8.1 Overordna målsetting
Gjennom systematisk miljøleiing skal kommunen fremja miljøtiltak innan:
Innkjøp
- Stille krav til og etterspør leverandørar om miljøsertifisering
- Fortrinnsvis handle produkter med miljømerking, til dømes Svanemerket, Debio, Fairtrade Norge med fleire
Det er utarbeida eigen bærekraftvegleiar for innkjøp ved offentlege anskaffingar. Stord kommune skal i størst mogleg grad velja anerkjente merkeordningar ved val av leverandør.
Det er utarbeida innkjøpsvegleiar for IKT, bygg/anlegg og eigedom, bærekraftig innkjøp ved offentlege anskaffingar med meir. Oversikt finn du her http://www.miljofyrtarn.no/2015-11-18-23-56-21/innkjøp
HMT
Som Miljøfyrtårn har kommunen sagt at me driv eit målretta forbetringsarbeid for førebygging av arbeidsrelaterte helseskader og sjukdomar, jamleg kartlegging og risikovurdering av fysisk og psykososialt arbeidsmiljø og elles anna HMT-aktivitet med mål om eit trygt og forsvarleg arbeidsmiljø.
Her finn du nyttige lenkjer til aktuelle artiklar og organisasjonar: http://www.miljofyrtarn.no/2015-11-18-23-56-21/arbeidsmiljø
Alle einingar skal fastsetja eigne målbare mål for HMT, og inkludera dei i eininga sin handlingsplan.
Transport
Dei tilsette i Stord kommune skal ved alle høve gjera ei miljøvenleg vurdering av eigen aktivitet. I høve transport, gjeld det å redusera køyrelengd til eit minimum, unngå flyreiser om mogleg og i størst mogleg grad velja miljøvenleg transport. Ved innkjøp av bilar i teneste, skal nye bilar (personbil, gruppa M1) vurderast etter følgjande modell:
- El-bil
- Hybridbil
- Bensin/diesel bil med lågast mogleg utslepp av CO2 og NOx
Nybilveljar bør nyttast ved innkjøp eller leasing av ny bil.
Der det vert sett på som hensiktsmessig, bør ein etterstreba å halda interaktive møter. Det er tilrettelagt for Skype-møter og fleire lokasjonar har tileigna rom for dette dersom møtet har fleire deltakarar.
Alle einingar skal fastsetja eigne målbare mål for reduksjon av utslepp av CO2 og NOx gjennom reduksjon i transport.
Avfall
Stord kommune si satsing for reduksjon av avfall skal bidra til meir effektiv og optimalisert ressursbruk. Avfallspyramiden illustrerer prioriteringane i norsk avfalsspolitikk og EUs rammedirektiv for avfall. Det gir eit bilete av korleis kommunen sin avfallspolitikk er prioritert.
Alle einingar skal fastsetja eigne målbare mål for reduksjon av avfall, auka sorteringsgrad og auka gjenbruk.
Nyttig lenkje til fagstoff og artiklar knytt til avfall og gjenvinnging (http://www.miljofyrtarn.no/2015-11-18-23-56-21/avfall)