5. Arbeidsmetode
Me fann tidleg ut nytteverdien av eit tverrfagleg samarbeid i prosjektet, der ergoterapeut og sjukepleiar jobba saman. Me laga oss gode kartleggingsrutinar slik at me fekk gjort tverrfagleg kartlegging frå starten av. Ved utforming av kartleggingsverktøyet nytta me erfaringar både frå oss sjølve og andre kommunar, samt nasjonalt kartleggingsverktøy (aldring og helse) for GPS.
I prosjektperioden vart det gjort heimebesøk til alle tilviste brukarar for å avklare behov. Ergoterapeut avslutta sitt arbeid i prosjektet ved årsskiftet 15/16, og servicemann vart meir involvert. Servicemann har hatt ansvar for oppkopling og installasjon av alarmar og sensorar knytt til tryggleiksalarmen. Han har og deltatt i felleskartlegging saman med både tilsett i brannvesenet og med sjukepleiar.
Tilsett frå brannvesenet har deltatt i dei fleste kartleggingane der me ynskte å kople opp røykvarslar mot tryggleiksalarmen. Dette har styrka samarbeidet mellom heimebaserte tenester og brannvesenet på ein god måte og danna ein felles forståing for risiko, utfordringar og behov for bistand om det skulle oppstå røykutvikling eller brann. Brannvesenet har sett på slokkeutstyr, fyringskjelder og rømingsvegar i denne kartlegginga.
Gjennom eit fokus på tverrfagleg samarbeid i prosjektet, har me hatt eit godt læringsutbytte fagleg frå kvarandre. Dette er erfaringar me ser på som svært nyttige å ta med vidare i arbeidet, og som kjem brukaren til gode ved at ein får belyst fleire aspekt, til dømes:
- Høve til å snakke med brukar og pårørande kvar for seg; kan gje gode innspel om totalsituasjon og belastning i heimen
- Avdekker at andre tiltak er viktig for å oppretthalde funksjon hos brukar:
Behov for trening/aktivitet
Bustaden treng tilrettelegging for livsløpsstandard
Behov for kommunale tenester, t.d. heimesjukepleie
Dei tverrfaglege heimebesøka avdekka ulike syn på kva som er fagleg forsvarleg; t.d. i høve branntryggleik. Dette er viktig for at tenestene må tenke gjennom/vurdere praksis med nye blikk frå andre fagfelt.
Brukarane som har prøvd ut velferdsteknologi har i all hovudsak vore rekruttert frå heimebaserte tenester. Men det har og vore prøvd ut ulike teknologiar hos brukarar med utviklingshemming i tillegg til hos tilsette i både skule og tenesta elles.