1. Rådmannen sitt framlegg til budsjett og økonomiplan 2018-2021
- Kommunestyret vedtek budsjett og økonomiplan for åra 2018-2021 med desse endringane: …
- Skatteøre vert sett lik maksimal sats i samsvar med Stortinget sitt vedtak om kommunalt skatteøre.
- a) I medhald av eigedomsskattelova §§ 2 og 3 bokstav a) skal følgjande utskrivingsalternativ for eigedomsskatt nyttast for skatteåret 2018: Eigedomsskatt på faste eigedomar i heile kommunen.
b) Skattesatsen vert sett til 2 ‰ av omsetnadsverdien for bustader og fritidseigedomar. Skattesatsen vert sett til 4 ‰ av omsetnadsverdien for verk og bruk, annan næringseigedom og ubebygd grunneigedom.
c) I medhald av eigedomsskattelova § 7 bokstav a) opnar kommunestyret for fritak av eigedomar som er eigde av stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagna ein kommune, eit fylke eller staten. Eigedomar som kvalifiserar for fritak etter bestemmelsen og som er eigde av idrettslag, ungdomslag, bedehuslag og liknande skal ha fritak for eigedomsskatt i Stord kommune. Sakkunnig nemnd legg fram oversyn over kva eigedomar dette kan gjelda. I tillegg kan eigedom tilhøyrande andre stiftingar/organisasjonar bli vurdert fritekne av kommunestyre på grunnlag av søknad.
Dei eigedomar som tidlegare år er innvilga fritak for eigedomsskatt av kommunestyret i medhald av eigedomsskattelova § 7, jf. vedlegg 12.10 til budsjettdokumentet, skal ha fritak for eigedomsskatt også i 2018.
d) Eigedomsskatten skal betalast i fire terminar. Det vert opna for at dette kan fordelast på 12 terminar.
e) Ved taksering og utskriving av eigedomsskatt nyttar kommunen tidlegare vedtekne skattevedtekter.
f) Botnfrådrag vert for 2018 sett til kr 400 000 - Komunestyret vedtek å ta opp inntil 370 641 000 kr i lån i 2018 som serielån.
Låneopptaket er fordelt slik: Startlån til vidare utlån kr 30 000 000 Lån til investering i vatn og avlaup kr 162 420 000 Andre lån kr 178 221 000 Lånegjelda skal nedbetalast med minimumsavdrag.
Kommunestyret vedtek at låneporteføljen til Stord kommune, og alle lån i porteføljen (sjå tabell 12.9) kan refinansierast i inneverande år og i budsjettåret. Rådmannen står fritt til å betale budsjetterte avdrag på dei lån han finn føremålstenleg, uavhengig av opphavleg vedtak.
- Kommunestyret vedtek satsar for gebyr og avgifter med verknad frå 1. januar 2018 slik det går fram av eige hefte ”Betalingssatsar for Stord kommune” for: Kommunale eigedomsavgifter – Gebyr for regulerings-, byggesaks-, og oppmålingssaker – Betalingssatsar for feiing og tilsyn – Avgift for vatn, avlaup og renovasjon
- Som eit ledd i å få meir automatiserte tenester vedtek kommunestyret at det skal innførast fakturgebyr på papirfaktura. Gebyret vert sett til kr 45. Desse er unntatt frå gebyr: – Foreldrebetaling barnehage , sjølvkostområda, dagopphald og korttidsopphald institusjon – Elektronisk faktura
- Kommunestyret fastset slike førebels tilskotssatsar for 2018 til private barnehagar i Stord kommune:
Ordinære private barnehagar Små born/full plass Kr 199 049 Store born/full plass Kr 95 249 Satsar for familiebarnehagar og refusjon kapitalkostnader skal vera tilsvarande retningsgjevande satsar frå departementet.
- Kommunestyret avviklar drifta i Sagvåg og Litlabø barnehage avdeling Litlabø frå og med 1. august 2018. Avdelinga på Nysæter vert administrativt slått samane med Tjødnalio barnehage, til Sagvåg barnehage. Det skal haldast stengt ei avdeling i Skogatufto barnehage også barnehageåret 2018-2019.
- Kommunestyret ber rådmannen i 2018 fremja ei sak om ein ny kommunal barnehage i bydel Sagvåg.
- Stord kommune vil i 2018 busetta 30 flyktningar medrekna familiesameiningar.
- Stord kommune gjev Stord kyrkjelege fellesråd eit driftstilskot for 2018 på kr 8 269 176. Kr 90 000 av tilskotet er øyremerka tilskotsordninga til kremering. Kommunestyret legg til grunn at fellesrådet fastset ein tilskotssum for etterletne som vel kremasjon og forvaltar ordninga med kremasjonsstønad innanfor den fastsette ramma.
- Det vert for 2018 fordelt driftstilskot/-støtte til kultur- og idrettsorganisasjonar m.m. slik:
Sunnhordland museum kr 100 000 Friluftsrådet vest kr 325 192 Stord sogelag kr 10 000 Sunnhordland kammerorkester kr 25 000 Teaterlaget kr 10 000 Venskap Stord-Comalapa kr 20 000 17. mai Leirvik, Sagvåg og Huglo kr 76 000 Falturiltu barnebokfestival kr 100 000 Gards- og ættesoge kr 75 000 Arrangementet 100 dagar (underskotsgaranti) kr 25 000 Det skal fordelast 400 000 til lag og organisasjonar, med kr 150 000 til idrettslaga og kr 250 000 til andre lag og organsasjonar etter kommunestyret sine retningsliner. Komité for næring, miljø og kultur får fullmakt til å disponera løyving på kr 250 000 til kulturføremål.
Stord kommune løyver følgjande tilskot over 2018-budsjettet i til samarbeidstiltak og næringsføremål:
Hordaland olje og gass, driftstilskot kr 50 000 Haukelivegen AS, driftstilskot kr 30 000 Samarbeidsrådet for Sunnhordland kr 613 400 Samarbeidsrådet, reiselivssatsinga kr 228 100 Medlemskontingent Stord næringsråd kr 30 000 Atheno AS, Maritim industriinkubator kr 150 000 Atheno AS, Ungt entreprenørskap kr 65 000 Kjøp av førstelinetenester for næringsetablering kr 400 000 Komité for næring, miljø og kultur får i tillegg fullmakt til å disponera løyving på kr 100 000 til næringsføremål. Søknad frå Samarbeidsrådet for Sunnhordland dagsett 11. september 2017 om å auka tiltaksmidlane frå kr 2 per innbyggjar til kr 7 for å styrka reiselivssatsinga, vert ikkje imøtekomen.
- Kommunestyret viser til budsjettsituasjonen og finn ikkje å kunna imøtekoma søknad frå Stord maritime museum om tilskot for 2018. Kommunestyret viser samstundes til sitt vedtak av 16. februar 2017, og ber styret i Stiftinga Stord maritime museum om å vurdera grunnlaget for stiftinga og gåva frå Oma-familien på bakgrunn av endra rammevilkår og at det ikkje lenger er samarbeid med Sunnhordland museum.
- Kommunestyret ber styret i Stord kommunale eigedom AS om å justera ned husleiga i Ske-bygget i sentrum med kr 1 000 000 i 2018. Kommunestyret vil vidare ta ut kr 1 000 000 i ekstraordinært utbytte av Stord kommunale eigedomsselskap i 2018.
- Stord kommune takkar nei til å delta i finansieringsordninga for digitaliseringsprosjekt, jf. invitasjon frå KS dagsett 8. september 2017.
- Kommunestyret ber rådmannen gå i tingingar med arbeidstakarorganisasjonane med sikte på å avvikla ordninga med antesipert (føregripen) lønsansiennitet. Kommunestyret legg til grunn at spørsmålet også vert vurdert i trepartssamarbeidet.
- Kommunestyret ønskjer å avvikla ordninga med betalt matpause for tilsette innanfor kontoradministrasjon i Stord kommune og ber rådmannen om å drøfta spørsmålet med arbeidstakarorganisasjonane. Kommunestyret legg til grunn at spørsmålet også vert vurdert i trepartssamarbeidet. Driftsstyret får fullmakt til å gjera vedtak i saka.
- Kommunestyret ber om at rådmannen i løpet av første halvår 2018 fremjar ei sak om drifta av dei nye sjukeheimsplassane i Bandadalen. Saka skal ta opp i seg i kva takt plassane skal takast i bruk, og finansiering og opprusting av «gamle» Stord sjukeheim. Saka skal vurdera mogelege konsekvensar for heimebaserte tenester og sengeavdelinga på Rehabiliteringssenteret.