1. Innleiing

Våren 2017 vart folk i Stord inviterte til å gi innspel om kva  som er viktig for at dei og andre i sitt nærmiljø skal trivast og kjenne seg inkluderte der dei bur. Innspela skal nyttast som grunnlag i arbeidet med ny kommuneplan, og elles som innspel til positiv utvikling av lokalsamfunnet generelt.

Involvering av innbyggjarane i plan- og utviklingsarbeid har stor verdi. Det er innbyggjarane som kjenner nærmiljøa sine best og veit kva som finns av både ressursar og utfordringar. Brei involvering gir også eit større eigarskap og forståing for dei planane som blir laga. Utfordringa med innbyggjarinvolvering er at det er vanskeleg å finne gode måtar å gjere dette på. Dei tradisjonelle metodane som folkemøte og høyringsrundar når berre eit lite utval. Ei anna utfordring er å sikre at innspela som kjem blir høyrt og at ein som innbyggjar kan sjå noko igjen – både konkret og gjennom framtidige planar.

Målet med denne innspelsrunden  er difor ikkje berre å få inn kunnskap om nærmiljøet, men også å finne fram til gode metodar for brei involvering. Arbeidet inngår i  det nasjonale prosjektet  Nærmiljø og lokalsamfunn som fremjar folkehelse, der kommunen får statlege tilskotsmidlar i tre år. Prosjektet er forankra i folkehelserådet, og starta opp i desember 2015 då ordførar Harry Herstad signerte samarbeidsavtale med Hordaland fylkeskommune.

Folk på tur gir innspel til utvikling av nærmiljøet

2.1 Organisering og nasjonale mål

Bakgrunnen for dette arbeidet er det nasjonale prosjektet Nærmiljø og lokalsamfunn som fremjar folkehelse. Stord er ein av 42 kommunar som deltek, saman med 8 fylkeskommunar og fleire høgskular. Helsedirektoratet står bak prosjektet, som har som mål å utvikle betre metodar for å få fram kunnskap om kva som bidrar til livskvalitet og trivsel, og om korleis folk har det i lokalsamfunna. Prosjektperioden er 3 år (2016-2018).

I Hordaland deltek kommunane Askøy, Fjell, Bømlo og Stord saman med Hordaland fylkeskommune og Høgskulen på Vestlandet. Kvar av kommunane har sitt eige lokale prosjekt. I Stord er prosjektet forankra i folkehelserådet, og ordføraren har signert avtalen med fylkeskommunen. Rådmannen er prosjektansvarleg og folkehelsekoordinator er prosjektleiar. Det er oppretta fleire prosjektgrupper/arbeidsgrupper som har hatt ansvar for utvikling og gjennomføring av prosjektet. Gruppene har hatt representantar frå ulike innbyggjargrupper og ulike fagmiljø. Den lokale kunnskapen til innbyggjarrepresentantane har vore særskilt viktig for arbeidet.

Prosjektarbeidet er hovudsakleg finansiert av statlege tilskotsmidlar, i tillegg til frivillig arbeid frå organisasjonar og innbyggjarar.

2.2 Kva ynskjer me å oppnå med prosjektarbeidet?

Stord sitt lokale prosjekt har tittelen Brei innbyggjarmedverknad i kommunal planlegging. Ved å ta i bruk nye måtar å involvera på, håpar me å få fram meir om kva som er viktig for folk i kommunen vår. Dette vil gi eit betre grunnlag for å styre utviklinga i tråd med folk sine behov. Samtidig ønskjer me å stimlere til meir lokalt engasjement for å skape gode sosiale fellesskap og trivelege nærmiljø. Måla i prosjektet vårt er formulert slik:

  • Brei innbyggjarmedverknad i arbeidet med kommuneplan/kommunedelplan. Barn/unge og andre utsette grupper skal ha særskilt fokus
  • Få fram lokal kunnskap og lokale behov i planlegginga av gode møteplassar og trivselfremjande nærmiljø
  • Utvikle gode metodar for å hente inn lokal kvalitativ kunnskap, og skape lokalt engasjement som grunnlag for nærmiljøprosessar
  • Auka kunnskap om medverknad og brei involvering i dei ulike sektorane og tenestene.

 

3. Kva skjer med innspela?

Alle innkomne innspel er samla, tolka og systematiserte etter beste evne.  Det er lagt vekt på at alle perspektiv og synspunkt skal kome fram i rapporten, uavhengig av kor mange/ få som står bak. Dette m.a. fordi det kan vere dei unike innspela som fører til nyskaping.

Rapporten vil gå som referatsak til formannskapet og dei politiske komitéane. Prosjektarbeidet og innspela vil også bli presentert for kommunestyret. Innspelsrapporten vil inngå som grunnlag for ny kommuneplan, kommunedelplan Sagvåg og Litlabø, kommunedelplan sentrum,  og i anna relevant planarbeid. Sjølv om utgangspunktet for innspela er ny kommuneplan, er mange av innspela vel så relevante for anna utviklingsarbeid. Dette kan t.d. vere utvikling av tenestetilbod, frivillige tilbod eller mindre nærmiljøtiltak.  Rapporten vil difor bli formidla breitt til aktørar som har ei rolle i dette, m.a. administrativ leiing, planavdeling, andre kommunale tenester, frivillige organisasjonar og næringsdrivande. Rapporten vil også vere tilgjengeleg  på kommunen si nettside. I neste fase av prosjektet vil relevante innspel bli formidla direkte til aktørar som har høve til å påverke dei områda innspela rettar seg mot. Kartfesta innspel vil bli registrert i kommunen sin kartdatabase.

Alle innspela kan ikkje omsetjast i handling. Mellom anna fører økonomiske omsyn til strenge prioriteringar. Men det er eit mål at alle innspela er med og blir vurderte når ein skal ta val for utviklinga av kommunen vår.

4. Korleis har me gått fram?

Innspelsprosess

Kommunen tilsette prosjektleiar i 40% stilling, finansiert av prosjektmidlar. Det er etablert prosjektgrupper/arbeidsgrupper med representantar frå innbyggjarane og frå kommunale tenester som har stått for planlegging og gjennomføring. I første fase vart det gjennomført ein innspelsprosess i bydelen Sagvåg/Litlabø. Erfaringar herifrå vart så brukt ved innsamling av innspel i resten av kommunen. For å nå ut til flest mulig er det nytta ulike metodar og arenaer.

OVERSIKT OVER DELTAKARAR I PROSJEKTARBEIDET

Frivillige lag Representative utval Skular Barnehagar Kommunale tenester
IL Solid Rådet for funksjonshemma Leirvik skule Fululy barnehage Rådmannen (prosjektansvarleg)
IL Trott Eldrerådet Hystad skule Sævarhagen barnehage Eining for kultur
Stord IL Ungdomsrådet Langeland skule Trodlahaugen barnehage Utviklingsgruppa
LivOGLyst Foreldreutval barnehage (FUB) Nordbygdo ungdomsskule Sæ barnehage Bustadtenesta
Frelsesarmeen Nysæter ungdomsskule Olderdalen barnehage Regulering- byggesak og plan
Kyrkja Stord vidaregåande skule Villvettene barnehage Utekontakten
Internasjonal kulturklubb (IKK) NAV

Representantar for studentane ved Høgskulen på Vestlandet vart inviterte med, men hadde ikkje høve til å delta i prosjektet.

 

DESSE HAR BLITT SPURDE OM Å GI INNSPEL

Målgruppe barn og unge Målgruppe innvandrarar Målgruppe personar med nedsett funksjon Målgruppe personar utanfor arbeidslivet Målgruppe eldre Målgruppe «folk flest»
Barn i barnehage. Ulike alderstrinn Medlemmer av internasjonal kulturklubb Tilsette (brukarar) ved verna verksemd Brukarar ved kontaktsenter innan førebyggjande helse Medlemmer i pensjonistlag Foreldre til barn i barnehage
Elevar i grunnskule. Ulike klassetrinn Deltakarar i språkkafé Brukarar ved kommunale dagtilbod Brukarar ved LAR-senter Deltakarar på tilbod i regi av religiøse aktørar Kundar i nærbutikkar
Elevar i vidaregåande skule Brukarar av mat-tilbod ved Frelsesarmeen Deltakarar i NAV-tilbod for unge vaksne Folk på tur i friluftsområde
Brukarar av utekontakten sine tilbod Deltakarar i møteplass for arbeidssøkjande Medlemmer i 3 idrettslag
Personar med bustønad Deltakarar på Petanque
Følgjarar på facebook og kommunal nettside

5.1 Individuell svar

421 personar har gitt individuelt innspel med følgande fordeling.
Alder

Kjønn

Dagaktivitet

Fordeling av deltakarar på ulike bydelar (bustadadresse):

 

5.2 Innspel frå grupper

Følgjande grupper har gitt felles innspel:

  • Ungdomsgruppe ved Utekontakten
  • Brukarar/tilsette ved Podlen verkstad (verna verksemd)
  • Foreldreutval for barnehagar
  • Deltakarar ved Springbrettet (NAV-tiltak for unge med sosialstønad)
  • Brukarar og tilsette ved Hamna kontaktsenter (kommunalt tilbod for personar med psykiske vanskar)
  • IL Trott v/styret
  • Deltakarar på Mogelegheitskaféen – møteplass for arbeidssøkjande

I avsnitta Møteplassar i bruk og Barrierar for deltaking er ein del av innspela frå gruppene over presentert for seg. Utanom dette er alle innspel frå grupper inkludert i presentasjonen av innspel generelt.

 

5.3 Skular og barnehagar

Følgjande skular og barnehagar har formidla barn og unge sine innspel:

Nordbygdo Sentrum Heiane/Kårevik Sagvåg/Litlabø
Sævarhagen barnehage Sæ barnehage Olderdalen barnehage Nysæter ungdomsskule
Furuly barnehage Leirvik skule Trodlahaugen barnehage
Villvettene barnehage Stord vidaregåande skule Langeland skule
Hystad skule
Nordbygdo ungdomsskule

 

Nokre innspel frå skular og barnehagar er presentert for seg, men hovudsakleg er desse innspela inkludert i presentasjonen av innspel generelt.

 

6. Korleis har folk formidla innspela sine?

Innspela har blitt formidla på ulike måtar. For dei yngste barna har tankar og ønskjer delvis blitt formidla gjennom vaksne. Mange barn og unge har brukt kreative former, medan dei vaksne stort sett har uttrykt seg skriftleg eller munnleg. Følgjande metodar er nytta:

  • Teikning
  • Observasjon
  • Intervju/samtale
  • Diskusjon/gruppesamtalar
  • Foto og film
  • Veggavis
  • Modell og tablå
  • Skriftlege svar (papir eller digitalt)

 

7. Kva har folk svara? Oversikt over innspela

7.1 Samandrag av innspela

Sosiale møteplassar fremjar fellesskap og skapar nettverk mellom folk. Svara i undersøkinga viser at folk i nærmiljøa oftast møtes i nærbutikken, på tur i naturen, i nabolaget, i sentrum/ på kjøpesenter, eller i samband med organiserte fritidsaktivitetar. For barn og unge er også skulen ein viktig møteplass. Dei eldste skuleelevane møtes oftast heime hos kvarandre på fritida. Opne tilbod som kino, bowling og bibliotek, og tilrettelagte møteplassar kan ha stor verdi for personar med ulike utfordringar. Det er nemnt ei rekkje stadar i kvar bydel som blir opplevd som viktige møteplassar. Oversikt over desse finn du i rapporten sin hovuddel.

På spørsmål om kva som kan vere til hinder for at ein deltek i felles aktivitetar, er tid og tilgjenge dei viktigaste årsakene. Andre større grunnar er økonomi, helse, mangel på informasjon og manglande tilbod. Innspel om spesifikke barrierar i dei ulike bydelane er vist i rapporten

Nærleik til natur, og gode tilhøve for friluftsliv går igjen i heile kommunen som den viktigaste faktoren for trivsel. Frivillige organisasjonar sine tilbod, idrettsanlegg og kulturtilbod er også viktig, det same gjeld handel- og sørvistilbod. Gode bumiljø og velstelte omgjevnader betyr mykje. For personar med ulike utfordringar kan dei uformelle møteplassane ha stor verdi. I rapporten er lista opp ei rekkje tilbod som folk i dei ulike bydelane har løfta fram som viktig for trivselen.

Barn i barnehage føretrekk oftast urørt natur framfor tilrettelagte leikeplassar. Dei ønskjer stadar der dei kan klatre, grave, oppdage, gøyme seg og få utfalde fantasien. I rapporten er det lista opp ei rekkje stadar som blir brukt som turmål av barnehagar og som barna trives på.

For dei litt større barna er uteområda i nabolaget viktig. Både tilrettelagte, utfordrande leikeplassar og kontakt med naturen og med dyr blir trekt fram.

Det er kome mange forslag til tiltak som kan fremje trivsel og sosialt fellesskap. Ein del innspel er relevante for heile kommunen, medan andre omhandlar konkrete tiltak ein spesiell stad. Innspela går i mange ulike retningar. Det er haldningsskapande tiltak, etablering av nye møteplassar/fellesaktivitetar, større variasjon i tilboda, fornying av eksisterande tilbod, betre informasjon, betre tilrettelegging, og meir systematisk samarbeid på tvers av sektorar. Det er eit klart ønskje om fleire opne tilbod/møteplassar tilpassa ulike grupper – gjerne også på tvers av grupper/generasjonar. Både større, sentraliserte tilbod (t.d. aktivitetspark/klatrepark) og nærmiljøanlegg i bustadområda blir løfta fram av mange. Det same gjeld eldresenter og ungdomshus. Tilrettelegging for friluftsliv og bevaring av naturområder er sentralt i innspela. Mange ønskjer betre kollektivtilbod mellom bydelane.

Utvikling av Leirvik sentrum er eit tema som engasjerer mange. Gode byrom der folk i alle aldrar kan trivast, god tilkomst og nye, attraktive tilbod er blant forslaga. Fleire ønskjer å ta i bruk kai-område til møteplass/torg, medan andre ønskjer å bevare området slik det er. Fleire trivelege sitjeplassar ute er eit innspel som går igjen.

Ein del innspel er retta mot styringa av kommunen. Lokale arbeidsplassar, skuletilbod og styrking av bydelane er trekt fram. Det same er omsyn til lokal byggeskikk ved byutviklinga. Gode høve til medverknad i utviklingsprosessane er viktig, og det kjem fram fleire forslag til måtar å involvere innbyggjarane.

7.2 Kva er dei viktigaste møteplassane i nærmiljøa i dag?

Nærbutikken, handelssenter og turområde er viktige møteplassar. Dei yngste barna og familiane deira  møtes ofte på leikeplassen, medan eldre barn gjerne møter kvarandre heime eller på fritidsaktivitetar. Opne tilbod som kino, kafé, bibliotek og bowling er kanskje særleg viktig for dei som ikkje deltek i organiserte tilbod.

Elevar ved Hystad skule sine møteplassar om vinteren
Elevar ved Hystad skule sine møteplassar om sommaren

SKULEELEVANE SINE MØTEPLASSAR

  • Aktivitetsanlegg/fritidsaktivitetar
  • Natur- og friluftsområde
  • Kulturhuset, kino
  • Leirvik sentrum, Amfi-senteret
  • Heiane senter
  • Sagvåg sentrum
  • Skulen
  • Leikeplassar
  • Heime hos vener, i bursdagar
  • Leirvik Bedehus
  • I båt, på sjøen

Elevar på vidaregåande skule møtes oftast heime hos kvarandre

MØTEPLASSAR SOM ER TREKTE FRAM I SAMTALEGRUPPENE

Ungdom/unge vaksne:

  • Nærbutikken
  • Biltreff utanfor Expert på Heiane (kveld, natt)
  • Kulturhuset
  • Amfisenteret (balkongen)
  • Serveringsstadar (Sjøhuset)
  • Stord vidaregåande skule

Personar med nedsatt funksjon:

  • Kino
  • Idrettsarrangement
  • Kjøpesenter
  • Bowling
  • Symjehall

Vaksne med helseutfordringar og/eller ikkje i jobb

  • Nabolaget
  • Leirvik sentrum
  • Kafé
  • Biblioteket
  • Tilrettelagte aktivitetar (turgruppe, hobbygruppe, kontaktsenter)

Småbarnsfamiliar:

  • Skular og barnehagar
  • Nærmiljøanlegg
  • Turområde
  • Nærbutikk
  • Båthamna

SPESIFIKKE MØTEPLASSAR SOM ER TREKTE FRAM I KVAR BYDEL

Nordbygdo

  • Hystadmarkjo
  • Trott-huset, Prestegardskogen idrettsanlegg og helsesportløype
  • Båthamna i Sævarhagen
  • Spar Haga
  • Uteområde ved Nordbygdo ungdomsskule

Heiane/Kårevik

  • Turveg Skjephaugen
  • Leikeplass Alnavågsbrotet
  • Sæbøstølen
  • Horneland bedehus
  • Biltema, Heiane
  • Heiane senter

Sagvåg/Litlabø

  • Båthamna, kaien, Hamnestova
  • Solidbanen
  • Kiwi
  • Bensinstasjonen
  • Fritidsklubben
  • Kyrkja
  • Samfunnshuset
  • Grøntområde Vaskeriplanet

Sentrum

  • Landåsen, eventyrskogen
  • Turveg ved Ådlandsvatnet
  • Rema Bjelland
  • Amfisenteret
  • Borggata
  • Torget
  • Skeisebanen på Vikahaugane
  • Frelsesarmeen
  • Leirvik bedehus
  • Petanque-banen
  • Hagerupshuset
  • Parken
  • Idrettshallane på Vikahaugane
  • Kyrkja
  • Kulturhuset
  • Biblioteket
  • Kaféar i sentrum
  • Hamna og moloen
  • Vikastemmo

 

7.3 Kva for område er viktige turmål og leikestadar for barn i barnehage?

I følgje innspela frå barnehagane, er det  naturleikeplassar og naturområde i nærmiljøa barna helst vil oppsøkja og leika på. Både små skogsområde («hundremeterskogen») og strandområde er populære. Utbygging og fortetting gjer at det minkar på slike område innanfor barna sin rørsleradius.

Nordbygdo

  • Skulehagen ved HVL, friområde langs sjøen
  • Skogen ovanfor Sævarhagen båthamn
  • Hystadmarkjo, Apalvikjo, Breivikjo
  • Hovaneset
  • Agdesteinstranda
  • Gerdastien, Øvre Økland
  • Grovaelva
  • Prestagardskogen
  • Massabakkane
  • Ådlandsskogen

Sentrum

  • Vikastemmo (Andadammen)
  • Vidsteenparken
  • «Lavvoplassen i Knutsaåsen».
  • Fyrøyo
  • Eventyrskogen
  • Gullberg
  • Ådlandsvatnet

Heiane/Kårevik

  • Skogen mellom Langelandsbanen og Skjephaugen
  • Skjephaugen
  • Leikeplassen i Trodlahaugen
  • Friluftsområde ved Sæbø gard
  • Dagfinnsvikjo
  • Hybelneset
  • Eldøyo
  • Heiane leikeplass/Meatjødno
  • «Lavvo-skogen» – privat utmark ved Olderdalen barnehage

7.4 Kva kan vere til hinder for at ein deltek i fellesaktivitetar?

Både mangel på tilbod, mangel på informasjon, og at eksisterande tilbod ikkje er godt nok tilrettelagt er viktige årsaker til at ein ikkje brukar lokale aktivitetstilbod. Ein kan ha vanskar med å komme seg til tilboda, det er for dyrt å delta, eller ein kvir seg til å prøve noko nytt og ukjent.

BARRIERAR FOR DELTAKING SOM ER TREKTE FRAM I SAMTALEGRUPPENE

  • Manglande tilrettelegging og tryggleik for fotgjengarar og reisande med kollektiv transport (lys, overgangar, fortau, busskur, rutetilbod)
  • Mangel på informasjon
  • Mangel på passande tilbod
  • Økonomi
  • Avstand
  • Kjenner seg usikker i møte med andre, manglar sosial erfaring
  • Opplever ekskluderande haldningar hos andre

SPESIFIKKE BARRIERAR SOM ER TREKTE FRAM I KVAR BYDEL

Nordbygdo

  • Manglar felles samlingsplassar i Hystad-området
  • Manglar opparbeida turløype mellom Rommetveit og Sævarhagen

Sentrum

  • For høg terskel for å delta på offentlege tilbod ved Hamna kontaktsenter og helsestasjon for ungdom
  • Manglar felles aktivitetshus i sentrum
  • Manglande vedlikehald av leikeplass i Kringsjå
  • Parkeringstilhøva i sentrum
  • Planlagt bomring vil bli barriere

Heiane/Kårevik

  • Manglande vedlikehald av Dagfinnsvikjo

Sagvåg/Litlabø

  • Manglande busstilbod til/frå Leirvik
  • Utrygt for gåande/syklande langs Utslettevegen, Snikkersvingen og vegen til Grunnavågen
  • Manglar tilgang til rimelege lokale for arrangement

 

7.5 Kva finns i nærmiljøet som betyr mykje for trivselen?

Nærleik til natur, og gode tilhøve for friluftsliv går igjen i heile kommunen som den viktigaste faktoren for trivsel. Dette inkluderer alt frå eit tre å bygge hytte i til tilrettelagte turvegar. Dei nære naturområda er særskilt viktige for barn/unge, småbarnsfamiliar og eldre. Frivillige organisasjonar sine tilbod, idrettsanlegg og kulturtilbod er også viktig. Litlabø fritidsklubb betyr mykje for ungdom i nærområdet. Tilboda i Leirvik sentrum synes meir viktige for dei som bur nær sentrum, medan nærbutikken og andre lokale tilbod blir løfta fram frå folk i Sagvåg og i Nordbygdo. I Sagvåg/Litlabø har kulturminner og det maritime miljøet relativt stor verdi for trivsel, og fleire nemner det gode sosiale miljøet. Resten av kommunen peikar på kulturtilbodet som viktig. Bumiljøet og dei uformelle møteplassane i nærmiljøet er viktige over alt i kommunen. Det same gjeld skulane og barnehagane. Tiltalande omgjevnadar som blir haldne ved like betyr mykje. Skuleelevar peikar på kontakt med dyr, fritt og ope landskap med god plass og høve til stillheit/ro som trivselsfremjande kvalitetar. Mange nemner kjekke folk og godt sosialt miljø som viktig.

Av faktorar som er negative for trivselen er nemnt trafikkstøy, manglande vedlikehald, mangel på møteplass i nærmiljøet og lang avstand til vener.

TRIVSELFAKTORAR SOM ER TREKTE FRAM I SAMTALEGRUPPENE

  • Tilrettelagte møteplassar som Utekontakten, Hamna, Fritidsklubbar
  • Idrettslaga
  • Møteplassar i sentrum (Torget, Kringlo, matmarknad) og Heiane senter
  • Petanque
  • Føremiddagskino

SPESIFIKKE TRIVSELFAKTORAR SOM ER TREKTE FRAM I KVAR BYDEL

Nordbygdo

  • Hystadmarkjo
  • Prestegardskogen idrettspark
  • Rommetveit båtlag
  • IL Trott

Sentrum

  • Landåsen
  • Ådlandsvatnet med turvegen
  • Vikastemmo
  • Sponavikjo
  • Leirvik sentrum – Borggata, torget, Amfi-senteret
  • Kulturhuset
  • Utelivet
  • Skeisebanen
  • Stord IL
  • Kulturhuset med kino, symjehall, bibliotek
  • Hagerupshuset
  • UKS ved Leirvik bedhus
  • Frelsesarmeen
  • Petanque-banen
  • Kyrkja

Heiane/Kårevik

  • Skjephaugen turområde med gapahuken
  • Alnavågen
  • Horneland bedehus
  • Grendahuset
  • Harri fritidsklubb

Sagvåg/Litlabø

  • Storavatnet
  • Utslettefjellet
  • Nes-skogen
  • Sætrevik badestrand
  • Fletaneset
  • Lysløypa i Hustrudalen
  • Grøntområde på vaskeriplanet
  • Båthamna/kaien i Sagvåg
  • Gruvene
  • Sagvåg sentrum med nærbutikk, bensinstasjon, serveringsstadar
  • IL Solid
  • Litlabø Fritidsklubb
  • Samfunnshuset med bibliotek

7.6 Kva er viktige kvalitetar i nærmiljøet for førskulebarn?

Små barn treng trygge område der dei får bruke heile seg. I følgje barn i barnehage sine innspel er den urørte naturen med alle sine variasjonar det som samsvarar best med deira behov. Følgjande kvalitetar kjenneteiknar dei gode stadane:

  • Urørt, levande natur der barn kan skape sine eigne «leikerom»
  • Mystisk, magisk, spanande. «Ei anna verd»
  • Inneheld spanande naturelement (elv, haug, stor stein, klatretre, m.m.)
  • Variasjon, staden byr på utfordringar for ulike aldrar(høgt/lågt, rask/roleg, kupert/flatt, store tre/små buskar, hardt/bløtt underlag, osv)
  • Plass til alle –«mange plassar på ein plass»
  • Høve til å klatre, balansere, grave, rutsje, reile (huske), springe, gøyme seg, gå inn i
  • Inspirerer til rolleleik
  • Det finns «byggemateriale» -mindre element som kan flyttast/formast (pinnar, mold/gjørma, sand, m.m.
  • Ein kan leite etter «skattar», småkryp osv – t.d. i stranda
  • Høve til å bruke verktøy (sag, hammar, kniv osv.)
  • Ope område til felles leik
  • Utfordringar for ulike aldersgrupper
  • Grue/bålpanne med plass til å sitje rundt
  • Dyr, insekt, bær og sopp
  • Vatn/sjø
  • Kort avstand med enkel og trygg tilkomst. Gir gjenkjenning og tilhøyrsle
  • Skjerma for vind
  • Utsikt til aktivitet i nærmiljøet (båtar, bilar, industri osv.)

    Sjølv om naturområde blir føretrekt som leikestad, er også dei tilrettelagte leikeplassane viktige for førskulebarna. Barna har følgjande ønskjer knytt til leikeplassar/tilrettelagte uteområde:

  • Leikeapparata må vere i orden
  • Leikeapparat som fleire kan bruke samtidig
  • Sandkasse, reile, klatrestativ/klatreløype/bru, rutsjebane, hytte og trampoline
  • Tilrettelagt for rolleleik, t.d. «Sabeltann-skute»
  • Grøne område, plantar og tre

7.7 Kva er viktige kvalitetar i nærmiljøet for barn i barneskulealder

Barn mellom 6 og 12 år er, til liks med dei yngre barna, opptatt av naturen og det den byr på. Dei likar også tilrettelagte leikeområde, men ønskjer meir utfordringar enn dei tradisjonelle leikeapparata. Å ha vener i nabolaget er særskilt viktig for denne aldersgruppa.

  • Eigen bustad med hage
  • Dyr
  • Leikeplass med leikeapparat som gir utfordring (trampoline, klatring, større reile, sklie)
  • Sandkasse
  • ballplass
  • Naboar, leikelag
  • Tre, skog, grasbakkar, ville bær

7.8 Korleis fremje trivsel og sosialt fellesskap i nærmiljø og lokalsamfunn?

Skal nærmiljøa bli enda betre, er det hovudsakleg tre ting folk meinar skal til:

  1. Utbygging og utforming av areal som legg til rette for gode opplevingar, aktivitetar og tenester
  2. Organisering av aktivitetar , tilbod og tenester slik at alle får tilgang til det dei treng
  3. Verdiar og haldningar som fremjar fellesskap, medverknad og integrering

Friluftsliv og fysisk aktivitet går igjen i forslaga,  saman med dei opne, sosiale møteplassane. Både møteplassar i nabolaga og tilbodet i sentrum er viktig. Gode offentlege transporttilbod er nødvendig. Og folk må ha vilje til å bruke dei lokale tilboda.

Nokre innspel handlar om tilbod som allereie er etablert. Her kan betre informasjon og tilrettelegging av det som finns vere relevante tiltak.

Innspela til endringar og nye tiltak er ikkje berre retta mot kommunen og dei offentlege tenestene. Både næringslivet, frivillige organisasjonar og innbyggjarane sjølv må på banen i arbeidet med å utvikle nærmiljøa og lokalsamfunnet.

7.8.1 Inkludering, mangfald og sosialt fellesskap

  • Skape inkluderande nærmiljø der alle er velkomne, også personar som slit med rus.
  • Skape idrettsarenaer som gir alle kjensle av å delta i fellesskap uavhengig om ein er aktiv i aktivitetar
  • Haldningskampanjar for integrering i lag/organisasjonar og nærmiljø
  • Motivere til å ta kontakt med innflyttarar og andre med lite nettverk
  • Samarbeid mellom skulane om felles møteplassar/besøkje kvarandre for å bli kjent og bygge nettverk på tvers
  • Motivere innbyggjarane til å bruke dei lokale tilboda

7.8.2 Sosiale møteplassar og nye aktivitetar

GENERELLE TILTAK RETTA MOT HEILE KOMMUNEN

  • Etablere enkel ordning for å søke stønad til nærmiljøanlegg (leikeplass)
  • Etablere tilskotsordning for vellaga
  • Etablere system for enkel deling av informasjon om aktivitetar/tilbod
  • Etablere større aktivitetspark/aktivitetsområde med gapahuk/grillhytte
  • Barnehage og skule i nærmiljøet
  • Ungdomshus/Møteplass for unge vaksne (18-30) med aktivitetar. Alkoholfritt.
  • Fleire aktivitetar for ungdom/vaksne som ikkje driv idrett.
  • Open kiosk/kafe med sitjeplassar ved utandørs idrettsanlegg
  • Arrangement med matservering og leikar/aktivitetar for barnefamiliar/storfamilien
  • Inngjerda hundepark
  • Møteplass for bilinteresserte ungdomar
  • Møteplass for dataspeling
  • Konkrete forslag til aktivitetar: Strikkekafé, bilbingo, presisjonspark med ball, vannkrig, biljard, bordtennis, sjakk, RC (radiostyring), kampsport
  • Eldretreff
  • Fleire moderne møteplassar som Jazzklubb, Quiz
  • Opne tilbod innan song og dans
  • Fleire livssynsnøytrale møteplassar for småbarnsfamiliar
  • Lågterskeltilbod / opne tilbod for barn/unge og familiar. T.d. Open hall.
  • Fleire turtilbod for familiar. Fellesturar. Faste turdagar. Aktivitetsdagar. Mosjonsarrangement for heile familien
  • Årskort for deltaking i aktivitetar
  • Fleire festivalar og andre store arrangement
  • System for informasjon til foreldre om frivillig arbeid/ dugnad
  • Allidrettsskule
  • Enkel tilgang til sjø og strandområde
  • Båtturar/fisketurar for dei som ikkje har båt
  • Møteplass for einslege – speed-dating
  • Møteplass for arbeidssøkjande
  • Temakveldar retta mot foreldre/barnefamiliar
  • Leggje til rette for frivillig arbeid på dagtid i kvar bydel
  • Aktivitetskoordinator som organiserer temasamlinger, klubbkveldar

LOKALE TILTAK I BYDELANE

  • Etablere fellesrom i vellag/ burettslag
  • Informasjon på nettside om tilbod for arbeidssøkjande (møteplassar, kurs osv.)
  • Aktive og livskraftige grendahus i kvar bydel
  • Etablere/oppgradere nærmiljøanlegg (leikeplassar) i alle bustadområde. Tilrettelagt med aktivitetar og sosial møteplass for alle. Gapahuk/grillhytte.
  • Arrangement for barn og vaksne i bydelane. Fellesaktivitetar i burettslag. Felles nyttårsmarkering i nærmiljøa
  • Dugnadar, ryddeaksjonar. Felles bossryddedag kvar månad. Samarbeid med skulane
  • Ungdomsklubb/fritidsklubb i alle bydelar
  • Lokale opne møteplassar for ungdom, ev. på skulen.
  • Fleire kaféar/kaffibarar i nærområda – gjerne i nærbutikken
  • Lokal kafe/møteplass for pensjonistar og på tvers av generasjonar – samarbeide med skulen
  • Kantine på skulane
  • Oppretthalde etablerte tilbod utanfor sentrum

SPESIFIKKE TILTAK I KVAR BYDEL

Nordbygdo

  • Etablere kafé-tilbod i Samhald eller Trott-huset
  • Rusfrie ungdomsarrangement i Trott-huset /Nordbygdo-hallen
  • Eldretreff på dagtid i Trotthuset/Nordbygdohallen
  • Etablere seniorgruppe i Trott
  • Fellesarrangement mellom Trott, pistolklubben og skigruppa i Prestegardskogen

Sentrum

  • Møteplass for småbarnsfamiliar
  • Etablere ope ungdomshus i sentrum
  • Opne dagar på brann – og politistasjon
  • Kanoar i Ådlandsvatnet
  • Allsong i Parken

Heiane/Kårevik

  • Møteplass for småbarnsfamiliar
  • Utvikle Seglforeninga sine lokale til open møteplass med kiosk
  • Aktivitetspark på Heiane. Forslag om følgjande aktivitetar: klatrepark, skatepark, leikeplass, trampoline, kiosk, tre-hytte, fontene, benker, fotballbane, bekk med bru. Toalett og bosspann.
  • Etablere pub på Heiane

Sagvåg/Litlabø

  • Kafé-tilbod i sentrum. Ved Kiwi eller i Losje-huset
  • Drive-in kino ved Rimi-bygget
  • Torg med overbygde sitjeplassar i sentrum
  • Leikeplass i sentrum
  • Tilrettelagt område ved sjøen i sentrum for grilling, bading, m.m.
  • Oppdatert informasjonstavle i sentrum om aktivitetar/tilbod

7.8.3 Fysiske miljø som fremjar aktivitet

GENERELLE TILTAK

  • Tilgjengeleg informasjon, marknadsføring av aktivitetar
  • Lys og universell utforming i alle fellesområde
  • Toalett ved aktivitetsområde
  • Trygge gang- og sykkelvegar frå bustadfelta til fritidsaktivitetar
  • God parkeringstilhøve ved idrett- og aktivitetsområde
  • Etablere utandørs aktivitetområde: klatrepark, leikepark, trampolinepark, Tufte-park (utandørs styrketrening)
  • Vidareutvikle idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og uteområde ved skulane. Leggje til rette for cross-sykkel, rulleskøyter, agility, riding, volleyball, innebandy, baskeball, rugby, petanque (hall), skateboard, fotball (hall)
  • Fleire lysløyper
  • Inngjerda område for hundar (hundepark)
  • Gocart-bane
  • Badeland
  • Plass for opptak av småbåtar (rampe til sjøen)

SPESIFIKKE TILTAK I KVAR BYDEL

Nordbygdo

  • Leikeplass/nærmiljøanlegg i Hystad-område
  • Møteplassar med leikeaktivitetar og gapahuk/grillhytte i Prestegardsskogen
  • Etablere natur-leikeplass ved Hystadmarkjo
  • Vidareutvikla aktivitetsområde i Kviteluren
  • Benkar med god sitjehøgd i helsesportløypa
  • Trygg gang/sykkelveg til Hystad skule
  • Montere lys i turvegen mellom Fjellgardsvegen og Tyse
  • Ny fotballbane ved Hystad skule
  • Utvikle aktivitetsområde ved Nordbygdo ungdomsskule, m.a. utvida skatepark
  • Oppgradere idrettsanlegget i Prestegardsskogen med permanent 3-ar bane, kunstgras på 11-banen, utandørs volleyballbane og utstyr-/reiskapshus

Sentrum

  • Rehabilitere leikeplass i Kringsjå
  • Gapahuk ved Ådlandsvatnet
  • Klatrepark i Landåsen eller ved Ådlandsvatnet
  • Gang/sykkelveg mellom Sagneset og Leirvik
  • Gatelys Sagneset – Ådland
  • Fortau langs Sponavikvegen til Almås hotell
  • Opparbeide møteplass ved Vikastemmo
  • Utvide aktivitetstilbodet på Vikahaugane – aktivitetar for alle aldersgrupper
  • Tak over skøytebanen
  • Bruer ut til og mellom øyane utanfor Leirvik
Powerpoint frå elevar på Leirvik Skule

Heiane/Kårevik

  • Behalde skogsområde ved Langeland skule
  • Større uteområde ved Langeland skule
  • Behalde snarveg ved Rabbafossen
  • Utvikle leikeplassen ved Meatjørn: Meir planter/tre, leikeapparat for større barn
  • Leggje til rette for barnefamiliar på Heiane
  • Etablere natur-leikeplass ved Olderdalen barnehage
  • Rehabilitere leikeplassar i Kårevik.

Sagvåg/Litlabø

  • Leikeplass/Nærmiljøanlegg for Vikanes og Jensanes
  • Leikeplass i sentrum
  • Opprusting av friområde på Flatholmen/ferjekaien, opparbeide park/friluftsområde
  • Opprusting av friområde på Fletaneset
  • Park ved omsorgsbustadane i Buneset
  • Tilrettelagt gjestekai i sentrum
  • Tilrettelagt møteplass/badeplass ved sjøen i sentrum
  • Opprusting av grøntanlegget på Litlabø, m.a. med leikeplass/aktivitetar for barn
  • Skatepark i sentrum ved Rimi-bygget
  • Fleirbrukshall
  • Utvida offentleg tilbod i symjebassenget

 

7.8.4 Friluftsliv

Turvegen ved Ådlandsvatnet

GENERELLE TILTAK

  • Ta vare på naturen. Unngå nedbygging av bustadnære friområde
  • Alle barnehagar får tilgang på naturområde i nærleiken som dei kan nytte fritt
  • Opparbeide fleire tilrettelagte turvegar, særleg ut i frå bustadområde. Turvegar med lys nær bustadområda.
  • Opparbeide fleire stiar ut frå skogsvegane/turvegane. Ha turstiar med ulik vanskegrad.
  • Fleire gapahukar/lavoar i turområda
  • Lett tilgjengeleg kart/brosjyre over turløyper. Merking med lengd/vanskegrad og parkering
  • Jamleg vedlikehald av turområde/turvegar. Boss-spann i turløypene
  • Tilgjengeleg og vedlikehalde toalett ved friluftsområda
  • Byggje ut og oppgradere gang- og sykkelvegnettet
  • Oppgradere dei offentlege badestrendene.
  • Organisere jamnleg strandrydding
  • Etablere og ta vare på område for skileik/aking
  • Utvide Storatraven turorientering
  • Utvikle utsiktspunkt – fjelltoppar. Engasjere lokale arkitektar
  • Fleire grøne lunger /parkar i tettbygde område
  • Bandtvang året rundt
  • Stolheis til Stovegolvet

SPESIFIKKE TILTAK I KVAR BYDEL

Nordbygdo

  • Trygg kryssing av E39 ved Tyse
  • Turveg mellom Hystadmarka og Rommetveit
  • Betre parkering på Heio, betre veg til fjells
  • Lysløype på Fjellet
  • Lys i Hystadmarkjo
  • Parkeringsplass ved Boravik
  • Info-skilt ved sti til Varhaugshola i Hystadmarkjo
  • Søppelspann ved Lundarstøl

Sentrum

  • Tilrettelegge Sponavikjo for eldre
  • Turveg m/lys rundt heile Ådlandsvatnet
  • Oppgradere tursti frå Krækjen til Ådlandsvatnet
  • Fleire parkeringsplassar ved Ådlandsvatnet
  • Friluftsplass ved Ådlandsvatnet der barn/familiar kan lære friluftsliv
  • Behalde turvegane i Landåsen
  • Turveg mellom landåsen og Ådlandsvatnet
  • Samanhengande tursti Kårevik –Hystad
  • Betre sikring ved holene i Gullberg

Heiane/Kårevik

  • Rydding/vedlikehald Dagfinnsvikjo
  • Aktivitetsplass i Valevågen. Tennis, klatring.
  • Lys i Skjepåsen

Sagvåg/Litlabø

  • Rydde skogen i Rossneset
  • Turveg rundt Storavatnet
  • Turveg/kyststi Sagvåg – Jensanes
  • Opparbeide badeplass ved utløpet av elva
  • Vedlikehald/oppgradering av friluftsområde Fletaneset, Sætrevik, Litlabø

 

7.8.5 Offentlege tenester og sørvistilbod

GENERELLE TILTAK

  • Jamleg vedlikehald av skular, offentlege bygg og uteområde
  • God skjøtsel av kulturminna
  • Prioritere trygge skulevegar
  • Oftare kosting av gang-sykkelvegar
  • Jamleg tøming av bosspann
  • Forby/redusere bålbrenning i tettbygd strøk
  • Kafe og butikk i nærmiljøet
  • Betre system for vedlikehald av veglys
  • Desentralisere ein del av Rådhusfunksjonane; Kundetorg, Bibliotek
  • Desentraliserte kulturskuletilbod
  • Etablere eit ungdomshus der tenester for ungdom, t.d. helsestasjon, kan plasserast
  • Styrka eldreomsorg, fleire sjukeheimsplassar
  • Oppretthalde frisklivssentralen
  • Utstyrssentral for utlån av aktivitet- og friluftslivsutstyr
  • Styrke førebyggjande arbeid rus-psykisk helse
  • Utvida tilbod i bassenga. Søndagsope
  • Etablere bubilparkering i sentrum eller på Heiane

SPESIFIKKE TILTAK I KVAR BYDEL

Nordbygdo

  • Etablere offentlege kontor og sørvistilbod i/ved Nordbygdo ungdomsskule

Sentrum

  • Fast kinotilbod laurdag kveld
  • Sjå eige avsnitt om utvikling av sentrum

Kårevik/Heiane

  • Ingen innspel

Sagvåg/Litlabø

  • Legesenter i Sagvåg
  • Utekontakt og helsestasjon for ungdom i Sagvåg
  • Utvida opningstid i fritidsklubben
  • Lokal møteplass for eldre
  • Marina/gjestehamn med bunkring for fritidsbåtar og sørvistilbod for båtturistar
  • Betre internett-tilbod. Fibernett.
  • Offentleg toalett i Sagvåg sentrum
  • Sjukeheim og fleire omsorgsbustadar
  • Fleire bustadar nær sentrum

 

7.8.6 Buss, ferje og båt

Busstilbodet er særskilt viktig for barn/unge, eldre, personar med redusert funksjonsevne og andre utan privat bil.

  • Betre busstilbod, tilpassa folk sine behov.
  • Betre busstilbod på Bjelland, til Sagvåg, til og frå sentrum. Pendelbuss Skjærsholmane- Heiane-sentrum.
  • Tilførslebussar frå bustadområde som korresponderer med t.d. kystbussen
  • Betre busstilbod inn mot sentrum kveld og helg
  • Gode kollektive transporttilbod til område med kommunale bustadar og andre tilrettelagte butilbod
  • Oppdatere lokalisering av busstoppa, t.d. ny busstopp ved Hystadbakkjen
  • Fleire avgangar med hurtigbåt mellom Stord og Austevoll
  • Betre busstilbod til/frå Fitjar

 

7.8.7 Planlegging, organisering og medverknad

  • Halde fast ved vektekne planar for utvikling
  • Ta omsyn til estetikk /lokal byggeskikk ved nybygg og byutvikling. Etablere rådgjevande utval
  • Unngå sentralisering. Styrke tilboda i bydelane
  • Leggje til rette for lokale arbeidsplassar
  • Prioritere tiltak for barn og unge, skular
  • Byggje skular der folk bur
  • Forkaste planar om nytt ferjestø
  • Forkaste Stordpakken
  • Leggje til rette for medverknad i plan- og utviklingsarbeid
  • Etablere lokale grendalag /bydelsutval som kan delta i utviklingsarbeid
  • Etablere idébank for innbyggjarane sine framlegg til parkering, vegalternativ m.m.
  • Mogelegheitsstudie av sentrum saman med gårdeigarane
  • Etablere ungdomsutval i frivillige organisasjonar
  • Forslagskasse på nettsida til kommunen
  • Meir systematisk samarbeid med flyktningemottaka
  • Meir samarbeid med nabokommunar
  • Samarbeid med Høgskulen om gründerskap
  • Felles møteplass/lokale for gründerar
  • Meir systematisk samarbeid med frivillige. Få på plass ordningar som koordinerer, legg til rette og støtter opp om frivillige organisasjonar og deira aktivitetar/arrangement
  • Styrke skulen si rolle som formidlar av lokal kunnskap og lokal identitet
  • Utvikle kulturminna som turistmål

7.8.8 Leirvik sentrum

GENERELLE FYSISKE TILTAK

  • Møteplassar med tak over
  • Fleire benker med god sitjehøgd og ryggstø. Også på veg til sentrum
  • Fleire område tilrettelagt for barn (leikeplass, aktivitetar, grøntareal)
  • Fleire byrom med lys og luft
  • Leggje vekt på estetikk: Kunst, grøne planter, byggjeskikk.
  • Opplyst sentrum om vinteren
  • Betre tilgjenge for funksjonshemma
  • Eigedomar langs sjøen skal vere i kommunal eige
  • Skape ei levande hamn med plass til båtar som kjem og drar
  • Byggje ut kai for større skip
  • Betre tilrettelagt for syklistar gjennom sentrum
  • Betre trafikktryggleik for mjuke trafikantar, t.d. lysregulering
  • Sørgje for enkel og god tilkomst for bilistar
  • Fleire parkeringsplassar
  • Serveringsstadar med gode uteareal og sjøutsikt
  • Off. toalett
  • Unngå fleire høghus i sentrum

SPESIFIKKE FYSISKE TILTAK

  • Innbydande sitjegrupper på torget og i Borggarden
  • Etablere leikeplass ved torget/Borggarden
  • Faste salsboder på torget
  • Bevare torget som ein open marknadsplass
  • Flytte revy-teltet vekk frå Torget
  • Tak over Borggata
  • Utvikle møteplassen ved Esso
  • Etablere møteplass/torg i kai-område
  • Opparbeide park i Evjo
  • Usemje om å behalde bussterminalen på kaien
  • Elektroniske informasjonstavler ved bussterminalen
  • Benker/sitjegrupper ved Kulturhuset
  • Gangveg til Kunnskapshuset i Sæ
  • Underjordisk parkeringshall
  • Strandpromenade Hamnegata – kyrkja
  • Utvikle miljøet rundt Storddøra
  • Bevare vegstrukturen i Osen

AKTIVITETAR OG TILBOD

  • Felles aktivitetshus/senter for ulike grupper
  • Rusfri møteplass for ungdom i trygge rammer
  • Eldresenter m/matservering
  • Kafe med norsk middag
  • Kafé/Kiosk som sel rimeleg drikke ved torget
  • Rimeleg hurtigmat som Subway
  • Leggje mykje besøkte tilbod til Borggata, t.d. vinmonopolet
  • Legesenter i sentrum
  • Tilgang på rimeleg møtelokale for lag/organisasjonar
  • Leggje til rette for eit attraktivt ute-liv
  • Fleire arrangement i sentrum. Musikk/song, festivaler m.m.
  • Arrangement for barn
  • Jamlege marknader/bytedagar
  • Fast torgdag kva veke
  • Sal av fisk i hamna
  • Fleire søndagsopne tilbod med aktivitetar
  • Utvida opningstid ved biblioteket
  • Felles årshjul for aktivitetar i sentrum
  • Tilrettelegge for gatemusikantar
  • Bubil-parkering i sentrum
  • Etablere anløp av Hurtigruta
  • Halde sentrum reint. Oftare kosting
  • Oppmode næringsdrivande om å gjere det fint utanfor lokala sine
  • Opne Borggata for trafikk, ev. berre for el-bilar
  • Ha rimelege parkeringsordningar. Auke fri parkeringstid til 3 timar
  • Samarbeide med Høgskulen om studenttilbod i sentrum
  • Halde Leirvik hamn levande, unngå opplag
  • Betre informasjon til tilreisande