OM PLANEN

1.1 Hovudføremål med lønsutviklingsplanen

  1. Å skapa konsekvente, føreseielege rammer for lønsdanning i Stord kommune.
  2. Å gje den einskilde arbeidstakar oversyn over korleis individuell løn vert fastsett i Stord kommune.

1.2 Kven lønsutviklingsplanen gjeld for

Lønsutviklingsplanen gjeld for alle arbeidstakarar i Stord  kommune i eit fast forpliktande arbeidsforhold.

1.3 Verknadstid

Lønsutviklingsplanen gjeld fram til noko anna er vedteke.

1.4 Rullering og ajourhald

Større revidering av lønsutviklingsplanen bør vedtakast av driftsstyret kvart 4. år. Mindre revidering kan gjerast av administrasjonen anna kvart år i samband med nytt hovudtariff­oppgjer, eller når det av andre grunnar er nødvendig.

Rådmannen har ansvar for å ta initiativ til revidering av lønsutviklingsplanen. HTV i alle organisasjonar skal få høve til å uttale seg om planen under revideringa.

1.5 Avgrensingar

Om det skulle oppstå tilfelle der kommunen sin lønsutviklingsplan plan skulle strida mot lov- og avtaleverk, vil denne planen verta sett til side.

LØNSPOLITIKK I STORD KOMMUNE

2.1 Løn som verkemiddel

Løn er eit personalpolitisk verkemiddel og lønspolitikken skal verka til at Stord kommune når dei måla som er fastsett for verksemda, herunder eit godt tenestetilbod for innbyggjarane i kom­munen ved å:

  • Gje medarbeidarane ei løn som står i forhold til ansvar, oppgåver og mynde i stillinga. Forhandle om ny stillingskode etter endt etter- og vidareutdanning i lokale forhandlingar kap. 4.
  • Gje medarbeidarane ei løn som verkar til å rekruttera og halda på dyktige medarbeidarar på alle plan.
  • Gje medarbeidarane ei løn som stimulerer til at medarbeidarane sine kvalifikasjonar og kompetanse står i høve til kommunen sitt behov.

Stord kommune sin lønspolitikk skal ta sikte på å leggja til rette for eit lønsnivå som gjer kommunen i stand til å rekruttera og halda på naudsynt arbeidskraft. Stord kommune har utvikla ein lønspolitikk som skal avspegla:

  • funksjon
  • ansvar
  • utdanning
  • realkompetanse
  • markedstilpasning
  • likestilling mellom kjønn

For å nå denne målsetjinga skal kommunen føra ein aktiv lønspolitikk ved å nytta dei mogleikar tariffavtalen gjev.

Stord kommune vil ikkje på alle felt kunna konkurrera med det private næringsliv når det gjeld lønsvilkår. Kommunen bør difor sjå løn, pensjonsvilkår, vidareutdanning, velferd, tilrettelegging av eit godt arbeidsmiljø og trygge arbeidsplassar i samanheng.

2.2 Løn som ein del av ein heilskapleg arbeidsgjevarpolitikk

Lønspolitikken i Stord kommune skal vera ein del av ein heilskapleg arbeidsgjevarpolitikk. I samband med dette ønskjer me kort å visa til andre viktige personalpolitiske retningsliner og rammer:

2.2.1 Seniorpolitikk

Det er eit mål for Stord kommune å ha ein personalpolitikk som legg til rette for at eldre arbeidstakarar skal ha arbeidsvilkår som gjer det mogeleg å vera i arbeid så lenge som mogeleg. Tiltak for å oppnå dette er ein del av kommunen sitt IA- arbeid.

2.2.2 Rekruttering/behalda

Stord kommune har og må vidare utvikla attraktive arbeidsplassar med interessante arbeidsoppgåver, gode arbeidsmiljø og trygge arbeidsforhold. Målsetjinga med rekruttering er å tiltrekkja/tilsetja  medarbeidarar med best mogeleg kvalifikasjonar for å tilfredstilla Stord kommune sitt behov for bemanning på lang sikt. Vidare vert det viktig å vurdera ulike tiltak som kan bidra til å behalde dyktige medarbeidarar.

2.2.3 Permisjonsreglement

Permisjonsreglementet har mellom anna reglar knytt til permisjon for etter- og vidareut­danning.

Ei god permisjonsordning er og eit verkemiddel for å sikra ein personalpolitikk i samsvar med måla i den lønspolitiske planen.

2.2.4 Retningsliner for intern varsling av kritikkverdige tilhøve

I Stord kommune er det ønskjeleg at tilsette seier frå dersom dei får kjennskap til kritikkverdige tilhøve. Slik varsling er ein lovfesta rett for arbeidstakarane. Varsel skal ikkje få negative konsekvensar i lønsforhandlingar.

2.2.5 Likestilling

Lønspolitisk plan skal verke til å fremja lønsharmonisering for store kvinnedominerte yrkesgrupper.Stord kommune vil lojalt på dette området følgja opp even­tuelle føringar frå sentrale oppgjer.

2.2.6 Andre delar av arbeidsgjevarpolitikken

System for oppfølging av medarbeidarar, etiske retningsliner, tilsetjingsavtaler, reglement for påskjøning, fleksitidsreglement, internkontroll med vidare verkar og til å gje rammer for den lokale lønspolitikken. Det vert vidare føresett at lønspolitikken vert utforma slik at den til ei kvar tid er i samsvar med den overordna arbeidsgjevarpolitikken.

LOKALE LØNSFORHANDLINGAR

Punkta supplerer og presiserer Hovudtariffavtalen sine punkt knytt til dei lokale lønsforhand­lingane.

3.1 Lokale drøftingar

I Stord kommune har rådmannen si leiargruppe ansvar for lønstingingane. I tillegg har kommunen eit forhandlingsutval som er samansett av personal- og organisasjonssjef, kommunalsjefar og sakshandsamarane i personalgruppa som deltek som protokollførarar i forhandlingane.  Forhandlingsutvalet sine oppgåver er å leggja føringar for lokale forhandlingar og vera referansegruppe på arbeidsgjevarsida.

Stord kommune har slik prosedyre i forhandlingane:

a) Årleg lønspolitisk drøftingsmøte mellom arbeidsgjevar og arbeidstakarorganisasjonane

b) Årleg lønsfastsetjing vert gjennomført med slik rekkefølgje:

  1. Arbeidsgjevarutvalet fastset rådmannen si løn. Rådmannen fastset løn til leiargruppa på grunnlag av drøftingar etter HTA 3.4.1.
  2. Einingsleiarane (HTA 3.4.2.)
  3. Tilsette plassert i HTA kap. 5.1

c) Når partane ved sentrale forhandlingar avtalar pott som skal forhandlast lokalt, vert det lokale forhandlingar (HTA 4.2.1)

Det  vert lagt fram sak i politisk del av Driftsstyret både før og etter forhandlingane; før med organisering og framlegg til prioriteringar, etter med resultat av forhandlingane.

Drøftingsmøte legg føringar for forhandlingane, og skal haldast om lag ein månad før fristen for innlevering av krav.

I tillegg til dei krav til drøftingsmøte som er felt ned i HTA skal følgjande punkt verta gjen­nomgått:

  • Erfaringar frå tidlegare års lokale forhandlingar inkl. referat frå siste drøftingsmøte og evalueringsmøte frå året før.
  • Gjennomgang av sentralt lønsoppgjer, med eventuelle føringar på lokalt oppgjer.
  • Førebels orientering om partane sine prioriteringar.
  • Praktisk gjennomføring av forhandlingane (stad, tid, rekkjefølgje på organisasjonane, forhandlingsutvala osv.).
  • Frist for innlevering av krav samt møteplan for gjennomføring av forhandlingane.
  • Kva for informasjonsrutinar som skal følgjast i samband med kunngjering av frist for innlevering av krav samt formidling av resultatet av lønsforhandlingane.
  • Eventuelle andre relevante tema og problemstillingar.
  • Det skal skrivast referat frå drøftingsmøtet.

3.2 Forhandlingsutval

I lokale lønsforhandlingar skal som hovudregel lokale forhandlarar nyttast.

Arbeidsgjevar sitt forhandlingsutval for forhandlingar etter HTA kap. 3, 4 og 5 er administrativt.

Arbeidstakarorganisasjonane melder skriftleg samasetjinga av forhandlingsutvala med inntil tre deltakarar til arbeidsgjevar.

 

3.3 Tillitsvalde sin rett til innsyn i lønsopplysningar

Tillitsvalde har rett på lønsoversikt over alle arbeidstakarar i kommunen i samband med dei lokale lønsforhandlingane. Lønslister skal leverast til organisasjonane i god tid før forhandlingane startar.

3.4 Forhandlingsprosessen

  • Partane vil leggja opp til eit godt forhandlingsklima, og me tek utgangspunkt i ved­legg 3 i HTA ”Retningslinjer for lokale forhandlingar – God forhandlingsskikk”.
  • Det skal vera rom for å gjennomføra forhandlingane utan å leggja eit stort tidspress på organisasjonane, samstundes er det viktig at forhandlingane har god framdrift. I dei til­fella det er behov for å føra forhandlingane over fleire dagar, vil det verta gjort. Dette gjeld spesielt dei største organisasjonane under kap. 4- forhandlingane.

3.5 Etikk i forhandlingsprosessen

Dei lokale partane føreset følgjande:

  • Opplysningar som kjem fram i løpet av forhandlingsprosessen om krav og tilbod skal handsamast konfidensielt.
  • Ingen skal forhandla for seg sjølv. Dersom det skal forhandlast for ein person som sit i forhandlingsutvalet, skal vedkomande gå ut under forhandlingane.
  • Forbund med berre eitt medlem må sjølv syta for at andre kan føreta forhandlingane. Dette kan gjerast i samarbeid med andre lokale organisasjonar, eller gjennom å få til­litsvalde frå eigen, eller andre organisasjonar til å gjennomføra forhandlingane.
  • Dersom ein organisasjon ikkje får andre til å forhandla kan dei be om utsetjing av forhandlingane, eller at løna vert fastsett av arbeidsgjevar. Utsetjing av forhandlingane skal i så tilfelle drøftast med dei andre organisasjonane i forhandlingskapitlet. Dersom arbeidsgjevar fastset løn skal det skje etter at forhandlingane med alle organisasjonar er sluttført.
  • Forhandlingsutvalet sine fullmakter skal klargjerast for arbeidsgjevar før forhandlingane tek til.

Det er berre resultatet av forhandlingane, dvs. protokoll/referatet, som skal gjerast kjent.

3.6 Fremjing av krav

  • Krav skal fremjast i forhandlingsmodulen.
  • Organisasjonane skal så godt det let seg gjera prioritera krava sine i rekkjefølgje.
  • Arbeidstakarar som er ute i løna permisjon, eller anna permisjon der retten til permisjon er heima i lov, avtale eller lokale retningsliner, kan fremja krav.

3.7 Evaluering av lokale forhandlingar og sluttmøte

Arbeidsgjevar skal kvart år i etterkant av dei lokale lønsforhandlingane kalla organisasjonane inn til eitt felles møte med signering av avtalar og evaluering av forhandlingsprosessen.

3.8 Ulike forhandlingsvedtekter i HTA

Det vert vist til HTA for utfyllande informasjon om dei ulike forhandlingsvedtektene, og mekanismane for fastsetjing av løn.

Lokale retningsliner for HTA kap. 4.2.4 – kompetanse

3.9 Løns(utviklings)samtale

Dersom ein arbeidstakar ber om lønsutviklingssamtale, skal den gjennomførast mellom arbeidsgjevar og arbeidstakaren. Møtetidspunkt for samtalen skal avtalast innan 14 dagar. Arbeidstakar har rett til å la seg bistå av sin tillitsvalde. I samtalen skal arbeidsgjevar og arbeidstakar i fellesskap drøfte kva tiltak som kan iverksetjast for at arbeidstakar skal oppnå betre lønsutvikling. Det skal førast referat frå samtalen om arbeidstakar bed om det.

Samtalen er ikkje ei forhandling, men ein utviklingssamtale, ideelt sett bør lønsutvikling takast som ein naturleg del av medarbeidarsamtalen.

Arbeidsgjevar sin representant i Stord kommune er næraste leiar.

LOKALE TILLEGG STORD I KOMMUNE

  • Lønspolitikken skal vera retningsgjevande ved nytilsetjing og lokale forhandlingar for stillingar i kap. 3 og 4.
  • For kap. 5 skal lønspolitikken vera retningsgjevande for tilbod for relevante og samanliknbare tilhøve.
  • Det er omfanget av og summen som er til rådvelde ved dei lokale forhandlingane og partane sine prioriteringar, som avgjer i kva grad ein kan nå måla.
  • Alle tal gjeld 100 % stilling og nominelle tal pr. 01.05.20
  • Garantiløn vert til ei kvar tid forhandla sentralt
    Det vert forhandla lokalt om tillegg ut frå funksjon, ansiennitet, realkompetanse, vidareutdanning, resultat m.m.

4.1 Stillingsgruppe 1 – Faste tillegg utover garantiløn (må forhandlast) :

Tillegg Sum
Faglærte med minst 6 mnd etterutdanning som ikkje gir studiepoeng kr 10 000,-
Dersom det manglar sjukepleiar på avdelinga skal den ansvarshavande faglærte godtgjerast kr 500,- per vakt
Fagarbeidarar med fagbrev inntil
kr 10 000,-
Førstesekretær kode 7520 med 30 års tenesteansiennitet som ikkje har høgskule og har sjølvstendige arbeidsoppgåver/ansvar Inntil
kr 30 000,-
Lagleiar, koordinator kr 10 000 – 20 000,-
Assisterande SFO-leiar kr 9 000,-
Rettleiing lærlingar kr 6 000,-
Marknadstilpasning for å rekruttera og behalda kr 10 000 – 30 000,-

4.2 Stillingsgruppe 2 Faste tillegg utover garantiløn

Ulike leiartillegg

Leiartillegg Sum per år
Lagleiar, koordinator kr 10 000 – 20 000,-
Pedagogisk leiar (i barnehage) kr 34 000,-
SFO leiar utan ped. utdanning kr 21 000,-
SFO leiar med ped. utdanning kr 26 000,-
Ass. SFO leiar kr 9 000,-
Styrarassistent/ass.avd.leiar kr 21 000,-
Avd.leiar inntil 15 årsverk kr 33 000,-
Avd.leiar 16 årsverk og meir kr 37 000,-
Avd.leiar RHO med døgndrift inntil 15 årsverk kr 40 000,-
Avd.leiar RHO med døgndrift 16 årsverk og meir kr 44 000,-
Nestleiaransvar inntil 15 årsverk kr 17 000,-
Nestleiaransvar 16 årsverk og meir kr 21 000,-

Andre tillegg

Tillegg Sum per år
Tilsette i PPT som har lærarkompetanse kr 49 000,-
Andre særskilde funksjonstillegg/ansvar definert av einingsleiar kr 2 000 – 20 000,-
Eineansvar natt kr 10 000,-
Sjukepleiartillegg kr 4 000,-
Vernepleiar i turnus kr 4 000,-
Tilsette i vikarpool kr 6 000,-
Marknadstilpasning for å rekruttera/behalda kr 10 000 – 30 000,-
Tillegg for utdanning i samsvar med kommunen sitt kompetansebehov, som ikkje gjev studiepoeng kr 2 000 – 10 000,-
Rekrutteringstillegg for sjukepleiarar i heimebaserte tenester kr 25 000,-

Tillegg tillitsvalde

Tillegg tillitsvalde Sum per år
Hovudtillitsvald utan frikjøp kr 5 000,-
Plasstillitsvald kr 2 000,-

Undervisningspersonell

Sentralt tillegg – som kontaktlærar

Tillegg Sum per år
Kontaktlærar kr 12 000,-

Kommunale og sentrale tillegg samla – som kontaktlærar

Tillegg Lokalt tillegg Sentralt tillegg Sum per år
Grupper på 1-7 elevar 20 000,- 12 000 ,- 32 000,-
Grupper på 8-20 elevar 26 000,- 12 000,- 38 000,-
Grupper på 21 elevar og meir 30 000,- 12 000,- 42 000,-
Kontaktlærar VO fr.språk 26 000,- 12 000,- 38 000,-

Sentralt tillegg – som sosiallærar/rådgjevar

Tillegg Sum per år
Sosiallærar/rådgjevar kr 12 000,-

Kommunale og sentrale tillegg samla – som sosiallærar/rådgjevar

Tillegg Lokalt tillegg Sentralt tillegg Sum per år
Barnesteget 17 000,- 12 000 ,- 29 000,-
Ungdomssteget 37 000,- 12 000,- 49 000,-

Kommunale tillegg

Tillegg Sum per år
Koordinator VO framandspråkleg kr 42 000,-
Assisterande rektor stillingskode 9954 Grunnløna skal regulerast etter utdanning, minimum adjunkt med tilleggsutdanning
Trinn/lagleiar (100 % stilling – avkorta i høve stillingsprosent) kr 12 000,-
Ansvar for bibliotek kr 6 000,-
Faglærar (utan andre funksjonar enn øvingslærar). Fast tilsett i min. 50 % stilling kr 23 000,-

4.3 Ansiennitet (må forhandlast)

Tillegg for samla tenesteansiennitet i Stord kommune, utover garantiløn

Ansiennitet Sum per år
20 år ansiennitet kr 5 000 – 20 000,-
30 år ansiennitet kr 10 000 – 25 000,-

4.4 Kompetanse HTA kap. 4.2.4 (må forhandlast)

Forhandlingar i august og januar

  • Informasjonsfrist: 10. desember/juni
  • Kravfrist: 10. januar/august
  • Forhandlingsfrist: 31. januar/august
  • Verknadstidspunkt: 1. februar/1. september
  • Heile etter/vidareutdanning skal vera gjennomført før ein kan forhandle etter HTA 4.2.4
  • Fagskulepoeng er tilsvarande studiepoeng
  • NB! Kompetansen skal vera relevant i høve til noverande/evt. framtidige oppgåver i Stord kommune. Må vera minst 15 studiepoeng for å få tillegg
Omfang (studiepoeng) Sum per år
15 studiepoeng kr 5 000,-
30 studiepoeng kr 10 000,-
45 studiepoeng kr 15 000,-
60 studiepoeng kr 20 000,-
90 studiepoeng kr 25 000,-
Master (90 studiepoeng) kr 25 000,-
Master (120 studiepoeng) kr 30 000,-
Øvre grense for kompetanse er 25 000,- med unnatak av master

4.5 Realkompetanse

Kriteria for realkompetansetillegg:

  • Fagarbeider/ høgskuleutdanna
  • 10 år i faget kombinert med relevante kurs for stillinga
  • Dokumentasjon – etter år 2007
  • Realkompetanse skal forhandlast i lokale forhandlingar etter HTA 4.2.1
Omfang (tal kurstimar) Sum per år
80 kurstimar kr 4 000,-
160 kurstimar kr 7 000,-
240 kurstimar kr 10 000,-
320 kurstimar kr 15 000,-

4.6 Tilsette i HTA kap. 5.1

  • Behov for marknadstilpassing og personlege tillegg for yrkesgrupper der det er utfordrande å rekruttere
  • Kompetanse kan forhandlast for ved årleg lønsforhandling etter kriterie i kap. 4.2.4

4.7 Personlege tillegg

  • Personlege tillegg vert gjeve etter skriftleg vurdering frå einingsleiar og i samarbeid med personal- og organisasjonssjef
  • Desse tillegga må i hovudsak sjåast i samanheng med kriterie i HTA kap. 4.2.2 og 4.2.3

4.8 Einingsleiarar

Grunnkompetanse

  • Garantiløn etter utdanning og 16 års ansiennitet

Leiaransvar

Delegert budsjett-, økonomi og personalansvar.

Tillegg Tillegg for kompleksitet Sum per år
Flatt tillegg   kr 75 000,-
24 timars drift   kr 20 000,-
Kompleksitet Inntil 70 000,-  
  Budsjett over 15 mill kr 15 000,-
  Ulike lovverk kr 10 000,-
  Fleire yrkesgrupper kr 5 000,-
  Lokasjonar – fleire enn 4 kr 10 000,-
  Leiarstruktur, tal avd.leiarar (fleire enn 5) kr 10 000,-
  Skule med låg adm.ressurs kr 20 000,-

Personalansvar

Tal årsverk Sum per år
1 – 10 årsverk (eller inntil 20 tilsette) kr 15 000,-
11 – 20 årsverk (eller inntil 40 tilsette) kr 25 000,-
21 – 30 årsverk kr 35 000,-
31 – 40 årsverk kr 45 000,-
Over 41 årsverk kr 55 000,-

Ansiennitet

Års ansiennitet som einingsleiar Sum per år
4 år kr 5 000,-
6 år kr 10 000,-
8 år kr 20 000,-
10 år kr 30 000,-

Anna relevant utdanning

Relevant leiar- og/eller administrasjonskompetanse utover grunnlønsplasseringa.
Anna relevant utdanning kan gje tillegg.

Omfang (tal studiepoeng) Sum per år
15 studiepoeng kr 5 000,-
30 studiepoeng kr 10 000,-
45 studiepoeng kr 15 000,-
60 studiepoeng kr 20 000,-
Master (90 studiepoeng) kr 25 000,-
Master (120 studiepoeng) kr 30 000,-

Personlege tillegg

Personlege tillegg vert gjeve etter skriftlege vurderingar frå kommunalsjef og/eller rådmannen si leiargruppe og skal drøftast med dei aktuelle arbeidstakarorganisasjonane. Bakgrunn for tillegg må dokumenterast.