7.1 Samandrag av innspela
Sosiale møteplassar fremjar fellesskap og skapar nettverk mellom folk. Svara i undersøkinga viser at folk i nærmiljøa oftast møtes i nærbutikken, på tur i naturen, i nabolaget, i sentrum/ på kjøpesenter, eller i samband med organiserte fritidsaktivitetar. For barn og unge er også skulen ein viktig møteplass. Dei eldste skuleelevane møtes oftast heime hos kvarandre på fritida. Opne tilbod som kino, bowling og bibliotek, og tilrettelagte møteplassar kan ha stor verdi for personar med ulike utfordringar. Det er nemnt ei rekkje stadar i kvar bydel som blir opplevd som viktige møteplassar. Oversikt over desse finn du i rapporten sin hovuddel.
På spørsmål om kva som kan vere til hinder for at ein deltek i felles aktivitetar, er tid og tilgjenge dei viktigaste årsakene. Andre større grunnar er økonomi, helse, mangel på informasjon og manglande tilbod. Innspel om spesifikke barrierar i dei ulike bydelane er vist i rapporten
Nærleik til natur, og gode tilhøve for friluftsliv går igjen i heile kommunen som den viktigaste faktoren for trivsel. Frivillige organisasjonar sine tilbod, idrettsanlegg og kulturtilbod er også viktig, det same gjeld handel- og sørvistilbod. Gode bumiljø og velstelte omgjevnader betyr mykje. For personar med ulike utfordringar kan dei uformelle møteplassane ha stor verdi. I rapporten er lista opp ei rekkje tilbod som folk i dei ulike bydelane har løfta fram som viktig for trivselen.
Barn i barnehage føretrekk oftast urørt natur framfor tilrettelagte leikeplassar. Dei ønskjer stadar der dei kan klatre, grave, oppdage, gøyme seg og få utfalde fantasien. I rapporten er det lista opp ei rekkje stadar som blir brukt som turmål av barnehagar og som barna trives på.
For dei litt større barna er uteområda i nabolaget viktig. Både tilrettelagte, utfordrande leikeplassar og kontakt med naturen og med dyr blir trekt fram.
Det er kome mange forslag til tiltak som kan fremje trivsel og sosialt fellesskap. Ein del innspel er relevante for heile kommunen, medan andre omhandlar konkrete tiltak ein spesiell stad. Innspela går i mange ulike retningar. Det er haldningsskapande tiltak, etablering av nye møteplassar/fellesaktivitetar, større variasjon i tilboda, fornying av eksisterande tilbod, betre informasjon, betre tilrettelegging, og meir systematisk samarbeid på tvers av sektorar. Det er eit klart ønskje om fleire opne tilbod/møteplassar tilpassa ulike grupper – gjerne også på tvers av grupper/generasjonar. Både større, sentraliserte tilbod (t.d. aktivitetspark/klatrepark) og nærmiljøanlegg i bustadområda blir løfta fram av mange. Det same gjeld eldresenter og ungdomshus. Tilrettelegging for friluftsliv og bevaring av naturområder er sentralt i innspela. Mange ønskjer betre kollektivtilbod mellom bydelane.
Utvikling av Leirvik sentrum er eit tema som engasjerer mange. Gode byrom der folk i alle aldrar kan trivast, god tilkomst og nye, attraktive tilbod er blant forslaga. Fleire ønskjer å ta i bruk kai-område til møteplass/torg, medan andre ønskjer å bevare området slik det er. Fleire trivelege sitjeplassar ute er eit innspel som går igjen.
Ein del innspel er retta mot styringa av kommunen. Lokale arbeidsplassar, skuletilbod og styrking av bydelane er trekt fram. Det same er omsyn til lokal byggeskikk ved byutviklinga. Gode høve til medverknad i utviklingsprosessane er viktig, og det kjem fram fleire forslag til måtar å involvere innbyggjarane.