komité for oppvekst og utdanning. Føremålet med planen er å sikra ein praksis i tenestene som er i samsvar med nasjonale føringar, samt sikra ein samordna innsats av tenestene knytt til barn, unge og deira familiar.

5.1 Barnehagane

Nedanfor finn ein KOSTRA-tal for barnehageområdet i Stord kommune. Tala syner kommunen si måloppnåing på utvalde satsingsområde.

MÅLEKART BARNEHAGE Mål 2016 Stord 2016 Grp 8 2016 Landet 2016
Del tilsette menn i grunnbemanninga (alle barnehagar i kommunen) >6,0 5,7 6,7 7,8
Del styrarar og pedagogiske leiarar med godkjent barnehagelærarutdanning (alle barnehagar i kommunen) 100 97,9 93,9 91,9
Tal barn korrigert for alder per årsverk grunnbemanning i kommunale barnehagar 6,7 6,5 6,2 6,0
Del barn 1 – 5 år med barnehageplass (alle barnehagar i kommunen) >91,0 94,2 90,9 91,5
Del minoritetsspråklege barn i barnehage i forhold til innvandrarbarn 1 – 5 år >91,0 73,7 74,2 75,6

Kjønnsrollemønsteret etablerer seg alt i småbarnsalderen, og barnehagen skal førebu barna på å møta og skapa eit likestilt samfunn. Då treng barna rollemodellar, som viser at også menn kan vera omsorgspersonar og arbeida med barn. Det er eit sentralt mål at menn skal utgjera 20 prosent av tilsette i barnehagen. I 2016 var prosentandelen menn i grunnbemanninga i barnehagar i landet 7,8 medan han i Stord kommune var 5,7.

97,9 prosent av alle barnehagestyrarar og pedagogiske leiarar i Stord kommune hadde i 2016 godkjent barnehagelærarutdanning. For landet  var prosentandelen 91,9. God tilgang på barnehagelærarar er viktig i arbeidet med å utvikla likeverdig og høg kvalitet på tilbodet for barnehagebarna. Del tilsette i barnehagane i Stord kommune med barnehagelærarutdanning var i 2016 39,9 prosent. Fleire kommunar har som uttalt mål at 50% av grunnbemanninga skal vera barehagelærar.

Ut på tur. Foto: Tjødnalio barnehage

Bemanningsnorma i dei kommunale barnehagane i Stord kommune er sett til eitt årsverk per 6,7 store barn. KOSTRA-tal for 2016 viser at dei hadde 6,5 store barn per årsverk. Dette skuldast at Sagvåg og Litlabø barnehage si avdeling Litlabø har ei tettare bemaning enn norma tilseier då den berre har ei avdeling. Dei kommunale barnehagane har ei lågare bemanningsnorm enn landet generelt, noko dei merkar særleg godt etter at andelen små barn auka frå 2009. Dei yngste barna krev tettare oppfølging og omsorg enn dei eldre.

Stord kommune har god barnehagedekning og tilbyr plass til alle med slik rett. 15. desember 2016 hadde 94,2 prosent av barna i alderen 1 til 5 år i kommunen barnehageplass, det vil sei 1 166 barn. For landet var prosentdelen 91,5. I 2016 fekk barn som fylte 1 år i august og oktober rett til plass frå den månaden dei fylte 1 år.

KOSTRA-tal 2016 for landet viser at 75,6 prosent av dei minoritetsspråklege barna i alderen 1-5 år gjekk i barnehage, medan prosenten i Stord kommune var 73,7. Andelen 1-5 åringar med minoritetsspråkleg bakgrunn har auka med over 50 prosent dei siste ti åra. Dei fleste minoritetsspråklege barna som ikkje går i barnehage er under tre år.

I desember 2016 var det til saman sju lærlingar i dei kommunale barnehagane.

17 barn under opplæringspliktig alder hadde hausten 2016 vedtak om spesialpedagogisk hjelp. Tre av dei gjekk ikkje i barnehage.

Barnehageåret 2016/2017 får seks nyutdanna pedagogar i kommunale og private barnehagar nettverksrettleiing i regi av kommunen. Dette er i tråd med avtalen mellom kunnskapsdepartementet og KS om rettleiing av nyutdanna pedagogar i barnehage og skule. God fagleg rettleiing er viktig for at nye pedagogar skal utvikla god kompetanse og meistra yrket.

Dei kommunale barnehagane har i 2016 arbeidd systematisk med oppvekst sin kvalitetsutviklingsplan 2014 – 2017 gjennom kompetanseløftet «Være Saman». Være Saman er eit utviklingsprosjekt for barnehagar som er utvikla ved Læringsmiljøsenteret ved Universitet i Stavanger. Kjerneinnhaldet i prosjektet er varme og grensesetjande vaksne, relasjonsbygging, kommunikasjon, tidleg innsats og handtering av utfordrande åtferd.

 

Nøkkeltal

Barnehagar Stord Samanliknings-kommunar Landet utan Oslo
2016 2015 2014 2016 2016
Netto driftsutgifter i barnehagesektoren i % av kommunen sine totale netto driftsutgifter 17,2 16,9 17,1 16,2 14,6
Netto driftsutgifter, barnehagar, per innbyggjar 1-5 år (i kr) 135 788 120 030 117 322 133 497 137 534
Tal barn 1-5 år med barnehageplass (i %) 94,2 93,4 91,4 90,2 91,5
Tal barn i kommunale barnehagar i forhold til alle barn i barnehage (i %) 22,3 22,6 24,1 46,8 49,3

 

5.2 Skulane

Hausten 2016 gjekk 2 485 barn og unge ved ein av skulane i Stord kommune. 731 på ungdomssteget, 1754 på barnesteget.

Bygginga av nye Stord Ungdomsskule starta opp i 2016.  Den skal etter planen stå ferdig innan utgongen av 2017 og takast i bruk på nyåret 2018.

I 2016 er det gjennomført forstudie for ny Nysæter ungdomsskule med fleirbrukshall. Det vert lagt opp til godkjenning av forstudierapporten vinteren  2017.

I tabellen under finn ein tal frå skuleområdet i Stord kommune. Nasjonale kvalitetsundersøkingar som nasjonale prøvar og elevundersøkinga vert lagt til grunn for å måla læringsutbyttet og læringsmiljøet til elevane.

GRUNNSKULE MÅLEKART MÅL Resultat
2016 2016 2015 2014 Fylket
Læringsmiljø: Vurdering for læring 7. trinn >3,9 3,9 3,8 x 3,9
Læringsmiljø: Vurdering for læring 10. trinn >3,2 3,1 3,0 x 3,2
Læringsmiljø: Mobbing 7. trinn (Her tyder låg verdi på lite mobbing.) <1,2 1,2 1,2 x 1,2
Læringsmiljø: Mobbing 10. trinn(Her tyder låg verdi på lite mobbing.) <1,2 1,2 1,3 x 1,2
Gjennomsnittlege grunnskulepoeng >40,5 41,0 40,1 38,7 41,6
Elevar som er registrert i vidaregåande opplæring same året som avslutta ungdomsskule (i prosent) >98,4 99,6 x 98,3

Elevundersøkinga blei ikkje gjennomført i 2014.

Måltala for barnetrinnet ligg omtrent på same nivå som 2015. Grunnskulepoenga, som måler snittet mellom standpunkt- og eksamenskarakter på ungdomstrinnet, har gått fram frå 38,7 i 2014 til 41,0 i 2016. Den positive utviklinga me ser her tyder på at skulane i Stord jobbar godt både med læringsmiljøet og kvaliteten på undervisninga.

 

Resultat nasjonale prøvar for elevar i Stord og Hordaland

Indikator og nøkkeltal 2015-2016 Stord 2015-2016 Hordaland 2016-2017 Stord 2016-2017 Hordaland
5. trinn – Engelsk 48 49 49 49
5. trinn – Lesing 48 49 47 49
5. trinn – Rekning 48 50 49 50
8. trinn – Engelsk 49 50 49 50
8. trinn – Lesing 49 50 48 49
8. trinn – Rekning 50 50 49 50
9. trinn – Lesing 52 53 53 54
9. trinn – Rekning 53 54 54 54

Tala for 5. trinn syner eit høgare snitt i 2016 enn i 2015 i engelsk og rekning. Samanlikna med fylket er snittet likt i engelsk og noko høgare i rekning. I lesing er resultatet for kommunen lågare enn i 2015 og snittet i fylket. Tala frå 8. trinn syner likt resultat i engelsk i 2016 som i 2015. I lesing og rekning  er resultatet lågare enn i 2015 og under snittet for fylket. Tala frå 9. trinn syner eit høgare snitt i lesing  og rekning i 2016 enn i 2015. Snittet i lesing er noko lågare enn i fylket i 2016. Snittet i rekning ligg under snittet i fylket.

Kvalitetsutviklingsplanen skildrar Stordskulen sine ulike utviklingsområde i perioden. Områda er i all hovudsak ei vidareføring av tidlegare utviklingsområde. Dei tre ungdomsskulane har vore med i Utdanningsdirektoratet si satsing på ungdomstrinnet, og dermed fått litt drahjelp i arbeidet med utviklingsområda. Satsinga går fram til 2017.

Stord kommune tok i 2016 imot midlar til «tidlig innsats i skolen gjennom økt lærarinnsats frå 1.-4. trinn, kap. 226 post 63». Midlane er nytta i tråd med formålet til å auka lærarressursen (nye årsverk lærarstillingar til undervisning 1.-4. trinn) og rådmannen har fordelt tilskotet ved å gi skulane 1,4 timar i veka ekstra med pedagog i klassar med elevtal over 24. Fire av barneskulane i kommune vart i 2016 med i forskingsprosjektet «Two Teachers» i regi av Universitetet i Stavanger. Det vert her forska på om auka lærartettleik har innverknad på elevane sitt læringsutbyte.

Nøkkeltal Stord Samanlikn.-kommunar Landet utan Oslo
2016 2015 2014 2016 2016
Korrigerte brutto driftsutgifter til grunnskule (202), per elev 88644 86256 83349 90379 91496
Lønsutgifter til grunnskule, skulelokale og skuleskyss, per elev 84469 80 931 82 108 88830 89498
Driftsutgifter til inventar og utstyr, per elev i grunnskulen 340 531 712 971 1043
Driftsutgifter til undervisningsmateriell, per elev i grunnskulen 912 848 954 1467 1510
Tal elevar 2485 2520 2 500 X x
Årsverk for undervisningspersonale 229,7 228,7 233,6 X x
Gjennomsnittleg gruppestorleik 1. – 10. trinn 13,8 14,01 13,4 14,0 13,4
Del elevar i grunnskulen som får spesialundervisning 5,1 5,7 6,6 7,7 7,8
Timar spesialundervisning i % av totale lærartimar 19,7 20,2 25,4 17,2 17,5
Gjennomsnittlige grunnskulepoeng 41,0 40,1 38,7 X 41,1

KOSTRA-tala syner at utgifter til drift og løn samla sett har auka i 2016. Samstundes ligg det noko lågare enn nivået for kommunar i same KOSTRA-gruppe og landet utan Oslo. Tala syner også at Stord kommune brukar om lag halvparten så mykje per elev, når det gjeld inventar, utstyr og undervisningsmateriell, enn same KOSTRA-gruppe og landet utan Oslo. Likevel ser ein at Stord kommune ligg på same nivå som landet utan Oslo når det kjem til Grunnskulepoeng. Dette tyder på at tenestene utnyttar ressursane effektivt.

I ein ordinær undervisningssituasjon er det i snitt 13,8 elevar per lærar. Gruppestorleiken har vore relativt stabil dei siste tre åra.

Færre elevar får spesialundervisning, men dei einskilde tilfella vert i gjennomsnitt tildelt fleire timar.

Ein veit at skular med høg kvalitet og god kompetanse som har fokus på, trivsel, læring og mestring er eit viktig helseførebyggjande tiltak, samt at det bidrar til betre resultat. Alt utviklingsarbeid i Stordskulen i dag er med fokus på betre kvalitet, kompetanse, trivsel, læring og meistring.

Skulefritidsordninga (SFO) Stord Samanlikn. kommunar Landet utan Oslo
2016 2015 2014 2016 2016
Netto driftsutgifter SFO i prosent av samla netto dr.utg. 0,3 0,3 0,4 0,3 0,3
Netto driftsutgifter til SFO per innbyggjar 6-9 år 2500 2 383 3 980 2503 3599
Del innbyggjarar 6-9 år i SFO, i prosent 37,8 41,9 40,4 53,2 59,4
Brutto driftsutgifter til SFO per brukar i kr 27839 27 291 29 215 25108 27751

Utgiftene til skulefritidsordninga ligg litt over gjennomsnittet av samanliknbare kommunar. Færre barn går i SFO i Stord enn elles i landet og tal barn som går i SFO har gått ned.

I 2015 vedtok kommunestyret nye vedtekter for skulefritidsordningane. Skulefritidsordninga skal etter dette drivast etter sjølvkostprinsippet.

5.3 Stord vaksenopplæring

Vaksenopplæring Stord Samanlikn. kommunar Landet utan Oslo
2016 2015 2014 2016 2016
Netto driftsutgifter til vaksenopplæring, i prosent av samla netto driftsutgifter 0,5 0,5 0,6 0,4 0,4
Netto driftsutgifter til vaksenopplæring, per innbyggjar 273 250 268 213 212

Stord vaksenopplæring gir opplæring både etter introduksjonslova og etter opplæringslova. Frå og med 1. desember 2016 vart Stord vaksenopplæring omgjort til ei eining med eigen rektor. Det vart gjort for å styrka den faglege og administrative drifta. Dei seinare åra har vaksenopplæringa hatt over 200 deltakarar.

 

5.4 Førebyggjade tenester

Tenesta har i 2016 gått gjennom ei omorganisering. Tidlegar Eining for sosiale og førebyggande tenester er omgjort til to einingar; Eining for rus og psykisk helse og Eining for førebyggande tenester. Den nye organiseringa trådde i kraft 01.10.2016. Tenesta utgjer saman med barneverntenesta hjelpetilbodet til barn, unge og deira familiar i Stord kommune.

Førebyggande tenester har fylgjande avdelingar:

  • Pedagogisk psykologisk teneste (PPT) for Stord og Fitjar
  • Utekontakt
  • SLT koordinator
  • Spesialpedagogisk team for føreskuleborn
  • Førebyggjande helsetenester (Jordmor-, helsestasjon- og skulehelsetenesta)

Pedagogisk psykologisk teneste (PPT) er ei felles teneste for Stord og Fitjar, og er kommunane sin sakkunnige instans i høve til opplærings-  og barnehagelova. Føresette og rektor kan be om sakkunnig utgreiing frå PPT, -og i 2016 har PPT fått tilvist 133 slike saker i Stord mot 124 i 2015. Avdelinga har 9,5 årsverk.

Utekontakten har 2 årsverk , ein har i tillegg hatt ein person i språkpraksis og ein midlertidig tilsett, finansiert med prosjektmidlar. Utekontakten driv oppsøkande arbeid og individuell oppfølging av ungdom.

SLT er ein samordningsmodell for lokale, førebyggjande tiltak mot rus og kriminalitet. SLT skal sikre at dei ressursane som allereie finnes i kommunen og politiet blir meir samkøyrte og målretta. SLT-koordinatoren skal sikre at alle som driv rus- og kriminalitetsførebyggjande arbeid møtes regelmessig, oppnår ei felles problemforståing og samordnar tiltaka sine.

I 2016 har SLT mellom anna koordinert MOT og Av-og-til arbeidet i kommunen, leia SLT-gruppa Tidleg rusinnsats som følgjer opp ungdom og unge vakse med rusutfordringar. Saman med utekontakten har SLT gjennomført det førebyggjande programmet Ung på Stord. Våren 2016 utarbeida Stord saman med nabokommunane Bømlo og Fitjar, ein lokal rettleiar om førebygging av radikalisme og valdeleg ekstremisme. SLT-koordinator har vidare leia ei gruppe som har kartlagt bruk av cannabis blant ungdom og unge vaksne i alderen 16-23 år, og delt resultata i frå undersøkinga kalla Ungdata i mange ulike fora.

Stord kommune har tre helsestasjonar for aldersgruppa 0-6 år, skulehelseteneste ved 11 skular, helseteneste for flyktningar, helsestasjon for ungdom, smittevern (tuberkulosearbeid og vaksinasjon av risikogrupper) og reisevaksinasjon/reisemedisinsk rådgjeving.

Ungdommar nyttar helsestasjon for ungdom (HFU) og omlag 20% av desse er studentar ved høgskulen. Dei fleste ungdomar som oppsøkjer HFU har spørsmål rundt seksuell helse/prevensjon/graviditet, men ungdom med annan problematikk oppsøkjer også helsestasjonen, t.d. relatert til psykiske vanskar. Dei fleste besøkjande er jenter.

I helsestasjonstenesta inngår ordinære svangerskapskontrollar. Jordmor samarbeider med fødeavdelinga, og den gravide sin fastlege. Det var 234 fødslar meldt i 2016.

Tenesta har fysioterapautar som mellom anna følgjer opp born med ulike utviklings- og funksjonshemmingar, og som kontrollerer og følgjer opp born med motoriske vanskar. Det er aukande fokus på tidleg tilrettelegging og rask utviklingsstøtte.

Ein 70 prosent sjukepleiarstilling er knytt til Stord mottakssenter og ein 30 prosent stilling til Litlabø mottak for einslege mindreårige for å gje helseteneste til flyktningar. Tenesta har i tillegg ansvar for smittevern for alle som kjem til Stord fråriskoområde, og som søkjer opphald og arbeidsløyve. Kontroll og oppfølging av nye busette flyktningar skjer i nært samarbeid med flyktningkontoret.

I 2016 har eininga arrangert markering av verdsdagen for psykisk helse, oppstart av Psykologisk førstehjelp for 5. klasse og Ung på Stord/Nettvett i lag med Utekontakten/SLT.

 

5.5 Barnevern

Kusymre og kvitveis. Foto: Brit S. Myklebust

Stord er vertskommune for Sunnhordland interkommunale barnevernsteneste Bømlo, Fitjar og Stord (SIB). Nedanfor finn ein KOSTRA-tal for barnevernet i Stord kommune. Tala syner kommunen si måloppnåing på utvalde satsingsområde, basert på tal frå fagsystemet Familia og Fylkesmannen si rapportering.

Måloppnåing: Mål 2015 Resultat 2016 Resultat 2015 Resultat 2014 Resultat 2013
Undersøkingar med handsamingstid over 3 mnd > 95,0 % 88 75 68 78
Born med utarbeida hjelpetiltak- og omsorgsplan > 30,0 % 87 86 75 69
Stillingar med fagutdanning, per barn 0-17 år < 3,8 4,7 4,7 4,7 4,7

Nøkkeltala syner utviklinga i barnevernet mellom anna år det gjeld tal på innmeldte saker, tal barn med hjelpetiltak i og utanfor heimen.

Nøkkeltal Stord 2009 – 2015 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016
Meldingar 126 153 213 170 185 204 204
Undersøkingar i alt 106 94 143 120 141 158 155
Barn med hjelpetiltak totalt 150 127 149 156 146 181 190
Hjelpetiltak i heimen 131 83 114 125 105 135 144
Tiltak utanfor heimen 19 44 35 31 41 46 40
Barn plassert siste år 12 12 3 2 14 11 9
Barn over 18 år 9 11 12 15 9 2 8

Nøkkeltala syner utviklinga i barnevernet mellom anna når det gjeld tal på innmeldte saker og tal barn med hjelpetiltak i og utanfor heimen. Utviklinga syner at talet på meldingar stadig aukar og at det mest har dobla dei fem siste åra. Når det gjeld tal hjelpetiltak i heimen, er det mest det same som for fem år sidan, medan hjelpetiltak utanfor heimen er meir enn dobla dei fem siste åra.

Internrevisjonen av internkontrollen i barneverntenesta starta våren 2015 og vart avslutta ved årsskifte 2016/17. Bakgrunnen for revisjonen var ein opplevd mangel på økonomisk oversikt og kontroll. Ved fleire tilsyn av Fylkesmannen var det peika på manglande oppfølging i høve lovkrav og internkontroll. Målet med internrevisjonen har vore å betra internkontrollen for å trygga at ein overhald lovkrava, tydeleggjera ansvars- og arbeidsdelinga og betra økonomistyringa.

Gjennom 2016 har tenesta fått på plass rutinar for internkontroll og rapporteringssystem. Fylkesmannen har med bakgrunn i dette avslutta tilsynssaka som vart oppretta i 2014. Endringa i tenesteorganiseringa frå 2015 vart evaluert våren 2016. Målsetjinga om betre kontinuitet og meir effektiv oppgåveløysing er langt på veg innfridd, og tenesta kunne notere klar positiv utvikling i høvebrot på tidsfristar i saksbehandlinga.

Fokus på arbeidsnærvær har halde fram i 2016 og sjukefråværet har gått ned.

Det har vore utfordrande å halda budsjettet og i 2016. Tenesta har vidareført system i høve økonomikontroll og har god dokumentasjon og oversikt over utgifter og inntekter

 

Nøkkeltal, økonomi i barnevernet Stord Samanlikn. kommunar Landet utan Oslo
2016 2015 2014 2016 2016
Netto driftsutgifter per innbyggjar 0-17 år, barneverntenesta 7 213 6 863 6 398
Netto driftsutgifter per barn i barnevernet i kr 1 08 706 106 628 118 253
Netto driftsutgifter per barn med tiltak i kr 168 409 175 517 193 717
Barn med undersøking ift. tal innb. 0-17 år, prosent 3,7 3,9 3,4
Del barn med barneverntiltak ift. innb. 0-17 år prosent 4,3 3,9 3,3
Brutto driftsutgifter per barn (f. 244, barneverntenesta) 32 629 35 713 39 635
Barn med undersøking eller tiltak per årsverk 18,7 18,7 17,7

Hausten 2016 gjekk tenesta inn i KS sitt effektiviseringsnettverk for barnevern. Nettverket blir vidareført i 2017 og vil mellom anna munne ut i ein tenesteanalyse for barnevernet. Som ein del av nettverksarbeidet vart det i november/desember gjennomført brukarundersøkingar retta mot foreldre/føresette og eit utval barn og unge som mottek tenester frå barnevernet. Resultatet av undersøkinga vil bli gjort kjend gjennom arbeidet i effektiviseringsnettverket i 2017.

Barnevernstenesta har fokus på tidleg innsats til spedbarn og småbarn. Det er ressurskrevjande å arbeida med slike saker, og det krev høg grad av tverrfagleg samarbeid. Ein ser at arbeidet fører fram gjennom at ein i aukande grad identifiserer og hjelper yngre born og deira familiar.

5.6 Kulturskulen

Nedanfor finn ein KOSTRA-tal for kulturskulen i Stord kommune. Tala syner kommunen si måloppnåing på utvalde satsingsområde.

Måloppnåing Mål 2017 Resultat 2016 Resultat 2015
Del på venteliste til musikk- og kulturskule <4,2 4,8 9,7
Del brukarar i grunnskulealder i kommunens musikk- og kulturskule, av tal born i alderen 6 – 15 år >21,0 >20,8 >20,6

Hausten 2016 hadde kulturskulen 820 elevplassar, ein nedgang på om lag 50 i forhold til 2015. Nedgangen skuldast i hovudsak endring  i organisering av fagtilbod, delar av storgruppeundervisning vart lagt om til individuell/smågruppeundervisning. I Stord kommune har om lag 21 prosent av grunnskulelevane plass i kulturskulen. Gjennomsnittet for landet er ca. 17 prosent. På ventelista står 171 elevar som til saman søkjer om 229  elevplassar. Det var i 2016 færre på venteliste enn året før, først og fremst som følgje av ei administrativ opprydding. Med eit nytt administrasjonsprogram har ein no betre oversikt og kontroll med ventelistene.

Kulturskulen fekk i 2016 kr 40 500 til aktivitetar for barn i mottak frå UDI, til eit musikkleik-prosjekt i barnehagen ved Heiane mottak.

I april 2016 vedtok kommunestyret «Rammeplan for kulturskulen – Mangfald og fordjuping». Dette er no det styrande dokumentet for kulturskulen. Hausten 2016 kom kulturskulen med i eit veiledingsprogram (Veilederkorps), leia av Norsk kulturskoleråd.

Kulturskulen gjennomførte i 2016 følgjande arrangement og aktivitetar:

  • Ei rekke «torsdagsonsertar» for elevar, føresette og vener
  • Danseseksjonen i kulturskulen hadde ansvaret for regional samling for Dansens dag, ein dag som vert markert over heile verda. Som ein del av markeringa framførte mellom anna elevar på klassisk ballet balletten «Alice i eventyrland» . Stord danseensemble deltok på regionale markeringa av Dansens dag i Bergen.
  • Seminar og konsert i samband med «Den klassiske gitarens dag» 2. februar. Samarbeid med Bømlo kultursukle, Stord vidaregåande og Høgskolen Stord Haugesund.
  • Pianomaraton – alle elevar på piano deltok på ulike konsertar i løp av fyrste veka i februar.
  • Kulturdag for alle barnehagane i kommunen. Over 300 barnehagebarn deltok på kulturdagen som elevar og lærarar gjennomførte i slutten av april.
  • «Dei unges festspeldag» i samarbeid med kulturskulane i FOS-regionen
  • «Måneskinsoldaten» ei tverrfagleg farmsyning i samarbeid med Falturiltu.
  • To kunstutstillingar i Stord kulturhus med elevar på Visuelle kunstfag.
  • Julekonsert i Nysæter kyrkje
  • ei rekke mindre «hus-konsertar», seminar og workshops. Mange elevar deltek også med innslag på ulike møter og konferansar og er godt synlege i lokalmiljøet, samt i samarbeid med grunnskulen/vidaregåande skule.
  • I tillegg har Trio Vest/distriktsmusikarane hatt fleire produksjonar i samarbeid med Sunnhordland museum, Stordkoret, nokre eigne produksjonar mellom anna konsert i Nysæter kyrkje. Det er gjennomført 7 samlingar med Den kulturelle spaserstokken.

 

 

Nøkkeltal for ulturskulen Stord Samanlikn. Kommunar Landet utan Oslo
2016 2014 2013 2016 2016
Netto driftsutgifter til kommunal musikk- og kulturskule, i prosent av samla netto driftsutgifter 0,8 0,8 0,7 0,6 0,5
Netto driftsutgifter til kommunal musikk- og kulturskule, per innbyggjar 6-15 år, i kr 2923 2 693 2 277 2175 2385
Korrigerte brutto driftsutgifter til kommunal musikk- og kulturskule, per brukar, i kr 17720 16 400 13 988 17180 18527
Del brukarar i grunnskulealder i kulturskulen av tal barn i alderen 6 – 15 år i prosent 20,8 19,7 22,4 14,9 14,2

 

5.7 Mot 2016

Stord kommune er eit lokalsamfunn med MOT. Målet med MOT-arbeidet er å være med på å skape robuste og trygge ungdommar som inkluderer alle. Dette gjer ein gjennom å arbeide med verdiane MOT til å leve, MOT til å bry seg og MOT til å sei nei.

Ungdommar med MOT. Foto: Maria Solheim

Ungdomsskulane i Stord kommune er tre av 236 ungdomsskular i Noreg som gjennomfører programmet MOT i ungdomsskulen. Programmet er eit heilskapleg pedagogisk program med i alt 12 besøk per klasse, fordelt på tre år. MOT-øktene vert leia av kommunen sine eigne MOT-coachar. Ein viktig del av MOT i ungdomsskulen er Ung MOTivator. Ung MOTivator er ein niande klassing i frå kvar klasse som skal vere kulturbyggarar og jobbe for å styrkje oppvekstmiljøet på sin skule. Éi anna viktig oppgåve er at dei gjennomfører tre skulebesøk i 7 klassane for å gjere overgangen frå barne- til ungdomsskulen lettare.

Ung MOTivator samling med ungdommar frå Stord, Fitjar og Bømlo kommune. Foto: Maria Solheim

23 november var årets MOT til å glede dag. Dagen handlar om å spreie glede med enkle midlar. Den vart markert på ulikt vis i kommunen. Signalbærar med MOT er også eit forsterkningstiltak for å skape eit meir inkluderande lokalsamfunn. Kommunen har to jenter som er signalbærarar. Jentene er med si framtoning gode rollemodellar for ungdommane og unge vaksne.

I 2016 har også lærlingane på Kværner Stord og lagleiarane i Stord handball hatt ulike MOT-økter. Alt med mål om å skape eit varmare og tryggare oppvekstmiljø på Stord.

6. REHABILITERING, HELSE OG OMSORG

Nedanfor finn ein Kostra-tal for området helse- og omsorg i Stord kommune. Tala syner kommunen si måloppnåing på utvalde satsingsområde. Måltala tek utgangspunkt i erfaringstal.

MÅLEKART HELSE OG OMSORGSTENESTER Mål 2016 Stord 2016 Stord 2015
Del årsverk med fagutdanning >80 74 73
Snitt tildelte timar i heimen, heimesjukepleie >9,3 10,6 10,3
Snitt tildelte timar i heimen, praktisk bistand <7,7 8,2 7,6
Del heimeten.mottakarar med omfattande bistandsbehov, 67år og over i prosent 29,3 28,8 25,6
Brukarar i institusjon med omfattande bistandsbehov (langtidsopphald) % >91,7 93,0
Tid med lege per veke per bebuar i sjukeheim (timar) >0,41 0,41 0,43
Tid med fysioterapi per veke per bebuar i sjukeheim (timar) >0,17 0,17 0,18
Mottakarar av heimetenester, pr 1000 innb,80 år+ 305 311 312

 

Det er trong for fleire tilsette med fagutdanning, m.a. fordi kommunen gradvis overtek ansvaret for tenesteyting som tidlegare låg under spesialisthelsetenesta. Tala viser at kommunen har fleire personar med omfattande omsorgsbehov. Om lag halvparten av mottakarane av heimetenester i kommunen er under 67 år. 67 prosent av tenestene gjekk til denne aldersgruppa i 2016.

MÅLEKART NAV KOMMUNE Mål 2016 Stord 2016 STORD 2015
Snitt stønadslengde 18-24 år , mnd. <4,0 4,1 4,0
Snitt stønadslengde 25-66 år, mnd. <4,0 3,9 4,0
Del som går over 6 månader på stønad i % <20 25 25
Deltakarar i Kvalifiseringsprogrammet 18-66 år >13 13 13

Det var høg arbeidsløyse i Stord kommune gjennom heile 2016. Stønadslengda for den einskilde mottakar har likevel ikkje gått vesentleg opp. Det har gjennom heile 2016 vore 13 eller fleire deltakarar i Kvalifiseringsprogrammet. I fjor var det totalt 18 deltakarar i programmet som går over to år.

6.1 Drifta i 2016

Brukarar og tilsette ved Sæbø gard. Foto: Haldis Lauksund

Tenesteområdet Rehabilitering, helse og omsorg (RHO) omfattar Kundetorget, heimebaserte tenester, institusjonstenester, Eining for habilitering, Eining for aktivitet og rehabilitering, psykisk helse og rus og NAV kommune.

Budsjettrammer som ikkje tok høgde for nye brukarar medfører utfordring for einingane av di volumauke fører til økonomisk avvik. Området har med stram styring likevel levert eit samla rekneskap med mindre avvik enn prognosen i tertialrapporten.

2016 har vore eit utfordrande år også for heimebaserte tenester. Kommunen legg opp til at ferdigbehandla pasientar i sjukehus som hovudregel skal utskrivast til heimen, dersom dei var heimebuande då dei vart lagde inn. Stord kommune har mangel på korttidsplassar i sjukeheim. Det er og liten tilgang på faste institusjonsplassar. Det gjer at mange svært pleietrengjande bur heime. Velferdsteknologi gjer at brukarar og pårørande opplever større tryggleik, men det er grenser for i kva grad teknologi kan avlaste den tradisjonelle tenesteytinga. Korttidsplassar, avlastning og rullering av plassar er tiltak som erfaringsvis kan utsetje behov for fast institusjonsplass. Utan tilgang på slike plassar, kjem pasient og nettverk raskare i behov av fast institusjonsplass. Kommunen  sine utgifter til Helse Fonna for ferdigbehandla pasientar i 2016 var 4 mill. kroner.

I 2016 var det 40 brukarar som kom inn under ordninga særleg ressurskrevjande helse- og omsorgstenester. Dette gjeld brukarar som er særleg omsorgstrengjande og som kommunen får ekstra tilskot til. For desse brukarane får kommunen refundert 47 av totalt 150 millionar kroner i lønsutgifter. Desse utgiftene dreg snittkostnaden per brukar innanfor tenesteområdet betydeleg opp.

Tilbodet «Springbrettet» på NAV Stord har synt seg å vera eit godt tiltak. Her stiller ein vilkår for ordinære arbeidssøkjarar under 30 år som oppsøkjer NAV for å få stønad. Ein driv m.a. med CV-skriving, jobbsøking/-trening. Det er strenge reglar for frammøte. Fråvere eller for seint oppmøte gjev trekk i stønadsutbetaling. Hovudmålet med tiltaket er at brukarane skal få seg utdanning eller jobb.

Kommunen har 11 samarbeidsavtalar med Helse Fonna som skal medverke til god samhandling kring pasientane. I 2016 meldte Stord kommune 19 avvik på desse avtalane. Helse Fonna meldte om to avvik på Stord kommune. Dei fleste avvika går på manglande eller mangelfulle medisinopplysningar eller epikriser. Avvika vert forsøkt lukka fortløpande. Det er god dialog mellom kommunen og sjukehusa.

For å kompensera noko av mangelen på sjukeheimsplassar har kommunen mellombels leigd tre plassar i Fitjar kommune. I 2017 er dette utvida til fem. I tillegg har rehabiliteringssenteret hatt to dobbeltrom. Forprosjekt for bygging av ny sjukeheim i Bandadalskvartalet med 48 bebuarrom er vedteke og nytt bygg er planlagt ferdig i 2018. I utgangspunktet var planen å fase inn fem nye plassar kvart år, men presset på plassar og det at ein alt leiger fem plasser i Fitjar medfører at talet nok må aukast til mellom 10 og 15 første året.

Nytt bygg ved sjukehuset som skal husa interkommunal legevakt, kommunale akutte døgnsenger (KAD) og observasjonssenger står ferdig mars 2017.

Forprosjekt for nytt dagaktivitetssenter for personar med utviklingshemming er godkjent av kommunestyret. Det er planlagt nytt bygg på Sæbø gard med 20 plassar, med ei kostnadsramme på 34,5 mill. kr. Når dette står ferdig vil kommunen totalt ha 40 arbeids- og aktivitetsplassar for målgruppa.

Demensteamet gjennomførte 41 besøk i 2016 og det er 16 på venteliste ved utgangen av 2016. Besøka avdekker ofte behov for hjelpemidlar, avlastningstiltak og personretta tenester.

I 2016 vart det fatta 1253 vedtak om tildeling av tenester innanfor RHO-området. Fire vedtak vart påklaga. Kommunen fekk medhald av Fylkesmannen i Hordaland i to av desse klagene, ei fekk kommunen delvis medhald i og ei er endå ikkje ferdighandsama av fylkesmannen.

Kommunestyret vedtok at kommunen skulle busetje 60 flyktningar i 2016, i tillegg til familiesameiningar. Det vart busett 64 flyktningar i 2016. To personar vart i tillegg sameint med familie.

NAV gjennomførte si årlege brukarundersøking. Resultata ligg litt under resultata frå 2015, men likevel jamt over snittet i Hordaland. Tenesta scorar bra på samhandling med brukarar og brukarmedverknad, og på måten ein blir motteken på NAV kontoret. Lågast score har ein på sjølvbeteningsløysingar og ventetid i publikumsmottaket. Det er og gjennomført brukarundersøkingar ved heimebaserte tenester, ergo-/fysioterapitenestene og Stord sjukeheim (pårørande). Heimetenestene og ergo-/fysioterapitenestene ligg noko under gjennomsnittet i Norge, der ein særleg har forbetringspotensiale på informasjon. På sjukeheimen er pårørande stort sett nøgde med tilbodet som vert gjeve. Brukarundersøkingane er ein viktig del av grunnlaget for å utarbeida vidare handlingsplaner.

Sjukefråværet i RHO-einingane var 11,41 prosent i 2016, mot 10,63 prosent året før. Det samla fråværet i kommunen var 8,3 prosent. Kommunen har fått innvilga fleire søknader til NAV om tilretteleggingstilskot, og det er stort fokus på oppfølging av sjukemeldte.

Det har vore gjennomført Termakurs (terapeutisk møte med aggresjon) i fleire avdelingar. Valen sjukehus bistår med undervisning. Fleire tilsette vil få tilbod om opplæring i 2017.

Fire tilsette har fullført vidareutdanning i psykisk helsearbeid og rusomsorg og fem nye starta på slik utdanning i 2016. Fire tilsette tek vidareutdanning i eldreomsorg, to fagarbeidarar i utviklingshemming og demensomsorg. Fire tek fagskule i miljøarbeid og to i psykisk helse. Fleire tilsette tek ulike masterutdanningar, -mellom anna tek åtte personar utdanning innanfor klinisk helse- og omsorgsvitskap. Kommunen tok inn 10 lærlingar i helsearbeidarfaget i 2016 og tek sikte på å auka til 15 i 2017.

Det har kome ei ny forskrift om styringssystem i helse- og omsorgstenesta. Denne erstattar internkontrollforskrifta og presiserer mellom anna leiarane sitt ansvar for at tenestene fungerer etter lovverket. I samband med dette har RHO-området starta med interne tilsyn for å kvalitetssikra og forbetra tenestene. Leiarane deltek på interntilsyn i andre einingar. Slik lærer ein av kvarandre.

6.2 Eining for psykisk helse og rus

Foto: Brit S. Myklebust

Sosial og førebyggjande tenester vart delt i Eining for førebyggjande tenester og Eining for psykisk helse og rus i oktober 2016, der førebyggjande tenester vart meir retta mot oppvekstområdet.

Eining for psykisk helse og rus organiserer tenester til personar med psykiske vanskar og/eller rusproblem. Eininga organiserer dagsenter (Hamna kontaktsenter og Maris), bufellesskap (Apalvegen og Åkervikåsen) og oppsøkjande tenester (Bustadsosialt team og to ambulante team).

Leiarane, erfaringsmedarbeidarane, Tingarkontoret og DPS deltek i eit regionalt læringsnettverk som har som mål å styrke arbeidet med å innføre recovery-orienterte tenester (Denne arbeidsmetodikken vektlegg ressursorientering og betringsprosessar) og betre samhandlinga mellom ulike nivå i tenesteapparatet. Læringsnettverket er eit samarbeid mellom Helse- og omsorgsdepartementet, Helsedirektoratet og KS, der målet er å utvikle gode rutinar og god samhandling, og aktiv brukarinvolvering. Visjonen for arbeidet er at fokus skal flyttast frå «Kva er i vegen med deg?» til «Kva er viktig for deg?». Eininga vil ha fokus på dette arbeidet vidare i 2017.

6.3 Samarbeid med frivillige lag og organisasjonar

Ved Rehabiliteringssenteret nyttar fleire lag og organisasjonar kantina til samlingar. Varmtvassbassenget vert også mykje brukt av ulike lag og organisasjonar .

I Eining for habilitering er det samarbeid med Friluftsrådet Vest og NFU (Norsk foreining for utviklingshemma) om prosjektet «Friluft for alle». Det blir arrangert ulike turar som er tilrettelagde for brukargruppa, men der alle kan delta. Røde Kors barnehjelp arrangerer diskotek og juletrefest, Stord idrettslag driv handballag for utviklingshemma, NFU driv koret Festivito og arrangerer sommarleir saman med Frivilligsentralen.

Saman med Kirkens bymisjon driv Eining for psykisk helse og rus gatefotball. Dette er ein del av Friskt alternativ som Frelsesarmeen står bak.

Røde Kors pasientvener er på besøk på institusjonane kvar veke. Dei snakkar med pasientane og sel frukt, drops m.m. Alle institusjonane har avtale med Røde kors besøkshund.

Fleire avdelingar har besøk av barnehagar av og til. Ved sjukeheimen har ein besøksvener frå Stord og Fitjar Demensforening, og ved sommarbasaren deltek både Røde Kors og Rebeccalosjen saman med andre frivillige.

Institusjonane har faste tidspunkt for andaktar og songandaktar i regi av kyrkjekontoret. Desse er både ved kyrkja sine tilsette og andre organisasjonar. I tillegg har Knutsaåsen omsorgssenter faste innslag der frivillige bidreg med song og musikk.

Måndagstreffet i Sævarhagen er drifta av frivillige som serverar mat og kaffi, leiar bingo og bidreg til ei fin stund for eldre. Dette er for einslege eldre som anten er blitt aleine, eller som ikkje har familie i nærleiken. Tilbodet er organisert av frivilligsentralen og inkluderer transport.

Siste tida er det kome i gong ordning med aktivitetsvenn i regi av Røde Kors i samarbeid med heimetenestene.

6.4 Integreringsrapport 2016

I samband med budsjettvedtaket for 2016, der det vart vedteke at Stord kommune skal busetje 60 flyktningar årleg i perioden 2016-2018, vart det bede om ein årleg statusrapport for integreringsarbeidet i Stord kommune. Rådmannen legg opp til at denne vert ein del av årsmeldinga.

 

Busetting

Stord Kommune har  busett flyktningar både frå asylmottak og overføringsflyktningar frå flyktningleirar i Midtausten. Det vart i 2016 busett 44 vaksne og 20 born. I tillegg til desse 64 vart det busett to born på familiesameining.  Hausten 2015 vedtok formannskapet at Stord kommune skulle vurdere å gje inn anbod på kommunalt drive asylmottak. Dette for å avhjelpe den flyktningkrisa  i 2015. Det blei ikkje levert anbod. Kommunen hadde ikkje ledig bygningsmasse som kunne nyttast til føremålet og makta derfor ikkje å gje inn eit tilbod innanfor UDI sine økonomiske rammer.

Stord kommune vedtok å ta imot fem einslege mindreårige flyktningar for busetting i 2016 og 20 i 2017. IMDi har i ettertid av dette vedtaket meldt frå om at det grunna endra tilstrøyming av flyktningar til Noreg ikkje er behov for nye plassar.

Flyktningane er busette i stort sett alle delar av kommunen. Dette har vore viktig då konsentrert busetting i einskilde delar av kommunen ikkje er ynskjeleg. Flyktningtenesta si erfaring syner at om ein spreiar busetjinga kan dette gjere inkludering i lokalsamfunnet lettare, ved at ein deltek i aktivitetar som er vanlege i eit nabolag og knyttar kontaktar med dei som bur i nærleiken.

Flyktningtenesta opplevde at bustadmarknaden gjennom 2016 var god med tanke på leige av bustader til busetjingsføremål. Det vart leigd inn 23 private og 7 kommunale hus og leilegheiter.

Dei fleste som kom i 2016 vart busette i løpet av hausten. Kommunen har difor ikkje sett dei store verknadene av integreringsarbeidet for dei som kom i 2016. Flyktningtenesta rår alle som vert busett til å søkje barnehageplass og yt vesentleg bistand for at born skal få rask oppstart i barnehage og skule. Eit anna viktig område er å få naudsynte helsekontrollar utført. At desse faktorane raskt er på plass bidreg til at dei vaksne snarare vert klar for norskundervisning og Introduksjonsprogrammet. Når det gjeld dei som vart busette før 2016, er dei fleste godt i gang med livet i Noreg. Mange er godt inkludert i barnehagar, skular og nokre i arbeidslivet. Frivillig sektor,  til dømes idrettslag og ulike trussamfunn, er og med i dette arbeidet.  Dei fleste arenaer kan vera viktige for integreringa i Stordsamfunnet. Stord kommune har sett i gong og støtta einskilde integreringstiltak for å gje busette eit betre grunnlag for integrering. Av tiltaka kan nemnast: ICDP kurs (eit internasjonalt program for å styrke omsorg og oppvekst for barn og unge), Språkkafe, Vanntilvenning og Eg é Kompis, som er eit samarbeid med frivilligsentralen om uformell venekontakt mellom nordmenn og busette flyktningar.

 

Introduksjonsprogram

Dei som vart busette i 2016 starta, så raskt som mogleg, i Introduksjonsprogrammet. Programmet er toårig og inneheld norskundervisning, samfunnsfag, introduksjonskurs og språktreningsplass. Flyktningtenesta/NAV er ansvarleg for Introduksjonskurset og praksisplassar. Talet på deltakarar i 2016 auka frå 24 personar i januar  til 45 personar i desember. Introduksjonsprogrammet er lovpålagt, og flyktningane pliktar å delta. Programmet skal gje den einskilde flyktningen ein god, ny start på livet etter eit liv på flukt. Ein skal ta vare på den kunnskapen og den kompetansen dei har med seg, og om mogleg byggja vidare på denne, slik at flyktningane kjem seg raskare i arbeid eller utdanning. Dei største utfordringa ved introduksjonsprogrammet i Stord er at Vaksenopplæringa har ansvaret for undervisninga til både busette flyktningar, asylsøkjarar (Litlabø og Stord Mottakssenter) og andre  innvandrarar. Dei mange oppgåvene til Vaksenopplæringa kan til tider føre til kapasitet-utfordringar, spesielt når det gjeld tilgjengeleg areal, noko som får konsekvensar for tilbodet.

 

Litt om ulike integreringstiltak

I samarbeid med Norsk Folkehjelp og Rehabiliteringssenteret gjennomførte kommunen to vatntilvenningskurs, vår og haust. Dette er eit tiltak for busette flyktningkvinner på introduksjonsprogrammet og for kvinner på Stord Mottakssenter. Målet med kurset er å gje desse kvinnene ei positiv oppleving i vatn.  Om kurset også stimulerer dei til å læra seg å symje er dette svært positivt og nyttig.

Flyktningtenesta tok hausten 2016 initiativ til å starta eit foreldrerettleiingskurs for busette flyktningar med born ICDP (International Child Development Program). Dette er eit kurs som skal byggja bru mellom dei tradisjonelle omsorgsverdiane som innvandrarar har med seg og dei omsorgsverdiane dei møter her i Noreg. Det vart gjennomført 10 samlingar og tiltaket er no i ein evalueringsfase.

IKK (Internasjonal kulturklubb) tok i 2016 initiativ til å starte ein Språkkafé for innvandrarar på Stord som ynskjer norsk språktrening. Dette er eit uformelt møte mellom nordmenn, flyktningar og innvandrarar, der ein får praktisert norsk saman med nordmenn. Dette finn stad på Stord bibliotek annakvar onsdag. Tilbodet har vore vellykka og tiltaket fortset i 2017.

Stord frivilligsentral og flyktningtenesta starta hausten 2016 eit tiltak der ein kopla ein flyktning og ein stordabu for uformell venekontakt («Eg é KOMPIS»). Målet er at dei to skal invitera kvarandre to gongar kvar til aktivitetar i løpet av ein periode på tre månedar. Aktiviteten kunne vera så enkel som å gå tur, baking til jul, sjå fjernsyn saman og liknande. Ein spleisa 10 par. For nokre var dette vellukka mens for andre blei det meir vanskeleg. Denne første gruppa skal avsluttast no i mars 17. Men erfaringane er allereie såpass gode at me vil prøve å starte opp ei ny gruppe no vårer 2017, saman med IKK.

 

Oppsummering

Det har vore høg aktivitet på mange område som bidreg til integrering og inkludering av flyktningar i Stord kommune. Dei kommunale einingane tek ansvar og leverer gode tenester sjølv om det høge volumet kan bidra til utfordringar på einskilde områder. Det er utvikla og sett i gong fleire gode tiltak, i eigen regi, og i samarbeid med friviljuge lag og organisasjonar.

6.5 Utviklingsarbeid

Velferdsteknologiprosjektet vart vidareført i 2016. Det har vore prøvd ut mange forskjellige teknologiske løysingar og nokre av dei er verdt å gå vidare med.

Prosjektgruppa for velferdsteknologi. Foto: Haldis Lauksund

 

Førebyggjande heimebesøk er eit prosjekt som har som mål å gje opplysning, råd og vegleiing til eldre heimebuande slik at dei i størst mogleg grad kan bu i eigen heim. Tilsette i heimebaserte tenester, brannvesenet og ergoterapeut deltek i besøka. Prosjektet har fått gode tilbakemeldingar og vert vidareført i 2017.

Ernæringsprosjektet er vidareutvikla, og dette har ført til at ein har flytta middagstidspunkt til kl. 15.30 og lunsj er innført kl.12.30 på Stord sjukeheim. Vellukka restaurantkveldar er gjennomført ved Knutsaåsen omsorgssenter. Prosjektet har som målsetjing å førebygga underernæring og at måltida skal vera ei positiv oppleving.

Prosjektet Opplæring av eigne helsefagarbeidarar er sett i verk for å hjelpa fast tilsette assistentar fram til fagbrev i helsearbeidarfaget. Dei får særskild opplæring og vert prioriterte til å få naudsynt praksis for å kunne gå opp til fagprøve. Det er ni tilsette som er deltakarar i prosjektet og tre har fått naudsynt praksis og opplæring i 2016, slik at dei er klare for å gå opp til fagprøve våren 2017. Det blir då rekruttert nye kandidatar.

Heimerehabiliteringsteamet består av sjukepleiar, ergoterapeut og fysioterapeut. Brukarane får oppfølging av teamet i fire til seks veker, med intensiv trening retta mot at brukar skal meistra kvardagen mest mogleg sjølvstendig. I 2016 vart det tilvist 83 kandidatar og 36 av desse var aktuelle for heimerehabilitering. Kartlegging viser gode resultat for brukarane.

Frisklivssentralen er eit førebyggjande helsetilbod for personar som treng rettleiing og oppfølging for å få meir helsefremjande levevanar. Sentralen jobbar fleksibelt og tverrfagleg på tvers av tenester, avdelingar og einingar. Målgrupper i 2016 har vore personar med psykiske lidingar og rusproblem, personar med KOLS og med hjerneskade. Frisklivssentralen har og hatt eit prosjekt på aktivitet for brukarar ved Hamna kontaktsenter og Maris (medikamentassistert rehabilitering). Prosjektet har mellom anna arrangert gatefotball, målet er å etablere eit fast aktivitetstilbod for denne målgruppa.

Frivilligsentralen har sett i verk ei ordning der dei koplar frivillige og flyktningtenesta. «Eg e`kompis» går ut på at ein person forpliktar seg til å vera saman med ein ny landsmann seks gonger i løpet av tre månader, to i regi av Frivilligsentralen og Flyktningtenesta og fire på eiga hand. Dette krev lite administrering og kan vera overførbart til andre områder.

Prosjekt erfaringsmedarbeidar er prøvd ut gjennom fleire år. Det har vore erfaringsmedarbeidarar i bustadsosialt team (Probis) og ved Hamna kontaktsenter. Her vert tidlegare brukarar med erfaring frå området bindeledd mellom brukar og fagperson. Det er god erfaring med ei slik ordning.

Tjue personar med med psykisk utviklingshemming har søkt om bustad. Gjennom året har ein arbeida med eit forstudie der ein planlegg eit nytt bufellesskap for nokre av desse. Dette vert vidareført i eit forprosjekt med planlagt byggjestart i 2017.

Pårørandeprosjektet vart sett i gong på bakgrunn av ei undersøking i kommunen som viste at familiar med store omsorgsoppgåver opplever lite fleksibilitet i avlastingstilbodet, som igjen aukar den totale belastinga. I prosjektet ønskte ein å få kunnskap om kven som har krevjande omsorgsoppgåver, deira situasjon og kor vidt tilbodet i dag samsvarar med behovet. Ei spørjeundersøking viste at personar med omsorgsoppgåver opplever at informasjonen er mangelfull, at dei i liten grad har høve til å påverka avgjersler, og at avlastningstilbodet  er lite fleksibelt. Kommunen set i gong arbeid med forbetring og utvikling av avlastingstilbodet.

Kommunen har vore med i prosjekt i høve re-innleggingar i sjukehus, der eit tema var re-innleggingar av eldre. Godt samarbeid mellom lege, heimetenesta og sjukehus ved utskriving er svært viktig for å unngå at pasientar vert innlagt på nytt.

6.6 Legetenesta

Det er mangel på legar i allmennmedisin, nær 50% av kommunane i landet slit med å få fastlegar og kommuneoverlegar. I 2016 har Stord hatt vanskar med å få tilsett kvalifisert lege i ein ledig avtaleheimel. Vikarordningar gjennom rekrutteringsbyrå er svært dyre.

Talet på «gjesteinnbyggjarar» som har fastlege i Stord, svarar til kapasiteten på ei fastlegeliste. I tillegg er det mange som bur på Stord mellombels og burde fått fastlege her. Erfaringa er at det sjeldan er meir enn ein lege som har ledige listeplasser og folk står på ventelister for byte. Kommunen må difor vurdere å opprette fleire  fastlegeheimar  for å stetta den lovfesta retten folk har til val og byte av fastlege.

Samarbeidsutvalet mellom fastlegane på Stord og kommunen har drøfta ulike ordningar som kan gje betre rekrutteringsgrunnlag. Eit av alternativa som er drøfta er om det vil vera lettare å rekruttere legar om dei vert fast tilsette i kommunen.

På den andre sida har kommunen lukkast med å skaffa vikarar for fastlegar slik at desse kan få praksis ved sjukehuset. Det er eit nytt krav at legar må vera spesialistar i allmennmedisin for å vera fastlege eller ha sjølvstendig legevakt, og då treng dei m.a. dette «sjukehusåret». Tilrettelegging for spesialisering er viktig for å halda på dei legane me har og at dei kan få naudsynt kompetanse.

Den interkommunale legevaktordninga SIL (Sunnhordland interkommunale legevakt) kombinert med døgnavdeling IDA (interkommunale akutte døgnsenger) har stilt krav til planlegging og samarbeid med legetenesta for å få fagleg forsvarlege ordningar. Interkommunalt samarbeid har gitt stabil legedekning på legevakta med kjente legar, mindre vaktbelastning på den enkelte og auka tilgjenge. Legevakta er bemanna kl. 15.00-08.00. Dette gjev høgare kvalitet på tenestene og tryggleik for tilsette og publikum ved m.a. kortare responstid. Døgnavdelinga har oppstart i mars 2017.

6.7 Økonomi

 

PLEIE OG OMSORG, Nøkkeltal frå Kostra, nivå 2 Stord Samanlikn. kommunar Landet utan Oslo
2016 2015 2014 2016 2016
Heimetenesta
Korrigerte brutto driftsutg. per mottakar av heimetenester (i kroner) 365 769 338 599 336 751 200 530 246 456
Mottakarar av heimetenester pr 1000 innb. 0-66 år 19 19 19 28 21
Mottakarar av heimetenester pr 1000 innb. 80 år og over 311 312 305 418 325
Andel heimebuande brukarar med omfattande bistandstrong, 67 år + i % 28,8 25,6 24,2 15,3 13,7
Institusjonar
Plassar i institusjon i % av innbyggjarar over 80 år 11,8 11,7 11,6 17,1
Legetimar pr veke pr bebuar i sjukeheim 0,41 0,43 0,41 0,38 0,55
Fysioterapitimar pr veke pr bebuar i sjukeheim 0,17 0,18 0,17 0,24 0,40
Andel plassar i skjerma eining for personar med demens 33,3 33,2 34,2 24,9 27,8
Korrigerte brutto driftsutgifter i institusjon per plass i kroner 1284765 1 155 081 1 147 619 1137949 1099177
Andel brukarar i institusjon med omfattande bistandstrong, langtidsplassar 93,0 85,3 84,4

 

Kostra-tala viser at kommunen har markant større utgifter per mottakar av heimetenester enn samanlikningskommunane, og ligg litt over når det gjeld driftsutgifter pr.  institusjonsplass. Noko av grunnen for dette kan ein finna i figuren under som syner fordeling av tenester til innbyggjarar over 80 år.

Kilde: SSB/Kostra. *for kostragruppe 8 er det brukt 2015-tall pga manglende statistikk for 2016.

Figuren viser at del av innbyggjarar over 80 år som bur på institusjon ligg markant under samanlikningskommunane. Dette tyder på at heimetenestene sannsynlegvis gir tenester til fleire som ville fått institusjonsplass i andre kommunar. I tillegg vil den høge terskelen for å få fast plass på institusjon føre til at bebuarane er sterkt omsorgstrengande ved innlegging og treng omfattande tenester. I institusjonane på Stord er 93% sterkt omsorgstrengande mot 85% i samanlikningskommunane.

Figuren over viser at for alle aldersgrupper skil Stord seg ut med eit langt meir omfattande bistandsbehov i heimetenestene, over dobbelt så høgt i aldersgruppene 0-66 år og 80 år og over. Dette er ei viktig forklaring på det høge kostnadsnivået i Stord, då desse har behov for omfattande tenester.

SOSIALTENESTA Stord Samanlikn. kommunar Landet utan Oslo
2016 2015 2014 2016 2016
Netto driftsutgifter til sosialtenesta per innbyggar, i kroner 2349 1719 1693 2028 2400
Netto driftsutg. til sosialtenesta i prosent av samla netto driftsutgifter 4,6 3,6 3,6 3,9 3,9
Netto driftsutg. til tilbud personar med rusproblem pr innbyggjar 20-66 år 1004 539 768 312 423
Andelen sosialhjelpsmottakarar i forhold til innbyggjarar i alderen 20-66 år 4,4 3,7 3,6 4,3
Sosialhjelpsmottakarar 497 416 399 278
Brutto driftsutgifter til økonomisk sosialhjelp per mottakar 31465 31226 25880 42515
Gjennomsnittleg utbetaling per stønadsmånad 8089 8082 7046
Sosialhjelpsmottakarar med sosialhjelp/introduksjonsstønad som hovudinntektskjelde, andel 48,7 44,0 49,0

 

Det var høg arbeidsløyse i Stord kommune gjennom heile 2016. Auka kostnader til økonomisk sosialhjelp samsvarar med auken i tal på mottakarar. Dette syner att på tal mottakarar av økonomisk sosialhjelp som auka med 81 personar i 2016 (497) samanlikna med 2015 (416).

KOMMUNEHELSETENESTA Stord Samanlikn. kommunar Landet utan Oslo
2016 2015 2014 2016 2016
Netto driftsutgifter per innbyggjar i kroner, kommunehelsetenesta 2426 2439 2265 2353 2540
Netto driftsutgifter i prosent av samla netto driftsutgifter 4,8 4,9 4,8 4,6 4,7
Netto driftsutgifter til diagnose, behandling og rehabilitering per innbyggjar 1499 1524 1355 1541 1765
Legeårsverk per 10 000 innbyggjarar, kommunehelsetjenesta 10,9 11,6 11,7 10,2 10,7
Fysioterapiårsverk per 10 000 innbyggjarar, kommunehelsetjenesta 7,3 7,0 7,1 8,2 9,1

Utgiftene var noko høgare i 2015 m.a. grunna vikarutgifter til lege i lovpålagd permisjon og tilskot til oppbygging av liste for ny fastlege. Tilgang på ledige plasser hjå fastlegane gjev færre årsverk pr. innbyggjar. Fastløna fysioterapeutar inkluderer folkehelsearbeid og frisklivssentral.

7.1 Driftsrekneskapen for Stord kommune, 2012-2016

Driftsrekneskapen for Stord kommune, 2012-2016

2012 2013 2014 2015 2016
Sum driftsinntekter 1 065 800 1 107 872 1 146 982 1 213 237 1 382 997
Sum driftsutgifter -1 064 987 -1 079 911 -1 147 897 -1 190 338 -1 339 105
Brutto driftsresultat 813 27 961 -916 22 898 43 892
Avskrivingar 10 715 11 575 12 598 15 341 57 377
Brutto driftsresultat eks avskrivingar 11 528 39 536 11 682 38 240 101 269
Netto finanspostar -7 033 4 190 1 257 7 627 73 390
Netto driftsresultat 18 562 35 346 10 425 30 613 27 879
Interne finanstransaksjonar -5 606 -2 863 16 577 7 355 7 230
Meirforbruk – /mindreforbruk + 12 956 32 483 27 002 37 968 35 109

 

 Kommunen sitt netto driftsresultat er på kr 27,8 millionar kroner. Netto driftsresultat er brutto driftsresultat korrigert for renter, avdrag, kommunale utlån, endring finansielle omlaupsmiddel, utbytte og avskrivingar. Netto driftsresultat kan brukast til å finansiere investeringar eller settast av til komande år. For Stord kommune sin del vil netto driftsresultat settast av til finansiering av investeringar i skulebygg og institusjonsplassar. Netto driftsresultat er den indikatoren som gjev det beste målet på økonomisk balanse i kommunen. For Stord kommune utgjorde netto driftsresultat 2,02 prosent av brutto driftsinntekter i 2016. Dette er 1,98 prosentpoeng under samanlikningskommunane, som har 4,0 prosent. Teknisk berekningsutval har tilrådd at netto driftsresultat bør utgjere 1,75 prosent av brutto driftsinntekter. Stord kommune er i kommunegruppe 8, som er mellomstore kommunar med låge bundne kostnader per innbyggjar og middels frie disponible inntekter.

7.2 Frie inntekter

Frie inntekter består av rammetilskot, skatteinntekter og andre ikkje-øyremerka statlege tilskot. Desse inntektene utgjer dei viktigaste finansieringskjeldene til kommunen. Rammetilskotet skal gjennom utgiftsutjamninga reflektera kostnadene med å yta tenester til dei ulike aldersgruppene m.m.

Stord kommune sitt skattenivå i 2016 var 90,6 prosent av landsgjennomsnittet. Dette var ein stor reduksjon frå 2015, då skattenivået i Stord kommune var 98,0 prosent av landsgjennomsnittet. Stord kommune hadde i 2016 ein skattevekst på 0,4 prosent i høve til 2015. Stord kommune justerte ned skatteanslaget med 5,527 millionar i løpet av året. På grunn av systemet med inntektsutjamning vart likevel dei frie inntektene 3,2 millionar kroner høgare enn revidert budsjett for 2016.

 

Utviklinga i frie inntekter 2012-2016 (1000 kr)

2012 2013 2014 2015 2016
Frie inntekter eks momskompensasjon 796 311 833 721 861 229 904 064 931 058
– skatt 427 160 442 092 450 121 484 244 488 717
– rammetilskot 366 201 391 629 411 108 419 820 442 341
Frie inntekter pr. innbyggjar 43 685 45 304 46 092 48 153 49 469
Auke frie inntekter i prosent 6,9 3,7 1,7 4,5 2,73
Momskompensasjon 13 624 16 345 15 081 22 755 60 819
av dette investering 2 411 3 144 2 506 5 495 37 857
av dette drift 11 213 13 201 12 575 17 260 22 962

 

7.3 Driftsrekneskap / budsjett

 

Driftsrekneskapen, skjema 1A. Hovudtal (1000 kr)

Tekst Rekneskap Budsjett rev. Budsjett opph. Rekneskap
2016 2016 2016 2015
Sum frie disponible inntekter 1 009 523 1 005 045 1 005 491 968 087
Netto finansinntekter/utgifter -74 403 -74 876 -74 535 -46 045
Netto avsetning 7 236 6 869 43 128 7 584
Overføring til investering -6 -38 000 -228
Til fordeling drift 942 350 937 038 936 084 929 398
Sum fordelt til drift -907 241 -898 368 -897 414 -891 430
Rekneskapsmessig meir-/mindre forbruk. 35 109 38 670 38 670 37 968

 

7.4 Pensjon

Pensjonskostnaden er det som vert belasta i kommunen sin rekneskap, medan pensjonspremien er det kommunen faktisk betalar til pensjonsforsikringsselskapa for dekning av framtidige pensjonsforpliktingar. Premieavviket er skilnaden mellom pensjonskostnad og pensjonspremie. Dersom pensjonspremien er større enn pensjonskostnaden får vi eit positivt premieavvik. Er pensjonspremien mindre enn pensjonskostnaden får vi eit negativt premieavvik. Eit positivt premieavvik skal førast til inntekt i årsrekneskapen. Tilsvarande skal eit negativt premieavvik utgiftsførast i årsregnskapet og bokførast som kortsiktig gjeld. Premieavvik vert slik ein form for korreksjonspost til den betalte pensjonspremien slik at summen nettoen av desse blir lik pensjonskostnaden. Ein har valet mellom å kvart år avsetje heile premieavviket eller å fordela avviket over 15 år for premieavvik frå åra 2002-2010), 10 år for 2011-2013 og 7 år for premieavvik oppstått seinare. Stord kommune har valt maksimum amortiseringstid. Oppsamla premieavvik var 31.12.16 69,3 millionar kroner, som altså er bokført som kortsiktig gjeld i kommunerekneskapen.

Det er venta at kommunesektoren i åra framover måtte vil bruke ein stadig større del av inntektene sine på pensjon. Auken skuldast både auka nedbetaling av tidlegare års premieavvik, lågare avkasting på pensjonsmidlane og høg lønsvekst.

Foto: Brit S. Myklebust

7.5 Avsetningar

 

Netto avsetning, spesifikasjon (1000 kr) Rekneskap Budsjett rev. Budsjett opph. Rekneskap
2016 2016 2016 2015
Bruk av udisponert frå tidlegare år 39 450 39 486 38 000 27 002
Bruk av disposisjonsfond 220 150 38 000
Bruk av bundne driftsfond 13 283 8 075 7 798 8 625
Sum bruk av avsetningar 52 954 47 711 83 798 35 627
Overført til inv. rekneskapen 6 38 000 228
Avsett til dekning frå tidligare år
Avsett til disposisjonsfond 37 968 38 000 38 000 13 948
Avsett til bundne fond 7 749 2 842 2 670 14 095
Sum avsetningar 45 724 40 842 78 670 28 271
Sum netto avsetningar -7 230 -6 869 -5 128 -7 355

Det er brukt 13,2 millionar kroner av bundne driftsfond, og sett av 7,7  millionar til bundne driftsfond.

 

Oversyn bruk av fond og avsetningar til bundne driftsfond, største postar.

Bruk (1000 kr) Avsetnader (1000 kr)
Driftsfond avlaup 1 778 Sjølvkost SFO 732
Husbanken, tilpassing av bustad 1 460 Utdanning av eigne helsefagarbeidarar 650
Statstilskot psykologar 1 280 Førebyggjande helse, tilbod til personar med rusproblem 585
Førebyggjande helse, tilbod til personar med rusproblem 904 Tiltaksmidlar drift 2016 501
Utdanning av eigne helsefagarbeidarar 650 Skjønsmidlar barnevern, førebyggje oppdragarvald 539
Skjønsmidlar flyktning 2015, Jobbsenter 537 Skjønsmidlar mentorordning framandspråklege 500
Folkehelsekoordinator 523 Driftsfond byggesak 422
Rekrutteringsfond 462 Ekstramidlar 1-4 trinn barneskule 383
Diverse andre øyremerka statstilskot/skjønsmidlar 1 031 Diverse andre øyremerka statstilskot/skjønsmidlar 9 783
Sum bruk 8 625 Sum avsetnad 14 095

 

Utvalde nøkkeltal frå KOSTRA, konsern [1]

2016 2015 2014 Kommune gruppe 8 2016 Landet utanom Oslo 2016
Brutto driftsresultat i prosent av brutto driftsinntekter [2] 3,2 4,9 3,0 3,8 3,7
Netto driftsresultat i prosent av brutto driftsinntekter [3] 2,2 3,7 1,8 4,0 4,1
Overskot før lån og avsetningar i % av brutto driftsinntekter -12,3 -3,3 -3,3 -5,7 -2,6
Netto finans og avdrag i % av brutto driftsinntekter [4] 5,2 5,6 5,5 4,2 4,0
Netto avdrag i prosent av brutto driftsinntekter 2,7 2,7 2,6 3,3 3,4
Netto finans i prosent av brutto driftsinntekter 2,4 2,9 2,9 0,9 0,6
Netto lånegjeld i prosent av brutto driftsinntekter [5] 103,2 97,9 95,5 92,4 81,7
Langsiktig gjeld i prosent av brutto driftsinntekter [6] 236,4 227,3 224,6 218 213,9
-Av dette pensjonsforpliktelsar i prosent av brutto driftsinntekter 112,1 115,7 116,0 106,6 114,1
Sertifikatlån i prosent av langsiktig gjeld eks pensjonsforpliktingar [7] 20 57,2
Renteeksponert gjeld i prosent av brutto driftsinntekter [8] 54,3 40,5 45,3
Arbeidskapital ex. premieavvik i prosent av brutto driftsinntekter [9] 14,3 11,7 8,7 18,3 24,5
Finansiering investering:
Intern finansiering (fond, e-skatt) -1,0 28,6 -11,4 1,9 3,7
Tilskot, refusjonar, salsinntekter m.m., i % av brutto investeringsutgifter 24,1 19,4 30,2 34,6 31
-Av dette sal av fast eigedom 2,6 4,5 11,3 4,4 5,5
Bruk av lån (netto) i % av brutto investeringsutgifter 76,8 51,8 79,7 59,4 59,5
Frie inntekter:
Skatt på inntekt og formue i % av brutto driftsinntekter 35,8 36,9 35,8 33,9 33,7
Statleg rammeoverføring i % av brutto driftsinntekter 32,7 32,0 32,7 32,2 31,2
Eigedomsskatt i % av brutto driftsinntekter 3,2 3,0 3,2 2,5 3,2
Nøkkeltal i kroner per innbyggjar:
Frie inntekter i kroner per innbyggar 46 092 48 153 46 092 50 210 52 141
Netto lånegjeld i kroner per innbyggjar [10] 77 321 68 363 64 144 70 176 65 562
Pensjonsforplikting i kroner per innbyggjar 83 995 80 818 77 925 80 898 91 607

 

 

Kommunen si samla lånegjeld auka med 250 millionar kroner i 2016, og var ved årsskiftet brutto 1,712 milliardar kroner. Av dette var 156,8 millionar kroner lånt ut vidare; 144 millionar kroner til innbyggjarane i kommunen som startlån/formidlingslån, og 12,8 millionar kroner til Stord hamnestell. Kr 629,7 millionar er nytta til investeringar innanfor vatn og avlaup. Netto lånegjeld per innbyggjar i kommunen var 77 321 kroner. Dette er høgare enn samanlikningskommunane, som har 70 176 kroner. Stord har netto utgifter til finans, i hovudsak gjeldsrenter tilsvarande 2,4 prosent av kommunen sine inntekter. Gjennomsnitt for landet er 0,6 prosent.

 

Gjeld fordelt på sjølvkostområdet og anna verksemd (heile 1000) 2015 2016
Kommunen si samla lånegjeld 1 462 382 1 712 152
Vatn, avlaup og renovasjon, del i kroner 545 218 629 703
Vatn, avlaup og renovasjon, del i prosent 37 37
Startlån/formidlingslån i kroner 126 066 143 908
Startlån/formidlingslån i prosent 9 8
Stord hamnestell sin del av gjelda i kroner 13 904 12 836
Stord hamnestell sin del av gjelda i prosent 1 1
Anna kommunal verksemd i kroner 777 194 925 705
Anna kommunal verksemd i prosent 53 54

 

Kommunen sine gjeldskostnader innanfor sjølvkostområda er finansiert med brukarbetaling. Det er ikkje samanlikningstal for desse. Renteutgifter til startlån/formidlingslån vert dekka av låntakar. Stord hamnestell sine renter og avdrag er finansiert av hamnestellet sine inntekter. Kommunen si gjeld som vert finansiert over kommunen sine frie inntekter, vert ofte omtala som ordinær gjeld.

 

Gjeld som vert dekka av øyremerka statstilskot 2015 2016
Grunnlag for rentekompensasjon skuleutbygging reform -97 1 156 000 1 156 000
Grunnlag for rentekompensasjon skuleutbygging 76 538 061 71 817 607
Grunnlag for rente- og avdragskompensasjon omsorgsbustader, institusjonsutbygging 39 195 640 39 706 737
Grunnlag for rentekompensasjon kyrkjebygg 10 267 119 9 926 402
Del av totalgjelda som vert kompensert, i kr 127 156 820 122 606 746
Del av totalgjelda som vert kompensert, i prosent 8,7 7,16

 

Kommunen fekk 5,176 millionar kroner i rente- og avdragskompensasjon i 2016.

 

Unytta lånemiddel har auka frå kr. 95 millionar i 2015 til kr. 113,3 millionar i 2015. Auken skuldast i hovudsak forseinkingar i investeringsprosjekta, og det vert gjort framlegg om overføring av midlane til 2017 i eiga sak til kommunestyret våren 2017.

[1] Konserntal, inkluderer kommune, kommunale føretak, interkommunale samarbeid og interkommunale selskap

[2] Frå og med rekneskapsåret 2014 utgår mva-kompensasjon opptent i investeringsrekneskapen frå berekninga av brutto driftsinntekter. Avskrivingar er med, slik at indikatoren kan nyttast for samanlikning med eit resultatorientert rekneskapssystem (primært brukt i privat næringsliv)

[3] Minimumsavdrag vart korrigert etter at ein hadde rapportert til KOSTRA. Korrigert for dette har Stord kommune eit netto driftsresultat på 2,02 prosent av brutto driftsinntekter.

[4] Viser kor stor del av driftsinntektene som er bunde opp til tilbakebetaling av lån

[5] Langsiktig gjeld ekskl. pensjon, utlån, unytta lånemiddel

[6] Inklusiv pensjonsforpliktingar og formidlingslån

[7] Sertifikatlån har kortare løpetid enn eit år og må refinansierast fortløpande. Indikatoren kan sei noko om refinansieringsrisiko. Ifølge SSB er det manglande/feilaktig rapportering frå andre kommunar som gjer at me ikkje har samanlikningstal. Dei har ikkje funne ein god metode for å estimere tal for desse.

[8] Korrigert for gjeld innanfor sjølvkost området og gjeld som ein får rentekompensasjon for gjennom Husbanken. Ifølge SSB er det manglande/feilaktig rapportering frå andre kommunar som gjer at me ikkje har samanlikningstal. Dei har ikkje funne ein god metode for å estimere tal for desse.

[9] Arbeidskapital: Differansen mellom omlaupsmidlar og kortsiktig gjeld, eit uttrykk for likvididet

[10] Netto lånegjeld er definert som langsiktig gjeld (eksklusive pensjonsforpliktingar). Totale utlån og ubrukte lånemidlar er trekt frå.

7.6 Balanse

Stord kommune, balanserekneskap 2012-2016

EIGENLUTAR (tal i millionar kroner) 2012 2013 2014 2015[1] 2016
Omlaupsmidlar:
Kasse, postgiro, bank, aksjar, obligasjonar 162 142 177 223 277
Fordringar 103 105 113 104 132
Premieavvik 52 62 78 79 78
Sum omlaupsmidlar 327 309 368 405 488
Anleggsmidlar:
Aksjar, andelar 24 25 27 59 62
Langsiktige utlån 1 023 1 125 1 187 161 183
Pensjonsmidlar 856 945 1 038 1 226 1 236
Utstyr, maskinar og transportmiddel 227 231 234 107 161
Faste eigedommar og anlegg 2 130 2 327 2 486 1 480 1 668
Sum anleggsmidlar 4 260 4 653 4 972 3 033 3 310
Sum eignelutar 2 447 2 636 2 854 3 438 3 798

 

GJELD OG EIGENKAPITAL (tal i millionar kroner) 2012 2013 2014 2015 2016
Gjeld:
Kortsiktig gjeld 118 165 176 161 189
Langsiktig gjeld 1 209 1 248 1 363 1 462 1 712
Pensjonsforplikting 1 126 1 262 1 342 1 517 1 579
Sum gjeld 2 463 2 675 2 881 3 140 3 480
Eigenkapital:
Fond 125 98 111 119 160
Rekneskapsmessig underskot -29 -16 0 0 0
Rekneskapsmessig overskot 13 32 27 39 35
Udekt i investeringsrekneskapen 0 0 0 0 0
Endring i rekneskapsprinsipp -10 -10 -10 -10 -10
Anna eigenkapital -104 -143 -155 149 132
Sum eigenkapital -6 -39 -27 298 317
Sum gjeld og eigenkapital 2 447 2 636 2854 3 438 3 798

[1] Balansetal for 2015 er korrigert for tilbakeføring av kommunale føretak.

 

7.7 Plassering og avkastning kraftsalsfondet og overskotslikviditet 2016

Utviklinga i marknadsverdi for plassering og samansetning av aktiva klassane:

Tal i heile 1000 Tal i prosent
Aktivaklassar 2013 2014 2015 2016 2013 2014 2015 2016
Obligasjonar/sertifikat 85 552 91 764 71 267 73 552 68,0 69,9 64 63
Aksjefond internasjonale 16 500 19067 23 332 24 794 13,1 14,5 21 21
Kursregulering (valutasikring) 138 -773 -488 -386 0,1 -1 0
Bankinnskot 3 473 1 117 1 641 1 031 2,8 0,9 1 1
Utlån til lag og organisasjonar 11 674 12 606 8 627 11 053 9,3 9,6 8 10
Utlån til Stord lufthamn 8 392 7 532 6 671 5 811 6,7 5,7 6 5
Sum marknadsverdi plasseringar 125 729 131 312 111 050 115 855 100 100 100 100
Avkastning i kr 7 056 4 589 1 751 3 375
Avkastning i prosent 5,61 3,49 1,58 2,91

 

Plasseringane gav i 2016 ei avkastning på 2,91 prosent eller 3,375 millionar kroner. Totalavkastninga på aksjar og obligasjonar (eks. utlån) var på 3,26 prosent, dette er 0,41 prosentpoeng betre enn ein «normalporteføljen» sett til 30 prosent aksjar og 70 prosent obligasjonar. Aksjeporteføljen har gitt 6,68 prosent i avkasting i 2016, dette er 1,81 prosent under gjennomsnitt avkastning av norske og globale aksjar. Obligasjonsporteføljen har gitt 2,19 prosent avkastning i 2016, dette er 1,74 prosentpoeng over benchmark, som er norske statsobligasjonar med tre års durasjon[1]. Det var budsjettert med kr 3 306 000 i avkastning på finansporteføljen i 2016, inntektsført avkasting vart 3 123 443. Ved utgongen av 2016 var midlane plassert i bankinnskot, rentebærande verdipapir i norske bankar og sparebanker og aksjefonda Delphi verden og Storebrand global indeks. Kraftsalsfondet utgjer kr 58,6 millionar kr, resten er plassering av overskotslikviditet.

 

[1] Durasjon er den vekta gjennomsnittstida til forfall på ein obligasjon berekna ut fra nåverdien på framtidige kontantstrøymar. Durasjon måler prissensitiviteten til ein obligasjon med omsyn på endringar i renta.

 

 

 

8. ORGANISASJONSKART

9. STORD I ORD OG TAL

Byen Stord (Stord kommune) ligg i regionen Sunnhordland i Hordaland fylke. Stord kommune utgjer den sørlege halvdelen av øya Stord, i tillegg til dei mindre øyane Huglo og Føyno. Det utgjer eit samla areal på 144 kvadratkilometer.

Nord på øya Stord ligg Fitjar kommune. Næraste by nord for Stord er Bergen, medan Haugesund og Stavanger er dei næraste byane i sør. Kommunesenteret Leirvik er regionsenter i Sunnhordland.

Stord har nærleik til alt: fjell, sjø, skog, mark, kulturliv, handel, uteliv og idrettsliv. Naturskjønne omgjevnader går hand i hand med urbane kvalitetar. Byen har svært gode høve for samferdsle, med daglege flyavgangar til hovudstaden, og effektive kollektivsamband til Bergen, Haugesund og Stavanger.

Folketalet var per 4. kvartal 2016: 18 821

Sysselsetjing 2016:
Tal på arbeidsplassar: Ca. 9 223
Privat og offentleg tenesteyting: 63,08 %
Industri, bygg og anlegg: 33,88 %
Primærnæringar: 0,79 %
Andre: 2,24 %

Stord kommune hadde ved utgangen av året 1065 årsverk fordelt på totalt 1378 tilsette. Både tal årsverk og tal tilsette har auka i løpet av 2016.

 

11. KOMMUNESTYRET

Det er 35 representantar i Stord kommunestyre. I valperioden 2015-2019 er fordelinga mellom partia slik:

Høgre: 6
Senterpartiet: 3
Kristeleg Folkeparti: 3
Venstre: 1
Miljøpartiet dei grøne: 1
Arbeidarpartiet: 11
Sosialistisk Venstreparti: 4
Framstegpartiet: 4
Stordlisto: 2

11.1 Medlemar i Stord kommunestyret

Arbeidarpartiet

Harry Herstad
Ordførar
Arbeidarpartiet
(død 02.05.17)

 

Gaute Straume Epland
Arbeidarpartiet
E-post: gepland@gmail.com
Mobil: 954 46 307

Lene Susann Pilskog
Arbeidarpartiet
E-post: lenepilskog@gmail.com
Mobil: 481 51 058

Bente Bjelland
Arbeidarpartiet
E-post: bebj@fitjar.kommune.no
Mobil: 476 86 208

Edgar Inge Damås
Arbeidarpartiet
E-post: edgar.inge.damas@kvaerner.com
Telefon: 53 41 53 64
Mobil: 950 76 168

Sigurd Sævareid
Arbeidarpartiet
E-post: sigurd.saevareid@kvaerner.com
Mobil: 954 19 989

Jan Terje Alsaker
Arbeidarpartiet
E-post: jta@sklbb.no
Mobil: 901 91 202

 

Marit Tislevoll Odland
Arbeidarpartiet
E-post: marit.tislevoll.odland@sklbb.no
Mobil: 977 55 749

 Nils Tore Gram Økland
Arbeidarpartiet
E-post: nils.okland@hsh.no
Mobil: 917 56 248

 

Asbjørn Aasheim
Arbeidarpartiet
E-post: asbjorn@m-a.no
Mobil: 488 44 584

 

Pål Ankervold
Arbeidarpartiet
E-post: paal.ankervold@hotmail.no
Telefon: 406 42 340 (arb)
Mobil: 474 46 208

Framstegspartiet

Sigbjørn Framnes
Framstegspartiet
E-post: sigbjorn.framnes@gmail.com
Telefon: 53 49 47 97
Mobil: 900 62 055

Johan Inge Særsten
Framstegspartiet
E-post: johan.inge.saersten@sklbb.no
Mobil: 916 81 592

 

Linda Grundtvig
Framstegspartiet
E-post: linda-grundtvig@hotmail.com
Mobil: 906 91 290

 

Inger Lill Aasheim
Framstegspartiet
E-post: inger.lill.aasheim@stord.kommune.no
Mobil: 906 05 002

Høgre

Liv Kari Eskeland
Høgre
E-post: liv.kari.eskeland@stord.kommune.no
Mobil: 975 52 018

Helge Einar Vie
Høgre
E-post: hvie@broadpark.no
Telefon: 53 40 42 30
Mobil: 915 93 032

Sverre Olav Svarstad
Høgre
E-post: sverre.olav.svarstad@sklbb.no
Mobil: 906 60 466

Reidunn Aasheim
Høgre
E-post: reidunn.aasheim@stord.kommune.no
Mobil: 416 85 894

Geir Kannelønning
Høgre
E-post: geir.kannelonning
@stord.kommune.no
Mobil: 908 70 657

Fredrik Ugland Litleskare
Høgre
E-post: fredrik.litleskare@sklbb.no
Telefon: 53 41 69 09
Mobil: 930 14 160

Kristeleg Folkeparti

Torbjørn Brosvik
Kristeleg Folkeparti
E-post: tbrosvik@gmail.com
Mobil: 402 40 468

Randi Agnete Nysæter
Kristeleg Folkeparti
E-post: randi.nysaeter@gmail.com
Mobil: 414 65 680

Kjetil Eldøy
Kristeleg Folkeparti
E-post: keldoe@online.no
Mobil: 950 13 794

Miljøparitet Dei Grøne

John F. Tonnessen
Miljøpartiet Dei Grøne
E-post: john.tonnesen@stord.kommune.no
Mobil: 997 75 554

Senterpartiet

Silje Vatna
Senterpartiet
E-post: silje.vatna@gmail.com
Mobil: 909 26 633

Esther Aasen Bjelland
Senterpartiet
E-post: esther.aasen.bjelland
@stord.kommune.no
Mobil: 975 52 097


Jakob Bjelland

Varaordførarørar
Senterpartiet
E-post: jabj1972@hotmail.com
Mobil: 908 27 918

Sosialistisk Venstreparti

Nils Magne Blålid
Sosialistisk Venstreparti
E-post: nils.magne.blalid@stord.kommune.no
Telefon: 53 49 66 94
Mobil: 473 14 600

Hilde Mathea Hildal Hauglid
Sosialistisk Venstreparti
E-post: hhauglid@gmail.com
Mobil: 922 03 436

Vegar Moe
Sosialistisk Venstreparti
E-post: vegarmoe@hotmail.com
Mobil: 975 85 029

 

Kjellbjørg Lunde
Sosialistisk Venstreparti
E-post: kjellbjorg.lunde@gmail.com
Mobil: 957 70 083

Stordlisto

Margareth Ottesen Mjønes
Stordlisto
E-post: margareth.ottesen.mjones
@stord.kommune.no
Mobil: 928 13 994 

Foto: Henrik Mundal Andreassen

Leif Magne Hole
Stordlisto
(død 12.04.17)

Venstre

Geir Angeltveit
Venstre
E-post: Angeltveit88@gmail.com
Telefon: 404 01 753